{"id":129346,"date":"2026-01-05T13:48:19","date_gmt":"2026-01-05T13:48:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/129346\/"},"modified":"2026-01-05T13:48:19","modified_gmt":"2026-01-05T13:48:19","slug":"meiningar-politikk-helse-forde-med-snikoverforing-av-oppgaver-til-kommunane","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/129346\/","title":{"rendered":"Meiningar, Politikk | Helse F\u00f8rde med \u00absnikoverf\u00f8ring\u00bb av oppg\u00e5ver til kommunane"},"content":{"rendered":"\n<p><strong>Nye utspel<\/strong>fr\u00e5 Helse F\u00f8rde (HF) kan tyde p\u00e5 at vi er vi i ferd med \u00e5 f\u00e5 delvis interkommunale sjukehus i Sogn og Fjordane. Dette fordi HF ikkje lenger er i stand til \u00e5 styre helsevesenet i Sogn og Fjordane p\u00e5 ein skikkeleg m\u00e5te. No skal kommunane overta barseltilbodet ved dei to lokalsjukehusa i fylket.<\/p>\n<p><strong>For mangelen<\/strong> p\u00e5 pengar skuldast vel at HF ikkje har teke h\u00f8gd for \u00e5 kunne betale for dei investeringane dei har gjort i F\u00f8rde. Og d\u00e5 er det som vanleg den uskuldige part, i f\u00f8rste omgang lokalsjukehusa, som skal betale gildet.<\/p>\n<p><strong>Men no<\/strong> vil HF hente inn ein ny alliert, nemleg kommunane. Dei er s\u00e5 langt ogs\u00e5 uskuldige i den situasjonen HF har sett seg i.<\/p>\n<p>Men den listige leiinga i HF ser nok at kommunane truleg vil vere lette \u00e5 lure, slik at dei ogs\u00e5 vert medansvarlege i framtida. Det er lettare \u00e5 skaffe pengar derfr\u00e5 enn fr\u00e5 eige fagdepartement.<\/p>\n<p>Fordi HF har k\u00f8yrt helsef\u00f8retaket i gr\u00f8fta med manglande \u00f8konomistyring, skal no kommunane kome og redde stumpane. Kommunane, som den same staten og dei same statsr\u00e5dane, stadig p\u00e5legg nye oppg\u00e5ver, oftast utan at pengar f\u00f8lgjer med.<\/p>\n<p><strong>Kommunane<\/strong>, som fr\u00e5 f\u00f8r strir med \u00e5 f\u00e5 endane til \u00e5 m\u00f8tast, skal vere med p\u00e5 \u00e5 redde oppg\u00e5vene som Staten og Helse F\u00f8rde ikkje greier \u00e5 utf\u00f8re, fordi dei ikkje har halde orden i eigne sysaker.<\/p>\n<p>Kommunane skal alts\u00e5 overta statlege oppg\u00e5ver ogs\u00e5 her.<\/p>\n<p>Dersom kommunane g\u00e5r med p\u00e5 det, vil staten ha greidd \u00e5 overf\u00f8re end\u00e5 fleire oppg\u00e5ver til kommunane, utan at pengar f\u00f8lgjer med.<\/p>\n<p>For kommunane f\u00e5r vel ikkje overf\u00f8rt pengar fr\u00e5 helsef\u00f8retaka, eller fr\u00e5 staten elles, for \u00e5 utf\u00f8re desse oppg\u00e5vene?<\/p>\n<p><strong>For sj\u00f8lv om<\/strong> nokre kommunar tidlegare har ytt ein skjerv til desse tenestene, blir dette ei ny formell \u00absnikoverf\u00f8ring\u00bb av oppg\u00e5ver til kommunane, og kjem til \u00e5 g\u00e5 ut over andre kommunale tenester.<\/p>\n<p>Og rekninga for det heile f\u00e5r vi som bur i kommunane, i form av auka skattar og avgifter, medan Helse F\u00f8rde kan gni seg i hendene og bruke pengane i F\u00f8rde, som vanleg.<\/p>\n<p><strong>Skilnaden<\/strong> p\u00e5 tidlegare overf\u00f8ringar til kommunane og denne nye, er at no f\u00f8lgjer det ogs\u00e5 <strong>truslar <\/strong>med, dersom kommunane ikkje overtek.<\/p>\n<p><strong>Elles<\/strong>, heiter det, vil desse oppg\u00e5vene ogs\u00e5 verte flytte til F\u00f8rde!<\/p>\n<p>Dette er nesten ikkje til \u00e5 tru. Og kva blir det neste? Skal resten av sjukehusa kanskje drivast p\u00e5 dugnad?<\/p>\n<p><strong>Det er no p\u00e5 tide <\/strong>at Stortinget grip inn i dette vanstyret, elles vil helsetilbodet hos oss snart vere rasert. Hadde slik \u00f8konomistyring skjedd i ei privat verksemd, hadde nok ein del leiarar m\u00e5tte forlate skuta.<\/p>\n<p>Men i det offentlege vil slikt vanstyre kanskje verte p\u00e5skj\u00f8nt med ein solid bonus og eit kraftig l\u00f8nshopp for direkt\u00f8rane. Ikkje ulikt Sogndal kommune. For til det finn dei alltid pengar.<\/p>\n<p><strong>Ein skulle nesten tru<\/strong> at overforbruket av pengar i F\u00f8rde kan ha vore eit bevisst grep i arbeidet med \u00e5 skaffe nye argument for \u00e5 f\u00e5 lagt ned lokalsjukehusa. S\u00e5 openberr kan mangelen p\u00e5 \u00f8konomisk styring ha vore, b\u00e5de n\u00e5r det gjeld nye stillingar under tilsetjingsstans, og det mykje omtalte byggjeprosjektet.<\/p>\n<p><strong>N\u00e5r dei aldri kan vedg\u00e5<\/strong> at dei har svikta p\u00e5 dette omr\u00e5det, kan ein f\u00e5 mistanke om at dette er overlagt. Og eg kan ikkje forst\u00e5 at direkt\u00f8ren for HF no ikkje kan st\u00e5 fram og sei h\u00f8gt at m\u00e5let hans er \u00e5 f\u00e5 lagt ned lokalsjukehusa, i staden for \u00e5 drive systematisk utarming av sjukehusa og skulde p\u00e5 \u00f8konomi.