{"id":131928,"date":"2026-01-08T10:15:07","date_gmt":"2026-01-08T10:15:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/131928\/"},"modified":"2026-01-08T10:15:07","modified_gmt":"2026-01-08T10:15:07","slug":"vi-mistar-djup-kulturkompetanse-nrk-rogaland-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/131928\/","title":{"rendered":"\u2013 Vi mistar djup kulturkompetanse \u2013 NRK Rogaland \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Alle venninnene mine var i milit\u00e6ret eller tok fri\u00e5r, og s\u00e5 har dei begynt \u00e5 studere p\u00e5 universitet i Noreg.<\/p>\n<p>Det fortel 20 \u00e5r gamle Nora Skjelstad Kjelsaas. Ho har starta p\u00e5 sitt andre \u00e5r p\u00e5 ein bachelor i politikk, filosofi og \u00f8konomi ved universitetet i Manchester.<\/p>\n<p>Ho er ein av stadig f\u00e6rre som vel \u00e5 ta heile utdanninga i utlandet.<\/p>\n<p>\u2013 Ein m\u00f8ter folk fr\u00e5 ulike bakgrunnar i mykje st\u00f8rre grad. Det er b\u00e5de stimulerande og berikande, og du f\u00e5r verda mykje tettare p\u00e5, forklarer ho.<\/p>\n<p>Tal fr\u00e5 SSB viser at talet har <a href=\"https:\/\/www.ssb.no\/statbank\/table\/04473\/tableViewLayout1\/\" ec-id=\"https:\/\/www.ssb.no\/statbank\/table\/04473\/tableViewLayout1\/\" ec-name=\"stupt med heile 27 prosent\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">stupt med heile 27 prosent<\/a> (ekstern lenke) sidan topp\u00e5ret 2014\u20132015.<\/p>\n<p>\u2013 Fleire vel utveksling<\/p>\n<p>Denne utviklinga bekymrar Jon Gunnar Simonsen.<\/p>\n<p>\u2013 Med dei globale utfordringane vi st\u00e5r i n\u00e5 s\u00e5 treng vi meir internasjonal erfaring. Det \u00e5 ha ei god forst\u00e5ing av resten av verda blir viktigare og viktigare, seier Simonsen.<\/p>\n<p>Han er avdelingsdirekt\u00f8r for Europeisk samarbeid og kvalitetssikring ved Direktoratet for h\u00f8gare utdanning og kompetanse (HK-direktoratet).<\/p>\n<p>\u2013 Vi mistar den djupe spr\u00e5k- og kulturkompetansen, og det internasjonale nettverket som kandidatane tar med seg heim, seier han og held fram:<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann som smiler til kamera. \" title=\"Foto: HK-direktoratet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Viss ein studerer i utlandet, f\u00e5r personen den veldig nyttige kompetansen det er \u00e5 sj\u00e5 Noreg utan\u00e5t, seier Jon Gunnar Simonsen i HK-direktoratet.<\/p>\n<p>Foto: HK-direktoratet<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00f8lv om f\u00e6rre tar heile grada ute, reiser fleire p\u00e5 kortare utvekslingsopphald, s\u00e5 samla sett er det fleire som studerer i utlandet enn f\u00f8r.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/regjeringen.no\/no\/dokumenter\/meld.-st.-7-20202021\/id2779627\/?ch=5\" ec-id=\"http:\/\/regjeringen.no\/no\/dokumenter\/meld.-st.-7-20202021\/id2779627\/\" ec-name=\"M\u00e5let til myndigheitene\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">M\u00e5let til myndigheitene<\/a> (ekstern lenke) er at halvparten av norske studentar skal studere i utlandet med eit kortare eller lengre opphald.<\/p>\n<p>\u2013 Dessverre er det berre omtrent 20 prosent som nyttar seg av moglegheita. Det er altfor f\u00e5.<\/p>\n<p>Studentane NRK m\u00f8ter p\u00e5 Universitetet i Stavanger trur det er fleire \u00e5rsaker til nedgangen. Dei trekker mellom anna fram d\u00e5rlegare sosialt nettverk og dyrare skolel\u00f8p.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"En dame som tar ut b\u00f8ker fra ryggsekken. \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/> Jorunn Lovise Hel\u00f8\n<p>Studerer sjukepleie.<\/p>\n<p>\u2013 Vurderte du nokon gong \u00e5 studera i utlandet?