{"id":138541,"date":"2026-01-15T18:27:59","date_gmt":"2026-01-15T18:27:59","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138541\/"},"modified":"2026-01-15T18:27:59","modified_gmt":"2026-01-15T18:27:59","slug":"googles-ki-kom-med-grove-pastandar-om-tidlegare-sv-topp","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138541\/","title":{"rendered":"Googles KI kom med grove p\u00e5standar om tidlegare SV-topp"},"content":{"rendered":"<p>    Fire politikarar var involvert i rettssaker eller til og med d\u00f8mte, hevda Google.\u00a0Det stemte berre i eitt av tilfella.\u00a0\u2013 Grovt og kjipt, seier tidlegare SV-statsr\u00e5d Heikki Holm\u00e5s.<\/p>\n<p>\n        Tidlegare SV-profil Heikki Holm\u00e5s blei skulda for \u00e5 vere domfelt av KI-tenesta til Google etter eit p\u00e5 stortingsrepresentantar i fengsel.<br \/>\n        \ud83d\udcf8: Ole Petter Bauger\u00f8d Stokke \/ Mariam Butt \/ NTB\n    <\/p>\n<p>Ein Reddit-brukar s\u00f8kte nyleg p\u00e5\u00a0\u00abStortingspolitiker i fengsel\u00bb p\u00e5 Google.<\/p>\n<p data-lab-font_weight=\"\"><a href=\"https:\/\/www.reddit.com\/r\/norge\/comments\/1q907bp\/googles_ki_funksjon_p%C3%A5st%C3%A5r_uriktig_at_sv\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Svaret han fekk av KI-oversikten<\/a> til s\u00f8kemotoren viste seg \u00e5 innehalde feil om tre av dei fire politikarane p\u00e5 lista.<\/p>\n<p>P\u00e5 topp\u00a0stod tidlegare\u00a0stortingsrepresentant og statsr\u00e5d for SV, Heikki Holm\u00e5s.\u00a0<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">If\u00f8lgje KI-oversikta blei han i\u00a0\u00ab2025 sikta og seinare domfelt for forhold knytt til eige og kj\u00f8p av seksuelle tenester fr\u00e5 ein mindre\u00e5rig\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Det er absolutt feil, seier Holm\u00e5s sj\u00f8lv til kode24.\u00a0<\/p>\n<p>Han jobbar i dag i Sopra Steria, der han er direkt\u00f8r for strategi og energi, og fagansvarlig for b\u00e6rekraftsr\u00e5dgivning.<\/p>\n<p>\u2013\u00a0Dette er jo<br \/>\nveikskapen til dagens KI-spr\u00e5kmodellar, at dei hallusinerar.\u00a0Det gjer dei p\u00e5<br \/>\nutruleg mange m\u00e5tar. Dette er ein av dei grovare og kjipare m\u00e5tane.\u00a0<\/p>\n<p>Google retta seg sj\u00f8lv<\/p>\n<p>Eit par timar\u00a0etter at tr\u00e5den om KI-teksten blei posta p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.reddit.com\/r\/norge\/comments\/1q907bp\/googles_ki_funksjon_p%C3%A5st%C3%A5r_uriktig_at_sv\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Reddit<\/a>, retta KI-oversikta til Google opp sin eigen feil.\u00a0<\/p>\n<p>\u00abDet er ingen bevis for at Heikki Holm\u00e5s er d\u00f8mt for kj\u00f8p av seksuelle tenester; ein feilaktig p\u00e5stand skal ha sirkulert via AI, men stemmer ikkje\u00bb,\u00a0st\u00e5r det p\u00e5 ein ny skjermdump i tr\u00e5den.<\/p>\n<p>N\u00e5r kode24 gjer det same Google-s\u00f8ket, er ikkje Holm\u00e5s nemnd med namn lenger.\u00a0<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">Sj\u00f8lv trur Heikki Holm\u00e5ls lista over dei som har opplevd minst like galne hallusinasjonar er veldig lang.<\/p>\n<p>\u2013 Eg brukar sj\u00f8lv KI mykje i arbeidet mitt og ser mange d\u00f8me p\u00e5 at spr\u00e5kmodellane til sj\u00f8lv dei store techselskapa fantaserar.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/253641.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"735\" title=\"KI-oversikta dikta opp fleire ting som svar p\u00e5 Google-s\u00f8ket om stortingspolitikar i fengsel.