{"id":128336,"date":"2026-01-04T04:26:09","date_gmt":"2026-01-04T04:26:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/128336\/"},"modified":"2026-01-04T04:26:09","modified_gmt":"2026-01-04T04:26:09","slug":"jakt-sogndal-vi-burde-ta-ut-dei-yngste-og-svakaste-dyra","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/128336\/","title":{"rendered":"Jakt, Sogndal | Vi burde ta ut dei yngste og svakaste dyra"},"content":{"rendered":"\n<p><a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/la-storbukken-ga-jakt-er-meir-enn-skyting\/o\/5-115-1380766\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">(Sogn Avis)<\/a>: Jakt handlar om meir enn \u00e5 felle den store bukken og vise det p\u00e5 sosiale medium.<\/p>\n<p>Sidan eg var gutunge har eg levd tett p\u00e5 hjorten. Dei store dyra stod stille langs den m\u00f8rke stien eg gjekk fr\u00e5 fotballtreninga om hausten, eller bukken br\u00f8lte ut sine brunstige lydar rundt i fjordlandskapet. Det var ein eigen sport \u00e5 smyge seg innp\u00e5 dyra i skumringa, for \u00e5 sj\u00e5 kor tett innp\u00e5 vi kunne kome.<\/p>\n<p>Erfaringa eg fekk gjennom slike daglege m\u00f8te med hjorten, og gjennom leiken i skogen, vart viktig d\u00e5 eg seinare blei hjortejeger og skulle jobbe med hjortedyr.<\/p>\n<p>Med rifla over skuldra og kikkerten rundt halsen har eg i tre timar smyge meg gjennom furuskogen. Eg har knapt sett eit spor av hjort enno, og tenker at det er mange f\u00e6rre hjort enn eg er van med.<\/p>\n<p>Men det er oktober, noko som betyr paringstid. Hjortebrunsten er blant dei mest h\u00f8glydte naturfenomena vi har. Under jakt i oktober er det gode sjansar for \u00e5 h\u00f8yre bukkar br\u00f8le ut si lyst (og kanskje frustrasjon). Det kan jegeren ogs\u00e5 bruke for \u00e5 lokalisere hjorten.<\/p>\n<p>Eit urbr\u00f8l nede i lia f\u00e5r lufta i skogen til \u00e5 dirre. Det kriblar i ryggmargen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"600\" height=\"701\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/Videoutsnitt.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 600 \/ 701;\"\/><\/p>\n<p>      Hjortebrunsten er blant dei mest h\u00f8glydte naturfenomena vi har.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>  Br\u00f8ler plutselig rett mot meg<\/p>\n<p>Eg br\u00f8ler tilbake. Hjorten svarar og plutseleg har vi ein samtale p\u00e5 gang! Lyden n\u00e6rmar seg, og eg ligg heldigvis i skjul bak ein stubbe og l\u00e5gt i lyngen. Rovdyr-instinktet mitt vaknar. Der kjem kolla med kalven, sakte luntande etter ein storbukk.<\/p>\n<p>Det kjem ikkje p\u00e5 tale \u00e5 skyte ein bukk p\u00e5 veg inn i sin beste alder. Kulturen og kunnskapen min overvinn den r\u00e5 naturen i meg; eg blir forvaltaren og lar rifla ligge.<\/p>\n<p>Desse store bukkane er dessverre sjeldne fordi tr\u00f3fejakt er ganske utbreidd i landet v\u00e5rt. Alle vil skyte den store kongen f\u00f8r naboen gjer det, og kunne hauste \u00ablikes\u00bb p\u00e5 sosiale medium. Forsking tyder p\u00e5 at berre 10% av bukkane n\u00e5r ein alder p\u00e5 fem \u00e5r, som eigentleg er starten p\u00e5 vaksenlivet for ein hjortebukk.<\/p>\n<p>I staden for \u00e5 skyte klarar eg heldigvis \u00e5 lirke fram mobilen og f\u00e5r mitt beste opptak nokon gong av hjorten som plutseleg br\u00f8ler rett mot meg.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/drive.google.com\/file\/d\/112gDhgVdDFEmtSWU33xg3l5JaM5aPy-S\/view?usp=sharing\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Sj\u00e5 filmen som gir meg denne g\u00e5sehud-opplevinga.<\/a><\/p>\n<p>Jakt og sanking st\u00e5r b\u00e5de menneskehjartet n\u00e6rt, og den norske identiteten n\u00e6r. Hausting fr\u00e5 naturen er m\u00e5ten vi har skaffa oss n\u00e6ring og energi p\u00e5 i mesteparten av menneska si tid p\u00e5 jorda. I v\u00e5r del av verda gjorde jo jordbruket f\u00f8rst sitt spede inntog for om lag 5000 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Difor er det som om jakt, fiske og sanking for mange er ein djupare del av identiteten enn jordbruket. Kanskje er det noko med det ville og reine, det \u00e5 vere i naturen, det \u00e5 hauste, men likevel ikkje endre p\u00e5 \u00f8kosystemet?<\/p>\n<p>I \u00f8kologien kallar vi det \u00e5 kunne hauste fr\u00e5 naturen ei \u00f8kosystemteneste. Det er eit overskot som vi menneske kan nytte, og nyte, av.