{"id":132880,"date":"2026-01-09T10:26:06","date_gmt":"2026-01-09T10:26:06","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/132880\/"},"modified":"2026-01-09T10:26:06","modified_gmt":"2026-01-09T10:26:06","slug":"hvor-kommer-narkotikaen-i-usa-fra-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/132880\/","title":{"rendered":"Hvor kommer narkotikaen i USA fra? \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>USA har angripe m\u00e5l i Venezuela og teke president Nicol\u00e1s Maduro og kona til fange.<\/li>\n<li>USA peikar p\u00e5 narkotikaverksemd som ei av \u00e5rsakene for angrepet.<\/li>\n<li>Venezuela er hovudsakleg eit transittland for kokain, ikkje eit produsentland, if\u00f8lge forskarar.<\/li>\n<li>Narkotikaen som blir smugla til USA blir i hovudsak produsert i Colombia, Peru, Bolivia og Mexico.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Verdas auge er retta mot Venezuela og USA.<\/p>\n<p>Det etter at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/eksplosjoner-hort_i-venezuelas-hovedstad-caracas-1.17712416\" ec-id=\"pp:article:1.17712416\" ec-name=\"USA angreip fleire m\u00e5l i Venezuela\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">USA angreip fleire m\u00e5l i Venezuela<\/a>, og tok president Nicol\u00e1s Maduro og kona Cilia Flores til fange.<\/p>\n<p>USA hevdar at Maduro, kona og sonen har deltatt i omfattande narkotikaverksemd.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person i en beige dress blir f\u00f8rt mot en svart helikopter av en annen person i milit\u00e6runiform. Helikopteret st\u00e5r p\u00e5 en plattform, delt av et reflekterende vann. Bakgrunnen viser en lysende himmel, antagelig fra soloppgang eller solnedgang. Situasjonen kan tyde p\u00e5 en arrestasjon eller overf\u00f8ring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: ADAM GRAY \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Nicol\u00e1s Maduro blei frakta fr\u00e5 fengselet Metropolitan Detention Center i Brooklyn til ein f\u00f8deral domstol i bil og helikopter. <\/p>\n<p>Foto: ADAM GRAY \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Dei peikar p\u00e5 det som ei hovud\u00e5rsak for angrepet.<\/p>\n<p><strong>Men kva rolle speler eigentleg Venezuela i den latinamerikanske narkotikahandelen?<\/strong><\/p>\n<p>Transittland for kokain<\/p>\n<p>\u2013 Venezuela er f\u00f8rst og fremst eit transittland, sl\u00e5r Latin-Amerika-forskar Benedicte Bull fast.<\/p>\n<p><strong>Det vil seie at narkotika blir frakta gjennom landet. Det blir i liten grad produsert narkotika i Venezuela, if\u00f8lgje Bull.<\/strong><\/p>\n<p>Bull peikar p\u00e5 at b\u00e5de sm\u00e5fly, sm\u00e5b\u00e5tar og b\u00e5thamner blir brukte for \u00e5 frakte narkotikaen gjennom landet.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Statsviter og Latin-Amerika-forsker Benedicte Bull og generalsekret\u00e6r i Caritas Norge Ingrid Rosendorf Joys\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Benedicte Bull\n<ul>\n<li>Latin-Amerika-forskar<\/li>\n<li>Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Av ulovlege stoff er det i hovudsak kokain, fentanyl, marihuana og heroin som blir smugla inn i USA fr\u00e5 Latin-Amerika.<\/p>\n<p>\u2013 Politisk er fokuset mest p\u00e5 fentanyl og kokain, seier statsvitar Hilmar Mjelde.<\/p>\n<p><strong>Kokainen kjem fr\u00e5 Colombia, Peru og Bolivia, medan fentanyl kjem i hovudsak fr\u00e5 Mexico, if\u00f8lgje Mjelde.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Fentanylet blir laga i Mexico med ingrediensar fr\u00e5 Kina, og blir smugla gjennom Mexico, legg han til.<\/p>\n<p>Kartet viser landa som er involvert i narkotikaverksemda inn til USA. Det meste av narkotikaen blir produsert i Colombia, Peru, Bolivia og Mexico. Desse landa er markert i raudt. Ecuador er ein viktig eksport\u00f8r og Venezuela eit transittland. Dei er markert i gult.<\/p>\n<p>Narkotikaen blir i hovudsak smugla inn i USA til lands over grensa fr\u00e5 Mexico, men frakta nordover fr\u00e5 produsentlanda involverer ogs\u00e5 b\u00e5tar og fly, if\u00f8lgje Mjelde.