{"id":138086,"date":"2026-01-15T10:26:07","date_gmt":"2026-01-15T10:26:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138086\/"},"modified":"2026-01-15T10:26:07","modified_gmt":"2026-01-15T10:26:07","slug":"over-to-ar-sidan-dagmamma-saka-vart-gjenopna-rita-ventar-framleis-pa-ei-avklaring-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138086\/","title":{"rendered":"Over to \u00e5r sidan dagmamma-saka vart gjenopna \u2013 Rita ventar framleis p\u00e5 ei avklaring \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>Rita, ein tidlegare dagmamma, vart i 2019 d\u00f8mt for drap, men ho har heile tida meint at ho er uskuldig d\u00f8mt.<\/li>\n<li>Saka vart gjenopna i september 2023, men ho ventar framleis p\u00e5 ei avklaring fr\u00e5 p\u00e5talemakta.<\/li>\n<li>Saka har vore prega av lang tidsbruk og usemje om sakkunnige, noko som har forseinka prosessen.<\/li>\n<li>Rita held fram med \u00e5 h\u00e5pe p\u00e5 frifinning, trass i den lange ventetida.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Det var den 4. september for over to \u00e5r sidan, at Rita fekk ein telefon fr\u00e5 advokaten sin.<\/p>\n<p>Saka ho hadde sona fire \u00e5r i fengsel for,<a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/tidligere-dagmamma-rita-mener-hun-er-uskyldig-drapsdomt-_-saken-blir-gjenopptatt-1.16534124\" ec-id=\"pp:article:1.16534124\" ec-name=\"hadde blitt gjenopna.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> hadde blitt gjenopna.<\/a><\/p>\n<p>Rita har ikkje snakka med media etter at saka vart gjenopna. Men no \u00f8nskjer ho \u00e5 fortelje om kor krevjande det er \u00e5 g\u00e5 og vente.<\/p>\n<p>Over to \u00e5r er g\u00e5tt og det er framleis ikkje avgjort om det blir ei full ny rettssak eller om p\u00e5talemakta vil be om frifinning.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er slitsamt og utmattande. Eg m\u00e5 jobbe med hovudet kvar dag, for \u00e5 ha fokus p\u00e5 det som er positivt, seier Rita.<\/strong><\/p>\n<p>Tar for lang tid \u00e5 f\u00e5 svar<\/p>\n<p>Rita, ogs\u00e5 kjent som dagmammaen, vart i 2019 d\u00f8mt for drapet p\u00e5 Martine (1). Ho har heile tida hevda at ho er uskuldig d\u00f8mt.<\/p>\n<p>D\u00e5 Gjenopptakingskommisjonen bestemte <strong>at Rita skulle f\u00e5 pr\u00f8vd saka si p\u00e5 nytt meinte dei at det var ein rimeleg moglegheit for at Rita ville ha blitt frifunnen om retten kjende til nye bevis i saka.<\/strong><\/p>\n<p>Thomas Randby, meiner det har tatt alt for lang tid \u00e5 f\u00e5 eit svar etter at saka vart gjenopna.<\/p>\n<p>\u2013 Vi meiner, og som vi har peika p\u00e5 fleire gonger, at man b\u00f8r f\u00e5 st\u00f8rre fart i saksframdrifta, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Advokat Thomas Randby sitter ved et m\u00f8tebord med dokumenter og ringpermer hos Elden advokatfirma i Oslo.\" title=\"Foto: Morten Waag\u00f8 \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Thomas Randby er forsvarar saman med Sidsel Katralen og Henriette Willix.\u00a0<\/p>\n<p>Foto: Morten Waag\u00f8 \/ NRK<\/p>\n<p>Det har vore ein lang prosess fr\u00e5 2006 d\u00e5 Martine d\u00f8ydde og fram til i dag. Saka har blitt lagt bort av politiet. <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/dagmamma-tiltalt-11-ar-etter-at-martine-_1_-dode-1.13664140\" ec-id=\"pp:article:1.13664140\" ec-name=\"S\u00e5 opna igjen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">S\u00e5 opna igjen<\/a>.<\/p>\n<p><strong>I tingretten vart Rita frikjent, f\u00f8r ho i <a href=\"http:\/\/www.nrk.no\/buskerud\/dagmamma-domt-til-fire-ars-fengsel-for-dodelig-vold-mot-martine-_1_-1.14529439\" ec-id=\"pp:article:1.14529439\" ec-name=\"2019 blei d\u00f8mt i lagmannsretten,\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">2019 blei d\u00f8mt i lagmannsretten,<\/a> der dommen vart avsagt med dissens. S\u00e5 blei saka gjenopna i 2023.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er snart to og eit halvt \u00e5r etter at den vart gjenopna. Det er lenge n\u00e5r du har levd i eit 19 \u00e5rs mareritt, seier Randby, som er forsvararen til Rita.