{"id":129777,"date":"2026-01-05T23:48:17","date_gmt":"2026-01-05T23:48:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/129777\/"},"modified":"2026-01-05T23:48:17","modified_gmt":"2026-01-05T23:48:17","slug":"fylkesveg-i-hoylandet-stengd-etter-at-semitrailer-velta-19-tonn-fisk-ligg-i-vegbanen-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/129777\/","title":{"rendered":"Fylkesveg i H\u00f8ylandet stengd etter at semitrailer velta \u2013 19 tonn fisk ligg i vegbanen \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Fylkesveg 17 \u2013 den s\u00e5kalla kystriksvegen \u2013 er stengd etter at ein semitrailer har velta ved Bj\u00f8r\u00e5a i H\u00f8ylandet.<\/p>\n<p><strong>Sj\u00e5f\u00f8ren av semitraileren skal ikkje vere skadd.<\/strong><\/p>\n<p>Erlend Karlsen ved Vegtrafikksentralen fortel at k\u00f8yret\u00f8yet var lasta med fisk som no ligg str\u00f8dd i vegen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er sagt at det er snakk om 19 tonn med fisk s\u00e5 det kan jo ta litt tid og f\u00e5 rydda, fortel Karlsen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"H\u00f8ylandet5\" title=\"Foto: Kjetil Langeng\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er uklart kor lang til det vil ta \u00e5 rydde vegen for fisk.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Langeng<\/p>\n<p>Han fortel i 18.30-tida at bilbergar er p\u00e5 veg til staden, men er omkring halvanna time unna.<\/p>\n<p>\u2013 Vegen blir truleg stengd i alle fall ein time eller to.<\/p>\n<p>I 20-tida fortel operasjonsleiar Trond Hangaas at ein kranbil har kome til staden og at det blir jobba med \u00e5 f\u00e5 l\u00f8fta bort semitraileren.<\/p>\n<p>Han seier oppryddingsarbeidet kjem til \u00e5 ta tid.<\/p>\n<p>Klokka 21.30 er ett felt opna med manuell dirigering.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"H\u00f8ylandetFisk\" title=\"Foto: Kjetil Langeng\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det skal ha vore 19 tonn fisk om bord i semitraileren.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Langeng<\/p>\n<p>Mogleg fisken m\u00e5 bli destruert<\/p>\n<p>Operasjonsleiar i politiet, Trond Hangaas, fortel at politiet no er framme p\u00e5 staden.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Patrulje er p\u00e5 staden og det er no stor k\u00f8danning i omr\u00e5det.<\/strong><\/p>\n<p>Politiet kjenner ikkje til kva som er \u00e5rsaka til ulykka.<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00e5f\u00f8ren seier sj\u00f8lv at han k\u00f8yrde i tilpassa fart og har f\u00e5tt sleng.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilberging H\u00f8ylandet \" title=\"Foto: Kjetil Langeng\"\/><\/p>\n<p>Foto: Kjetil Langeng<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig, veldig mykje av fiskelasta som er spreidd utover vegen og utafor vegen, seier Hangaas.<\/p>\n<p>Han fortel at det no vil bli eit stort oppryddingsarbeid.<\/p>\n<p>\u2013 Det er for s\u00e5 vidt ein ganske stor skadestad i og med at fisk ligg str\u00f8dd utover store delar av vegbana.<\/p>\n<p>Operasjonsleiaren seier det ogs\u00e5 vil bli eit sp\u00f8rsm\u00e5l om fisken kan bli brukt til dyref\u00f4r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er litt spekulasjonar om fisken kan bli brukt til noko som helst eller om den berre m\u00e5 bli destruert.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>05.01.2026, kl. 18.33<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>05.01.2026, kl. 21.35<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Fylkesveg 17 \u2013 den s\u00e5kalla kystriksvegen \u2013 er stengd etter at ein semitrailer har velta ved Bj\u00f8r\u00e5a i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":129778,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-129777","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115845169354651961","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/129777","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=129777"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/129777\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/129778"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=129777"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=129777"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=129777"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}