{"id":125596,"date":"2025-12-31T15:08:21","date_gmt":"2025-12-31T15:08:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/125596\/"},"modified":"2025-12-31T15:08:21","modified_gmt":"2025-12-31T15:08:21","slug":"tusenvis-protesterer-i-iran-dette-biletet-gar-viralt-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/125596\/","title":{"rendered":"Tusenvis protesterer i Iran \u2013 dette biletet g\u00e5r viralt \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>P\u00e5 den elles travle marknaden, eller bazaaren, i Teheran held dei fleste butikkane stengt i dag.<\/p>\n<p>S\u00f8ndag stupte valutaen i landet, rial. I ein allereie pressa \u00f8konomi, stengde seljarar butikkane sine og tok til gatene.<\/p>\n<p><strong>Protestane starta som kritikk mot den d\u00e5rlege \u00f8konomiske styringa i landet, men det gjekk ikkje lang tid f\u00f8r demonstrantane bad om at styresmaktene m\u00e5 g\u00e5 av. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en travel gate med mange mennesker som ferdes. Det er flere butikker langs kantene, og lys fra butikkene lyser opp omr\u00e5det. Noen personer st\u00e5r eller g\u00e5r i midten av gaten, mens andre er synlige i omgivelsene. Gatebelysning og en arkitektur som tyder p\u00e5 en overbygd plass gir kontekst til scenen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Majid Asgaripour \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tehran Grand Bazaar er vanlegvis ein livleg marknad. I dag er det mykje stillare enn vanleg. <\/p>\n<p>Foto: Majid Asgaripour \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Tysdag kopla ogs\u00e5 studentar ved universiteta i hovudstaden Teheran p\u00e5, melder lokale medium.<\/p>\n<p><strong>Protestane blir skildra som dei st\u00f8rste sidan protestane etter drapet p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/store-protester-etter-mahsa-aminis-dod-1.16109743\" ec-id=\"pp:article:1.16109743\" ec-name=\"Masha Amini i 2022.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Masha Amini i 2022.<\/a> Det var sist gong det iranske folk kollektivt kravde regimeendring. <\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5 smerteterskelen<\/p>\n<p>Har du sett videoen av han som sit p\u00e5 bakken framfor tryggingsstyrkar i Teheran? <\/p>\n<p>\u2013 Ja, ja, sj\u00f8lvsagt, seier Pardis Shafafi.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Pardis Shafafi ser i kamera. \"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Pardis Shafafi\n<ul>\n<li>Iransk<\/li>\n<li>Har doktorgrad i antropologi\u00a0<\/li>\n<li>Spesialisert p\u00e5 politisk vald\u00a0<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Det han gjer er utruleg farleg og modig. At biletet g\u00e5r viralt er det absolutt verste som kan skje i styresmaktene sine auge.<\/p>\n<p>Ho peikar p\u00e5 at han st\u00e5r opp mot eit undertrykkande regime som har styrt \u00f8konomien feil i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>No er smerteterskelen n\u00e5dd.<\/p>\n<p>Slagord om fridom<\/p>\n<p>S\u00e5 langt har demonstrasjonane vore fredelegare enn tilsvarande tidlegare protestar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Styresmaktene har ikkje vist ekstrem vald s\u00e5 langt fordi dei pr\u00f8var \u00e5 framstille protestane som berre \u00f8konomiske klagar.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier postdoktor ved NTNU Banafsheh Ranji.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Banafsheh Ranji\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Banafsheh Ranji\n<ul>\n<li>Postdoktor ved\u00a0Institutt for sosiologi og statsvitenskap, NTNU.