{"id":134054,"date":"2026-01-10T18:26:20","date_gmt":"2026-01-10T18:26:20","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/134054\/"},"modified":"2026-01-10T18:26:20","modified_gmt":"2026-01-10T18:26:20","slug":"postnummeret-skal-ikkje-avgjere-om-du-overlever","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/134054\/","title":{"rendered":"Postnummeret skal ikkje avgjere om du overlever"},"content":{"rendered":"<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Volda sjukehus spelar ei sentral rolle i den lokale akuttberedskapen. Her blir det gitt rask og livreddande hjelp ved mellom anna hjerneslag, hjarteinfarkt, ulykker og andre akutte<br \/>\nsituasjonar der minutt kan avgjere liv og d\u00f8d. Avstandane til \u00c5lesund sjukehus er store, og reisevegen kan vere lang og krevjande. Difor er det heilt n\u00f8dvendig \u00e5 ha eit sterkt og<br \/>\nfullverdig sjukehustilbod i Volda. Sjukehuset har ogs\u00e5 eit viktig f\u00f8de- og barseltilbod som<br \/>\nsikrar kvinner tryggleik og god oppf\u00f8lging gjennom svangerskap og f\u00f8dsel.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">For \u00e5 kunne oppretthalde eit godt akutt- og beredskapstilbod er ein fungerande og godkjend helikopterplass heilt avgjerande. I dag ligg helikopterplassen p\u00e5 parkeringsomr\u00e5det ovanfor sjukehuset. For \u00e5 kunne halde fram med bruken av denne, er det behov for n\u00f8dvendige utbetringar, som automatiske bommar og fjerning eller lyssetting av skorsteinen ved sjukehuset. Desse tiltaka er avgjerande for \u00e5 sikre vidare drift av akuttfunksjonane.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Volda sjukehus er ogs\u00e5 ein stor og viktig arbeidsplass, med om lag 500 tilsette. Sjukehuset betener kommunane p\u00e5 S\u00f8re Sunnm\u00f8re og gir helsetenester til rundt 50 000 innbyggjarar. I tillegg spelar sjukehuset ei viktig rolle i utdanninga av nye sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell i regionen. Sjukehuset er ein stor trygghet for mange og har vert med p\u00e5 \u00e5 redde mange menneskeliv. Eg er sikker p\u00e5 at mange fleire ikkje kjem til \u00e5 rekke \u00e5 komme seg til sjukehus grunna avstanden. Dette svekkar tryggheita til folket.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Utan Volda sjukehus ville belastninga p\u00e5 \u00c5lesund sjukehus blitt uhaldbar, med lengre<br \/>\nventetider og d\u00e5rlegare pasienttilbod som resultat. \u00c5lesund sjukehus har heller ikkje<br \/>\nkapasitet til \u00e5 ta imot fleire enn i dag. Stadig er det pasientar som m\u00e5 ligge p\u00e5 gangen i<br \/>\n\u00c5lesund. Volda delar ogs\u00e5 ansvaret med f\u00f8detilbod i Nordfjordregionen med Helse F\u00f8rde<br \/>\nHF.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Framstegspartiet er tydelege p\u00e5 at vi vil bevare eit fullverdig sjukehus i Volda. Vi vil ikkje<br \/>\nakseptere at akutt- og f\u00f8detilbod blir fjerna, og vi st\u00e5r for \u00e5 behalde desse tenestene ved alle sjukehus i M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Kutt og sentralisering handlar ofte om \u00f8konomi, ikkje om menneske. Det meiner vi er feil<br \/>\nprioritering. Folk betalar skatt for \u00e5 finansiere fellesskapets helsetenester, og skal ha<br \/>\nlikeverdig tilgang til helsehjelp, uavhengig av kvar dei bur.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Postnummeret ditt skal ikkje avgjere om du overlever ein akutt situasjon.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Volda sjukehus spelar ei sentral rolle i den lokale akuttberedskapen. Her blir det gitt rask og livreddande hjelp&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":134055,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-134054","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115872214751501149","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134054","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=134054"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134054\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/134055"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=134054"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=134054"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=134054"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}