{"id":138255,"date":"2026-01-15T13:05:07","date_gmt":"2026-01-15T13:05:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138255\/"},"modified":"2026-01-15T13:05:07","modified_gmt":"2026-01-15T13:05:07","slug":"usa-seier-at-fase-to-av-fredsplanen-for-gaza-skal-starte-na-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138255\/","title":{"rendered":"USA seier at fase to av fredsplanen for Gaza skal starte n\u00e5 \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Saka samanfatta <\/p>\n<ul>\n<li>USA seier dei har starta fase to av president Trump sin fredsplan for Gaza.<\/li>\n<li>Det inneber mellom anna innsetting av ei overgangsregjering utnemnd av USA.<\/li>\n<li>Fredsplanen krev ogs\u00e5 avv\u00e6pning av Hamas, men det er uklart kor omfattande dette skal vere i praksis.<\/li>\n<li>Trass v\u00e5penkvila mellom Israel og Hamas har mange blitt drepne den siste tida.<\/li>\n<li>Det er framleis vanskeleg \u00e5 f\u00e5 naudhjelp inn p\u00e5 Gaza via grenseovergangen Rafah, fordi han ikkje er open for transport av varer.<\/li>\n<\/ul>\n<p>USA sin spesialutsending Steve Witkoff seier at fase to av president Trump sin fredsplan for Gaza n\u00e5 har starta.<\/p>\n<p>Under f\u00f8rste fase av planen, i oktober i fjor, blei Hamas og Israel einige om ei v\u00e5penkvile.<\/p>\n<p>F\u00f8rste fase inneheldt ogs\u00e5 ei utveksling av fangar mot gissel, ei delvis israelsk tilbaketrekking og ein kraftig auke av den humanit\u00e6re hjelpa til Gaza.<\/p>\n<p>Manglar eitt gissel<\/p>\n<p>\u2013 USA ventar at Hamas fullt ut oppfyller forpliktingane sine, inkludert omg\u00e5ande tilbakelevering av det siste avd\u00f8de gisselet. Om ikkje, vil det f\u00e5 alvorlege konsekvensar, skriv Witkoff p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/SEPeaceMissions\/status\/2011478211075391845\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/SEPeaceMissions\/status\/2011478211075391845\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a>.<\/p>\n<p>Witkoff viser her til Master Sgt. Ran Gviliet som blei drepen 7. oktober 2023. Liket hans er ikkje levert tilbake til Israel.<\/p>\n<p>Hamas seier dei ikkje veit kor liket er, og ikkje klarer \u00e5 finne det etter at store delar av Gaza er bomba sund.<\/p>\n<p>USA-utnemnd regjering<\/p>\n<p>Fase to av fredsplanen inneber blant anna innsetting av ei overgangsregjering.<\/p>\n<p>\u00abUSA skal utnemne palestinsk komit\u00e9 som skal styre Gaza\u00bb, <a href=\"https:\/\/www.nytimes.com\/2026\/01\/13\/world\/middleeast\/gaza-palestinian-committee.html\" ec-id=\"https:\/\/www.nytimes.com\/2026\/01\/13\/world\/middleeast\/gaza-palestinian-committee.html\" ec-name=\"var overskrifta\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">var overskrifta<\/a> i New York Times p\u00e5 tysdag.<\/p>\n<p><strong>Seniorforskar ved Prio, Midtausten-ekspert J\u00f8rgen Jensehaugen, seier at overskrifta illustrerer problemet veldig godt.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"J\u00f8rgen Jensehaugen, seniorforsker ved Institutt for fredsforskning er bekymret for en re-okkupering av Gaza. \" title=\"Foto: Amanda Iversen Orlich \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Veldig mykje av problemet med denne v\u00e5penkvila er det har vore ein prosess der nokon seier ting utan at ein eigentleg har detaljane klare for kva det inneber, seier J\u00f8rgen Jensehaugen.<\/p>\n<p>Foto: Amanda Iversen Orlich \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Her er det ikkje inklusivitet. Det er ein meklar som tilfeldigvis ogs\u00e5 v\u00e6pnar den eine parten, som meir eller mindre dikterer kven som er akseptable representantar for den andre parten, seier han.<\/p>\n<p>Sivilingeni\u00f8r<\/p>\n<p>Torsdag vart det kjent at komiteen skal leias av Ali Abdel Hamid Shaath. Det kunngjorde Egypt, Tyrkia og Qatar i ei felles kunngjering p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/MofaQatar_EN\/status\/2011495869996990923\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/MofaQatar_EN\/status\/2011495869996990923\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a> p\u00e5 onsdag.<\/p>\n<p>\u2013 Meklarane h\u00e5per at etableringa av komiteen vil f\u00f8re til implementering av andre fase av v\u00e5penkvileavtalen for Gazastripen, understrekar landa.<\/p>\n<p>Shaath er sivilingeni\u00f8r, og har hatt toppjobbar i Det palestinske omr\u00e5det p\u00e5 Vestbreidda, skriv <a href=\"https:\/\/www.washingtonpost.com\/national-security\/2026\/01\/14\/phase-2-gaza-peace-plan-trump\/\" ec-id=\"https:\/\/www.washingtonpost.com\/national-security\/2026\/01\/14\/phase-2-gaza-peace-plan-trump\/\" ec-name=\"The Washington Post\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">The Washington Post<\/a>.<\/p>\n<p>Kven som er i den nye teknokratiske regjeringa p\u00e5 15 medlemmer er ikkje klart.<\/p>\n<p><strong>Regjeringa vil vere under tilsyn av eit s\u00e5kalla \u00abfredspanel\u00bb leidde av USA sin president Donald Trump.