{"id":132379,"date":"2026-01-08T19:04:11","date_gmt":"2026-01-08T19:04:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/132379\/"},"modified":"2026-01-08T19:04:11","modified_gmt":"2026-01-08T19:04:11","slug":"mowi-meiner-dei-har-loyst-problemet-med-avrenning-fra-laksetransport-inviterer-bransjen-med-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/132379\/","title":{"rendered":"Mowi meiner dei har l\u00f8yst problemet med avrenning fr\u00e5 laksetransport \u2013 inviterer bransjen med \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det er berre eit tidssp\u00f8rsm\u00e5l f\u00f8r me potensielt kan f\u00e5 alvorlege ulukker som f\u00f8lgje av avrenning, seier Roy H. Holm i Vegvesenet.<\/p>\n<p>Kvart \u00e5r k\u00f8yrer vogntog p\u00e5 vogntog laks ut av Noreg. Fisken er n\u00f8ye pakka i isoporkassar, nedkj\u00f8lt med is.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r isen smeltar renn blodig vatn og fiskeslim ut av kassane og ned p\u00e5 norske vegar.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et stort, r\u00f8dt v\u00e6skealter viser seg p\u00e5 en fryst vei under en lastebil. Det er tydelig at v\u00e6sken har en tykk konsistens og spredning. Kj\u00f8ret\u00f8yets bakre del er synlig, med verkt\u00f8y eller utstyr i n\u00e6rheten. Omgivelsene er dekket av sn\u00f8, noe som indikerer kaldt v\u00e6r.\" title=\"Foto: privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Avrenning fr\u00e5 fisketransport p\u00e5 vinterf\u00f8re.<\/p>\n<p>Foto: privat<\/p>\n<p>Det kan gi sleipe vegar om sommaren og glatte vegar om vinteren.<\/p>\n<p>Dette meiner Holm er ein risiko for trafikktryggleiken p\u00e5 norske vegar.<\/p>\n<p>\u2013 Trafikktryggleiksrisiko vil me ikkje vera nemnde med. Ein Mowi-bil skal ikkje ha avrenning, seier utviklingsdirekt\u00f8r i Mowi markets, Morten Hauge.<\/p>\n<p>I 2023 sette dei i gang eit prosjekt for \u00e5 sj\u00e5 om dei klarte \u00e5 l\u00f8ysa avrenningsproblemet.<\/p>\n<p>N\u00e5r dei rundt to \u00e5r seinare brukar resultatet kvar einaste dag, verka l\u00f8ysinga nesten for enkel.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Avrenning lastebil\" title=\"Foto: Statens vegvesen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Avrenning fr\u00e5 fisketransport p\u00e5 vinterf\u00f8re.<\/p>\n<p>Foto: Statens vegvesen<\/p>\n<p>To detaljar gjer utslag<\/p>\n<p>Ei tradisjonell transportkasse er laga av isopor, har hol i dei fire nedste hj\u00f8rna og er fylt med fem kilo is.<\/p>\n<p>Mowi sin nye versjon ser ved f\u00f8rste augekast noks\u00e5 lik ut, men det er to detaljar som gjer denne kassa spesiell:<\/p>\n<p>For det f\u00f8rste er kassa heilt tett. For det andre er det eit forh\u00f8ga plat\u00e5 midt i kassa. N\u00e5r isen smeltar vil fisken ligga t\u00f8rt p\u00e5 plat\u00e5et, medan vatnet legg seg rundt.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer holder en hvit isolert boks merket &quot;MOWI&quot;. Den ene personen har p\u00e5 seg en bl\u00e5 jakke, mens den andre har en gr\u00f8nn. Omgivelsene ser ut til \u00e5 v\u00e6re en lagerlokale med gr\u00e5tt gulv. Boksen fremst\u00e5r som ren og ubrukt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Den vesle forh\u00f8ginga i midten gjer at fisken kan liggja t\u00f8rt, medan vatnet legg seg rundt. <\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>Ny teknologi gjer at fisken har l\u00e5gare kjernetemperatur n\u00e5r han blir pakka. Dermed klarar dei seg no med to kilo is. Det betyr langt mindre smeltevatn.<\/p>\n<p>\u2013 Resultatet ser veldig enkelt ut, men det er summen av veldig mange sm\u00e5 faktorar som passar saman som har gjort at me klarte \u00e5 laga ei l\u00f8ysing innanfor dei rammene me har, seier prosjektleiar Marius Monsen.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mann med m\u00f8rkt h\u00e5r smiler og ser i kamera. Han sit p\u00e5 ein raud m\u00f8teromsstol bak ein laptop.\" title=\"Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Prosjektleiar Marius Monsen syns det er veldig kjekt \u00e5 ha kome fram til ei l\u00f8ysing som fungerer godt.<\/p>\n<p>Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal \/ NRK<\/p>\n<p>Prisen skal vera tiln\u00e6rma lik som for tidlegare kassar.