{"id":130613,"date":"2026-01-06T20:42:09","date_gmt":"2026-01-06T20:42:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/130613\/"},"modified":"2026-01-06T20:42:09","modified_gmt":"2026-01-06T20:42:09","slug":"minneord-helse-vest-villy-vage-var-ein-pioner-innan-norsk-fedmekirurgi","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/130613\/","title":{"rendered":"Minneord, Helse Vest | Villy V\u00e5ge var ein pioner innan norsk fedmekirurgi"},"content":{"rendered":"\n<p>Villy vart f\u00f8dd 28. januar 1961 og voks opp i grenda V\u00e5ge i Fjaler. Etter eksamen artium studerte han medisin ved Royal College of Surgeons i Dublin, der han vart uteksaminert i 1987.<\/p>\n<p>Etter heimkomsten til Noreg vart han spesialist i generell og gastroenterologisk kirurgi, og arbeidde som overlege ved F\u00f8rde sentralsjukehus, Voss sjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus. Han disputerte for PhD-graden ved Universitetet i Bergen i 2005.<\/p>\n<p>Villy var ein pioner innan norsk fedmekirurgi. Dei f\u00f8rste fors\u00f8ka p\u00e5 \u00e5 etablere fedmekirurgi i Noreg fr\u00e5 1970-talet og framover hadde mislukkast, og skepsisen i fagmilj\u00f8a var stor. I doktorgradsarbeidet sitt viste han at langtidsresultata etter den eldre operasjonsmetoden jejunoileal bypass fr\u00e5 1970-talet var overraskande gode. Inspirert av desse funna, og av etter kvart oppmuntrande internasjonale studiar, vart Villy ein sentral p\u00e5drivar for oppstart av moderne fedmekirurgi i Noreg.<\/p>\n<p>I 2001 starta han, saman med kollegaer ved F\u00f8rde sentralsjukehus, eit fedmekirurgisk tilbod med stor nasjonal betydning. Han tok initiativ til eit lokalt kvalitetsregister som har lagt grunnlag for forsking og betre helsetenester, og vart seinare leiar for Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) i Helse Bergen fr\u00e5 det blei oppretta i 2015 og fram til han d\u00f8ydde.<\/p>\n<p>Villy hadde eit stort fagleg nettverk, nasjonalt og internasjonalt. Men framfor alt var han pasientane sin talsmann og kjempa ustanseleg for retten til god og verdig behandling.<\/p>\n<p>\u2013 \u00c5 oppleve kva ein slik operasjon betyr for eit menneske, er verkeleg stort og r\u00f8rande, sa han ein gong i eit intervju.<\/p>\n<p>Vi har mista ein h\u00f8gt respektert kollega, ein sterk talsmann og ein god ven. Samstundes st\u00e5r vi att med stor takksemd for alt Villy var og alt han gav. V\u00e5re tankar og djupaste kondolansar g\u00e5r til Vegar, Torgeir, Sonja og familien elles.<\/p>\n<p>Vi lyser fred over minnet hans.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Villy vart f\u00f8dd 28. januar 1961 og voks opp i grenda V\u00e5ge i Fjaler. Etter eksamen artium studerte&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":130614,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,5225,15,5311,12349,22,23,692,13,30,28,29,14,1533,16,6150,26,27,963],"class_list":["post-130613","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-gloppen","tag-headlines","tag-helse-forde","tag-helse-vest","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-minneord","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-synspunkt","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ytring"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115850100222571398","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/130613","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=130613"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/130613\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/130614"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=130613"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=130613"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=130613"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}