<\/p>\n<p>Ser at utviklingsdirekt\u00f8ren i Helse F\u00f8rde har sagt opp stillinga si. Eg vil tilr\u00e5 at <strong>Helse Vest<\/strong> som erstatning lyser ut stilling som <strong>avviklingsdirekt\u00f8r<\/strong>, med hovudoppg\u00e5ve \u00e5 avvikle Helse F\u00f8rde. Berre p\u00e5 den m\u00e5ten kan det bli pengar til \u00e5 drifte helsetenesta hos oss.<\/p>\n<p><strong>Har ogs\u00e5 lyst til<\/strong> \u00e5 minne om at AP-representanten fr\u00e5 F\u00f8rde sa, d\u00e5 statsbudsjettet varet lagt fram, at no hadde dei (AP-regjeringa) lagt inn ekstra midlar til Helse Vest, slik at drifta ved sjukehusa skulle vere sikra.<\/p>\n<p>Deretter gjekk han i dekning, og har ikkje gitt lyd fr\u00e5 seg. Er det nokon som veit kor han vart av?<\/p>\n<p><strong>Men han dukkar nok opp att<\/strong> med nye lovnader ved neste valkamp om fire \u00e5r, slik desse folka brukar \u00e5 gjere. Fram til d\u00e5 gjeld det vel \u00e5 halde ein l\u00e5g profil, i alle fall i Indre Sogn.<\/p>\n<p><strong>Teksten ovanfor vart skriven f\u00f8r jul i fjor (2025), men har truleg vorte heft p\u00e5 vegen.<\/strong><\/p>\n<p><strong>I mellomtida<\/strong> ser eg faktisk at representanten Vereide <strong>alt no<\/strong> har dukka opp att, med ein ny lovnad om hjelp til L\u00e6rdal sjukehus. Difor m\u00e5 eg skrive eit lite PS til innlegget.<\/p>\n<p><strong>Denne gongen<\/strong> truar han HF, men det har sj\u00f8lvsagt like liten effekt som pengelovnaden i statsbudsjettet, der han trudde han kunne bestemme kva Helse Vest skulle bruke pengane til. Alle vi andre veit at det er helsef\u00f8retaka som bestemmer dette, politikarane har gitt fr\u00e5 seg styringa der.<\/p>\n<p><strong>Like lite <\/strong>vil det nok hjelpe \u00e5 true HF, for d\u00e5 han hadde sjansen til \u00e5 f\u00e5 Stortinget med p\u00e5 eit slikt vedtak, stemde han imot, og p\u00e5 den m\u00e5ten <strong>sikra han fleirtal mot det han no lovar \u00e5 gjere<\/strong>!<\/p>\n<p>Du snakkar om \u00e5 vere prinsippfast, og st\u00e5 for sine tidlegare handlingar.<\/p>\n<p><strong>D\u00e5 han stemde imot<\/strong> sa han at det ikkje er hjelp i eit vedtak utan at det f\u00f8lgjer pengar med. Men eg ser ikkje at han heller har pengar, berre truslar. Og det er vel ingen som trur at den sentraliseringsk\u00e5te regjeringa, eller ansvarleg statsr\u00e5d, vil gjere noko ut over tidlegare tomme lovnader.<\/p>\n<p><strong>S\u00e5 lovnaden fr\u00e5 AP-statsr\u00e5den<\/strong> m\u00e5 vi nok sj\u00e5 p\u00e5 som nytt\u00e5rslovnad som er like lite verd som dei fleste andre slike lovnader som blir inng\u00e5tt sv\u00e6rt seint p\u00e5 kvelden ei nytt\u00e5rsaftan.<\/p>\n<p><strong>Meir interessant<\/strong> kunne det ha vore \u00e5 f\u00e5 greie p\u00e5 kvifor han no br\u00e5tt kan ha endra meining. Kan han ha lese innlegget eg skreiv sist, der eg ymta framp\u00e5 om at neste steg i nedleggingskabalen kanskje kunne verte \u00e5 flytte oppg\u00e5ver fr\u00e5 F\u00f8rde til Bergen for \u00e5 spare pengar?<\/p>\n<p><strong>Eller kanskje <\/strong>han har starta neste valkamp, i h\u00e5p om at vi i Indre Sogn i \u00abnytt\u00e5rsrusen\u00bb alt kan ha gl\u00f8ymt det som har skjedd i denne saka tidlegare.<\/p>\n<p><strong>Men det var vel litt for tidleg, eller kva?<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Nye utspelfr\u00e5 Helse F\u00f8rde (HF) kan tyde p\u00e5 at vi er vi i ferd med \u00e5 f\u00e5 delvis&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":129347,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,5311,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":{"0":"post-129346","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse-forde","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-meiningar","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115842810176532421","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/129346","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=129346"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/129346\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/129347"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=129346"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=129346"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=129346"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}