{"id":132660,"date":"2026-01-09T05:22:06","date_gmt":"2026-01-09T05:22:06","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/132660\/"},"modified":"2026-01-09T05:22:06","modified_gmt":"2026-01-09T05:22:06","slug":"fleire-ki-latar-pa-norsk-spotify-liste-men-undersjangrar-er-vanskelege-a-kopiera-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/132660\/","title":{"rendered":"Fleire KI-l\u00e5tar p\u00e5 norsk Spotify-liste, men undersjangrar er vanskelege \u00e5 kopiera \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>P\u00e5 Spotify si ofisielle liste, \u00abViral 50 Norge\u00bb,  er meir enn kvar tredje l\u00e5t heilt eller delvis KI-genererte, viser ei NRK-unders\u00f8king.<\/p>\n<p><strong>Og dei aller fleste kjem fr\u00e5 tre sjangrar: pop, country eller festmusikk.<\/strong><\/p>\n<p>Korleis veit me at l\u00e5tane er KI-genererte?<\/p>\n<p>NRK utf\u00f8rte ein stikkpr\u00f8ve-test p\u00e5 lista i desember. D\u00e5 fann me ut at minst 18\/50, eller 36 prosent, av l\u00e5tane er heilt eller delvis generert med KI.<\/p>\n<p>Lista oppdaterer seg jamleg og tala kan derfor variera.<\/p>\n<p>Me har manuelt g\u00e5tt gjennom alle l\u00e5tane med KI-attkjenningsverkt\u00f8yet \u00abSubmitHub\u00bb for \u00e5 spora bruk av KI.<\/p>\n<p>I tillegg har me gjort ein visuell analyse av l\u00e5tane og unders\u00f8kt profilane til dei ulike artistane, som Spotify-profil og profilar i sosiale medium.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.svt.se\/kultur\/topplistorna-fylls-av-ai-musik-maskineriet-bakom-hitsen\" ec-id=\"https:\/\/www.svt.se\/kultur\/topplistorna-fylls-av-ai-musik-maskineriet-bakom-hitsen\" ec-name=\"Svenske SVT har utf\u00f8rt ei liknande unders\u00f8king p\u00e5 \u00abViral 50 \u2013 Sverige\u00bb. Dei fann liknande tal.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Svenske SVT har utf\u00f8rt ei liknande unders\u00f8king p\u00e5 \u00abViral 50 \u2013 Sverige\u00bb. Dei fann liknande tal.<\/a><\/p>\n<p>Benjamin Berdous og bandet Slomosa er ikkje uroa. Grunnen er at musikken dei lagar h\u00f8yrer til i ein undersjanger.<strong> <\/strong><\/p>\n<p>Som grunnleggarar av sjangeren \u00abtundrarock\u00bb har dei <a href=\"http:\/\/www.avisa-hordaland.no\/vann-sin-fyrste-spellemannspris-wow-kva-faen-skal-me-seia-da\/s\/5-132-906607\" ec-id=\"http:\/\/www.avisa-hordaland.no\/vann-sin-fyrste-spellemannspris-wow-kva-faen-skal-me-seia-da\/s\/5-132-906607\" ec-name=\"vunne Spellemannsprisen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">vunne Spellemannsprisen<\/a> for \u00e5rets rockealbum, og spelt p\u00e5 fleire store europeiske festivalar i sommar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"tre musikarar med instrument: gitar, bass, trommer. I eit \u00f8vingslokale med lydisolerande matter p\u00e5 veggane.\" title=\"Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 KI kan sikkert etterlikna tundrarock, men det kan aldri bli ein tundra-rockar. Det kan ikkje bli personane, og eg tenkjer at personane er det viktige i musikk, seier Benjamin Berdous i Slomosa.<\/p>\n<p>Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik \/ NRK<\/p>\n<p>Det er KI-forskar Lars L\u00f8berg Monstad som meiner at undersjangarar er trygge fr\u00e5 \u00e5 bli kopiert.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det florerer med KI-generert musikk, men l\u00e5tane er ofte country og pop kor det er mange klisjear og repetisjonar. KI slit med sjangrar der klisjeane ikkje st\u00e5r like sterkt, som black metal og punkrock, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Kan aldri erstatte det personlege<\/p>\n<p>I eit \u00f8vingslokale i Skuteviken i Bergen \u00f8ver Slomosa. Sjangernamnet tundrarock er inspirert av det arktiske tundralandskapet.<\/p>\n<p>\u2013 Det er v\u00e5r nordlege vri p\u00e5 \u00ab\u00f8rkenrock\u00bb, siger gitarist og vokalist Benjamin Berdous.