<\/p>\n<p>Han meiner det b\u00f8r komme nye reglar p\u00e5 kor lang tid det tek etter at ei sak er gjenopna.<\/p>\n<p>\u2013 Eg tenker at n\u00e5r det gjeld gjenopna saker s\u00e5 burde man ha hatt end\u00e5 klarere reglar og fristar.<\/p>\n<p><strong>Ogs\u00e5 bistandsadvokaten til foreldra, Marius M\u00f8rner Staurset, seier det er uheldig at det har tatt s\u00e5 lang tid.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det har vore ein langvarig prosess knytt til kven som skal vere sakkunnige, ogs\u00e5 fr\u00e5 forsvararane si side, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann i hvit skjorte\" title=\"Foto: Mona Hauglid \/ Mona Hauglid foto\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Marius Staurset er bistandsadvokat for foreldra til Martine.<\/p>\n<p>Foto: Mona Hauglid \/ Mona Hauglid foto<\/p>\n<p>For foreldra til Martine er det ei p\u00e5kjenning at ei sak dei s\u00e5g p\u00e5 som avslutta, no er gjenopna.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ganske tungt. Det er ein sak som har halde p\u00e5 i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>Meiner dei nye erkl\u00e6ringane frifinn Rita<\/p>\n<p>Det sentrale i saka er om Martine fekk skadane f\u00f8r eller etter ho blei levert til dagmammaen.<\/p>\n<p>B\u00e5de familien og Rita nektar for \u00e5 ha gjort Martine noko.<\/p>\n<p>Eitt av sp\u00f8rsm\u00e5la den nye etterforskinga m\u00e5 ta stilling til, er om skadane til Martine kan komme av eit fall eller ei anna ulykke.<\/p>\n<p>Tre av dei fem nye sakkunnige har allereie skrive sin rapport.<\/p>\n<p>Thomas Randby meiner dette er med p\u00e5 \u00e5 frifinne dagmammaen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 V\u00e5r klare tolking av dei tre sakkunnigerkl\u00e6ringane som er skriven, er at det er ein h\u00f8g grad av sannsyn for at barnet var skada allereie f\u00f8r ho kom til dagmammaen. Og derfor er ikkje skuldingane mot ho riktig.<\/strong><\/p>\n<p>Statsadvokat, Vibeke Gj\u00f8slien, seier det er f\u00f8rst n\u00e5r alle fem erkl\u00e6ringane er klar, at ho vil bestemme seg om dei skal oppretthalde tiltalen eller ikkje.<\/p>\n<p>Ho vil ikkje kommentere innhaldet p\u00e5 dei som allereie er skriven.<\/p>\n<p>Bistandsadvokaten til foreldra seier at ogs\u00e5 han ventar p\u00e5 dei to siste rapportane f\u00f8r han vil seie noko om innhaldet.<\/p>\n<p>\u2013 Det er for tidleg \u00e5 seie noko om det, seier Marius M\u00f8rner Staurset.<\/p>\n<p>Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker<\/p>\n<ul>\n<li>Organ som vurderer om en straffesak som er rettskraftig avgjort av domstolene, skal behandles p\u00e5 nytt av retten.<\/li>\n<li>Kommisjonen er uavhengig av domstolene og skal p\u00e5 den m\u00e5ten bidra til st\u00f8rre rettssikkerhet i Norge.<\/li>\n<li>Kommisjonen har fem faste medlemmer. Leder, nestleder og ett annet medlem skal ha juss-bakgrunn.<\/li>\n<li>I 2022 behandlet kommisjonen 242 saker. Av disse ble 44 bestemt gjen\u00e5pnet.<\/li>\n<li>Dersom saken blir gjen\u00e5pnet, skal skyldsp\u00f8rsm\u00e5let og\/eller straffeutm\u00e5lingen pr\u00f8ves p\u00e5 nytt. Saken vil da g\u00e5 for en annen domstol enn den som avsa dommen i f\u00f8rste omgang.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kilde: Store norske leksikon og gjenopptakelse.no<\/p>\n<p>29 ekspertar har vurdert skadane<\/p>\n<p>Fr\u00e5 2006 og fram til saka vart gjenopna, har 24 ekspertar uttalt seg om skadane til Martine.<\/p>\n<p>Retten har ogs\u00e5 oppnemnt fem nye sakkunnige etter at saka vart gjenopna.<\/p>\n<p>Statsadvokat Vibeke Gj\u00f8slien, seier det er dei sprikande forklaringane til dei tidlegare ekspertane som har vore involvert, som er grunnen til at dei \u00f8nskjer nye synspunkt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"jonassak-dag1\" title=\"Foto: Anders Haualand \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsadvokat, Vibeke Gj\u00f8slien, seier dei f\u00f8rst til ta stilling til om dei skal oppretthalde tiltalen eller ikkje, etter at alle dei fem sakkunnigrapportane er p\u00e5 plass. <\/p>\n<p>Foto: Anders Haualand \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 I respekt for at saka no er gjenopna, og alvoret i den, s\u00e5 har vi bedt om oppnemning av fem nye sakkunnige for \u00e5 vurdere dei medisinske sp\u00f8rsm\u00e5la p\u00e5 nytt.