\" alt=\"\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            KI-oversikta dikta opp fleire ting som svar p\u00e5 Google-s\u00f8ket om stortingspolitikar i fengsel.<br \/>\n            \ud83d\udcf8: Skjermdump \/ Reddit\n        <\/p>\n<p>Upresist eller heilt feil<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">Unders\u00f8kingar kode24 har gjort, viser at Google ogs\u00e5\u00a0fantaserte om to andre p\u00e5 den KI-genererte lista, og er upresis om \u00e9in politikar.<\/p>\n<ul data-lab-font_weight=\"\">\n<li class=\"lab-bodytext-line\">Det stemmer at Mazyar Keshvari blei d\u00f8mt til <a class=\"\" href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/keshvari-domt-til-sju-maneders-fengsel-1.15034426\" target=\"_blank\" rel=\"nofollow noopener\">sju m\u00e5nadar i fengsel<\/a> for grovt bedrageri i 2019, men \u00e5ret etter vart dommen <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/keshvari-domt-til-elleve-maneders-fengsel-1.15199942\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">utvida til 11 m\u00e5nadar<\/a>. Alts\u00e5 kunne informasjonen vore meir oppdatert og presis.\u00a0<\/li>\n<li class=\"lab-bodytext-line\">Men det er ikkje riktig\u00a0at stortingsrepresentant Tor Andr\u00e9 Johnsen (Frp) skal ha vore involvert i ein\u00a0\u00abrettsprosess i 2025 knytt til lovbrot\u00a0p\u00e5 vegtrafikklova og motsetning mot offentleg tenestemann\u00bb.<\/li>\n<li class=\"lab-bodytext-line\">Det er heller ikkje riktig at tidlegare stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) skal ha vore \u00abinvolvert i ei sak vedr\u00f8rande \u00f8konomiske mislegheiter som f\u00f8rte til rettsleg forf\u00f8lging tidleg p\u00e5 2020-talet\u00bb.<\/li>\n<\/ul>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/253609.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"322\" title=\"Tore Andr\u00e9 Johnsen i Frp avviser \u00e5 ha vore i rettssak om vegtrafikklova.\" alt=\"\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Tore Andr\u00e9 Johnsen i Frp avviser \u00e5 ha vore i rettssak om vegtrafikklova.<br \/>\n            \ud83d\udcf8: Thomas Fure \/ NTB\n        <\/p>\n<p>\u2013 Ikkje hyggeleg \u00e5 bli framstilt som kriminell<\/p>\n<ul>\n<p>Dei to sistnemnde reagerer med vantru n\u00e5r kode24 tek kontakt.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo heilt feil. Korleis f\u00e5r dei til \u00e5 finne p\u00e5 noko slikt? Det er heilt absurd. Det m\u00e5 vere vesentlege veikskapar med KI, seier Tor Andr\u00e9 Johnsen.\u00a0<\/p>\n<p>Heidi Greni ler h\u00f8gt n\u00e5r kode24 les opp p\u00e5standen til Googles KI.<\/p>\n<p>\u2013 Det er i alle fall ukjent for meg. Det er ikkje hyggeleg \u00e5 bli framstilt som kriminell p\u00e5 nettet, seier ho.\u00a0<\/p>\n<p>Greni er framleis p\u00e5 jobbjakt etter at ho mista stortingsplassen i valet i haust.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Dette st\u00e5r fram som ein flekk p\u00e5 rullebladet, som folk truleg trur p\u00e5. Dersom arbeidsgjevarar googlar namnet mitt og les at eg har vore involvert i noko straffbart, vil dei d\u00e5 tilsette meg i noko?\u00a0<\/p>\n<\/ul>\n<p>            Korleis f\u00e5r dei til \u00e5 finne p\u00e5 noko slikt? Det er heilt absurd.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/253604.