<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde litt lyst, men eg vurderte det aldri veldig seri\u00f8st. Det er veldig dyrt, og s\u00e5 er det jo eit stort steg \u00e5 ta \u00e5leine.<\/p>\n<p>\u2013 Du var p\u00e5 utveksling. Kvifor valde du det?<\/p>\n<p>\u2013 Eg var to og ein halv m\u00e5nad i Afrika. Det var ikkje s\u00e5 lenge, og s\u00e5 drog eg saman med fleire fr\u00e5 sjukepleiestudiet. Det kjendest litt tryggare ut.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"en mann som holder en veske\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>Lazar Dingamanshev\n<p>Student ved BI. <\/p>\n<p>\u2013 Vurderte du nokon gong \u00e5 studere i utlandet? <\/p>\n<p>\u2013 Eg bestemde meg for \u00e5 bli her fordi kj\u00e6rasten min og alle vennene mine er her. Eg betaler sikkert meir her i Noreg enn eg hadde gjort om eg flytta ut.<br \/>\u2013 Vurderer du utveksling?<br \/>\u2013 Eg har sett p\u00e5 litt moglegheiter. Eg ser at det er moglegheiter i Spania, Amerika og Australia, og eg er open for \u00e5 g\u00e5 reise kor som helst.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"En dame som skriver p\u00e5 datamaskinen og smiler til kameraet. \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>Ellen Margrethe Djubek Torland\n<p>Masterstudent i \u00f8konomi og administrasjon.<\/p>\n<p>\u2013 Har du tatt delar av utdanninga di i utlandet?<\/p>\n<p>\u2013 Eg tok faktisk bachelorgrada mi i Japan, og s\u00e5 var eg p\u00e5 utveksling eitt \u00e5r p\u00e5 vidareg\u00e5ande i USA.<br \/>\u2013 Var l\u00e5n eller stipend noko du bekymra deg for?<\/p>\n<p>\u2013 Ikkje s\u00e5 mykje. Eg var meir opptatt av at eg ville komma meg lengst vekk fr\u00e5 Noreg, og utfordra meg sj\u00f8lv p\u00e5 nye m\u00e5tar.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"en mann som holder en veske\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>Pernille G\u00e5sb\u00f8ck\n<p>Studerer sjukepleie.<br \/>\u2013 Tenkte du p\u00e5 studium i utlandet?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, eigentleg ikkje. Eg er litt familiekj\u00e6r, s\u00e5 eg vil helst vere n\u00e6re familien min. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Forskings- og h\u00f8gare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) fortel at reduksjonen i stipend til skolepengar blei vedtatt fordi dei \u00f8nskte \u00e5 bruke pengar meir effektivt.<\/p>\n<p>\u2013 Det viktig \u00e5 f\u00e5 fram at studentane ikkje fekk mindre pengar til \u00e5 betale skolepengar. Samla bel\u00f8p til skolepengar er det same som f\u00f8r 2023-2024, men med 25 000 kroner l\u00e5gare stipenddel og tilsvarande h\u00f8gare l\u00e5nedel, seier ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en kvinne som smiler til kameraet\" title=\"Foto: Ellinor Halvari \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Det viktigaste for oss er at fleire f\u00e5r internasjonal erfaring, men vi har ikkje noko klart m\u00e5l om at fleire skal ta heile grada i utlandet, seier Sigrun Aasland (Ap).<\/p>\n<p>Foto: Ellinor Halvari \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Verda kjem tettare p\u00e5<\/p>\n<p>Kvardagen til Skjelstad Kjelsaas liknar gjerne p\u00e5 kvardagen til studentar i Noreg. Men ho meiner det er ein viktig skilnad.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne som smiler rett inn i kamera.