{"id":136266,"date":"2026-01-13T20:59:41","date_gmt":"2026-01-13T20:59:41","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/136266\/"},"modified":"2026-01-13T20:59:41","modified_gmt":"2026-01-13T20:59:41","slug":"johannes-hosflot-klaebo-utan-pris-etter-historisk-vm-skaper-reaksjonar-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/136266\/","title":{"rendered":"Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo utan pris etter historisk VM \u2013 skaper reaksjonar \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Vi m\u00e5 sp\u00f8rje oss kva Johannes skal prestere for \u00e5 vinne ein pris. Det verkar brutalt.<\/p>\n<p>President i Skiforbundet, Tove Moe Dyrhaug, er tydeleg overfor NRK.<\/p>\n<p>Ho reagerer sterkt p\u00e5 at Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo, som vann alt som kunne vinnast under ski-VM i Trondheim, ikkje vart tildelt ein einaste pris under Idrettsgallaen i helga.<\/p>\n<p>Samstundes p\u00e5peikar ho at ho meiner dei som faktisk vann pris, var verdige vinnarar.<\/p>\n<p>Kl\u00e6bo var nominert til to prisar, men det var Erling Braut Haaland som vann \u00e5rets mannlege ut\u00f8var, og Katrine Lunde som folket stemt fram som \u00e5rets namn i 2025.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne st\u00e5r i en modern innredet restaurant. Hun er if\u00f8rt en svart bluse med blomsterbroderi og har p\u00e5 seg briller. Bak henne er det bord og stoler, dekket for middag. Veggene har en dyp bl\u00e5farge med kunstverk og dekorative elementer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Alem Zebic \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">KRITISK: Avtroppande skipresident Tove Moe Dyrhaug skulle helst ha sett at Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo vann ein pris under Idrettsgallaen.<\/p>\n<p>Foto: Alem Zebic \/ NRK<\/p>\n<p>Dyrhaug meiner dagens system gjer samanlikningane krevjande.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir litt samanlikning av eple og p\u00e6rer. Vi er s\u00e5 heldige at vi n\u00e5 har veldig gode ut\u00f8varar b\u00e5de sommar og vinter, og da b\u00f8r ein kunne sj\u00e5 p\u00e5 om kategoriane kan justerast.<\/p>\n<p>Adresseavisen har ogs\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.adressa.no\/sport\/i\/lnE38A\/hvorfor-er-ikke-seks-vm-gull-nok-til-pris\" ec-id=\"https:\/\/www.adressa.no\/sport\/i\/lnE38A\/hvorfor-er-ikke-seks-vm-gull-nok-til-pris\" ec-name=\"skrive om saka.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skrive om saka.<\/a><\/p>\n<p><strong>Det er ho ikkje aleine om.<\/strong><\/p>\n<p>Styreleiar for Idrettsgallaen, Erik Skarrud, skriv dette i ei melding til NRK:<\/p>\n<p>\u00abVi har registrert utsegna til Tove Moe Dyrhaug, og tar innspelet med oss i det kontinuerlege arbeidet med \u00e5 forbetre og utvikle idrettsgallaen. Ettersom det er eit heilt \u00e5r til neste galla, er det likevel for tidleg \u00e5 seie noko om kva endringar som eventuelt kan komme.\u00bb<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Johannes H\u00f8sfloth Kl\u00e6bo holder tale under Idrettsgallaen 2018.\" title=\"Foto: Geir Olsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">GLASKULA: Johannes H\u00f8sflot Kl\u00e6bo er ingen nykommar p\u00e5 Idrettsgallaen. I 2018 vann han prisen for \u00ab\u00e5rets nykommar\u00bb.<\/p>\n<p>Foto: Geir Olsen \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Relativiserer vinteridrettane<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 NRK-ekspert P\u00e5l Golberg reagerer p\u00e5 at Kl\u00e6bo vart st\u00e5ande utan pris.