{"id":137531,"date":"2026-01-14T20:51:08","date_gmt":"2026-01-14T20:51:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/137531\/"},"modified":"2026-01-14T20:51:08","modified_gmt":"2026-01-14T20:51:08","slug":"utlendingsmyndigheitene-vil-ikkje-stoppe-utsendingar-av-asylsokarar-til-iran-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/137531\/","title":{"rendered":"Utlendingsmyndigheitene vil ikkje stoppe utsendingar av asyls\u00f8karar til Iran \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det er ikkje ein lett situasjon for meg \u00e5 vere her. Eg vaknar med mykje stress og tankar i hovudet, og eg er redd kvar dag.<\/p>\n<p><strong>P\u00e5 Politiet sitt utlendingsinternat p\u00e5 Trandum ventar iransk-kurdiske Sirwan Aminpour p\u00e5 \u00e5 bli sendt tilbake til eit stadig meir uroleg Iran.<\/strong><\/p>\n<p>Han fekk avslag p\u00e5 asyls\u00f8knaden sin i 2014, og har sidan oppheldt seg i Noreg. I vedtaket som NRK har sett meiner forvaltninga at det ikkje er tilstrekkeleg sannsynleggjort at han vil bli forf\u00f8lgt n\u00e5r han kjem til Iran.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv seier Aminpour han er redd for \u00e5 bli arrestert og drepen n\u00e5r han blir sendt tilbake. I over to veker har gatene i fleire iranske byar vore fylt av demonstrantar som krev at regimet g\u00e5r av, og fleire tusen er d\u00f8de.<\/p>\n<p>Brutale bilde fr\u00e5 Irans hovudstad. Videoen er stedverifisert av Reuters. Videoen blei delt 11. januar, men det er ikkje verifisert n\u00f8yaktig n\u00e5r den blei filma.<\/p>\n<p><strong>Men trass auka uro i landet, plikter framleis iranske statsborgarar med endeleg avslag \u00e5 returnere til heimlandet. <\/strong><\/p>\n<p>Det skriv einingsleiar Terje \u00d8straat hos Utlendingsnemda i ein e-post. Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstansen for utlendingssaker.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vurderinga er at det for augeblinken ikkje er grunnlag for generell suspensjon av utreiseplikta. Men, UNE set i verk ei individuell vurdering i kvar sak, skriv \u00d8straat i ein e-post.<\/strong><\/p>\n<p>Han skriv at norske myndigheiter f\u00f8lger med p\u00e5 situasjonen i landet.<\/p>\n<p>\u2013 Vurderer fortlaupande<\/p>\n<p>I dag er tre iranarar internert p\u00e5 Politiet sitt utlendingsinternat, f\u00e5r NRK opplyst.<\/p>\n<p>Seksjonsleiar for ID-avklaring H\u00e5vard Johnsen Bekk i Politiets utlendingseining (PU) vil ikkje kommentere kor mange iranarar som er planlagt \u00e5 sende ut p\u00e5 grunn av politioperative omsyn.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en sikringsmur med h\u00f8yt gjerde og piggtr\u00e5d, som omgir et avlukket omr\u00e5de. Foran gjerdet st\u00e5r to biler, delvis begravet i sn\u00f8, i en gr\u00e5hvit vinterbakgrunn. Bak gjerdet kan man se bygninger, noe som antyder at dette er et anlegg med sikkerhetstiltak. Himmelens gr\u00e5farge indikerer lite lys og kalde forhold.\" title=\"Foto: Hallgeir Aunan \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TVANGSRETUR: P\u00e5 Politiet sitt utlendingsinternat sit det for tida tre iranarar som er planlagd sendt ut til Iran, if\u00f8lge Politiets utlendingseining.<\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Aunan \/ NRK<\/p>\n<p>PU har ansvar for \u00e5 sende tilbake personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg og som ikkje vil reise heim sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>\u2013 Vil de stanse utsendingar i lys av den eskalerande uroa i Iran, der s\u00e6rleg regimekritiske stemmer er utsett? <\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi forheld oss til vedtaka fr\u00e5 UDI og UNE i enkeltsaker og vurderer fortlaupande kva for nokre returar vi planlegg, skriv Bekk i ein e-post.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Definitivt farlegare<\/p>\n<p><strong>UNE \u00f8nskjer ikkje \u00e5 la seg intervjue av NRK, men leiar for menneskerettsorganisasjonen Iran Human Rights, Mahmood Amiry-Moghaddam, meiner ingen b\u00f8r returnerast med tvang til Iran no. