{"id":137811,"date":"2026-01-15T05:12:07","date_gmt":"2026-01-15T05:12:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/137811\/"},"modified":"2026-01-15T05:12:07","modified_gmt":"2026-01-15T05:12:07","slug":"han-har-styrt-uganda-i-40-ar-no-gar-han-for-45-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/137811\/","title":{"rendered":"Han har styrt Uganda i 40 \u00e5r \u2013 no g\u00e5r han for 45 \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Sarah Bireete er ei dame som snakkar der andre teier. Rett f\u00f8r jul sette ho ord p\u00e5 det mange ugandarar tenker om landets demokrati.<\/p>\n<p><strong>Men det skulle straffe seg for Bireete.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Staten vil at valet berre skal vere eit slags ritual, men folket har gjort det til ein reell konkurranse. Uganda er eit av landa i verda med yngst befolkning, og dei \u00f8nsker endring. Det gir regimet panikk.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ein ung ugandisk mann held opp ein plakat med slagord mot korrupsjon\" title=\"Foto: AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mange i Uganda er misn\u00f8gde, mellom anna med politisk korrupsjon, som det har vore mange tilfelle av.<\/p>\n<p>Foto: AFP<\/p>\n<p>Det sa Bireete til nyheitsbyr\u00e5et AP den 23. desember. Ho er menneskerettsaktivist og direkt\u00f8r ved Center for Constitutional Governance.<\/p>\n<p><strong>Ho var fr\u00e5 f\u00f8r ein kjent kritikar av regimet i heimlandet. No slo ho til igjen. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Uganda har alltid vore eit milit\u00e6rt diktatur under president Museveni. Men internasjonalt har dei klart \u00e5 framstille seg som eit demokrati. No ligg bevisa framme i lyset, og alle kan sj\u00e5 at det ikkje er noko demokrati me er vitne til. Makta blir halden internt i familien, og overf\u00f8rt til br\u00f8r og s\u00f8ner, sa Bireete.<\/p>\n<p>Farleg \u00e5 kritisere<\/p>\n<p><strong>Ho peikar p\u00e5 det mange i Uganda er opptekne av for tida: At sonen til president Museveni ligg an til \u00e5 overta makta n\u00e5r farens tid er forbi. Makta i Uganda kan alts\u00e5 komme til \u00e5 g\u00e5 i arv.<\/strong><\/p>\n<p>Bireete vart arrestert berre f\u00e5 dagar etter at intervjuet vart publisert. Ho er sikta for \u00e5 ha skaffa seg ulovleg tilgang til databasar med informasjon om veljarar.<\/p>\n<p>Men hennar st\u00f8ttespelarar, deriblant <a href=\"https:\/\/www.amnesty.org\/ru\/documents\/afr59\/0598\/2026\/en\" ec-id=\"https:\/\/www.amnesty.org\/ru\/documents\/afr59\/0598\/2026\/en\" ec-name=\"Amnesty\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Amnesty<\/a>, meiner det er kritikken av regimet som fekk ho fengsla kort tid f\u00f8r valet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sarah Bireete sit i eit rettslokale, etter \u00e5 ha blitt arrestert. Ho er sikta for \u00e5 ha lekka lister med namn p\u00e5 veljarar, men hennar st\u00f8ttespelarar meiner arrestasjonen skjer fordi ho kritiserte regimet.\" title=\"Foto: Reuters\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sarah Bireete er fengsla, her fr\u00e5 eit rettsm\u00f8te tidlegare i januar. Arrestasjonen kom etter at ho kritiserte regimet i Uganda.<\/p>\n<p>Foto: Reuters<\/p>\n<p><strong>Bireete si historie er berre ei av fleire som viser kor farleg det kan vere \u00e5 kritisere regimet i Uganda.<\/strong><\/p>\n<p>Landets politi og soldatar har god trening med \u00e5 stanse uro. Raskt og brutalt har dei stansa demonstrasjonar tidlegare.<\/p>\n<p>Og no f\u00f8rebur dei seg p\u00e5 nytt br\u00e5k. Tysdag denne veka vart internett skrudd av \u2013 berre to dagar f\u00f8r valet. Det er i strid med kva som vart lova i forkant, og det er sjeldan eit teikn p\u00e5 demokrati og ytringsfridom.