\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Nora Skjelstad Kjelsaas hadde verken tvil eller ein plan B da ho s\u00f8kte seg inn p\u00e5 studium i England. <\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>\u2013 Det krev eit anna sj\u00f8lvstende og tilpassingsevne. Det \u00e5 finne ut av kulturen, spr\u00e5ket og korleis kollektivtransporten fungerer. Alle s\u00e5nne sm\u00e5 detaljar m\u00e5 ein st\u00e5 i sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Men valet er ikkje gratis. Ho betaler n\u00e6rare 350.000 norske kroner i \u00e5ret i skulepengar, og opp mot 12.000 norske kroner i hybelleige kvar m\u00e5nad.<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo ikkje til \u00e5 legge skjul p\u00e5 at ein blir sittande med mykje gjeld. Ein veit ikkje korleis kursen kjem til \u00e5 vere, som er ei stor bekymring, seier Skjelstad Kjelsaas.<\/p>\n<p>Meir studiest\u00f8nad, og betre anerkjenning i arbeidsmarknaden for utanlandsgrader, hadde minska d\u00f8rstokkmila for mange som vurderer utanlandsstudiar, meiner ho.<\/p>\n<p>\u2013 Eg jobbar p\u00e5 sida, og f\u00e5r litt hjelp av foreldra mine. Det hadde ikkje vore nok med berre L\u00e5nekassen.<\/p>\n<p>\u2013 Urovekkande<\/p>\n<p>At det er f\u00e6rre som Skjelstad Kjelsaas bekymrar ogs\u00e5 Jannecke Wiers-Jenssen.<\/p>\n<p>Ho er forskingsleiar innan studentmobilitet ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg tenker at det er urovekkande. <\/strong><strong>Det er viktig at folk f\u00e5r erfaring fr\u00e5 utlandet for \u00e5 forst\u00e5 betre korleis ein tenker rundt omkring i verda. Mange universitet i utlandet tilbyr utdanning med vel s\u00e5 god kvalitet som i Noreg.<\/strong>\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne med kort blondt h\u00e5r og svarte briller. \" title=\"Foto: Ronnie Smith\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Det er kanskje like stor grunn til \u00e5 bekymre seg for kor dei drar, som at det n\u00e5 er f\u00e6rre, seier Jannecke Wiers-Jenssen. <\/p>\n<p>Foto: Ronnie Smith<\/p>\n<p>Med auka uro internasjonalt og meir komplekse samarbeidsoppdrag, vil evna til \u00e5 forst\u00e5 politiske system og kultur bli viktigare, meiner Wiers-Jenssen.<\/p>\n<p>Ho meiner ogs\u00e5 at det er eit problem at det er ein del land norske studentar ikkje vel \u00e5 reise til.<\/p>\n<p>\u2013 Dei landa som vi kanskje treng \u00e5 forst\u00e5 best er det ikkje mange nordmenn som studerer i. Vi treng \u00e5 vite meir om korleis ting g\u00e5r f\u00f8re seg i sentrale EU-land som Tyskland og Frankrike, eller korleis ein tenker i Kina eller i Russland.<\/p>\n<p>        Har du vurdert, eller vurderer du studier i utlandet?<\/p>\n<p>        Jeg vurderte det ikke engang \ud83d\ude05<\/p>\n<p>        Jeg ville valgt utlandet dersom L\u00e5nekassen hadde bedre ordninger  \ud83d\ude13<\/p>\n<p>        Jeg studerte i utlandet og elsket det \ud83d\udeeb<\/p>\n<p>        Jeg har tenkt \u00e5 s\u00f8ke p\u00e5 studier i utlandet \ud83e\udd17<\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.01.2026, kl. 10.22<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Alle venninnene mine var i milit\u00e6ret eller tok fri\u00e5r, og s\u00e5 har dei begynt \u00e5 studere p\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":131929,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-131928","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115858959487298615","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/131928","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=131928"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/131928\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/131929"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=131928"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=131928"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=131928"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}