{"id":128848,"date":"2026-01-04T21:48:08","date_gmt":"2026-01-04T21:48:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/128848\/"},"modified":"2026-01-04T21:48:08","modified_gmt":"2026-01-04T21:48:08","slug":"vik-gront-skifte-kjopte-snaopen-elmoped-i-tromso-frakta-landevegen-til-sogn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/128848\/","title":{"rendered":"Vik, Gr\u00f8nt skifte | Kj\u00f8pte snaopen elmoped i Troms\u00f8, frakta landevegen til Sogn"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Dei fleste k\u00f8yrer rundt i to og tre tonn tunge personbilar og fraktar berre seg sj\u00f8lv. Denne er nett passeleg stor og veg 600 kilo, seier Ola G. Stadheim.<\/p>\n<p>Bilen, eigentleg ein mopedbil, er elektrisk, har bakhjulsdrift og godkjent for last inntil 450 kilo.<\/p>\n<p>\u2013 Rekkevidda kunne vore litt st\u00f8rre men dekkjer behovet mitt i massevis. Bilen taklar greitt eit par turar til Vangsnes. Og eg har vore i Framfjorden, fire mil tur\/retur. Og ikkje minst, den er snaopen p\u00e5 Tambsvegen i Steimslia.<\/p>\n<p>            Bilen min<\/p>\n<p>Det finst mange som har eit heilt spesielt forhold til den rullande doningen p\u00e5 fire hjul. Anten den er liten, stor, gamal eller ny. For dei er ikkje bilen berre eit framkomstmiddel.<\/p>\n<p>I denne serien vil me l\u00f8fta fram desse menneska og historiene om bilen min.<\/p>\n<p>Og me tek meir enn gjerne imot tips til kven me b\u00f8r skriva om. D\u00e5 sender du ein e-post til <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/kjopte-snaopen-elmoped-i-tromso-frakta-landevegen-til-sogn\/s\/mailto:redaksjon@sognavis.no\" target=\"_blank\" rel=\"nofollow noopener\">redaksjon@sognavis.no<\/a><\/p>\n<p>  \u2013 Stel straum nett der eg vil<\/p>\n<p>Ola G. Stadheim slo til d\u00e5 2023-doningen var til sals p\u00e5 nettet. Kj\u00f8pt brukt heilt oppe i Troms\u00f8 for 80.000 kroner, nyprisen var 120 000.<\/p>\n<p>\u2013 Sendt med hurtigruta?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, med trailer.<\/p>\n<p>\u2013 Du hermar etter ungdommen som k\u00f8yrer mopedbil?<\/p>\n<p>\u2013 Dei k\u00f8yrer fossilt, denne er elektrisk. Ein anna fordel er at eg slepp montering av ladeboks. Ein vanleg stikkontakt er alt som skal til og eg kan stela straum nett der eg vil. Og det har eg gjort, seier han lattermildt.<\/p>\n<p>Elektrisk framkomst er ikkje ny erfaring p\u00e5 Steim, vikjene sitt namn p\u00e5 grenda Stadheim.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/IMG_3948.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Kup\u00e9en er lys, enkel og oversiktleg.<br \/>\n      Foto: Gunnar Kleven\n    <\/p>\n<p>  Sans for gr\u00f8nt skifte<\/p>\n<p>Stadheim var nummer to i Vik som kj\u00f8pte ein tre \u00e5r gamal Tesla i 2016.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde ikkje r\u00e5d til \u00e5 sitja med den lenger, Gaute (sonen) overtok to \u00e5r seinare, men han var ikkje heilt n\u00f8gde og selde to \u00e5r seinare.<\/p>\n<p>Pensjonisten, tidlegare sveisar p\u00e5 Vik verk, har sansen for gr\u00f8ne framkomstmiddel og var f\u00f8rstemann som kj\u00f8pte elektrisk ATV og elektrisk skuter, registrert som motorsykkel.<\/p>\n<p>Ein digresjon: Steimingen var i 1970 f\u00f8rst ute som k\u00f8yrde diesel i Vik, ein Mercedes 1967-modell.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/IMG_3947.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Doningen veg 600 kilo, lasteevna er imponerande 450 kilo.<br \/>\n      Foto: Gunnar Kleven\n    <\/p>\n<p>  Brit nektar<\/p>\n<p>\u2013 Eg burde kj\u00f8pt same typen for mange \u00e5r sidan og hadde vore midt i blinken den gongen eg var b\u00e6rbonde. No er den heilt topp til sm\u00e5\u00e6rend og varer forh\u00e5pentlegvis livet ut.<\/p>\n<p>\u2013 Den kan \u00f2g nyttast som konebil?<\/p>\n<p>\u2013 Eg f\u00e5r ikkje Brit inni, ho nektar p\u00e5 kniven. N\u00e5r eg er p\u00e5 sm\u00e5turar, er tilbakemeldingane mange, spesielt fr\u00e5 kvinnfolka.<\/p>\n<p>\u2013 Mopedbilen kan minna om ein Postmann Pat- og isbilkryssing?<\/p>\n<p>\u2013 Nokre kallar den for pavebil. Skjer eg hol i taket, hadde den passa, seier Ola G. Stadheim.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dei fleste k\u00f8yrer rundt i to og tre tonn tunge personbilar og fraktar berre seg sj\u00f8lv. Denne&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":128849,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,15024,24,25,15023,15,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27,5343],"class_list":{"0":"post-128848","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-elmoped","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-gront-skifte","15":"tag-headlines","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-story","25":"tag-top-stories","26":"tag-topstories","27":"tag-vik"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115839035181496175","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/128848","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=128848"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/128848\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/128849"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=128848"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=128848"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=128848"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}