<\/p>\n<p>Museveni \u2013 ein helt blant mange eldre<\/p>\n<p>Men det h\u00f8yrer ogs\u00e5 med til historia at president Museveni har ein stor tilhengarskare i Uganda, spesielt blant dei eldre som hugsar han som ein helt.<\/p>\n<p>I januar 1986 gjekk geriljaleiar Yoweri Museveni og hans soldatar inn i Kampala. Til jubel fr\u00e5 folket tok dei makta i landet. Det markerte slutten p\u00e5 ei konfliktfylt tid i Uganda.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ugandas president Yoweri Myuseveni sit framfor det ugandiske flagget\" title=\"Foto: AP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Yoweri Museveni har vore president i Uganda i 40 \u00e5r. No seier han at han stiller til val for aller siste gong.<\/p>\n<p>Foto: AP<\/p>\n<p><strong>Landet som har f\u00e5tt tilnamnet \u00abAfrikas Perle\u00bb har hatt fleire brutale leiarar. Den mest kjente er nok Idi Amin. Han kalla seg sj\u00f8lv for frigjerar og sigersherre. Andre kalla han \u00abAfrikas Hitler\u00bb og \u00abslaktaren fr\u00e5 Uganda\u00bb.<\/strong><\/p>\n<p>S\u00e5 for ugandarar over 50 \u00e5r er Museveni ofte sett p\u00e5 som helten som stansa krigen og tok Uganda inn i ei tid med \u00f8konomisk utvikling.<\/p>\n<p>Men problemet til Museveni er at det er ganske f\u00e5 gamle ugandarar. Landet har ein enorm folkevekst, og det blir i dag ansl\u00e5tt at rundt 80 prosent av folket er under 35 \u00e5r. Med andre ord er <a href=\"https:\/\/www.aku.edu\/eai\/Pages\/uganda.aspx#:~:text=Uganda%20is%20the%20most%20youthful%20country%20in,between%20the%20ages%20of%2018%20and%2035.\" ec-id=\"https:\/\/www.aku.edu\/eai\/Pages\/uganda.aspx\" ec-name=\"fire av fem ugandarar\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">fire av fem ugandarar <\/a>f\u00f8dde etter at Musevenis regjeringstid starta i 1986.<\/p>\n<p>Og dei unge har eit anna inntrykk av presidenten. Fordi freden og den \u00f8konomiske framgangen under Museveni har kome med ein pris.<\/p>\n<p><strong>Museveni er, og har lenge vore, veldig autorit\u00e6r. Han sl\u00e5r hardt ned p\u00e5 kritikk, opposisjon og fri presse. Og den \u00f8konomiske framgangen han viser til er det mange som ikkje ser i dagleglivet sitt.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ein bil med slagord til st\u00f8tte for Yoweri Museveni vert vokta av ein soldat \" title=\"Foto: AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Samtidig som ein soldat vaktar presidentens reklamebil, s\u00e5 blir hans kollegaer skulda for \u00e5 angripe opposisjonskandidatane sine kampanjar.<\/p>\n<p>Foto: AFP<\/p>\n<p>Opposisjonen m\u00e5 slost med soldatar<\/p>\n<p><strong>\u00c5 veive med det ugandiske flagget har n\u00e6rast blitt farleg i Uganda. Flagget har blitt eit symbol som tilhengjarane til Bobi Wine tek med seg n\u00e5r dei skal hylle opposisjonsleiaren.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bobi Wine sine tilhengjarar har tatt eigarskap til det ugandiske flagget.\" title=\"Foto: Reuters\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bobi Wine sine tilhengjarar har tatt eigarskap til det ugandiske flagget.<\/p>\n<p>Foto: Reuters<\/p>\n<p>Wine sitt varemerke har i mange \u00e5r vore ein raud beret. Men etter fleire valdsepisodar har han dei siste dagane dukka opp med skotsikker vest og ein hjelm.