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det kan absolutt vere farleg, s\u00e6rleg for ein kurdisk person, som tidlegare har drive med politisk aktivitet. Der vil det vere fare for b\u00e5de forf\u00f8lging, fengsel og anna umenneskeleg behandling.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"St\u00f8ttedemonstrasjon for det iranske folk\" title=\"Foto: NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 FARLEGARE: Mahmood Amiry-Moghaddam meiner det iranske regimet er meir paranoid enn nokon gong. Norske myndigheiter b\u00f8r vente med returar, meiner han. <\/p>\n<p>Foto: NTB<\/p>\n<p>Amiry-Moghaddam forklarar dette med at regimet no er meir paranoid enn nokosinne.<\/p>\n<p>\u2013 No er det definitivt farlegare, sj\u00f8lv om situasjonen for menneskerettane i Iran har vore veldig alvorleg i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Men kva meiner du burde skje da, med dei iranske asyls\u00f8kjarane som har f\u00e5tt avslag?<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo ikkje alle menneske som har krav p\u00e5 asyl. Men nett no kan kva som helst skje. Fleire tusen menneskje har blitt drepne i l\u00f8pet av nokre dagar. vi veit ikkje kva som g\u00e5r f\u00f8re seg i fengsla. S\u00e5 nett no n\u00e5 synst eg dei b\u00f8r vente. Og n\u00e5r dei vurderer sakene til iranske asyls\u00f8kjarar, s\u00e5 b\u00f8r dei hugse at Iran er ingen rettsstat. <\/p>\n<p>Ber norske borgarar forlate landet<\/p>\n<p><strong>UD har i ettermiddag heva reise\u00e5tvaringa for Iran til h\u00f8gste niv\u00e5, og ber no alle norske borgarar om \u00e5 forlate landet. <\/strong><\/p>\n<p><strong>Men heller ikkje Justis- og beredskapsdepartementet \u00f8nskjer \u00e5 seie noko om kor farleg det er for dei som skal tvangsreturnerast. <\/strong><\/p>\n<p>\u00abDet er Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) som behandlar enkeltsaker etter utlendingsloven, og som st\u00e5r n\u00e6rmast til \u00e5 vurdere vernebehov og om det er forsvarleg \u00e5 gjennomf\u00f8re returar til Iran i den enkelte sak\u00bb, skriv departementet i ein e-post til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en mann med briller if\u00f8rt en svart jakke, som sitter i et rom. Han ser ut til \u00e5 delta i en samtale, med en n\u00f8ytral uttrykk. Omgivelsene er enkle, med en lys vegg og en d\u00f8r i bakgrunnen. Det er ingen tydelige dekorasjoner eller elementer som gir mer kontekst til situasjonen.\" title=\"Foto: Hallgeir Aunan \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">FRYKTAR FOR FRAMTIDA: Sirwan Aminpour seier han har vore politisk aktiv og at han difor er redd for livet sitt, dersom han blir sendt til Iran. <\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Aunan \/ NRK<\/p>\n<p>Sirwan Aminpour seier p\u00e5 Trandum at han fryktar for framtida si. Han har kone og ei dotter p\u00e5 \u00e5tte \u00e5r, som begge er svenske statsborgarar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har politisk bakgrunn. Det er mange bevis p\u00e5 sosiale medium. Dei iranske myndigheitene kjem til \u00e5 henge meg, enten fordi eg samarbeida med det kurdiske partiet, eller fordi dei skuldar meg for spionasje for Israel eller andre europeiske land, hevdar han.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>14.01.2026, kl. 20.24<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er ikkje ein lett situasjon for meg \u00e5 vere her. Eg vaknar med mykje stress og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":137532,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-137531","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115895434127501157","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/137531","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=137531"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/137531\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/137532"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=137531"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=137531"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=137531"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}