<\/p>\n<p>\u2013 Venezuela speler ei viss rolle som transittland for kokainen, men ikkje for fentanylet. Landet er ikkje eit produsentland for nokon av stoffa, forklarar statsvitaren.<\/p>\n<p>Bull peikar p\u00e5 Ecuador som ein viktig eksport\u00f8r.<\/p>\n<p>\u2013 Mykje av kokainen blir sendt ut fr\u00e5 Ecuador, men kjem fr\u00e5 nabolanda, seier ho.<\/p>\n<p>    Dette m\u00e5 du vite om situasjonen i Venezuela<\/p>\n<ul aria-labelledby=\"e7a21dc6-28fb-42db-acee-1a87f95715e2\" role=\"list\">\n<li>Kvifor gjekk USA til angrep?\n<p>USA sin president Donald Trump har sagt at m\u00e5let med angrepet var \u00e5 f\u00e5 kontroll over Venezuela sin president Nicol\u00e1s Maduro.<\/p>\n<p>I USA er Maduro mellom anna tiltalt for \u00abnarkoterrorisme\u00bb, og Trump hevdar at Maduro leier eit narkokartell som er terrorstempla i USA.<\/p>\n<p>Maduro avviser skuldingane, og har tidlegare sagt at Trump sin \u00abkrig mot narkotika\u00bb er eit p\u00e5skot for \u00e5 f\u00e5 kontroll over Venezuelas olje og for \u00e5 avsetje han som president.<\/p>\n<\/li>\n<li>Har USA lov til \u00e5 gjere dette?\n<p>Nei, meiner alle ekspertane som NRK har snakka med i etterkant av angrepet.<\/p>\n<p>Folkeretten, som alle FN-land er plikta til \u00e5 f\u00f8lge, sl\u00e5r fast at bruk av v\u00e6pna makt mot ein annan stat ikkje er lov. Det finst to unntak: ved sj\u00f8lvforsvar eller ved \u00e5 f\u00e5 l\u00f8yve fr\u00e5 FN sitt tryggingsr\u00e5d.<\/p>\n<p>I tillegg krenker milit\u00e6roperasjonen folkerettsprinsippet om immuniteten til statsoverhovud. Dette prinsippet inneber at ein sittande statsleiar er verna mot rettsleg forf\u00f8lging og arrestasjon av andre land.<\/p>\n<p>USA argumenterer med at dei ikkje ser p\u00e5 Nicol\u00e1s Maduro som den rettmessige statsleiaren, og at han dermed ikkje har immunitet, men det er framleis eit brot, if\u00f8lgje ekspertane.<\/p>\n<p>USA forsvarar handlinga som ein legitim politiaksjon st\u00f8tta av milit\u00e6re middel, og hevdar at presidenten har konstitusjonell myndigheit til \u00e5 handle mot truslar mot rikets tryggleik.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kva vil USA med Venezuela?\n<p>Trump har varsla at USA vil styre landet \u00abinntil vidare\u00bb og at amerikanske selskap skal ta kontroll over oljeressursane slik at dei \u00abflyt som dei skal\u00bb.<\/p>\n<p>Venezuela sin visepresident Delcy Rodr\u00edguez meiner utsegna om olje beviser at angrepet aldri handla om demokrati, men om eit reint ressursran, og seier at \u00abalt no er avsl\u00f8rt\u00bb.<\/p>\n<p>Ekspertar peikar p\u00e5 at m\u00e5let til Trump er \u00e5 forme ei ny regjering som sikrar amerikanske interesser og fjernar russisk og kinesisk innverknad i regionen.<\/p>\n<\/li>\n<li>Kva skjer vidare?\n<p>Trump har trua fungerande president Delcy Rodr\u00edguez med at ho vil betale ein \u00abenda h\u00f8gare pris\u00bb enn Nicol\u00e1s Maduro dersom ho ikkje gir etter for amerikanske krav.<\/p>\n<p>Ho har p\u00e5 si side bedd folket om \u00e5 samle seg for \u00e5 forsvare Venezuela og landet sine naturressursar. Ekspertar peikar p\u00e5 at Trump potensielt har forplikta USA til ein langvarig krig.<\/p>\n<p>Midt i maktkampen er den humanit\u00e6re uroa akutt; etter ti \u00e5r med \u00f8konomisk kollaps og \u00e5tte millionar p\u00e5 flukt fryktar ein at auka vald og politisk kaos vil f\u00f8re til ei forverra humanit\u00e6r krise.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Langvarig konfliktfylt forhold<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Venezuela ikkje er ein stor eksport\u00f8r av narkotika, held USA fast p\u00e5 at narkotikaverksemda er blant \u00e5rsakene til angrepet.<\/p>\n<p><strong>Men Trump har ogs\u00e5 retta skuldingar mot fleire andre land i samband med narkotikaproduksjon, skriv <a href=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cvg93nn1e6go\" ec-id=\"https:\/\/www.bbc.com\/news\/articles\/cvg93nn1e6go\" ec-name=\"BBC\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">BBC<\/a>.<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Han har skulda kinesiske selskap for \u00e5 selje kjemiske stoff til kriminelle gjengar.