<\/p>\n<p>\u2013 Det verkar brutalt ut fr\u00e5 kva Kl\u00e6bo presterte i ski-VM med seks gull av seks moglege, seier Golberg.<\/p>\n<p>Han p\u00e5st\u00e5r at vinteridrett ofte blir relativisert i den norske prisdebatten.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Over tid har det blitt argumentert med at vinteridrettane er sm\u00e5 internasjonalt. Samtidig ser vi i andre land at vinterheltar blir p\u00e5 lik linje hylla med sommarut\u00f8varar.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"P\u00e5l Golberg\" title=\"Foto: Tommy Iversen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">EINIG: NRKs langrennsekspert P\u00e5l Golberg st\u00f8ttar skipresident Tove Moe Dyrhaug.<\/p>\n<p>Foto: Tommy Iversen \/ NRK<\/p>\n<p>Golberg understrekar at Erling Braut Haaland fortent vann pris.<\/p>\n<p>\u2013 Det er fullt mogleg \u00e5 meine at Haaland var ein verdig vinnar, samtidig som ein set sp\u00f8rsm\u00e5lsteikn ved at Kl\u00e6bo ikkje blei heidra.<\/p>\n<p>NRK har vore i kontakt med H\u00f8sflot Kl\u00e6bos medier\u00e5dgivar Lasse Gimnes. Han \u00f8nsker ikkje \u00e5 kommentere saka.<\/p>\n<p>\u00abHan (Kl\u00e6bo) er i h\u00f8gaste grad inhabil i ein slik diskusjon, og s\u00e5 har han stor respekt for at det er mange ut\u00f8varar som med enormt sterke prestasjonar \u00e5 vise til\u00bb, skriv Gimnes.<\/p>\n<p>Nokon fangar folket<\/p>\n<p>\u2013 At Kl\u00e6bo ikkje vinn nokon pris seier meir om kor Noreg er p\u00e5 herresida, enn at juryen er p\u00e5 ville vegar. Sj\u00f8lv om eg personleg ville gitt \u00ab\u00e5rets ut\u00f8var\u00bb til Kl\u00e6bo, innleiar J\u00f8rn Sundby.<\/p>\n<p>50-\u00e5ringen er b\u00e5de fotball- og langrennskommentator for Viaplay, og har f\u00f8resetnadene p\u00e5 plass for \u00e5 meine noko om Kl\u00e6bo b\u00f8r kjenne seg snytt eller ei.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann med et tegn i ansiktet\" title=\"Foto: Javad Parsa \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">FLYTTAR PROBLEMET: Kommentator J\u00f8rn Sundby trur ikkje fleire prisar er vegen \u00e5 g\u00e5.<\/p>\n<p>Foto: Javad Parsa \/ NTB<\/p>\n<p>Og for \u00e5 ta det med \u00e9in gong: det syns ikkje Sundby at han b\u00f8r.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er heilt unikt i norsk idrettshistorie at \u00e5 reinske ski-VM ikkje held til \u00e5 ta med seg alt fr\u00e5 Idrettsgallaen. Men Noreg har hatt ei utruleg utvikling i sommaridrettar dei siste \u00e5ra. Det er ein brutal konkurranse p\u00e5 herresida. For meg er Idrettsgallaen ei hyllest til toppidretten, der eigentleg alle er verdige vinnarar. Det er synd det blir sutring over dei som ikkje vinn, seier kommentatoren.<\/strong><\/p>\n<p>Sundby meiner det kvart \u00e5r er noko som \u00abfangar folket\u00bb, og at prisane ofte speglar nettopp det.<\/p>\n<p>\u2013 I 2024 var det Markus Rooths enkeltprestasjon i OL, han tok jo med seg tre prisar. I fjor var det fotballandslaget. Kl\u00e6bo har nok lidd under det.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Markus Rooth med tre priser p\u00e5 Idrettsgallaen.\" title=\"Foto: BILDBYR\u00c5N\"\/><\/p>\n<p class=\"\">STORESLEM: Markus Rooth raska med seg heile tre prisar p\u00e5 Idrettsgallaen i fjor.<\/p>\n<p>Foto: BILDBYR\u00c5N<\/p>\n<p>\u2013 Da kan ingen vinne igjen<\/p>\n<p>TV 2-ekspert Petter Skinstad meiner p\u00e5 si side at utfallet av Idrettsgalla i \u00e5r sender eit tydeleg signal.