{"id":136780,"date":"2026-01-14T08:13:09","date_gmt":"2026-01-14T08:13:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/136780\/"},"modified":"2026-01-14T08:13:09","modified_gmt":"2026-01-14T08:13:09","slug":"bjorn-sandnes-og-jan-inge-johannesen-utestengde-fra-eige-parti-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/136780\/","title":{"rendered":"Bj\u00f8rn Sandnes og Jan Inge Johannesen utestengde fr\u00e5 eige parti \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Bj\u00f8rn Sandnes og Jan Inge Johannesen er suspenderte fr\u00e5 Haram H\u00f8gre i 12 m\u00e5nader. Det bekreftar Johannesen til NRK.<\/p>\n<p>Dette skjer etter at det m\u00e5ndag kveld blei kalla inn til eit m\u00f8te i partiet for \u00e5 diskutere ein eventuell suspensjon.<\/p>\n<p>\u2013 Etter m\u00f8tet i g\u00e5r kjem ikkje dette som ei overrasking. Vi tek avgjerda til etterretning, seier Johannesen.<\/p>\n<p>\u2013 Vil du melde deg ut av H\u00f8gre etter dette?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Nei, det har eg ikkje tatt stilling til enno. Det m\u00e5 eg tenke p\u00e5, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Sandnes og Johannesen har vore ein del av partiet i ei \u00e5rrekke. Sandnes har tidlegare vore ordf\u00f8rar i Haram kommune.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Jan Inge Johannesen\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Jan Inge Johannesen <\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Usemje internt i partiet<\/p>\n<p>\u00c5rsaka til at dei blir kasta ut av partiet skal vere at Sandnes og Johannesen har stemt mot resten av H\u00f8gre-gruppa i b\u00e5de budsjettsaker og bygging av badebasseng i kommunen.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/noah-arntsen-vil-ikkje-ha-basseng-i-brattvag-sentrum--fryktar-skulekutt-1.17655612\" ec-id=\"pp:article:1.17655612\" ec-name=\"Bygginga av eit nytt folkebad i Brattv\u00e5g har vore omstridd, og det er usemje blant politikarane i kommunen.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Bygginga av eit nytt folkebad i Brattv\u00e5g har vore omstridd, og det er usemje blant politikarane i kommunen. <\/a><\/p>\n<p>M\u00e5ndag skreiv <a href=\"https:\/\/haramsnytt.no\/nyhende\/full-krangel-i-hogre-leiaren-vil-ekskludere-halve-partigruppa\/19.14365\" ec-id=\"https:\/\/haramsnytt.no\/nyhende\/full-krangel-i-hogre-leiaren-vil-ekskludere-halve-partigruppa\/19.14365\" ec-name=\"Haramsnytt\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Haramsnytt<\/a> at det skal ha vore d\u00e5rleg stemning i Haram H\u00f8gre i det siste kommunestyrem\u00f8tet f\u00f8r jul.<\/p>\n<p>Dette fordi Sandnes og Johannesen r\u00f8ysta mot sitt eige parti sitt budsjettframlegg. Dei to utgjer halve partigruppa i Haram H\u00f8gre.<\/p>\n<p>Partiet har ikkje klart \u00e5 samle seg om eit budsjettforslag verken i 2024 eller 2025.<\/p>\n<p>If\u00f8lge Johannesen handlar mykje av usemja i partiet om at han og Sandnes har vore ueinige med gruppeleiaren.<\/p>\n<p><strong>Johannesen seier at han stiller seg kritisk til prosessen der dei no har blitt ekskluderte fr\u00e5 partiet. <\/strong><\/p>\n<p>Tidlegare Haram-ordf\u00f8rar, Bj\u00f8rn Sandnes, er heller ikkje overraska over utestenginga, men likar det ikkje.<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig kjedeleg for partiet v\u00e5rt at det skal oppst\u00e5 ein slik situasjon. Vi kunne kanskje klart \u00e5 l\u00f8yse dette p\u00e5 ein annan m\u00e5te, om vi tok oss litt betre tid og snakka litt meir saman, men det blei det ikkje gitt anledning til, dessverre.<\/p>\n<p>Kathrine Pernille Beite, gruppeleiar i Haram H\u00f8gre, seier dette om utestenginga:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Sandnes og Johannesen er suspenderte p\u00e5 grunn av brot p\u00e5 H\u00f8gre sine reglement og etiske retningslinjer. Utover det har eg ingen kommentar, seier ho til NRK.