{"id":135933,"date":"2026-01-13T16:36:08","date_gmt":"2026-01-13T16:36:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/135933\/"},"modified":"2026-01-13T16:36:08","modified_gmt":"2026-01-13T16:36:08","slug":"zara-larsson-tek-eit-oppgjer-med-det-kvite-huset-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/135933\/","title":{"rendered":"Zara Larsson tek eit oppgjer med Det kvite huset \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Eg hatar ICE.<\/strong><\/p>\n<p>Det skreiv den svenske popstjerna Zara Larsson p\u00e5 Instagram-storyen sin i helga.<\/p>\n<p>Det kom etter at ho lista opp ting ho elskar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En skjermdump fra Instagram\" title=\"Foto: Skjermdump Instagram\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sj\u00e5 storyen Larsson la ut.<\/p>\n<p>Foto: Skjermdump Instagram<\/p>\n<p>Larssons innlegg var ein reaksjon p\u00e5 at kj\u00e6rasten hennar ikkje f\u00e5r kome inn i USA etter ein tidlegare dom.<\/p>\n<p>Ho reagerte ogs\u00e5 p\u00e5 at ein ICE-agent skaut og <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/ny-video-viser-drap-i-minneapolis-fra-ice-agentens-perspektiv-1.17721831\" ec-id=\"pp:article:1.17721831\" ec-name=\"drap ei kvinne i Minneapolis.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">drap ei kvinne i Minneapolis.<\/a><\/p>\n<p><strong>Ho skriv at ho elskar immigrantar, kriminelle og velferd, men at ho hatar ICE.<\/strong><\/p>\n<p>No svarar Det kvite huset med ein TikTok-video.<\/p>\n<p>I videoen h\u00f8yrer ein Zara Larsson sin \u00abLush Life\u00bb saman med ein dansande Donald Trump fr\u00e5 ulike stader.<\/p>\n<p>Videoen er eit skjermopptak fr\u00e5 \u00abWhite House\u00bb p\u00e5 TikTok.<\/p>\n<p>\u2013 Vi elskar deportasjon, vi elskar lov og orden, vi elskar arbeid, ikkje velferd, st\u00e5r det i videoen.<\/p>\n<p><strong>Lista blir avslutta med: \u00abVi ELSKAR ICE og kriminalitetsbekjempinga v\u00e5r\u00bb.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 M\u00e5 ikkje gjere det s\u00e5 lett for han<\/p>\n<p>Gjermund Stenberg Eriksen er sj\u00f8lverkl\u00e6rt USA-nerd og meiner det er flott at popartistar markerer st\u00f8tta si til demokratiet i USA.<\/p>\n<p>\u2013 Men ein m\u00e5 vere litt flink s\u00e5 det ikkje blir brukt som eit verkemiddel for Trump, seier Eriksen.<\/p>\n<p>\u2013 Ein m\u00e5 ikkje gjere det s\u00e5 lett for han.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En voksen mann sitter i en kontoromgivelse, if\u00f8rt en gr\u00e5 genser. Bakgrunnen viser skap og stoler. Belysningen er dempet, og det er utydelige figurer i bakgrunnen. Mannen ser p\u00e5 kameraet med en alvorlig uttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Ismail Burak Akkan \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Gjermund Stenberg Eriksen er sj\u00f8lverkl\u00e6rt USA-nerd. <\/p>\n<p>Foto: Ismail Burak Akkan \/ NRK<\/p>\n<p>Han seier det er mange p\u00e5 innsida av Det kvite huset som jaktar p\u00e5 ting som dette.<\/p>\n<p>\u2013 Dei leitar etter utsegn som kan bli til medieoppslag.<\/p>\n<p>\u2013 \u00c5 skrive at ho elskar kriminelle, utan at humoren kjem fram, gjer det lett for dei \u00e5 sl\u00e5 tilbake.<\/p>\n<p>Etter at Trump-tilhengarar vart sinte p\u00e5 henne for \u00e5 seie at ho elskar kriminelle, svarar Larsson tilbake:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dei stemte p\u00e5 ein med 34 dommar for \u00e5 bli president? Nokon hamnar i fengsel for \u00e5 ha stole eller r\u00f8ykt marihuana, andre f\u00e5r styre eit land for verre ting, skriv Larsson.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En artist st\u00e5r p\u00e5 scenen med armene hevet i luften, if\u00f8rt en kort, glitrende kostyme. Bakgrunnen er r\u00f8d med lys som skaper kontrast til scenen. Flere personer i publikum er synlige i forgrunnen, med lysestaver hevet mot artisten. Scenen ser ut til \u00e5 v\u00e6re fra en konsert eller et live-show. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Marco Bello \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Larsson har blitt enda meir popul\u00e6r den siste tida. <\/p>\n<p>Foto: Marco Bello \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>TikTok-videoen til Det kvite huset har f\u00f8rebels over 700 000 avspelingar.<\/p>\n<p>\u2013 Ho kan ende opp med \u00e5 bli stoppa p\u00e5 grensa for desse utsegna, men det er supert \u00e5 vise st\u00f8tte, seier Eriksen. Stilla l\u00f8nner seg ikkje.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.01.2026, kl. 13.08<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg hatar ICE. Det skreiv den svenske popstjerna Zara Larsson p\u00e5 Instagram-storyen sin i helga. Det kom&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":135934,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-135933","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115888769239830240","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/135933","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=135933"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/135933\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/135934"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=135933"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=135933"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=135933"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}