\u00a0<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Fleire stemmer fr\u00e5 styresmaktene har dei siste dagane understreka at fredelege demonstrasjonar mot \u00f8konomien er iranarar sin rett, men:<\/p>\n<p>\u2013 Alle fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 snu desse \u00f8konomiske protestane til \u00e5 bli eit verkt\u00f8y for ustabilitet (&#8230;) vil bli m\u00f8tt med ein rettsleg, proporsjonal og avgjerande respons, seier statsadvokat Mohammad Movahedi-Azad til statleg medium i landet.<\/p>\n<p><strong>Videoane fr\u00e5 gatene i Teheran fortel at for demonstrantane handlar det nettopp om mykje meir enn \u00f8konomi. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Fridom! ropar store folkemengder i ein video.<\/p>\n<p>Shafafi meiner det ikkje finst noko slikt som reine \u00f8konomiske protestar. I alle fall ikkje i Iran. Sj\u00f8lv om \u00f8konomien trigga desse demonstrasjonane, er dei alltid politiske og det ligg alltid under undertrykking av all opposisjon.<\/p>\n<p>I ein annan video ropar dei \u00abmullaane m\u00e5 forsvinne\u00bb, med referanse til dei islamske styresmaktene.<\/p>\n<p>\u00abMullaane m\u00e5 forsvinne\u00bb ropar folkemengdene i Teheran. <\/p>\n<p>Nokre ropar slagord for \u00e5 ta tilbake monarkiet Iran hadde f\u00f8r revolusjonen i 1979 og veivar med monariket sitt flagg. Men opposisjonen i Iran er splitta.<\/p>\n<p>Triggingspunktet valutastup<\/p>\n<p>Det var likevel stupet i valutakursen som fekk butikkeigarar, og etter kvart studentar, til \u00e5 ta til gatene s\u00f8ndag.<\/p>\n<p>Sidan i sommar har verdien p\u00e5 valutaen i Iran sokke med 40 prosent mot dollaren.<\/p>\n<p>Det har f\u00f8rt til d\u00e5rlegare levestandardar. Mykje er blitt mykje dyrare.<\/p>\n<p>Inflasjonsraten i desember steig til 42,4 prosent samanlikna med same tid i fjor. Det er 1,8 prosent h\u00f8gare enn f\u00f8rre m\u00e5nad.<\/p>\n<p><strong>Mat har blitt 72 prosent dyrare. Prisen p\u00e5 helse- og medisinvarer har auka med 50 prosent fr\u00e5 desember i fjor. Det melder det nasjonale statistiske senteret i Iran.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Marked er fylte med fersk frukt og gr\u00f8nnsaker, som bananer, appelsiner og hvitl\u00f8k. To personer g\u00e5r mellom bodene, mens det er flere andre kunder i bakgrunnen. Lys fra taklamper belyser scenen, og bakken ser v\u00e5t ut, kanskje etter regn. Omgivelsene gir en livlig stemning av et travelt marked. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Vahid Salemi \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein handletur p\u00e5 ein iransk marknad har i snitt blitt 72 prosent dyrare det siste \u00e5ret. Fleire slit med \u00e5 f\u00e5 endane til \u00e5 m\u00f8test. <\/p>\n<p>Foto: Vahid Salemi \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Verdien av sparepengane til iranarar blir berre mindre og mindre. Det uroar ein heil nasjon.<\/p>\n<p>Tala kan byrje \u00e5 minne om hyperinflasjon \u2013 ein prisvekst ute av kontroll.<\/p>\n<p>Til og med bensinen er blitt dyrare. Det er f\u00f8rste gong p\u00e5 seks \u00e5r. Billeg bensin blir rekna som n\u00e6r ein f\u00f8dselsrett i Iran. Innbyggarane er vande med at dei elles upopul\u00e6re styresmaktene subsidierer bensinprisane. I <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/amnesty_-minst-106-drepte-i-protest-mot-okte-bensinpriser-i-iran-1.14788525\" ec-id=\"pp:article:1.14788525\" ec-name=\"2019\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">2019<\/a> blei over 100 menneske drepne i protestane som f\u00f8lgde prisauken.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 denne gongen blei \u00f8konomien brukt som eit bevis p\u00e5 styresmaktenene sitt vanstyre av Iran.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Styresmaktene kjem til \u00e5 skulde p\u00e5 dei internasjonale sanksjonane, men det er berre \u00e9i side av historia. Det handlar ogs\u00e5 mykje om d\u00e5rleg \u00f8konomisk styring og korrupsjon i mange \u00e5r, seier antropolog Shafafi.