{"id":131744,"date":"2026-01-08T06:15:11","date_gmt":"2026-01-08T06:15:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/131744\/"},"modified":"2026-01-08T06:15:11","modified_gmt":"2026-01-08T06:15:11","slug":"sa-mykje-varme-ma-du-ha-pa-for-a-unnga-frosne-royr-i-kulda-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/131744\/","title":{"rendered":"S\u00e5 mykje varme m\u00e5 du ha p\u00e5 for \u00e5 unng\u00e5 frosne r\u00f8yr i kulda \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det viktigaste er \u00e5 f\u00f8rebyggje. Halde det varmt, og ikkje spare p\u00e5 straumen.<\/p>\n<p>R\u00f8yrleggar Kenneth Fagerlid i F\u00f8rde veit kva han snakkar om. No er han nedlest i arbeid p\u00e5 grunn av frosne r\u00f8yr.<\/p>\n<p>NRK har kontakta dei st\u00f8rste forsikringsselskapa for \u00e5 h\u00f8yre kor mykje varme folk b\u00f8r ha p\u00e5.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann med gul jakke unders\u00f8ker r\u00f8r p\u00e5 et bad. \" title=\"Foto: Magnus Vattekar Sandvoll \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kenneth Fagerlid i Dale R\u00f8r AS seier det er tidkrevjande \u00e5 tine frosne r\u00f8yr.<\/p>\n<p>Foto: Magnus Vattekar Sandvoll \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Svaret er: Minst 10 grader.<\/strong><\/p>\n<p>Dette gjeld hovudsakleg rom kor det g\u00e5r vassr\u00f8yr \u2013 og s\u00e6rleg rom med r\u00f8yr i ytterveggane.<\/p>\n<p>Auke i skademeldingar<\/p>\n<p>F\u00f8rebels er det ingen flaum av skademeldingar til forsikringsselskapa.<\/p>\n<p>For Gjensidige har det vore rundt 50\u201360 meldingar dei siste to vekene.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men det g\u00e5r relativt bratt oppover no, seier Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige.<\/strong><\/p>\n<p>I sprengkulda i januar 2024 var det meir enn 7600 skademeldingar p\u00e5 grunn av frosne r\u00f8yr. Det er 10 gongar meir enn januar i 2025.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Bildet viser en vask med is og vann som renner fra kranen. Vasken er delvis dekket av is, og det er s\u00e5pe og rengj\u00f8ringsmidler synlig i bakgrunnen. Omr\u00e5det rundt vasken er laget av trepanel, som gir en rustikk f\u00f8lelse. Det er ogs\u00e5 en svamp plassert p\u00e5 vasken, og noe vann renner nedover kantene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2877\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Uff da.<\/p>\n<p> Foto: Gunnar Arntsen <\/li>\n<li><img alt=\"Vannlekkasje under huset\"  width=\"3840\" height=\"3072\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Den er lei.<\/p>\n<p> Foto: Stian Kallesten <\/li>\n<li><img alt=\"Frostskade i toalett\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Noko dritt.<\/p>\n<p> Foto: Foto: Gjensidige <\/li>\n<li><img alt=\"Vannskader etter frost\"  width=\"3840\" height=\"2597\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Lykke til.<\/p>\n<p> Foto: If Skadeforsikring <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Forsikringsselskapet Frende trur talet p\u00e5 skademeldingar vil auke kraftig til helga.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 vil mange dra til hytta og sjekke korleis det st\u00e5r til der, if\u00f8lge Marius Solberg Anfinsen i Frende.<\/p>\n<p>Og apropos hytta: Her gjeld det \u00e5 skru av hovudkrana n\u00e5r ein reiser vekk. Er det ikkje p\u00e5 stell, risikerer du \u00e5 f\u00e5 att mindre pengar p\u00e5 forsikringa ved skade.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann st\u00e5r i et moderne kj\u00f8kken med m\u00f8rke skap og lys belysning. Han har p\u00e5 seg en gr\u00f8nn genser med krage. Kj\u00f8kkenutstyr og kjeler er synlige i bakgrunnen, som bidrar til \u00e5 gi kontekst til omgivelsene. Bildet har en fokusert og rolig atmosf\u00e6re. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Agnieszka Iwanska \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eit sprokke vassr\u00f8yr kan fort ha ei utgift p\u00e5 50.000 til 100.000 \u00e5 fikse, if\u00f8lge Anfinsen i Frende.\n<\/p>\n<p>Foto: Agnieszka Iwanska \/ NRK<\/p>\n<p>Ikkje bruk gassbrennar<\/p>\n<p>Viss r\u00f8yra f\u00f8rst er frosne, gjeld det \u00e5 tine dei opp langsamt. Elles kan det g\u00e5 fr\u00e5 vondt til verre. Her gjeld det \u00e5 h\u00f8yre med r\u00f8yrleggaren.<\/p>\n<p>Ein metode som ikkje er for amat\u00f8rar, er \u00e5 sette straum p\u00e5 r\u00f8yret, if\u00f8lge Fagerlid i F\u00f8rde.<\/p>\n<p>Forsikringsselskapa har erfart fleire husbrannar etter uforsiktig opptining av r\u00f8yr.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Da har det ofte vore bruk av open flamme, ein gassbrennar til d\u00f8mes, inni veggen. Det kan f\u00e5 fatale konsekvensar, seier Sigmund<\/strong> <strong>Clementz i If.<\/strong><\/p>\n<p>Mange blir f\u00f8rst klar over skadar n\u00e5r mildv\u00earet kjem.<\/p>\n<p>Det gjeld mellom r\u00f8yret som g\u00e5r til utekrana (som du burde ha huska \u00e5 stenge av i haust).<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r frosne og sprokne r\u00f8yr tinar, kjem all elendigheita til syne, seier Rysstad i Gjensidige.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilde av et aggregat p\u00e5 et bad \" title=\"Foto: Magnus Vattekar Sandvoll \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dale R\u00f8r AS har ei innretning som set straum p\u00e5 vassr\u00f8yra.<\/p>\n<p>Foto: Magnus Vattekar Sandvoll \/ NRK<\/p>\n<p>S\u00e5 sj\u00f8lv om det er trasig \u00e5 bruke pengar p\u00e5 dyre straumrekningar, er det enda verre med sprokne vassr\u00f8yr.<\/p>\n<p>\u00c5 skru av varmen no er \u00e5 \u00abspare p\u00e5 skillingen og la dalaren g\u00e5\u00bb, som det heiter.<\/p>\n<p><strong>S\u00e5 husk: Sett varmen p\u00e5 minst 10 grader.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.01.2026, kl. 05.54<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det viktigaste er \u00e5 f\u00f8rebyggje. Halde det varmt, og ikkje spare p\u00e5 straumen. R\u00f8yrleggar Kenneth Fagerlid i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":131745,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-131744","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115858015857977819","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/131744","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=131744"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/131744\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/131745"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=131744"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=131744"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=131744"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}