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"322\" title=\"Heidi Greni (Sp) er uroa for at KI-feil potensielt kan skade jobbjakta hennar. Her fotografert i stortingssalen i 2021\" alt=\"\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Heidi Greni (Sp) er uroa for at KI-feil potensielt kan skade jobbjakta hennar. Her fotografert i stortingssalen i 2021<br \/>\n            \ud83d\udcf8: Terje Pedersen \/ NTB\n        <\/p>\n<p>H\u00e5per p\u00e5 strengare regulering<\/p>\n<p>Dette meiner dei tre profilane b\u00f8r skje med KI-tenestene framover:\u00a0<\/p>\n<ul>\n<li class=\"lab-bodytext-line\">Heidi Greni meiner Google b\u00f8r merke KI-tenesta si betre, slik at folk ikkje tek alt som st\u00e5r der for god fisk. \u2013 Sidene b\u00f8r merkast med at du m\u00e5 ta det med ein klype salt, s\u00e5 folk ikkje trur at det er heile og fulle sanninga, seier ho.<\/li>\n<li class=\"lab-bodytext-line\">Tor Andr\u00e9 Johnsen trur det vil bli strengare regulering av KI framover, sj\u00f8lv om Frp elles ikkje er s\u00e5 glad i \u00e5 regulere store og sm\u00e5 ting. \u2013 KI er eit stort og nytt felt som kan ha store, negative, samfunnsmessige konsekvensar om det blir brukt feil, seier han.\u00a0<\/li>\n<li class=\"lab-bodytext-line\">Heikki Holm\u00e5s tek til orde for \u00e5 l\u00e6re opp b\u00e5de barn og vaksne i \u00e5 ha eit kritisk forhold til det som skrivast av b\u00e5de KI-modeller og<br \/>\nelles i media. Slik kan ein ha ei felles oppfatning i samfunnet av kva som er fakta og kva som er feil eller til og med ondsinna l\u00f8gn. \u2013 Det blir heilt avgjerande for demokratiet framover, seier han.<\/li>\n<\/ul>\n<p>        <a itemprop=\"url\" class=\"\" href=\"https:\/\/www.kode24.no\/artikkel\/avis-skrev-at-nordmann-var-sikta-for-overgrep-fordi-ai-tok-feil\/245537\" data-k5a-url=\"https:\/\/www.kode24.no\/a\/245537\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>            Beskyldte nordmann for voldtekt, fordi AI tok feil<\/p>\n<p itemprop=\"description\" class=\"subtitle \" style=\"\">\n    Rana No sjekka ikke om AI-en hadde rett, melder Medier24. Det burde de ha gjort, viser ogs\u00e5 kode24s test.\n<\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>Sjekka informasjon fr\u00e5 KI<\/p>\n<p>Utgangspunktet for Google-s\u00f8ket var at Reddit-brukaren var nysgjerrig p\u00e5 kva som skjer med stortingsjobbinga n\u00e5r ein politikar m\u00e5 sone i fengsel.\u00a0<\/p>\n<p>Mannen\u00a0\u00f8nsker ikkje \u00e5 st\u00e5 fram med namnet sitt hos kode24, men\u00a0opplyser at han jobbar i sikkerheitsbransjen.\u00a0<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">D\u00e5 han fekk opp ei KI-generert liste over politikarar, stussa han over at profilar Heikki Holm\u00e5s nyleg skal ha vore involvert i sakene som er lista opp.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Eg f\u00f8ler at eg hadde h\u00f8yrd om det dersom det hadde skjedd, s\u00e5 eg sjekka opp om det stemte, noko det d\u00e5 ikkje gjorde, svarar Reddit-brukeren.\u00a0<\/p>\n<p>            KI-ar er lygemaskinar som fabrikerar fakta.<\/p>\n<p>        <a itemprop=\"url\" class=\"\" href=\"https:\/\/www.kode24.no\/artikkel\/halvparten-av-kis-svar-om-nyheter-hadde-feil\/248171\" data-k5a-url=\"https:\/\/www.kode24.no\/a\/248171\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>            Halvparten av KIs svar om nyheter hadde feil<\/p>\n<p itemprop=\"description\" class=\"subtitle \" style=\"\">\n    If\u00f8lge rapporten klarte Googles Gemini seg d\u00e5rligst.\n<\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>Meiner KI er\u00a0\u00ablygemaskinar\u00bb<\/p>\n<p>Reddit-brukaren meiner det er\u00a0\u00abrein galskap\u00bb at det er lov med slik teknologi\u00a0\u00abutan nokon som helst form for reguleringar\u00bb.<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">\u2013\u00a0KI-ar er lygemaskinar som fabrikerar fakta.