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mann med m\u00f8rkt h\u00e5r samla i strikk. Genser med gr\u00f8nn fantasifigur. Ser i kamera\" title=\"Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Benjamin Berdous i bandet Slomosa er ikkje uroa for KI.<\/p>\n<p>Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik \/ NRK<\/p>\n<p>Det har vore mykje snakk om KI i musikkbransjen den siste tida. Hos Slomosa er dei ikkje uroa.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det kjem aldri til \u00e5 erstatta dei personane som faktisk st\u00e5r bak musikken, historiene deira og historiene til bandet, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Han peikar p\u00e5 at folk bryr seg om at Keith Richards framleis er i live, korleis Ozzy Osbourne levde og kva type person Billy Eilish er.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rolling Stones-gitarist Keith Richards. Fra konsert p\u00e5 Anoeta Stadium, San Sebastian i Spania, 23.06.2007. British musician Keith Richards of the rock band the Rolling Stones performs on the stage of the Anoeta Stadium, 23 June 2007 in San Sebastian, northern Spain, as part of the band's European tour &quot;A Bigger Bang&quot;. AFP PHOTO \/ RAFA RIVAS\" title=\"Foto: AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">UD\u00d8DELIG? Gitarist i Rolling Stones, Keith Richards er 82-\u00e5r. Han har levd eit langt liv med rus, og det vert ofte sp\u00f8kt med at han er ud\u00f8deleg. Bardous i Slomosa peikar p\u00e5 at KI ikkje kan skape dei same menneskehistoriene.<\/p>\n<p>Foto: AFP<\/p>\n<p>Merkar det med ein gong<\/p>\n<p>Ingen av dei 18 KI-l\u00e5tane NRK fann er merka som KI-genererte av plattforma.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er litt overraska over at det var s\u00e5 mange, seier KI-ekspert Monstad. Men sjangrane han ser p\u00e5 lista overraskar han ikkje.<\/p>\n<p><strong>KI er aller best p\u00e5 den musikken den har aller mest data p\u00e5, forteljar han. Spesielt musikk med mange repetisjonar der klisjeane flyt.<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Lars Monstad, KI-ekspert. \"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Lars Monstad<\/li>\n<\/ul>\n<p>Monstad meiner at mykje av KI-musikken manglar innhald. Han kallar det \u00abhistorielaust\u00bb og viser til null innhald i teksten, ingen sterke meiningar og overveldande bruk av klisjear.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Skjermbilde fra spotify: Tekst: De 50 mest delte - Norge\" title=\"Faksimile: Skjermbilde\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Meir enn kvar tredje l\u00e5t p\u00e5 denne lista vart produsert med KI, d\u00e5 NRK sjekka.<\/p>\n<p>Faksimile: Skjermbilde<\/p>\n<p>Og undersjangrane er verkt\u00f8ya d\u00e5rlege p\u00e5:<\/p>\n<p>\u2013 Viss du f\u00e5r KI til \u00e5 laga ei rockel\u00e5t eller ein undersjanger av metal, vil det h\u00f8yrast overraskande bra ut heilt i starten, men etter kvart vil du h\u00f8yra at ting ikkje er heilt p\u00e5 plass.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men folk som kjenner sjangeren merkar med ein gong at det er noko som ikkje stemmer, fortset han.<\/strong><\/p>\n<p>Meiner han lagar ekte musikk<\/p>\n<p>Ei av l\u00e5tane p\u00e5 topplista er den KI-genererte \u00abEkteMann\u00bb av artisten Rabidus. Songen har lenge lege heilt i toppen av topplista.<\/p>\n<p>Mannen bak artistnamnet er 49 \u00e5r gamle Thomas Holthe. Han skriv l\u00e5tane sj\u00f8lv, men resten blir for det meste generert med KI-verkt\u00f8y.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person tar et selfie i et kontorlignende milj\u00f8. Vedkommende har p\u00e5 seg en strikkegenser med r\u00f8de og bl\u00e5 m\u00f8nstre, samt en lua i matchende farger. I bakgrunnen sees flere skjermer og en musikkinstrumentkontroller. Rommet har en lys vegg og minimalistisk innredning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Artisten Rabidus heiter eigentleg Thomas Holteh. L\u00e5tane hans har f\u00e5tt fleire hundre tusen avspelingar p\u00e5 kort tid.