{"id":134693,"date":"2026-01-11T15:08:15","date_gmt":"2026-01-11T15:08:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/134693\/"},"modified":"2026-01-11T15:08:15","modified_gmt":"2026-01-11T15:08:15","slug":"kommunane-rustar-opp-beredskapen-og-over-pa-krisesituasjonar-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/134693\/","title":{"rendered":"Kommunane rustar opp beredskapen og \u00f8ver p\u00e5 krisesituasjonar \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Det vi er mest redde for er at straumen skal forsvinne over lengre tid.<\/strong><\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren i Stranda, Einar Arve Nordang (H), har fullt fokus p\u00e5 kva utfordringar kommunen hans st\u00e5r overfor i 2026. Det handlar om beredskap.<\/p>\n<p><strong>Kommunane og n\u00e6ringslivet har f\u00e5tt klar beskjed: Dei m\u00e5 vere f\u00f8rebudd p\u00e5 \u00e5 handtere kriser i ei verd med stor uro, aukande konfliktniv\u00e5 og fare for krig.<\/strong><\/p>\n<p>Det kan innebere at funksjonar som ein er heilt avhengig av, og som vi tar for gitt, kan bli sett ut av spel. Datatryggleik er eitt eksempel. Tilgang p\u00e5 straum eit anna.<\/p>\n<p>Situasjonen er ein heilt annan no enn for fem \u00e5r sidan. For ikkje \u00e5 snakke om ti eller femten \u00e5r sidan. No \u00f8ver kommunane p\u00e5 beredskap.<\/p>\n<p>\u2013 Tema for \u00f8vinga i fjor var bortfall av straum i fire veker. S\u00e5 fann vi ut at vi har jo aggregat p\u00e5 omsorgssenteret. Men kor mykje diesel har vi p\u00e5 desse aggregata d\u00e5, var det nokon som spurde. Nei, det var det ingen som visste. S\u00e5 vi har jo manglar i beredskapen v\u00e5r, seier Nordang.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person st\u00e5r p\u00e5 fortauet og gestikulerer med h\u00e5nden. Han har p\u00e5 seg en brun genser over en skjorte. Bakgrunnen viser biler parkert langs en vei og bygninger i n\u00e6rheten. Det er sn\u00f8 og is p\u00e5 bakken, noe som indikerer vinterforhold.\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ordf\u00f8raren i Stranda, Einar Arve Nordang (H) seier bortfall av straum er det han er mest redd for.<\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Felles kriseforst\u00e5ing<\/p>\n<p>Russland sin invasjon i Ukraina og krigen p\u00e5 Gaza har endra situasjonen i verda. Det har skapt uro og krigsfrykt.<\/p>\n<p>Med USA sine angrep \u00e5 Venezuela og bortf\u00f8ring av presidenten i landet, og ikkje minst truslane om \u00e5 annektere Gr\u00f8nland, har konfliktniv\u00e5et auka ytterlegare.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/statsforvalter-else-may-botten-i-more-og-romsdal-vil-laere-ledere-a-takle-krisesituasjoner-1.16929816\" ec-id=\"pp:article:1.16929816\" ec-name=\"Statsforvaltar Else May Botten har brukt mykje tid p\u00e5 \u00e5 skape ei felles kriseforst\u00e5ing i kommunane. 22 av 27 kommunar i M\u00f8re og Romsdal har no oppretta beredskapsr\u00e5d.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Statsforvaltar Else May Botten har brukt mykje tid p\u00e5 \u00e5 skape ei felles kriseforst\u00e5ing i kommunane. 22 av 27 kommunar i M\u00f8re og Romsdal har no oppretta beredskapsr\u00e5d.<\/a><\/p>\n<p>Det handlar om vite kva ein skal gjere dersom det blir ein unntakstilstand, angrep p\u00e5 viktig infrastruktur eller i verste fall: krig.<\/p>\n<p>Men det handlar ogs\u00e5 om vere f\u00f8rebudd p\u00e5 flaum, store ras og orkanar som gjer stor skade.<\/p>\n<p>Oversikt over kapasitet og ressursar<\/p>\n<p>Det er viktig \u00e5 \u00f8ve og det er viktig \u00e5 ha gode planar og analysar, seier Else May Botten. Ho meiner at kommunane er godt i gang med dette arbeidet. Og det blir meir i 2026.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi m\u00e5 ha oversikt over kva kapasitet og ressursar vi har n\u00e5r vi kjem i ein situasjon der vi treng den oversikta.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Else-May Botten ser p\u00e5 reporteren ved sidan av kameraet.\" title=\"Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsforvalteren i M\u00f8re og Romsdal, Else May Botten, meiner det er viktig \u00e5 ha ei felles forst\u00e5ing av situasjonen.<\/p>\n<p>Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK<\/p>\n<p>Kommunedirekt\u00f8ren i Fjord kommune, Bj\u00f8rn Inge Ruset, har bakgrunn fr\u00e5 det milit\u00e6re.<\/p>\n<p>Kommunen skal no mellom anna \u00f8ve p\u00e5 korleis ein skal handtere milit\u00e6re truslar mot landet der det kan bli snakk om evakuering.<\/p>\n<p>Men Ruset er opptatt av \u00e5 ha ei balansert forst\u00e5ing slik at ein ikkje spreier for mykje frykt.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur vi er i stand til \u00e5 skape gode system og gode modellar som gjer at vi skal kunne m\u00f8te desse utfordringane p\u00e5 ein god m\u00e5te.<\/p>\n<p>\u2013 Er det fare for krig?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg meiner vi m\u00e5 f\u00f8rebu oss p\u00e5 krig s\u00e5 godt som r\u00e5d. Det er den beste medisinen \u00e5 unng\u00e5 krig p\u00e5.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kommunedirekt\u00f8r Bj\u00f8rn Inge Ruset i Fjord, ordf\u00f8rer i Stranda Einar Arve Nordang (H) og statsforvalteren i M\u00f8re og Romsdal, Else May Botten.\" title=\"Foto: Trond Vestre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kommunedirekt\u00f8r Bj\u00f8rn Inge Ruset i Fjord, ordf\u00f8rar i Stranda Einar Arve Nordang (H) og statsforvaltaren i M\u00f8re og Romsdal, Else May Botten.<\/p>\n<p>Foto: Trond Vestre \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>11.01.2026, kl. 10.54<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>11.01.2026, kl. 11.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det vi er mest redde for er at straumen skal forsvinne over lengre tid. Ordf\u00f8raren i Stranda,&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":134694,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-134693","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115877098738086810","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134693","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=134693"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134693\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/134694"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=134693"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=134693"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=134693"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}