{"id":133930,"date":"2026-01-10T15:58:19","date_gmt":"2026-01-10T15:58:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/133930\/"},"modified":"2026-01-10T15:58:19","modified_gmt":"2026-01-10T15:58:19","slug":"meiningar-sogndal-fotball-sogndal-fotball-ei-kraft-storre-enn-seg-sjolv","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/133930\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sogndal Fotball | Sogndal Fotball \u2013 ei kraft st\u00f8rre enn seg sj\u00f8lv"},"content":{"rendered":"\n<p>Det er noko spesielt med \u00e5 koma heim att. \u00c5 flytta tilbake til Sogndal har for meg forsterka kjensla av stoltheit over bygda, menneska og fellesskapet. Eg har f\u00e5tt moglegheita til \u00e5 bidra inn i Sogndal Fotball som konstituert dagleg leiar, og det har gitt meg eit end\u00e5 tydelegare bilete av kva denne klubben kan vera \u2013 og kva han b\u00f8r vera \u2013 for Sogndalssamfunnet.<\/p>\n<p>Sogndal Fotball er meir enn ein fotballklubb. Han er ein utviklingsarena, ein m\u00f8teplass og ein identitetsberar. Samstundes m\u00e5 me vera \u00e6rlege p\u00e5 at klubben dei siste \u00e5ra ikkje har vore like tydeleg og sterk som samfunnsakt\u00f8r som han har vore tidlegare. Det er noko me m\u00e5 ta p\u00e5 alvor. For n\u00e5r Sogndal Fotball er tett p\u00e5 lokalsamfunnet, skapar det ei kraft som betyr mykje meir enn resultat p\u00e5 tabellen.<\/p>\n<p>D\u00e5 nyheita kom om at Rune Bolseth blir assistenttrenar i Molde FK etter 24 \u00e5r i klubben, fekk det fleire til \u00e5 stoppa opp og reflektera. Dette er ein legende for oss i Sogndal, og det han sj\u00f8lv seier om tida her, seier mykje om kva klubben gjer for folk \u2013 langt utover det sportslege.<\/p>\n<p>Rune peikar p\u00e5 at han fekk moglegheita til \u00e5 g\u00e5 direkte fr\u00e5 spelarkarriere til trenarjobb, takka vere tilliten fr\u00e5 folk som Eirik Bakke og Terje Skjeldestad. Han seier ogs\u00e5 at utviklingsmoglegheitene og prestasjonskulturen i klubben har vore avgjerande for den han er som trenar i dag, og at standinga klubben har i landet er ein viktig faktor i at slike moglegheiter dukkar opp.<\/p>\n<p>Dette er eit tydeleg d\u00f8me p\u00e5 den sterke tradisjonen Sogndal Fotball har for \u00e5 utvikle spelarar, trenarar og leiarar \u2013 tradisjonar som me alle kan vera stolte av. Lista over namn er lang. Som Jon Navarsete nyleg l\u00f8fta fram i eit innlegg p\u00e5 Facebook, har Sogndal Fotball gjennom ti\u00e5r vore ein viktig leverand\u00f8r av spelarar, trenarar og leiarar til norsk toppfotball.<\/p>\n<p>F\u00f8rst ute p\u00e5 spelarsida var Per Ingar Sviggum, Finn Stedje og Johan Johannessen, og gjennom generasjonar har sognd\u00f8ler sett sitt preg p\u00e5 norsk fotball. P\u00e5 trenarsida er Ingvar Stadheim, Harald Aabrekk, \u00d8rjan Christiansen, Eirik Bakke og Marius Lenni B\u00f8 eit utval av dei som har vore viktige bidragsytarar ute i fotball-Norge.<\/p>\n<p>Og p\u00e5 leiarsida har personar som Rolf Navarsete, Svein Bakke og Yngve Hall\u00e9n sett spor etter seg i toppfotballen. Dette fell saman med den identiteten og kultur rundt utvikling som Rune sj\u00f8lv omtalar som fundamentet for sin trenaridentitet.<\/p>\n<p>Kvifor er dette viktig? Fordi det seier noko grunnleggjande om identiteten v\u00e5r. Sogndal Fotball har aldri vore ein klubb som lukka seg om seg sj\u00f8lv. Tvert imot har han vore nysgjerrig, delt kompetanse og sendt folk vidare. Erfaringane har kome tilbake til Sogndal i form av kunnskap, nettverk og ambisjonar. Det er ein viktig grunn til at Sogndal, som ein av berre \u00e5tte klubbar i landet, har hatt 50 \u00e5r p\u00e5 niv\u00e5 ein og to i norsk fotball.<\/p>\n<p>Men krafta stoppar ikkje ved fotballen. Den same energien og dugnads\u00e5nda har vore med p\u00e5 \u00e5 byggja eit heilt samfunn. Fellesskapet har skapt Sogndalsfj\u00f8ra, Fosshaugane Campus, idrettsanlegg og kulturtilbod. Hodlekve er eit godt d\u00f8me p\u00e5 kva som er mogleg n\u00e5r folk dreg i same retning. Fotballen har vore \u2013 og b\u00f8r igjen vera \u2013 ein samlande kraft i bygda.<\/p>\n<p>Ja, me har vore ti \u00e5r i OBOS-ligaen. Ja, \u00f8konomien i toppfotballen er krevjande. Men historia viser at Sogndal Fotball alltid har funne nye vegar. Marginane har vore sm\u00e5, og opprykk har vore innan rekkevidde. Det er framleis fullt mogleg \u00e5 kjempa seg opp att.<\/p>\n<p>Kvifor engasjere seg i Sogndal Fotball? Fordi engasjement skapar glede, entusiasme og stoltheit. Fordi fellesskapet skapar ei kraft som gjer Sogndal til ein av dei beste plassane i verda \u00e5 bu. Og fordi det unike ved Sogndal \u2013 kombinasjonen av fotball, kompetanse og fellesskap \u2013 er verdt \u00e5 ta vare p\u00e5 og vidareutvikla.<\/p>\n<p>Som ny i ei rolle i Sogndal Fotball er eg alt etter kort tid overtydd om \u00e9in ting: Dei gode kreftene i klubben dreg i same retning. Dyktige tilsette, viktige frivillige og gode ressurspersonar skapar saman eit fellesskap med kraft i seg.<\/p>\n<p>Denne krafta vil gje nye, samlande opplevingar p\u00e5 Fosshaugane \u2013 til glede for Sogndal, Indre Sogn og heile Sogn og Fjordane. Og slik det har vore i ti\u00e5r, er eg trygg p\u00e5 at Sogndal Fotball ogs\u00e5 i framtida vil levera trenarar og leiarar som set sitt preg p\u00e5 norsk toppfotball.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det er noko spesielt med \u00e5 koma heim att. \u00c5 flytta tilbake til Sogndal har for meg forsterka&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":133931,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,1939,30,28,29,1533,1029,7865,83,82],"class_list":{"0":"post-133930","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-meiningar","10":"tag-no","11":"tag-norge","12":"tag-norway","13":"tag-opinion","14":"tag-sogndal","15":"tag-sogndal-fotball","16":"tag-sport","17":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115871632761269940","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/133930","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=133930"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/133930\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/133931"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=133930"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=133930"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=133930"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}