{"id":134761,"date":"2026-01-11T16:41:11","date_gmt":"2026-01-11T16:41:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/134761\/"},"modified":"2026-01-11T16:41:11","modified_gmt":"2026-01-11T16:41:11","slug":"vetle-sjastad-christiansen-med-bakken-gest-etter-stafett-siger-i-oberhof-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/134761\/","title":{"rendered":"Vetle Sj\u00e5stad Christiansen med Bakken-gest etter stafett-siger i Oberhof \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>Vetle Sj\u00e5stad Christiansen var sterkast p\u00e5 den siste runden og gjekk Noreg inn til siger p\u00e5 stafetten i Oberhof.<\/p>\n<p>D\u00e5 han kryssa m\u00e5lstreken, peika han opp mot himmelen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er den viktigaste sigeren og stafetten vi har g\u00e5tt. Eg kan ikkje beskrive kor krevjande det har vore dei siste vekene, seier Christiansen til NRK.<\/strong><\/p>\n<p>F\u00f8r sprinten torsdag, var det minnestund for avd\u00f8de lagkamerat Sivert Guttorm Bakken:<\/p>\n<p>\u2013 Eg synest det har vore heilt forferdeleg kjipt. Og det har kosta mykje energi. P\u00e5 torsdag var eg heilt borte vekk. Kroppen min var her i Oberhof, men hovudet mitt var i det heile ikkje her, forklarar Christiansen, som hamna p\u00e5 ein 64. plass p\u00e5 sprinten.<\/p>\n<p>Han er takksam for all omtanken han og lagkameratane har f\u00e5tt i den krevjande tida.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi har opplevd enormt mykje st\u00f8tte. Eg har f\u00e5tt tusenvis av meldingar og det har vore in kjempegod prosess fr\u00e5 Olympiatoppen og forbundet.<\/strong><\/p>\n<p>Han fortel ogs\u00e5 at det har vore sterkt og emosjonelt i laget.<\/p>\n<p>\u2013 Men dei opplevingane vi har hatt med kvarandre i det siste. Eg trur aldri eg kjem til \u00e5 gl\u00f8yme det. Eg har vel gr\u00e5te p\u00e5 omtrent alle l\u00f8parm\u00f8te, seier Christiansen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En langrennsl\u00f8per hever staven i triumf etter et vellykket l\u00f8p. L\u00f8peren er if\u00f8rt en r\u00f8d konkurransedrakt med sponsornavn, og bakgrunnen viser en sn\u00f8dekt arena. Omgivelsene tyder p\u00e5 en konkurranse med tilskuere i bakgrunnen. Blinkende lys og tydelige vinterforhold bidrar til det sportslige milj\u00f8et. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Hendrik Schmidt \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">F\u00d8RST I M\u00c5L: Vetle Sjaastad Christiansen peika opp mot himmelen d\u00e5 han kryssa m\u00e5lstreken under stafetten i Oberhof.<\/p>\n<p>Foto: Hendrik Schmidt \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Sekundstrid<\/p>\n<p>Christiansen gjekk ut i tet saman med Frankrike og Tyskland etter ein god etappe av Martin Uldal.<\/p>\n<p>Det blei spennande p\u00e5 den siste st\u00e5ande skytinga d\u00e5 alle i teten bomma. Christiansen klarte likevel \u00e5 klistre seg i ryggen p\u00e5 franke \u00c9ric Perrot ut fr\u00e5 matta, og i spurten mot m\u00e5l var nordmannen best.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fire langrennsl\u00f8pere st\u00e5r p\u00e5 sn\u00f8dekt underlag, if\u00f8rt konkurranset\u00f8y med logoer. To av dem holder ski, mens den tredje l\u00f8fter en stav. Omgivelsene viser en skiarena, med publikum i bakgrunnen. De har nummerplater festet p\u00e5 brystet, og det er klart v\u00e6rforhold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Hendrik Schmidt \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">UTAN TAP: Noreg har vunne alle stafettar denne sesongen. <\/p>\n<p>Foto: Hendrik Schmidt \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Det var ein t\u00f8ff stafett. Eg var litt tung i beina fr\u00e5 i g\u00e5r, men eg pr\u00f8vde berre k\u00f8yre p\u00e5, seier Perrot til NRK.<\/p>\n<p><strong>Noreg vann stafetten framfor Frankrike, medan Sebastian Samuelsson gjekk Sverige inn til ein tredjeplass.<\/strong><\/p>\n<p>Noreg har vunne dei to f\u00f8rste stafettane denne sesongen. B\u00e5de i \u00d6stersund og Hochfilzen var det dei norske herrane som stakk av med sigeren. I dag vann dei sin tredje p\u00e5 rad.<\/p>\n<p>Men sigeren var p\u00e5 ingen m\u00e5te sj\u00f8lvskriven etter at Noreg hamna langt bakp\u00e5 midtvegs.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ut\u00f8vere av biathlon st\u00e5r p\u00e5 en premieutdeling i Oberhof, omgitt av sn\u00f8dekte tr\u00e6r. De poserer med utstyr og medaljer, tydelig forn\u00f8yde med prestasjonen. En sn\u00f8mann med skjerf st\u00e5r ved siden av dem. Arrangementet fremhever prestisjetunge konkurranser i vintersport. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Matthew Childs \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">PALLEN: Noreg vann framfor Frankrike og Sverige. <\/p>\n<p>Foto: Matthew Childs \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Sprakk p\u00e5 st\u00e5ande<\/p>\n<p>Etter ein god opningsetappe av Isak Leknes Frey, fekk Johannes Dale-Skjevdal eit perfekt utgangspunkt. Men d\u00e5 han kom inn til st\u00e5ande skyting, sprakk han fullstendig. Noreg m\u00e5tte ut i to strafferundar og gjekk ut heile 53 sekund bak Austerrike.<\/p>\n<p>Hovudpersonen sj\u00f8lv var skuffa etterp\u00e5:<\/p>\n<p>\u2013 Eg veit ikkje heilt. Har ikkje noko godt svar p\u00e5 det, seier Johannes Dale-Skjevdal til NRK.<\/p>\n<p>\u2013 Kjem i tet der. Det er t\u00f8ft \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 nummer ein, men det var veldig d\u00e5rleg. S\u00e5 det er skuffande, held han fram.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En skikj\u00f8rer i konkurransedrakt g\u00e5r p\u00e5 ski i en sn\u00f8dekt skog. I bakgrunnen st\u00e5r en folkemengde som heier, delvis skjult av en sikkerhetsgrind. Flere nasjonalflagg, inkludert det norske, vaier i vinden. Omr\u00e5det er lys og klart med tr\u00e6r dekket av sn\u00f8. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: TOBIAS SCHWARZ \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TO BOM: Johannes Dale-Skjevdal m\u00e5tte g\u00e5 ut i strafferunden. <\/p>\n<p>Foto: TOBIAS SCHWARZ \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Eg taklar nok eigentleg ikkje s\u00e5 godt \u00e5 kome inn p\u00e5 nummer ein der, seier Dale-Skjevdal.<\/p>\n<p>\u2013 Da er det vanskeleg for Noreg \u00e5 henge med her, sa NRKs ekspert Ola Lunde.<\/p>\n<p>Men Martin Uldal leverte rask og feilfri skyting p\u00e5 etappen etter, og kunne sende Christiansen ut i tet.<\/p>\n<p>Isak Frey var uheldig d\u00e5 han hang fast i matta p\u00e5 standplassen under herranes stafett s\u00f8ndag. Bilete fr\u00e5 TV 2 Direkte.<\/p>\n<p>Tryna ut av standplass<\/p>\n<p>Heller ikkje opningsetappen gjekk heilt etter planen.<\/p>\n<p>Isak Leknes Frey starta sterkt og tok leiinga etter to raske seriar. Men i det han skulle g\u00e5 ut fr\u00e5 skytematta, gjekk i bakken.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har dessverre skjedd f\u00f8r. Det skjedde i fjor ogs\u00e5. Eg har ikkje lyst at det skal vere varemerket mitt, seier Isak Leknes Frey til NRK.<\/strong><\/p>\n<p>Han fortel at skia hang fast i matta d\u00e5 han skulle g\u00e5 ut i leiinga.<\/p>\n<p>\u2013 Synest det er litt merkeleg, det er kjedeleg n\u00e5r det skjer. Det kan vere noko med meg ogs\u00e5, at eg er litt ivrig n\u00e5r eg skal ut av matta der, seier Frey.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Skil\u00f8pere er samlet p\u00e5 startlinjen i et vinterlandskap under en konkurranse. Den n\u00e6rmeste l\u00f8peren, if\u00f8rt sort og r\u00f8d bekledning, b\u00f8yer seg ned for \u00e5 forberede seg til starten. Bak ham st\u00e5r flere andre l\u00f8pere, ogs\u00e5 if\u00f8rt konkurransekl\u00e6r, klare til \u00e5 starte l\u00f8pet. Publikum kan ses i bakgrunnen, omkranset av sn\u00f8dekte bakker. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Hendrik Schmidt \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TRYNA: Isak Leknes Frey datt p\u00e5 veg ut fr\u00e5 matta. <\/p>\n<p>Foto: Hendrik Schmidt \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Skytetrenar Siegfried Mazet la ikkje skjul p\u00e5 frustrasjonen d\u00e5 Frey gjekk i bakken. Han meiner utstyret p\u00e5 standplass m\u00e5 ta delar av skulda for fallet:<\/p>\n<p>\u2013 Skytematta har fire skruar, og ein av skruane var kanskje litt for oppe, og skia kom borti, seier han til NRK.<\/p>\n<p>\u2013 Eg gav beskjed til Ibu-sjefen, ikkje berre for oss nordmenn, men for dei andre ogs\u00e5, seier Mazet.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>11.01.2026, kl. 12.20<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>11.01.2026, kl. 14.31<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Vetle Sj\u00e5stad Christiansen var sterkast p\u00e5 den siste runden og gjekk Noreg inn til siger p\u00e5 stafetten i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":134762,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-134761","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115877464289955783","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134761","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=134761"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/134761\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/134762"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=134761"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=134761"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=134761"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}