{"id":138580,"date":"2026-01-15T19:36:23","date_gmt":"2026-01-15T19:36:23","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138580\/"},"modified":"2026-01-15T19:36:23","modified_gmt":"2026-01-15T19:36:23","slug":"brann-stoppar-eivind-helland-blir-bologna-spelar-prislappen-knusar-klubbrekorden-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/138580\/","title":{"rendered":"Brann-stoppar Eivind Helland blir Bologna-spelar \u2013 prislappen knusar klubbrekorden \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert: <\/p>\n<ul>\n<li>Eivind Helland, 20 \u00e5r gammal midtstoppar fr\u00e5 Brann, er p\u00e5 veg til Bologna i Serie A for ein overgangssum p\u00e5 100 millionar kroner.<\/li>\n<li>Overgangen er den st\u00f8rste i Brann si historie og eit teikn p\u00e5 auka verdi p\u00e5 norske spelarar.<\/li>\n<li>Barndomsklubbane Fyllingsdalen og S\u00e6dalen kan f\u00e5 millionar gjennom FIFA sine solidaritetsmiddel, som sikrar 5 % av overgangssummen til utviklingsklubbane, if\u00f8lge lokalaviser.<\/li>\n<li>Fyllingsdalen kan f\u00e5 opp mot 12 millionar kroner, inkludert ein mogleg eigen avtale med Brann.<\/li>\n<li>Solidaritetsordninga gir direkte \u00f8konomisk st\u00f8tte til breiddeklubbane og viser seg \u00e5 fungere godt.<\/li>\n<li>Overgangen blir sett p\u00e5 som eit positivt signal for norsk fotball og amat\u00f8rklubbar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Den 20 \u00e5r gamle Brann-midtstopparen Eivind Helland er torsdag i Bologna med sikte p\u00e5 ein overgang til den italienske Serie A-klubben.<\/p>\n<p>\u2013 SK Brann har gitt Eivind Helland lov til \u00e5 reise til Bologna for medisinsk unders\u00f8king. Klubbane er einige om vilk\u00e5ra for ein eventuell overgang, seier sportsleg leder Per-Ove Ludvigsen til NRK.<\/p>\n<p><strong>If\u00f8lge opplysningar <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/nrk-erfarer_-brann-talent-selges-for-rekordsum-1.17728321\" ec-id=\"pp:article:1.17728321\" ec-name=\"NRK fekk onsdag kveld\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">NRK fekk onsdag kveld<\/a> skal overgangen vere p\u00e5 8,5 millionar euro, som tilsvarar 100 millionar norske kroner.<\/strong><\/p>\n<p>Med det st\u00e5r midtstopparen for den st\u00f8rste overgangssummen i Brann nokosinne.<\/p>\n<p>Det var <a href=\"https:\/\/www.bt.no\/sport\/ballspark\/i\/PdRaa7\/eivind-helland-selges-fra-brann-til-bologna\" ec-id=\"https:\/\/www.bt.no\/sport\/ballspark\/i\/PdRaa7\/eivind-helland-selges-fra-brann-til-bologna\" ec-name=\"Bergens Tidende\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Bergens Tidende<\/a> som f\u00f8rst omtalte rekordovergangen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"lagbilde S\u00e6dalen IL\" title=\"Foto: S\u00e6dalen IL\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er lenge sidan Eivind Helland (til h\u00f8gre) starta karrieren i S\u00e6dalen IL. No ser midtstopparen ut til \u00e5 tidenes dyraste selde Brann-spelar, og det kjem S\u00e6dalen til \u00e5 merke.<\/p>\n<p>Foto: S\u00e6dalen IL<\/p>\n<p>\u2013 Tippar dei har falle av stolen<\/p>\n<p>\u2013 F\u00f8rst og fremst er me veldig glad p\u00e5 Eivind sine vegner, seier styreleiar Victoria Heckmann i FK Fyllingsdalen.<\/p>\n<p><strong>Men klubben kan \u00f2g vere glad p\u00e5 eigne vegner.<\/strong><\/p>\n<p>For rekordsummen til SK Brann vil regne \u00f2g ned p\u00e5 breiddeklubbane Fyllingsdalen og S\u00e6dalen, der Helland sleit ut fotballsko f\u00f8r han gjekk til Brann.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bologna fotballstadion\" title=\"Foto: Oddgeir Berland \u00d8ystese \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er langt fr\u00e5 S\u00e6dalen og Fyllingsdalen til Stadio Renato Dall&#8217;Ara i Bologna, p\u00e5 mange m\u00e5tar. <\/p>\n<p>Foto: Oddgeir Berland \u00d8ystese \/ NRK<\/p>\n<p>Kor mykje vil ikkje klubbane g\u00e5 n\u00e6rmare inn p\u00e5, og dei understrekar at dei f\u00f8rst og fremst er spente og gler seg p\u00e5 Helland sine vegner.<\/p>\n<p>\u2013 Me har ikkje budsjettert med at me skulle tene pengar p\u00e5 Eivind si tid i S\u00e6dalen, s\u00e5 for v\u00e5r del er den st\u00f8rste gevinsten det f\u00f8rebiletet han er for barn og unge, seier dagleg leiar i S\u00e6dalen IL, P\u00e5l Hafstad Thorsen.