<\/p>\n<p>\u2013 Kj\u00e6rleiken me blir m\u00f8tt med er det som f\u00e5r oss til \u00e5 fortsette. Dei rundjular oss, dei gassar oss med t\u00e5regass, sprayar oss med peparspray. Dei skyt til og med skarpe kuler mot oss. Det finst 99 grunnar til at me skal gje opp, men det er ein stor grunn til \u00e5 fortsette \u00e5 vere modig: Og det er kj\u00e6rleiken, st\u00f8tta og solidariteten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bobi Wine st\u00e5r p\u00e5 ein scene og blir hylla av mange tilhengjarar som veivar med ugandiske flagg.\" title=\"Foto: AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bobi Wine er spesielt popul\u00e6r blant Ugandas unge.<\/p>\n<p>Foto: AFP<\/p>\n<p>Det sa Bobi Wine til nyheitsbyr\u00e5et AP, samtidig som tusenvis av tilhengjarar flokka seg rundt ein scene kor Wine skulle tale.<\/p>\n<p><strong>Valkamparrangementa hans er som oftast prega av kaos og t\u00e5regass, samt mange soldatar. Fleire gonger er han blitt fors\u00f8kt stansa eller hindra av milit\u00e6ret.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bobi Wine kikkar til sida. Han er ein afrikansk mann, som har tatt p\u00e5 seg varemerket sitt: Ein raud beret.\" title=\"Foto: AP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein raud beret er eit symbol b\u00e5de for Bobi Wine og andre afrikanske politikarar som ser p\u00e5 seg sj\u00f8lve som fridomsforkjemparar.<\/p>\n<p>Foto: AP<\/p>\n<p>President Museveni f\u00e5r derimot beskyttelse av det same milit\u00e6ret, og ogs\u00e5 har eit enormt valkampbudsjett. Han f\u00e5r raud l\u00f8par dei fleste stader han reiser, i sterk kontrast til opposisjonens situasjon.<\/p>\n<p>Bobi Wine er eit d\u00f8me p\u00e5 opposisjonskandidat. Ein annan er Kizza Besigye &#8211; som sit i fengsel. Han vart p\u00e5gripen i 2024 under eit bes\u00f8k til nabolandet Kenya, og sit framleis arrestert.<\/p>\n<p>Han er skulda for forr\u00e6deri etter p\u00e5standar om at han planla \u00e5 styrte president Museveni. St\u00f8ttespelarane hans meiner det heile handlar om \u00e5 stanse han fr\u00e5 \u00e5 stille til val.<\/p>\n<p><strong>Men den som tenker tilstanden for Ugandas demokrati ikkje kan bli verre enn det er i dag, dei har ikkje h\u00f8yrt om Musevenis eldste son.<\/strong><\/p>\n<p>Presidentens son: Milit\u00e6rsjef og Twitter-fenomen<\/p>\n<p>Ein av hovudgrunnane til at det er farleg \u00e5 utfordre presidenten i Uganda er presidentens son. Muhoozi Kainerugaba er forsvarssjef i Uganda, utnemnd av sin pappa. Og han seglar opp som den mest aktuelle kandidaten til \u00e5 overta makta den dagen Musevenis tid er over.<\/p>\n<p><strong>For det er ein open hemmelegheit at Museveni sin eldste son er meir enn klar for \u00e5 overta etter faren.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Muhoozi Kainerugaba st\u00e5r p\u00e5 ein scene og blir intervjua. Han er general, og er kledd i ein milit\u00e6runiform.\" title=\"Foto: AP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Muhoozi Kainerugaba er general, og milit\u00e6rsjef. Men ogs\u00e5 favoritt til \u00e5 bli Ugandas neste president.<\/p>\n<p>Foto: AP<\/p>\n<p>Tidlegare har han lansert seg sj\u00f8lv som ein kandidat for \u00e5rets presidentval. Dette kandidaturet har han seinare trekt tilbake, sannsynlegvis etter press fr\u00e5 faren.<\/p>\n<p>Det er mange som er s\u00e6rs skeptiske til tanken p\u00e5 at Muhoozi skal ta over etter Museveni. For medan faren er ein erfaren diplomat, som ofte f\u00e5r \u00e6ra av \u00e5 l\u00f8yse konfliktar, s\u00e5 har Muhoozi f\u00e5tt rykte for \u00e5 starte konfliktar.<\/p>\n<p><strong>Han har f\u00e5tt tilnamnet \u00abTweeting General\u00bb etter fleire omstridde og sjokkerande meldingar p\u00e5 X\/Twitter.<\/strong><\/p>\n<p>I 2022 m\u00e5tte faren unnskylde seg overfor Kenya i 2022. Muhoozi hadde lagt ut meldingar p\u00e5 X som mange tolka som trugslar om \u00e5 invadere nabolandet.