<\/strong><\/p>\n<p>Jensehaugen seier at det er interessant:<\/p>\n<p>\u2013 Dersom dette er sant og Israel har akseptert det, betyr det at sj\u00f8lv om Israel ikkje aksepterer at Det palestinske sj\u00f8lvstyret (PA) skal ta over Gaza, vil det vere leidd av ein PA-mann, seier han.<\/p>\n<p>Kven dei 14 andre medlemmane er, er f\u00f8rebels ikkje kjent.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Hode av mann i dress\" title=\"Foto: TOBIAS SCHWARZ \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">USAs spesialutsending Steve Witkoff <\/p>\n<p>Foto: TOBIAS SCHWARZ \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Hamas skal avv\u00e6pnast<\/p>\n<p>Fredsplanen seier ogs\u00e5 at Hamas skal avv\u00e6pnast i fase to.<\/p>\n<p><strong>Korleis dette skal gjerast, blir eit av dei vanskelegaste temaa, meiner Jensehaugen.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er tolkingsrom og handlingsrom her \u00f2g. Er det absolutt alle v\u00e5pena? Det er heilt urealistisk. Er det dei offensive v\u00e5pena? Det er meir mogleg. Da er det snakk om rakettar og tyngre v\u00e5pen.<\/p>\n<p>Mennesker drept siden 7. oktober 2023     Lukk <\/p>\n<p data-svelte-h=\"svelte-prwzrz\"><strong class=\"svelte-7lvytd\">Kilder:<\/strong> Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza \/ FNs kontor for koordinering<br \/>\n          av humanit\u00e6r innsats (OCHA) \/ Israelske myndigheter<\/p>\n<p><strong class=\"svelte-7lvytd\" data-svelte-h=\"svelte-pfm08j\">Forbehold:<\/strong><br \/>\n          Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende,<br \/>\n          og kan periodevis v\u00e6re forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet p\u00e5 Israel<br \/>\n          7. oktober 2023. 471 israelske soldater har blitt drept siden<br \/>\n          27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene<br \/>\n          oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.<\/p>\n<p> Lukk  Mer informasjon om tallene <\/p>\n<p>Barn d\u00f8yr framleis<\/p>\n<p>If\u00f8lge FN sitt barnefond Unicef er over 100 barn drepne p\u00e5 Gazastripa sidan v\u00e5penkvila mellom Israel og Hamas tredde i kraft i oktober.<\/p>\n<p>Ei oversikt fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nytimes.com\/interactive\/2026\/01\/12\/world\/middleeast\/israel-cease-fire-gaza-demolition.html\" ec-id=\"https:\/\/www.nytimes.com\/interactive\/2026\/01\/12\/world\/middleeast\/israel-cease-fire-gaza-demolition.html\" ec-name=\"New York Times\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">New York Times<\/a> viser at over 2500 bygningar er \u00f8ydelagde sidan v\u00e5penkvila blei inng\u00e5tt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har vore utruleg mange brot p\u00e5 v\u00e5penkvila. Etter nokre standardar har det eigentleg ikkje vore v\u00e5penkvile, seier Jensehaugen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mann blander leire\" title=\"Foto: Reuters\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein palestinar blandar leirar Khan Younis i Gaza mens han pr\u00f8ver \u00e5 bygge opp igjen hus som er \u00f8ydelagd i krigen.<\/p>\n<p>Foto: Reuters<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 punktet fr\u00e5 fase ein om \u00e5 opne grenseovergangen til Egypt \u2013 Rafah \u2013 er langt fr\u00e5 oppfylt.<\/p>\n<p>Det er opna for at folk kan reise ut, men ikkje for transport av varer inn. Det gjer det vanskeleg \u00e5 f\u00e5 inn nok naudhjelp.<\/p>\n<p>\u2013 Det blei lova i f\u00f8rste fase at humanit\u00e6rhjelp skulle skyte fart. Det har jo sj\u00f8lvsagt auka fr\u00e5 den totale blokaden, men det har ikkje n\u00e5dd dei niv\u00e5a som trengst for at ein skulle ha ei menneskeverdig utvikling p\u00e5 bakken, seier Jensehaugen.<\/p>\n<p>Retting: I ei tidlegare versjon av saka sto det at Palestina sin tidlegare utanriksminister Nabil Ali Shaath (87) skal leie den teknokratiske komiteen. Det riktige er at komiteen skal leias av Ali Abdel Hamid Shaath. Saka vart retta 15. januar klokka 13.55.<\/p>\n<p>Interessert i kva som skjer i verda? H\u00f8yr utanriksredaksjonens nyaste podkast:<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>15.01.2026, kl. 13.34<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>15.01.2026, kl. 13.56<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka samanfatta USA seier dei har starta fase to av president Trump sin fredsplan for Gaza. Det inneber&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":138256,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-138255","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115899264094829271","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138255","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=138255"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138255\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/138256"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=138255"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=138255"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=138255"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}