<\/strong><\/p>\n<p>Ho viser til lagmannsretten i sp\u00f8rsm\u00e5let om tidsbruken.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har levert p\u00e5 dei fristane som er sett, og svart ut det vi har f\u00e5tt beskjed om \u00e5 svare ut, seier ho.<\/p>\n<p>Har sett av tid til rettssaka<\/p>\n<p>Lagmannsretten skriv i ein e-post at det har vore ein rekke faktorar som har bidrege til at det har tatt tid.<\/p>\n<p>Lagmann, P\u00e5l Prestes\u00e6ter, peiker mellom anna p\u00e5 at dei ulike partane har vore ueinige om kven dei nye sakkunnige skal vere.<\/p>\n<p>Thomas Randby motsette seg dei to siste sakkunnige som vart oppnemnt. Trass i protesten, valde retten \u00e5 utnemne dei.<\/p>\n<p>Prestes\u00e6ter skriv at det var f\u00e5 ekspertar partane faktisk blei einige om. Og av desse var det fleire som opplyste om at dei ikkje ville ta p\u00e5 seg oppdraget.<\/p>\n<p><strong>\u2013 I ettertid ser vi at saka burde blitt fastsett i si fulle breidde, og heller seinare avgrensa, dersom det skulle vere grunnlag for det, skriv han.<\/strong><\/p>\n<p>Etter at NRK begynte \u00e5 unders\u00f8ke saka, har dei no sett ein forel\u00f8pig dato for rettssak til hausten neste \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Fordi det har tatt lang tid utan at det er avgjort om tiltalen blir opprettheldt, har vi valt \u00e5 beramme saka no, slik at det ikkje skal g\u00e5 ytterlegare tid f\u00f8r saka kan gjennomf\u00f8rast.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Den tidligere dagmammaen Rita (53) sitter i senga si i overgangsboligen p\u00e5 Torshov. Her soner hun slutten av sin fire \u00e5r lange fengselsdom for \u00e5 ha drept tretten m\u00e5neder gamle Martine i 2006.\" title=\"Foto: Morten Waag\u00f8 \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Rita har allereie sona straffa ho fekk i fengsel.<\/p>\n<p>Foto: Morten Waag\u00f8 \/ NRK<\/p>\n<p>M\u00e5 sj\u00e5 det positive i det<\/p>\n<p>Leiar for Gjenopptakingskommisjonen, Kamilla Silseth, seier dei ofte f\u00f8lger med p\u00e5 saker som dei har gjenopna, og at det i nokre tilfelle kan ta tid f\u00f8r saka blir avgjort.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje uvanleg at det kan ta tid n\u00e5r omfattande saker blir gjenopna, seier ho.<\/p>\n<p>Det betyr at Rita truleg m\u00e5 vente end\u00e5 ei stund til f\u00f8r ho f\u00e5r eit endeleg svar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Man blir litt motlaus over at ting skal ta s\u00e5 innmari lang tid, men eg har trua p\u00e5 at det g\u00e5r bra til slutt.<\/strong><\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Hei, vi NRK har rapportert om <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/gjenopnar-sak-der-far-vart-domt-for-vald-mot-barnet-sitt-1.17100806\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">filleristing og vald mot bar<\/a>n sidan 2018. Har du tankar eller konkrete tips vi b\u00f8r sj\u00e5 n\u00e6rmare p\u00e5. Ta kontakt p\u00e5 e-post eller telefon.<\/p>\n<p>Signal:+ 47 928 58 483<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>15.01.2026, kl. 10.58<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert Rita, ein tidlegare dagmamma, vart i 2019 d\u00f8mt for drap, men ho har heile tida meint&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":138087,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-138086","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115898638945890102","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138086","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=138086"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138086\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/138087"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=138086"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=138086"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=138086"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}