<\/p>\n<p>Tenkte utanfor boksen<\/p>\n<p>\u2013 Me har brukt dette i fullskala i over eit \u00e5r. Dette er ikkje eit testprosjekt lenger, det er implementert. Det er industri, seier Monsen.<\/p>\n<p><strong>Det betyr Mowi har pakka og transportert over 15 millionar kassar i 16.000 lastebilar.<\/strong><\/p>\n<p><strong>Kvar dag g\u00e5r mellom 20 og 25 bilar fr\u00e5 Mowi sitt anlegg p\u00e5 Eggesb\u00f8nes i Fosnav\u00e5g.<\/strong>\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer i arbeidskl\u00e6r st\u00e5r i en fabrikk. Den ene b\u00e6rer en hvit eske med MOWI-logo. Omgivelsene inkluderer industrielle elementer som palletruck og maskiner. Lys og romslig fabrikkmilj\u00f8. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fabrikksjef Hans Jakob Lande og dagleg leiar i Vartdal Plast, Jan Endre Vartdal.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Me ser berre positive effektar her p\u00e5 fabrikken. Det er tryggare arbeidsforhold for dei tilsette, mykje mindre vedlikehald og reinhald og mindre kjemikaliebruk, seier fabrikksjef Hans Jakob Lande.<\/p>\n<p>Vartdal Plast produserer transportkassane. Dei var med fr\u00e5 tidleg i prosessen.<\/p>\n<p>\u2013 Tiln\u00e6rminga var \u00e5 sj\u00e5 heile verdikjeda fr\u00e5 laksen blir pakka til han kjem ut til kunden. D\u00e5 s\u00e5g me med ein gong moglegheiter s\u00e5 lenge me kan leggja ein god pakketemperatur til grunn, seier Jan Endre Vartdal.<\/p>\n<p>\u2013 Dei er innovative og l\u00f8ysingsorienterte og har vore flinke til \u00e5 tenkja utanfor boksen, seier Monsen om samarbeidspartnaren.<\/p>\n<p>Etterlyser resten av bransjen<\/p>\n<p><strong>\u2013 Resten av bransjen m\u00e5 ta ansvar og bidra til at dette kan bli ei generell l\u00f8ysing for bransjen, seier utviklingsdirekt\u00f8r Hauge.<\/strong><\/p>\n<p>Dei deler gjerne design og prosess med konkurrentar.<\/p>\n<p>\u2013 I dag er det dessverre ingen andre som har f\u00f8lgt oss. V\u00e5r tanke er at me har laga ei l\u00f8ysing som alle skal f\u00e5 tilgang til. Dette er ei l\u00f8ysing som heile n\u00e6ringa kan bruka, seier han.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mann med gr\u00e5 gensar smiler og ser i kamera. Han st\u00e5r framfor vatn og fjell.\" title=\"Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Utviklingsdirekt\u00f8r Morten Hauge meiner resten av bransjen no b\u00f8r g\u00e5 over til tette kassar.<\/p>\n<p>Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal \/ NRK<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/vil-straffa-lastebilsjaforar-som-_lek_-fiskevatn-med-25.000-kroner_-_-absurd-a-straffa-oss-1.17672736\" ec-id=\"pp:article:1.17672736\" ec-name=\"I desember la Statens vegvesen fram eit forslag om \u00e5 straffa sj\u00e5f\u00f8rar for avrenning.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">I desember la Statens vegvesen fram eit forslag om \u00e5 straffa sj\u00e5f\u00f8rar for avrenning.<\/a><\/p>\n<p><strong>D\u00e5 reagerte lastebilbransjen sterkt. Norges Lastebileier-Forbund (NLF) meinte lovverket ramma feil bransje.<br \/>\n<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Blod, slim og fiskevatn har frose til is p\u00e5 fisketransport og ligg som ei blodig kake bak i vogntoget. Dette kan bli resultatet dersom eit vogntog f\u00e5r bruksforbod p\u00e5 grunn av avrenning, og m\u00e5 setta i gang frysaren for \u00e5 hindra lekkasje. \" title=\"Foto: Byrknes Servicesenter\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dette vogntoget fekk bruksforbod.<\/p>\n<p>Foto: Byrknes Servicesenter<\/p>\n<p>Roy H. Hol, fungerande avdelingsdirekt\u00f8r i utekontrollavdelinga i Statens vegvesen viser til at dei over fleire \u00e5r har hatt dialog med fleire akt\u00f8rar om avrenningsutfordringa.<\/p>\n<p>\u2013 Me har vore veldig tydelege p\u00e5 at dersom ikkje n\u00e6ringa sj\u00f8lve og transport\u00f8rane tek ansvaret for \u00e5 f\u00e5 dette p\u00e5 plass, s\u00e5 er me n\u00f8ydde til \u00e5 g\u00e5 inn og regulera det.<\/p>\n<p>Det resulterte i forslaget NLF reagerte p\u00e5.\n<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5nn sett er det gledeleg at Mowi no ser ut til \u00e5 g\u00e5 framfor og ta det ansvaret og at dei har gode erfaringar med \u00e5 bruka dei tette kassane.