{"id":127468,"date":"2026-01-02T21:56:12","date_gmt":"2026-01-02T21:56:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/127468\/"},"modified":"2026-01-02T21:56:12","modified_gmt":"2026-01-02T21:56:12","slug":"brann-hoyanger-bustad-vart-overtent-i-hoyanger-har-no-kontroll-pa-brannen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/127468\/","title":{"rendered":"Brann, H\u00f8yanger | Bustad vart overtent i H\u00f8yanger. Har no kontroll p\u00e5 brannen"},"content":{"rendered":"\n<p>110 Vest melder klokka 19.35 fredag kveld om brann i eit bygg i H\u00f8yanger. Brannvesenet skal vere p\u00e5 staden.<\/p>\n<p>Det er opplyst at bygget som brenn skal vere fr\u00e5flytta.<\/p>\n<p>\u2013 Brannvesenet er p\u00e5 staden. Det skal brenne ein god del inne, basert p\u00e5 tilbakemeldingar eg har f\u00e5tt, opplyser Tore Fanebust, vaktleiar ved 110-Vest.<\/p>\n<p>Fr\u00e5flytta bustad<\/p>\n<p>Brannen skal ha oppst\u00e5tt i ein fr\u00e5flytta bustad, seier vaktleiaren.<\/p>\n<p>Ikkje lenge etter blir det meldt fr\u00e5 brannmannskap p\u00e5 staden at det er full overtenning i bustaden, og at nabohus vert evakuerte.<\/p>\n<p>Bustaden skal ligge midt i eit byggefelt, opplyser vaktleiar Fanebust.<\/p>\n<p>110 Vest fekk meldinga klokka 19.20, og det var ein forbipasserande som melde fr\u00e5 om brannen.<\/p>\n<p>Politiets operasjonsleiar, Frode Kolltveit, skriv at det var observert flammar i ein gang i bustaden. Det var ikkje observert personar p\u00e5 staden, og det art vidare opplyst at det ikkje skal ha budd nokon i huset p\u00e5 mange \u00e5r.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-1996917\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/20260102_205023.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Innsatsleiar: \u2013 Kontroll p\u00e5 brannen, men brenn framleis godt\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Sl\u00f8kking fr\u00e5 fleire sider<\/p>\n<p>Klokka 19.55 p\u00e5g\u00e5r det utvendig sl\u00f8kking fr\u00e5 fleire sider av bustaden, og operasjonssentralen melder d\u00e5 at det ikkje er umiddelbar fare for at brannen spreier seg.<\/p>\n<p>Det er vidare opplyst \u00e5 vere n\u00e6rmast vindstille p\u00e5 staden. Det skal per no vere evakuert personar fr\u00e5 to nabobustader, men eksakt tal personar er ikkje kjent for politiet.<\/p>\n<p><b>Har du bilde fr\u00e5 staden? Send gjerne til redaksjon@firda.no.<\/b><\/p>\n<p>Fann fyrstikk\u00f8skje &#8211; \u00f8nskjer tips fr\u00e5 publikum<\/p>\n<p>Det skal ha vore gjort eit funn av ei fyrstikk\u00f8skje p\u00e5 trappa utanfor bustaden, opplyser politet. Meldingar fr\u00e5 forbipasserande fortalde ogs\u00e5 om kubbelys som var tende inne i ein gang i f\u00f8rste etasje, like innanf\u00f8r d\u00f8ra.<\/p>\n<p>Eigaren av huset skal vere varsla, og ingen skal ha hatt lovleg tilgang til huset.<\/p>\n<p>Politiet \u00f8nskjer difor tips dersom det er gjort observasjonar av personar i det aktuelle tidsrommet som kan vere interessant for etterforskinga av brannen.<\/p>\n<p><b>Har ein gjort observasjonar er har \u00f8vrige tips, ber politiet om at ein tek kontakt p\u00e5 telefonnummer 02800 eller 112.<\/b><\/p>\n<p>Det er s\u00e5 langt ikkje meldt om kontroll p\u00e5 brannen, er operasjonssentralens siste melding klokka 20.34. Brannen har d\u00e5 ikkje spreidd seg, og det er framleis ikkje meldt om personskadar.<\/p>\n<p>Sl\u00f8kkingsarbeid vil p\u00e5g\u00e5 i nokre timar<\/p>\n<p>Brannvesenet melde at dei hadde kontroll p\u00e5 brannen klokka 21.13, men at det framleis brann godt i bygget.<\/p>\n<p>Klokka 22.48 melder politiets operasjonssentral at det framleis vil vere sl\u00f8kkearbeid p\u00e5 staden i nokre timar framover. Omr\u00e5det vil d\u00e5 bli sperra av, og politiet vil d\u00e5 gjere unders\u00f8kngar p\u00e5 staden.<\/p>\n<p><b>Det vert elles opplyst at det no er trygt for dei evakuerte \u00e5 returnere til sine bustadar.<\/b><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"110 Vest melder klokka 19.35 fredag kveld om brann i eit bygg i H\u00f8yanger. Brannvesenet skal vere p\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":127469,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[13180,36,367,20,21,24,25,15,914,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27],"class_list":{"0":"post-127468","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-110-vest","9":"tag-art","10":"tag-brann","11":"tag-breaking-news","12":"tag-breakingnews","13":"tag-featured-news","14":"tag-featurednews","15":"tag-headlines","16":"tag-hoyanger","17":"tag-latest-news","18":"tag-latestnews","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-overskrifter","25":"tag-story","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115827742126779965","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/127468","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=127468"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/127468\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/127469"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=127468"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=127468"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=127468"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}