<\/li>\n<li>Han har skulda b\u00e5de Canada og Mexico for \u00e5 \u00abtillate store mengder folk og fentanyl\u00bb bli frakta inn i USA.<\/li>\n<\/ul>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"To menn i synlege sikkerhetsveste st\u00e5r framfor ein containerhamn, omringet av stablede fraktcontainere. Rundt dei er det sekker med et ukjent materiale stablet p\u00e5 paller. Omgivelsene tyder p\u00e5 ein lager- eller havnesituasjon. I bakgrunnen er det ein vegg med et logo- eller sponsorbanner. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Beslag av store mengder kokain p\u00e5 eit lasteskip i Colombia i 22. januar 2025.<\/p>\n<p> Foto: HANDOUT \/ AFP \/ NTB <\/li>\n<li><img alt=\"Bildet viser fleire pakker med innhald av ukjent art, plassert p\u00e5 ein asfaltoverflate. Kvar pakke er innpakka i s\u00f8lvfarget folie og merket med et nummer innanfor ein sirkel. Numrene varierer fr\u00e5 R1 til R35, og pakkene er ordna i rader. Omgivelsene er ikkje synlege utover den m\u00f8rke asfalten. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2599\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Innhaldet i pakkane var truleg fentanyl og heroin. Biletet er fr\u00e5 eit beslag i Mexico, 14. mars 2025.<\/p>\n<p> Foto: HANDOUT \/ AFP \/ NTB <\/li>\n<li><img alt=\"Ein person g\u00e5r mellom store mengder pakket materiale i ein lagerhall. Dekka best\u00e5r hovudsakleg av nye pakker, nokon m\u00f8rke, de fleste lyse. Omr\u00e5det ser organisert ut, med klar inndeling av pakkene i rektangul\u00e6re seksjonar. Belysningen i rommet er dempa. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>10. mars 2024 blei det gjort funn av 2.5 tonn marihuana p\u00e5 ein b\u00e5t i Colombia.<\/p>\n<p> Foto: JOAQUIN SARMIENTO \/ AFP \/ NTB <\/li>\n<li><img alt=\"Bildet viser ein mann som st\u00e5r blant store stablar av farga sekker og pakker. Mannen har p\u00e5 seg ein rutete skjorte og holder ein gjenstand i handa. Bakgrunnen er fylt med fleire lag av sekker i ulike fargar, plassert p\u00e5 paller. Omgivelsene ser ut til \u00e5 vere et lager eller ein hamn. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>17. februar 2022 gjorde amerikanske kystvakter eit stort beslag av kokain og marihuana i Det karibiske hav.<\/p>\n<p> Foto: Rebecca Blackwell \/ AP \/ NTB <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Men tal fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.cbp.gov\/newsroom\/stats\/drug-seizure-statistics\" ec-id=\"https:\/\/www.cbp.gov\/newsroom\/stats\/drug-seizure-statistics\" ec-name=\"amerikanske grensemyndigheiter\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">amerikanske grensemyndigheiter<\/a> sj\u00f8lv viser at berre om lag 0,6 prosent av fentanylbeslag i USA i 2025 blei tatt p\u00e5 den kanadiske grensa.<\/p>\n<p>\u2013 I Trump sitt hovud er alskens problem i Latin-Amerika sausa saman, seier Mjelde.<\/p>\n<p>\u2013 Trump har snakka om illegal innvandring til USA, narkotika, terrorisme og olje som motiva for \u00e5 angripe Venezuela, legg statsvitaren til.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL. \"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Hilmar Mjelde\n<ul>\n<li>Professor i\u00a0statsvitskap ved H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Trump har ogs\u00e5 antyda at han kan komme til \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/1.17713741\" ec-id=\"pp:article:1.17713741\" ec-name=\"angripe Colombia og Mexico\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">angripe Colombia og Mexico<\/a>.<\/p>\n<p>\u2013 Colombia er ogs\u00e5 sv\u00e6rt sjukt, styrt av ein mann som likar \u00e5 lage kokain og selje det til USA. Han kjem ikkje til \u00e5 gjere det s\u00e6rleg lenge, sa Trump m\u00e5ndag.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person st\u00e5r ved et podium med mikrofon, if\u00f8rt m\u00f8rk dress og r\u00f8d slips. I bakgrunnen er flere amerikanske flagg synlige. Personen ser ut til \u00e5 tale eller presentere noe. Omgivelsene er m\u00f8rke og del av en scenebelysning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: ALEX WONG \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Donald Trump har antyda angrep mot Colombia og Mexico. <\/p>\n<p>Foto: ALEX WONG \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Det er likevel lite truleg med eit liknande angrep mot Colombia og Mexico, if\u00f8lgje Bull.