<\/p>\n<p><strong>Tidlegare Brann-spelar og fotballkommentator Jonas Gr\u00f8nner trur Fyllingsdalen er meir begeistra enn dei gir uttrykk for, og jublar p\u00e5 deira vegner.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en gruppe mennesker som holder flagg\" title=\"Foto: S\u00e6dalen IL\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det var for S\u00e6dalen IL Helland sleit ut sine f\u00f8rste fotballsko, f\u00f8r han gjekk vidare til FK Fyllingsdalen i ungdommen. No kan det drysse godt p\u00e5 begge dei tidlegare klubbane.<\/p>\n<p>Foto: S\u00e6dalen IL<\/p>\n<p>\u2013 Eg tippar dei har falle av stolen i Fyllingsdalen, og at dei ikkje veit kva dei skal gjere i dag, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 \u00d8konomi er ekstremt viktig i idrett, og det er s\u00e5 store summar det er snakk om her.<\/p>\n<p>Garantert 5 prosent i solidaritetsmiddel<\/p>\n<p>N\u00f8yaktig kor store summar det er snakk om vil ikkje klubbane g\u00e5 ut med.<\/p>\n<p><strong>Men if\u00f8lgje regelverket til FIFA skal klubbar der spelaren har utvikla seg vere garantert s\u00e5kalla solidaritetsmiddel ved ein overgang.<\/strong><\/p>\n<p>Det bekreftar Espen Auberg, som er fotballagent og jurist med ekspertise p\u00e5 fotballjus.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"S\u00e6land lagbilde\" title=\"Foto: S\u00e6land IL\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er lenge sidan Eivind Helland (andre fr\u00e5 venstre bakarst) tok dette lagbildet med S\u00e6dalen IL. Bak til h\u00f8gre Brann-spelar Markus Haaland. <\/p>\n<p>Foto: S\u00e6land IL<\/p>\n<p>\u2013 Heile 5 prosent av salet skal fordelast p\u00e5 klubbane dei har vore i utvikling hj\u00e5, forklarar han.<\/p>\n<p><strong>Med ein antatt overgangssum p\u00e5 100 millionar kroner, betyr dette at eit bel\u00f8p p\u00e5 5 millionar kroner skal fordelast som solidaritetsmiddel. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Eivind Helland og lederen for supporterklubben Brann Bataljonen, Erlend V\u00e5gane, p\u00e5 Brann Stadion.\" title=\"Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">F\u00f8r sesongslutt blei Helland k\u00e5ra til \u00e5rets unge spelar av supporterklubben Brann Bataljonen, her med leiar Erlend V\u00e5gane. No ser det ut til at laget m\u00e5 klare seg utan midtstopparen.<\/p>\n<p>Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB<\/p>\n<p><strong>I tillegg peiker Auberg p\u00e5 at det kan vere ein eigen avtale mellom Fyllingsdalen og Brann, som gir Fyllingsdalen end\u00e5 meir ved eit vidaresal.<\/strong> <\/p>\n<p>If\u00f8lgje fleire lokale aviser kan det vere snakk om s\u00e5 mykje som 12 millionar kronar som g\u00e5r til Fyllingsdalen etter rekordovergangen fr\u00e5 Brann. <\/p>\n<p>Hyggeleg for breiddeklubbane<\/p>\n<p>Overgangen til Helland er eit tydeleg teikn p\u00e5 ein positiv trend i norsk fotball, meiner Auberg.<\/p>\n<p>\u2013 Verdien p\u00e5 spelarar i norske klubbar har auka dei siste \u00e5ra, og salet av Helland er eit klart bevis p\u00e5 dette, seier Auberg.<\/p>\n<p>Det f\u00e5r direkte positive konsekvensar for amat\u00f8rklubbane.<\/p>\n<p>\u2013 Jo h\u00f8gare summane blir, desto meir g\u00e5r til barndomsklubbane. Dette er hyggeleg for breiddeklubbane og visar at ordninga med solidaritetsmiddel fungerer etter hensikt, avsluttar advokaten.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>15.01.2026, kl. 16.14<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Eivind Helland, 20 \u00e5r gammal midtstoppar fr\u00e5 Brann, er p\u00e5 veg til Bologna i Serie A&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":138581,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-138580","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115900801775484443","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138580","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=138580"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/138580\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/138581"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=138580"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=138580"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=138580"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}