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>Han kan forst\u00e5 at lyttarar kan f\u00f8la seg lurte, men trur samtidig at folk kan setja pris p\u00e5 musikken likevel.<\/p>\n<p>\u2013 Akkurat som viss du ser p\u00e5 film. Det er mykje KI-bruk i filmproduksjon, men ein ser p\u00e5 filmane og syns det er underhaldande uansett.<\/p>\n<p>\u2013 Nokon vil meina at det du driv med ikkje er ekte musikk. Er du einig i det? <\/p>\n<p><strong>\u2013 Nei, det er eg faktisk veldig ueinig i. N\u00e5r ein b\u00e5de kan synga med og dansa til ein song, s\u00e5 d\u00e5 tenkjer eg \u2013 kvifor er ikkje det ekte musikk?<\/strong><\/p>\n<p>Spotify: Jobbar med ein bransjestandard<\/p>\n<p>NRK har spurt Spotify om antalet KI-genererte songar p\u00e5 lista og om kvifor dei ikkje markerer l\u00e5tane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Me st\u00f8ttar artistar sin fridom til \u00e5 bruka KI kreativt, og me stengjer ikkje ute musikk som er laga med KI-hjelp, skriv Julia Levander, kommunikasjonssjef i Spotify Nordic. <\/strong><\/p>\n<p>Ho viser til at dette gjeld s\u00e5 lenge opphavsrett er respektert.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Spotify, Tidal og Apple Music\" title=\"Foto: Adobe Stock\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Spotify viser til at det er tillate med KI-generert musikk p\u00e5 plattforma.<\/p>\n<p>Foto: Adobe Stock<\/p>\n<p>\u2013 KI-musikken er ikkje merka. Korleis kan lyttarar vita om ei l\u00e5t er laga av menneske eller kunstig intelligens? <\/p>\n<p>\u2013 Me bidreg til \u00e5 utvikla ein bransjestandard for KI-merking. Dette vil gi lyttarar meir informasjon om KI si rolle i musikken dei str\u00f8ymer, skriv Levander.<\/p>\n<p>Skremmande at det er blitt s\u00e5 bra<\/p>\n<p>KI-forskar Monstad h\u00f8yrer i utgangspunktet ikkje p\u00e5 KI-musikk sj\u00f8lv, utanom n\u00e5r han gjer research.<\/p>\n<p>\u2013 Eg lagar veldig mykje KI-musikk for \u00e5 gjera research. D\u00e5 blir eg overraska over kor utruleg bra nokon av l\u00e5tane er. Eg syns det er skremmande at dei har blitt s\u00e5 bra.<\/p>\n<p>Men i Slomosa er dei ikkje redde.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Skal du laga noko av h\u00f8g kvalitet eller noko som skil seg ut, s\u00e5 m\u00e5 du ha det menneskelege aspektet. Du m\u00e5 ha menneskelege \u00f8yre og menneskelege feil, seier Berdous.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"tre musikarar med instrument: gitar, bass, trommer. I eit \u00f8vingslokale med lydisolerande matter p\u00e5 veggane.\" title=\"Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Benjamin Berdous i Slomosa peikar ogs\u00e5 p\u00e5 p\u00e5 at KI ikkje kan spela live-konsertar.<\/p>\n<p>Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>09.01.2026, kl. 05.49<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"P\u00e5 Spotify si ofisielle liste, \u00abViral 50 Norge\u00bb, er meir enn kvar tredje l\u00e5t heilt eller delvis KI-genererte,&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":132661,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-132660","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115863469614473930","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/132660","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=132660"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/132660\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/132661"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=132660"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=132660"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=132660"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}