<\/p>\n<p>N\u00e5r vi no snart bikkar 8 milliardar p\u00e5 jorda, reflekterer ein jo litt over at ikkje alle lenger kan leve av naturhausting.<\/p>\n<p>Menneske er predator godt som nokon og gjennom jakt kan vi leve ut rovdyrinstinktet. Men vi er ogs\u00e5 berarar av kultur og del av eit samfunn. Jakta har alltid vore avhengig av samarbeid oss imellom, og respekt for naturen. Det ligg eit stort ansvar p\u00e5 jegerens skuldrar i m\u00f8te med ville dyr. Berekraftig hausting er, og har alltid vore, ein vanskeleg kunst.<\/p>\n<p><b>Se ogs\u00e5: <a href=\"https:\/\/www.nettavisen.no\/nyheter\/jegeren-kunne-ikke-skyte-matte-la-prakthjorten-rusle-forbi\/v\/5-95-2785637\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Jegeren kunne ikke tro sine egne \u00f8yne: \u2013\u2060 Helt utrolig!<\/a><\/b><\/p>\n<p>I v\u00e5rt land kan ulv, bj\u00f8rn, jerv, og gaupe jakte og ete hjortedyr. Men dei fleste stader er det likevel vi menneske som er det viktigaste rovdyret. Vi er likevel ikkje heilt som andre rovdyr. V\u00e5r sesongmessige hausting, der vi fors\u00f8ker \u00e5 felle dyr med minimal liding, er prega av etikk og av forvalting gjennom lovverk og mellommenneskeleg tillit.<\/p>\n<p>Andre rovdyr ville nok ha jakta p\u00e5 hjortedyra b\u00e5de om vinteren og i kalvingstida p\u00e5 v\u00e5ren. Her gjer vi menneske moralske val \u2013 vi gir dyra kvile om vinteren og n\u00e5r ein ny generasjon skal kome til. For \u00e5 sikre berekraftig viltforvaltning er det ogs\u00e5 fornuftig \u00e5 avgrense jakttida. D\u00e5 blir det noko \u00e5 jakte p\u00e5 ogs\u00e5 neste \u00e5r. Her er vi smartare enn andre rovdyr.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1200\" height=\"800\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/Kolle_kalv_furustammer_2012_svkv.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1200 \/ 800;\"\/><\/p>\n<p>      Jakt er meir enn skyting, skriv Hegland.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>  Vi burde ta ut dei svakaste dyra<\/p>\n<p>P\u00e5 eitt punkt burde vi jegerar ha l\u00e6rt meir av andre rovdyr: Vi burde ta ut dei yngste og svakaste dyra, slik dei andre rovdyra gjer. Favoriseringa av store hanndyr i jaktuttaket v\u00e5rt har vore der lenge, men no kan det bli enno skeivare fordi jegerar har teke i bruk avansert milit\u00e6r teknologi som gjer det lettare \u00e5 felle dei st\u00f8rste og sterkaste dyra.<\/p>\n<p>Ein jeger utstyrt med termisk kikkert, f\u00e5r hjelp til \u00e5 oppdage kroppsvarme i den kalde skogen. Dermed kan han b\u00e5de oppdage dyra p\u00e5 lengre avstand, i m\u00f8rket og i vegetasjonen. Nattjakt er faktisk lovleg i Norge, i motsetnad til mange andre land. Og sj\u00f8lv om den nye viltressurslova eigentleg forbyr termiske kikkertsikte, har politikarane p\u00e5 Stortinget likevel bestemt at hjortejakta skal ha visse unntak \u2013 forst\u00e5 det den som kan. Vi som er bekymra ventar i spenning p\u00e5 kva dette kan bety n\u00e5r forskriftene til lova no blir utarbeida.<\/p>\n<p>I \u00f8kologien seier vi at dyr m\u00e5 ha tilstrekkeleg med skjulestader for at bestanden skal kunne overleve rovdyra p\u00e5 lang sikt. Den nye jaktforma, med bruk av termiske hjelpemidlar, gjer at dyra ikkje lenger kan g\u00f8yme seg i vegetasjonen eller i ly av m\u00f8rket. Dei er ikkje heilt trygge nokon stad.<\/p>\n<p>La oss h\u00e5pe teknologien ikkje tek over for forvaltning, og at dei store, staute og h\u00f8glytte bukkane blir enno sjeldnare i landskapa rundt oss.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"(Sogn Avis): Jakt handlar om meir enn \u00e5 felle den store bukken og vise det p\u00e5 sosiale medium.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":128337,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-128336","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115834937831672753","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/128336","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=128336"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/128336\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/128337"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=128336"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=128336"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=128336"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}