\u00a0Det at det st\u00e5r \u00abInformasjonen kan vere feil\u00bb nedst p\u00e5 skjermen med lita skrift synest eg ikkje er ei god nok unnskulding til \u00e5 tillate at den spreiar farleg misinformasjon.<\/p>\n<p>Mannen er oppteken av at b\u00e5de teknologiselskapa og styresmaktene m\u00e5 ta ansvar for \u00e5 regulere kunstig intelligens betre.\u00a0Samtidig peikar han ogs\u00e5 p\u00e5 ansvaret til\u00a0forbrukarane og fryktar folk vil bruke KI som kjelde p\u00e5 innlegg dei sj\u00f8lve postar p\u00e5 internett.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Eg er redd for at internett f\u00f8lgeleg blir ubrukeleg som ei kjelde for \u00e5 hente informasjon, d\u00e5 det blir umogleg \u00e5 seie kva som faktisk er sant, og kva som berre er KI-oppspinn, skriv mannen til kode24.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/253633.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"322\" title=\"Sondre Ronander er pressekontakt i Google Norge og Suomi.\" alt=\"\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Sondre Ronander er pressekontakt i Google Norge og Suomi.<br \/>\n            \ud83d\udcf8: Thomas Fure \/ NTB\n        <\/p>\n<p>Google svarar: \u2013 Blir stadig forbetra<\/p>\n<p class=\"no_italic m-no_italic\" data-lab-italic=\"\">Kode24 har sendt fleire sp\u00f8rsm\u00e5l til Google om saka, om kor mykje ein kan stole p\u00e5 KI-oversikta deira, kva selskapet gjer for \u00e5 hindre hallusinering, og kommentar til uttalar fr\u00e5 reddit-brukaren.\u00a0<\/p>\n<p class=\"no_italic m-no_italic font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-italic=\"\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">Sondre Ronander, pressekontakt i Google Norge og Suomi, kommenterer saka samla slik:\u00a0<\/p>\n<p class=\"no_italic m-no_italic\" data-lab-italic=\"\">\u2013 AI-oversikter blir stadig forbetra for \u00e5 vise nyttig\u00a0informasjon, og vi jobbar hardt for \u00e5 sikre kvaliteten p\u00e5 svara, skriv Ronander.\u00a0<\/p>\n<p class=\"no_italic m-no_italic\" data-lab-italic=\"\"> \u2013 N\u00e5r det oppst\u00e5r problem, til d\u00f8mes viss modellane v\u00e5re feiltolkar innhald p\u00e5 nettet eller manglar kontekst, brukar vi desse eksempla til \u00e5 forbetre systema v\u00e5re, og vi kan iverksette tiltak i henhold til retningslinjene v\u00e5re.<\/p>\n<p>        <a itemprop=\"url\" class=\"\" href=\"https:\/\/www.kode24.no\/artikkel\/sann-lar-tv-2-ki-moderere-kommentarer\/252492\" data-k5a-url=\"https:\/\/www.kode24.no\/a\/252492\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>            TV 2 lar KI moderere kommentarer<\/p>\n<p itemprop=\"description\" class=\"subtitle \" style=\"\">\n    \u2013 Vi m\u00e5tte utvikle v\u00e5r egen l\u00f8sning, skriver Artur Gosan, og forklarer hvordan.\n<\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Fire politikarar var involvert i rettssaker eller til og med d\u00f8mte, hevda Google.\u00a0Det stemte berre i eitt av&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":138542,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-138541","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115900534158042111","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138541","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=138541"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138541\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/138542"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=138541"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=138541"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=138541"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}