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Om ikkje Kl\u00e6bo skal f\u00e5 ein pris etter den sesongen, da kan i alle fall ingen mannleg langrennsl\u00f8par nokosinne vinne pris p\u00e5 Idrettsgallaen igjen, seier Skinstad.<\/strong><\/p>\n<p>Han meiner langrenn blir undervurdert i slike k\u00e5ringar.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei s\u00e6rnorsk \u00f8ving \u00e5 hevde at vinteridrettane v\u00e5re er overvurderte. Langrenn er ein av dei st\u00f8rste vinteridrettane i verda og ein sentral del av OL-programmet.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser et portrettbilde av Petter Skinstad. han har p\u00e5 bl\u00e5stripete lue og briller.\" title=\"Foto: NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">ENDRINGAR: TV 2-ekspert Petter Skinstad vil at endring i strukturen til Idrettsgallaen skal vurderast.<\/p>\n<p>Foto: NTB<\/p>\n<p>Skinstad opnar til liks med Dyrhaug opp for endringar i strukturen.<\/p>\n<p>\u2013 Kanskje m\u00e5 ein vurdere eigne prisar for sommar- og vinteridrett, eller justere kategoriane, for \u00e5 sikre at prestasjonar p\u00e5 dette niv\u00e5et blir anerkjente.<\/p>\n<p>Tr\u00f8ystepremie<\/p>\n<p>Akkurat det meiner Viaplay-kommentator Sundby er ein d\u00e5rleg ide. Han peikar p\u00e5 at det tidlegare var ein pris som heitte \u00abopen klasse\u00bb, som skulle heidre dei som fall utanfor resten av prisane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den blei tatt bort fordi han blei sett p\u00e5 som ein b-pris, ein tr\u00f8ystepremie. Ok, ein kan lage ein vintersport-premie. Men da ville ikkje ein som Jarl-Magnus Riiber, som reinska godt opp i b\u00e5de VM og verdscupen i kombinert, ikkje n\u00e5dd opp mot langrenn og skiskyting. Det ville berre flytta problemet. Eg trur ikkje fleire prisar er vegen \u00e5 g\u00e5. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En ung mann sitter p\u00e5 en bl\u00e5 sofa, if\u00f8rt en m\u00f8rk genser. Han holder en glasskule med en innvendig modell av jorden. I bakgrunnen er det svarte gardiner og en gr\u00f8nn plante som gir en dekorativ kontekst til bildet. Bildet ser ut til \u00e5 v\u00e6re tatt under en sending eller et intervju. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"\"\/><\/p>\n<p class=\"no-credit\">VANN: Erling Braut Haaland vann to individuelle prisar.<\/p>\n<p>Han legg til:<\/p>\n<p>\u2013 I 2026 er det b\u00e5de eit vinter-OL og eit fotball-VM der Noreg kan gjere det skarpt. Eg trur ikkje det blir lettare for juryen neste \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Da har vi ein intervjuavtale om eit \u00e5r?<\/p>\n<p>\u2013 Det har vi, ler Sundby.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>12.01.2026, kl. 19.35<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>12.01.2026, kl. 19.40<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Vi m\u00e5 sp\u00f8rje oss kva Johannes skal prestere for \u00e5 vinne ein pris. Det verkar brutalt. President&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":136267,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-136266","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115889803282567535","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/136266","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=136266"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/136266\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/136267"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=136266"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=136266"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=136266"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}