<\/p>\n<p>\u00abDet ville ikkje teke oss, h\u00e6ren og meg, meir enn to veker \u00e5 erobre Nairobi\u00bb, skreiv han som alts\u00e5 er \u00f8vste milit\u00e6re sjef i Uganda.<\/p>\n<p>Han har ogs\u00e5 rasla med sablane mot S\u00f8r-Sudan og Kongo. Og det fekk litt merksemd at han tilbaud 100 kveg \u2013 ein vanleg medgift \u2013 for \u00e5 f\u00e5 \u00abhanda til\u00bb Italias statsminister Giorgia Meloni.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Muhoozi Kainerugaba er general i Ugandas milit\u00e6re. Her sit han p\u00e5 ein tribune\" title=\"Foto: AFP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Muhoozi Kainerugaba har f\u00e5tt mykje merksemd for sine omstridde meldingar p\u00e5 X.<\/p>\n<p>Foto: AFP<\/p>\n<p>Muhoozi vil halshogge Bobi Wine<\/p>\n<p>Muhoozi er ogs\u00e5 fleire gonger skulda for \u00e5 st\u00e5 bak bortf\u00f8ringar og angrep p\u00e5 farens politiske motstandarar.<\/p>\n<p>Under valkampen i 2021 var han sjef for Ugandas spesialstyrkar, og han vart i etterkant skulda for fleire brot p\u00e5 menneskerettane gjennom valkampen.<\/p>\n<p><strong>N\u00e5r det gjeld opposisjonsleiar Bobi Wine, s\u00e5 har Muhoozi nyleg sagt at han m\u00e5 halshoggast.<\/strong><\/p>\n<p>Desse, og ei rekke andre utsegn, skaper uro langt utover Ugandas grenser. Mange ser p\u00e5 Uganda som limet som hindrar at Aust-Afrika kollapsar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"T\u00e5regassen ligg ofte tjukt n\u00e5r Bobi Wine sine tilhengjarar m\u00f8ter opp til valkamparrangement\" title=\"Foto: Reuters\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er vanleg at politiet bruker t\u00e5regass n\u00e5r Bobi Wine samlar sine tilhengjarar. <\/p>\n<p>Foto: Reuters<\/p>\n<p>Med konfliktar i S\u00f8r-Sudan, Sudan, Somalia og Kongo er det behov for ein diplomatisk statsleiar med gode kontaktar til nabolanda. Det har Museveni levert.<\/p>\n<p>Uganda er ogs\u00e5 vertsland for millionar av flyktningar fr\u00e5 nabolanda. Skulle landet bli del av ein regional konflikt er det nesten garantert at det vil bli enorme humanit\u00e6re konsekvensar.<\/p>\n<p><strong>Sannsynlegvis er det Musevenis diplomatiske og humanit\u00e6re innsats som har gjort til at han ofte slepp unna den krassaste kritikken fr\u00e5 det internasjonale samfunnet.<\/strong><\/p>\n<p>Det blir ikkje ny president for Uganda denne gongen heller. Museveni forlenger sine 40 \u00e5r. Likevel representerer \u00e5rets val i Uganda noko nytt.<\/p>\n<p>For alle veit at Musevenis tid snart er forbi, og eit d\u00f8dt demokrati blir snart tvungen til \u00e5 overf\u00f8re makta.<\/p>\n<p><strong>Anten blir snart presidentens f\u00f8rstef\u00f8dde Ugandas nye leiar. Eller s\u00e5 blir det garantert br\u00e5k.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>15.01.2026, kl. 05.16<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Sarah Bireete er ei dame som snakkar der andre teier. Rett f\u00f8r jul sette ho ord p\u00e5 det&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":137812,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-137811","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115897404149977680","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/137811","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=137811"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/137811\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/137812"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=137811"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=137811"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=137811"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}