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kathrine Pernille Beite fra H\u00f8yre i kommunestyrem\u00f8tet i Haram oktober 2023.\" title=\"Foto: Trond Vestre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kathrine Pernille Beite er gruppeleiar i Haram H\u00f8gre (arkivbilde).<\/p>\n<p>Foto: Trond Vestre \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Eit verkemiddel<\/p>\n<p>Valforskar Bjarte Folkestad ved H\u00f8gskulen i Volda seier at suspensjonar ikkje n\u00f8dvendigvis er uvanleg i lokalpolitikken, men at det ikkje er noko som skjer ofte.<\/p>\n<p><strong>\u2013 For eit parti som H\u00f8gre er det mindre vanleg at ein tyr til eksklusjonar og suspensjonar, som i dette tilfellet. Dei fleste partia har slike verkt\u00f8y, men det skal ganske mykje til f\u00f8r ein nyttar seg av dei, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Vidare seier Folkestad at partia m\u00e5 bruke sine verkemiddel for \u00e5 f\u00e5 gjennomslag for politikken sin.<\/p>\n<p>\u2013 Om det viser seg at det har vore stor usemje eller d\u00e5rleg samarbeidsklima over lengre tid, s\u00e5 er dette eit grep ein kan bruke. Dei to som no blir suspenderte vil framleis vere medlemmar av kommunestyret, men dei kjem ikkje til \u00e5 representere H\u00f8gre.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bjarte Folkestad er valgforsker ved H\u00f8gskulen i Volda. Her st\u00e5r han inne p\u00e5 kontoret sitt. Han har brunt h\u00e5r og skjeggvekst. Han ser til h\u00f8yre for kameraet og har hendene krysset over magen. \" title=\"Foto: \u00d8yvind Sandnes\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Valforskar Bjarte Folkestad ved H\u00f8gskulen i Volda. <\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Sandnes<\/p>\n<p>Blir uavhengige<\/p>\n<p>Sandnes og Johannesen kjem framleis til \u00e5 m\u00f8te i kommunestyret, men kjem no til \u00e5 m\u00f8te som uavhengige representantar.<\/p>\n<p>\u2013 No blir vi jo fristilte og f\u00e5r ut\u00f8ve den politikken vi \u00f8nskjer, seier Johannesen.<\/p>\n<p>\u2013 Kven kjem de til \u00e5 samarbeide med?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi vil s\u00f8ke \u00e5 samarbeide p\u00e5 tvers av partigrenser og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 til det beste for kommunen, seier Johannesen.<\/strong><\/p>\n<p>Sandnes og Johannesen kan anke avgjerda. Dei opplyser at dei vil bruke dei neste dagane p\u00e5 \u00e5 vurdere ein eventuell anke.<\/p>\n<p>\u2013 Vi skal snakke godt saman om dette, og ta med oss r\u00e5d fr\u00e5 andre ogs\u00e5, seier Sandnes.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bj\u00f8rn Sandnes\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bj\u00f8rn Sandnes har tidlegare vore ordf\u00f8rar i Haram kommune. <\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.01.2026, kl. 11.16<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>13.01.2026, kl. 14.29<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Bj\u00f8rn Sandnes og Jan Inge Johannesen er suspenderte fr\u00e5 Haram H\u00f8gre i 12 m\u00e5nader. Det bekreftar Johannesen til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":136781,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-136780","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115892453689450204","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/136780","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=136780"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/136780\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/136781"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=136780"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=136780"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=136780"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}