{"id":126925,"date":"2026-01-02T10:50:09","date_gmt":"2026-01-02T10:50:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/126925\/"},"modified":"2026-01-02T10:50:09","modified_gmt":"2026-01-02T10:50:09","slug":"takk-for-no-internett-morenytt-no","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/126925\/","title":{"rendered":"Takk for no, Internett &#8211; morenytt.no"},"content":{"rendered":"<p>Dei som er i f\u00f8rti\u00e5ra hugsar sikkert chattenettverket IRC, der folk m\u00f8ttes kvar kveld p\u00e5 kanalane #Volda og #\u00d8rsta for \u00e5 prate direkte med kvarandre eller i hovudkanalen \u2013 heilt fritt fr\u00e5 algoritmar, reklamer, datahausting og kommersielle baktankar.<\/p>\n<p>P\u00e5 den tida var sosiale medium sm\u00e5 m\u00f8teplassar laga av entusiastar for entusiastar. Det var eit tillegg til det verkelege livet, ikkje ei unnskuldning for \u00e5 sitte heime i staden for \u00e5 g\u00e5 ut. Nokre av dei eg m\u00f8tte p\u00e5 kanal #Volda, kjenner eg framleis.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  Kjell Arne Steinsvik, kronikkforfattar<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Staale Watt\u00f8, Sunnm\u00f8rsposten<\/p>\n<p>Etter kvart fekk amerikanarane augene opp for at det var store pengar \u00e5 tene p\u00e5 slike sosiale nettverk. Amerikanske tekoligarkar (\u00e5rets nyord 2025) har sidan vakse seg heilt ut av proporsjonar. I \u00e5r har verdien av dei sju st\u00f8rste tek-selskapa i USA passert brutto nasjonalproduktet til heile EU samanlagt.<\/p>\n<p>Verdien deira er i stor grad det vi legg att av personlege data. Det seiast at n\u00e5r ein vare er gratis, er det du sj\u00f8lv som er varen. Alle v\u00e5re s\u00f8kevanar, nettsidebes\u00f8k, varekj\u00f8p, opplasta bilete, sp\u00f8rsm\u00e5l og samtalar med KI-ar vert brukt til \u00e5 hjelpe annons\u00f8rane \u00e5 kjenne oss og treffe end\u00e5 meir presist.<\/p>\n<p>I dagens sikkerheitspolitiske situasjon, m\u00e5 ein ogs\u00e5 vurdere kor trygt det er \u00e5 lagre alle sine data i \u00abskya\u00bb, som eigentleg berre er eit anna ord for nokon andre sine harddiskar.<\/p>\n<p>Etter at KI-generert innhald vart noko alle kunne lage, fl\u00f8ymer internett over av s\u00e5kalla \u00abslop\u00bb: sjellause bilete, tekstar, videoar og melodiar som ikkje krev st\u00f8rre innsats \u00e5 lage enn eit par tastetrykk.<\/p>\n<p>Allereie i midten av 2025 var det estimert at meir enn halvparten av nytt innhald p\u00e5 internett var heilt eller delvis datagenerert. Dette talet er venta \u00e5 vekse kraftig framover. No gjeld det meir enn nokon gong \u00e5 bruke kritisk sans og vurdere om det ein ser er ekte eller dataskapt.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let er kva verdi slikt innhald har for oss. KI skulle gje oss kortare arbeidsveker og kurere kreft, ikkje generere bilete av kattar i austronautdrakt eller tekstar som ingen gidd \u00e5 lese.<\/p>\n<p>Eit stadig aukande omfang av kortvideoar, berre nokre sekund lange, gjer at merksemdsspennet vert tilsvarande kort. Ein heil spelefilm vert for lang. For ikkje \u00e5 snakke om ei bok. Uansett kan ein berre be ChatGPT om lage ei oppsummering av h\u00f8gdepunkta. Hjerner\u00e5te er eit kjent omgrep blant dagens unge.<\/p>\n<p>Snart er det heller ikkje poeng \u00e5 leite etter informasjon eller opps\u00f8ke kjelder direkte. KI-ane lagar praktiske oppsummeringar av det meste ein lurer p\u00e5 ved \u00e5 skumme fl\u00f8yten av andre sitt arbeid og innhald. Gjerne ispedd ein liten d\u00e6sj eigne hallusinasjonar.<\/p>\n<p>M\u00e5let til utviklarane av sosiale medium, er \u00e5 f\u00e5 oss til \u00e5 bruke mest mogleg av tida v\u00e5r p\u00e5 skjermen i staden for i det verkelege liv. Blant unge vaksne, er snittskjermtida tett opp under 5 timar dagleg.<\/p>\n<p>Ei rekkje psykologiske verkt\u00f8y vert nytta til \u00e5 gje oss ein jamn straum av sm\u00e5 dopamininnspr\u00f8ytingar og halde oss hekta. Kva skjuler seg i neste innlegg? F\u00e5r kommentaren noko respons? Har det skjedd noko spanande det siste minuttet? Oppdater.<\/p>\n<p>Tek ein offentleg transport, er det openbart at alle sit i kvar si verd med augene planta i skjermen. Ofte er st\u00f8ydempande \u00f8yretelefonar p\u00e5 i tillegg, s\u00e5 ein slepp \u00e5 forholde seg til verda rundt seg i det heile teke. Sosiale medium har fanga oss i kvar v\u00e5re bobler i staden for \u00e5 gjere oss sosiale.<\/p>\n<p>Heilt sidan ISDN gjorde sitt inntog i 1997, har eg vore aktiv p\u00e5 nettet. Ved \u00e5 sj\u00e5 dei lange linjene over snart 30 \u00e5r, ser eg at internett byrjar \u00e5 spele ut si rolle. Det er snart p\u00e5 tide \u00e5 logge av det meste. Nettet har ikkje lenger den verdien det hadde. Internett er ikkje lenger kjekt og spanande. Det er slitsamt, hult og til dels usunt.<\/p>\n<p>Nytt\u00e5rsforsettet for \u00e5ret som kjem, er \u00e5 kutte dei siste restane av sosiale medium og la mobilen ligge att heime. S\u00e5 m\u00f8tes vi kanskje i det st\u00f8rste sosiale mediumet: r\u00f8ynda.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dei som er i f\u00f8rti\u00e5ra hugsar sikkert chattenettverket IRC, der folk m\u00f8ttes kvar kveld p\u00e5 kanalane #Volda og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":126926,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,3050,2895,22,23,13,30,28,29,14,16,2080,7797,26,27,42,2079,43,44,45],"class_list":{"0":"post-126925","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-internett","14":"tag-ki","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-news","18":"tag-no","19":"tag-norge","20":"tag-norway","21":"tag-nyheter","22":"tag-overskrifter","23":"tag-orsta","24":"tag-sosiale-medium","25":"tag-top-stories","26":"tag-topstories","27":"tag-verden","28":"tag-volda","29":"tag-world","30":"tag-world-news","31":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115825123246195410","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/126925","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=126925"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/126925\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/126926"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=126925"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=126925"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=126925"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}