<\/strong><\/p>\n<p>Ein video fr\u00e5 sosiale medium viser at politiet blir pressa tilbake av demonstrantane.<\/p>\n<p>Denne videoen fr\u00e5 X viser at politiet blir pressa tilbake av demonstrantar. <\/p>\n<p>\u2013 \u00c9in faktor kan ikkje forklare kvifor \u00f8konomien er s\u00e5 ustabil. Det er ein blanding av korrupsjon, d\u00e5rleg styring av staten og internasjonale sanksjonar.<\/p>\n<p>\u2013 Legitime krav<\/p>\n<p>Presidenten i landet Masoud Pezeshkian har tysdag bede regjeringa hans om \u00e5 lytte til demonstrantane sine \u00ablegitime krav\u00bb. Han seier han m\u00f8ter dei med dialog.<\/p>\n<p>Ein talsperson for myndigheitene, Fatameh Mohajerani, sa tysdag at dei anerkjenner protestane og det dei protesterer for.<\/p>\n<p>\u2013 Styresmaktene vil lytte med tolmod, ogs\u00e5 til dei harde stemmene. Vi trur folket v\u00e5rt er tolmodige, s\u00e5 n\u00e5r dei hevar r\u00f8ystene sine er det fordi dei er under h\u00f8gt press, seier ho.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dei seier kanskje det, men det kjem overhovud ikkje til \u00e5 skje. I alle fall ikkje i praksis, seier Pardis Shafafi.<\/strong><\/p>\n<p>Ho trur det er ein m\u00e5te for iranske styresmakter \u00e5 vise overfor resten av verda at dei har l\u00e6rt fr\u00e5 Amini-protestane i 2022.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ingenting anna enn ei framvising for omverda og internasjonal presse, seier ho. <\/strong><\/p>\n<p>NRK har verifisert fleire videoar som viser store folkemengder som demonstrerer i Iran. Vi har verifisert at videoane er filma i sentrum av Teheran, og er filma i l\u00f8pet av de siste dagane.<\/p>\n<p>Slik jobber NRK med verifisering<\/p>\n<p>Ved mange store hendelser blir det delt store mengder bilder og video fra partene og ber\u00f8rte mennesker.<\/p>\n<p>Disse bildene og videoene kan gi viktig informasjon om hendelsen.<\/p>\n<p>NRKs journalister jobber derfor aktivt med \u00e5 verifisere informasjon og visuelt materiale som deles p\u00e5 nettet ved slike hendelser.<\/p>\n<p>Dette gj\u00f8r vi blant annet ved \u00e5:<\/p>\n<ul>\n<li>Unders\u00f8ke og s\u00e5 langt som mulig bekrefte hvor en video eller et bilde er tatt, og hvem som har tatt det<\/li>\n<li>Unders\u00f8ke at videoen eller bildet er nytt og ikke publisert andre steder tidligere<\/li>\n<li>Unders\u00f8ke hva bildet eller videoen viser og sjekke om dette stemmer overens med det vi vet om situasjonen p\u00e5 bakken<\/li>\n<li>Vurdere om bildet eller videoen kan v\u00e6re laget av, eller endret ved hjelp av kunstig intelligens<\/li>\n<li>Ta til etteretning parters intensjon ved \u00e5 dele slikt materiale<\/li>\n<\/ul>\n<p>Postdoktor Ranji trur Iran berre har sett starten p\u00e5 demonstrasjonane som starta i helga.<\/p>\n<p>Likar du \u00e5 f\u00f8lge med p\u00e5 det som skjer i verda? Endeleg gode nyhende! Her er podkasten for deg: <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.12.2025, kl. 22.08<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>31.12.2025, kl. 12.26<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"P\u00e5 den elles travle marknaden, eller bazaaren, i Teheran held dei fleste butikkane stengt i dag. S\u00f8ndag stupte&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":125112,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-125596","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115814813018380717","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/125596","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=125596"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/125596\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/125112"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=125596"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=125596"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=125596"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}