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur ikkje det kjem til \u00e5 bli den type intervensjon som vi har sett i Venezuela. Der var det veldig mange faktorar som samanfall. Det har vore eit langvarig konfliktfylt forhold mellom landa, seier Bull.<\/p>\n<p>\u2013 Men det kan komme enkeltangrep. Han har lenge trua med \u00e5 bombe kartell i Mexico og Colombia, legg ho til.<\/p>\n<p>Maduro i retten<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den illegitime diktatoren Maduro var narkotikabaronen i eit omfattande kriminelt nettverk, ansvarlege for smugling av enorme mengder ulovlege narkotiske stoff inn i USA. <\/strong><\/p>\n<p>Det sa USA sin president Donald Trump under ein <a href=\"https:\/\/www.youtube.com\/live\/SsdkClL2_bg?si=ooD8NP8IeO18F6eB&amp;t=3339\" ec-id=\"https:\/\/www.youtube.com\/live\/SsdkClL2_bg\" ec-name=\"pressekonferanse\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">pressekonferanse <\/a>3. januar.<\/p>\n<p>I USA er Maduro, kona og sonen tiltalt for \u00abnarkoterrorisme\u00bb, og for \u00e5 ha hatt ulovlege v\u00e5pen i sitt eige.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"I bildet st\u00e5r flere personer i en rettssal. To av dem er kledd i bl\u00e5 drakter med oransje detaljer, mens tredje person er if\u00f8rt en dress. Flere tilskuere er synlige i bakgrunnen. Hendelsen ser ut til \u00e5 v\u00e6re en rettslig prosess. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Elizabeth Williams \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Teikninga viser Nicol\u00e1s Maduro og Cilia Flores i retten i New York m\u00e5ndag. <\/p>\n<p>Foto: Elizabeth Williams \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>If\u00f8lgje tiltalen har leiarar i Venezuela i ei \u00e5rrekke misbrukt sine stillingar for \u00e5 importere store mengder kokain til USA.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/venezuelas-president-nicolas-maduro-i-retten-i-new-york-1.17714722\" ec-id=\"pp:article:1.17714722\" ec-name=\"Maduro nektar straffskuld\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Maduro nektar straffskuld<\/a> og i retten sa han fleire gonger at han er uskuldig.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er ein krigsfange, sa Maduro if\u00f8lge <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/venezuelas-president-nicolas-maduro-i-retten-i-new-york-1.17714722\" ec-id=\"pp:article:1.17714722\" ec-name=\"New York Times\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">New York Times<\/a>, og held fast p\u00e5 at han er bortf\u00f8rt av USA.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Akkurat kva Maduro har gjort har vi ikkje noko informasjon om utover det som ligg i tiltalen, seier Bull.<\/strong><\/p>\n<p>F\u00f8lg utviklinga i Venezuela her:<\/p>\n<p>Interessert i det som skjer i verda? H\u00f8yr podkasten til utanriksredaksjonen her:<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>09.01.2026, kl. 10.53<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert USA har angripe m\u00e5l i Venezuela og teke president Nicol\u00e1s Maduro og kona til fange. USA&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":132881,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-132880","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115864664964828820","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/132880","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=132880"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/132880\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/132881"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=132880"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=132880"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=132880"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}