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 han h\u00e5par at resten av bransjen f\u00f8lgjer etter.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En hvit isoporkasse fylt med flere ferske laks ligger p\u00e5 en metalloverflate. Omgivelsene har en industriell karakter med metallvegger. Kassen er delvis \u00e5pen, med fiskene synlige p\u00e5 toppen. Bildet viser en prosess relatert til fiskeri eller matforedling. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">At kassa er tett gjer at materialet isolerer betre. I tillegg til at fisken har l\u00e5g kjernetemperatur ved pakking gjer dette at behovet for is er mindre. <\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>Passar ikkje n\u00f8dvendigvis andre<\/p>\n<p>Trond Davidsen, direkt\u00f8r i Sj\u00f8mat Norge, skriv til NRK at dei kjenner til at Mowi har g\u00e5tt over til \u00e5 bruka tette kassar.<\/p>\n<p>\u2013 Me er samtidig merksame p\u00e5 at dette av ulike \u00e5rsaker ikkje n\u00f8dvendigvis passar for alle andre selskap, mellom anna grunna ulike f\u00f8resetnader for \u00e5 kj\u00f8la fisken tilstrekkeleg ned f\u00f8r pakking i kassar.<\/p>\n<p>Han peikar p\u00e5 at fisk som blir liggande i smeltevatn vil f\u00e5 redusert kvalitet.<\/p>\n<p>Davidsen skriv ogs\u00e5 at Sj\u00f8mat Norge har bede selskapa vurdera \u00e5 bruka tette kassar eller oppsamlingstankar for smeltevatn i lastebilane.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer jobber med palleterte kasser i et lager. Den ene st\u00e5r med en jekketralle, mens den andre g\u00e5r forbi. Lageret har gr\u00e5 vegger med synlige kj\u00f8lesystemer. Begge ansatte er kledd i arbeidskl\u00e6r med logoen til MOWI. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Laks har blitt transportert utan avrenning med fly i fleire ti\u00e5r. Men i lufttransport blir det brukt matter som absorberer smeltevatnet. Desse er ikkje aktuelle \u00e5 bruka i bil, fordi det blir for mykje avfall. \u2013 Fokuset me har p\u00e5 berekraft i Mowi gjer det uaktuelt med slike matter i bilkassane, seier Marius Monsen. <\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Hundre prosent sikker<\/p>\n<p>Sjefen hj\u00e5 Vartdal Plast er trygg p\u00e5 at resten av bransjen vil koma etter.<\/p>\n<p>\u2013 Det er sj\u00f8lvsagt ein del tilpassingar p\u00e5 ulike pakkeri rundt omkring, men eg er heilt sikker p\u00e5 at heile bransjen er positive til denne l\u00f8ysinga og at me gradvis vil sj\u00e5 at alle g\u00e5r over til dett, seier Vartdal.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur dette er kome for \u00e5 bli og at denne l\u00f8ysinga st\u00e5r seg godt.<\/p>\n<p>\u2013 At denne kassa er komen for \u00e5 bli? Ja, det er eg hundre prosent sikker p\u00e5, seier fabrikksjef Lande.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann b\u00e6rer en isfylt polystyrenboks med fisk i en kald lagringsfasilitet. Omgivelsene er hvite og bl\u00e5, med synlige reoler og utstyr. Mannen har p\u00e5 seg en bl\u00e5 arbeidsjakke. Boksen er dekket av is og viser fiskens skinn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fabrikksjef Lande er sv\u00e6rt godt n\u00f8gd med dei tette kassane.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.01.2026, kl. 18.05<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er berre eit tidssp\u00f8rsm\u00e5l f\u00f8r me potensielt kan f\u00e5 alvorlege ulukker som f\u00f8lgje av avrenning, seier&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":132380,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-132379","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115861039495332892","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/132379","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=132379"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/132379\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/132380"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=132379"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=132379"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=132379"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}