{"id":139363,"date":"2026-01-16T16:57:10","date_gmt":"2026-01-16T16:57:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/139363\/"},"modified":"2026-01-16T16:57:10","modified_gmt":"2026-01-16T16:57:10","slug":"ylvis-har-trekt-seg-fra-melodi-grand-prix-melodi-grand-prix-eurovision-song-contest-nrk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/139363\/","title":{"rendered":"Ylvis har trekt seg fr\u00e5 Melodi Grand Prix \u2013 Melodi Grand Prix \u2013 Eurovision Song Contest \u2013 NRK"},"content":{"rendered":"<p>B\u00e5rd og Vegard Ylvis\u00e5ker har hatt ei suksesskarriere sidan tidleg p\u00e5 2000-talet.<\/p>\n<p><strong>Fleire i Melodi Grand Prix-milj\u00f8et har tippa at dei ville delta i \u00e5rets konkurranse, men slik blir det alts\u00e5 ikkje.<\/strong><\/p>\n<p>Det er Ylvis sj\u00f8lv som melder dette p\u00e5 Instagram fredag. Der skriv dei blant anna:<\/p>\n<p>\u2013 I \u00e5r var planen v\u00e5r \u00e5 delta i MGP. Vi hadde laga ein l\u00e5t og eit konsept vi tenkte kunne passe bra perfekt i MGP-samanheng, skriv Ylvis fredag ettermiddag.<\/p>\n<p>Sa fr\u00e5 seg plassen<\/p>\n<p>Dei viser til at dei gjorde det klart for NRK tidleg i prosessen at dei ikkje \u00f8nska \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 same scene som Israel.<\/p>\n<p>Dei hadde h\u00e5pa at EBU ville utestenge Israel fr\u00e5 Eurovision.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 det i desember blei klart at dette ikkje ville skje, s\u00e5g vi ingen andre moglegheiter enn \u00e5 seie fr\u00e5 oss plassen i \u00e5rets konkurranse, skriv Ylvis.<\/p>\n<p>Prosjektleiar for MGP i NRK, Mads T\u00f8rklep, bekreftar at dialogen har funne stad, men avdramatiserer situasjonen.<\/p>\n<p>\u2013 Vi jobba med gutane med ein intensjon om at dei skulle delta, men landa aldri noka avtale og gjekk kvar til v\u00e5rt tidleg i desember, seier T\u00f8rklep.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ylvis om MGP p\u00e5 Instagram\" title=\"Foto: Instagram\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ylvis la ut dette innlegget p\u00e5 Instagram fredag.<\/p>\n<p>Foto: Instagram<\/p>\n<p>Lansering m\u00e5ndag<\/p>\n<p>Han legg til at dette er ein del av gamet i bransjen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette skjer fr\u00e5 tid til anna. Vi h\u00e5par vi kan ta opp att samtalane ein annan gong.<\/strong><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om avtalen meds Ylvis ikkje gjekk i boks denne gongen, ser T\u00f8rklep lyst p\u00e5 den kommande artistlanseringa.<\/p>\n<p>Neste veke skal sl\u00f8ret lettast for \u00e5rets deltakarar.<\/p>\n<p>\u2013 No gler vi oss til \u00e5 vise fram eit vilt bra lag med artistar neste veke. Totalt 16 namn skal presenterast i l\u00f8pet av m\u00e5ndag og tysdag, seier T\u00f8rklep.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann if\u00f8rt en hvit maske\" title=\"Foto: Javad Parsa \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">MGP-sjef Mads T\u00f8rklep.<\/p>\n<p>Foto: Javad Parsa \/ NTB<\/p>\n<p>Lanseringa blir sendt direkte i NRK TV og p\u00e5 NRK.no.<\/p>\n<p>Rosar musikksjefen<\/p>\n<p><strong>T\u00f8rklep nyttar h\u00f8vet til \u00e5 skryte av arbeidet til MGP sin framleis ferske musikksjef, Tarjei Str\u00f8m.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er eit skyh\u00f8gt niv\u00e5. Der er det b\u00e5de unge nykommarar og store verdsstjerner som skal ta Noreg med storm denne vinteren.<\/p>\n<p>Det har vore mykje diskusjon b\u00e5de her i landet og internasjonalt om at Israel skal delta i \u00e5rets Eurovision.<\/p>\n<p>\u00c5rets finale i MGP blir halden i H\u00e5konshall p\u00e5 Lillehammer laurdag 28. februar og Mads T\u00f8rklep lovar eit storsl\u00e5tt show \u2013 ogs\u00e5 utan Ylvis.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"The Fox\" title=\"Foto: Halvor Farsund Storvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u00abThe Fox\u00bb er br\u00f8rne sin desidert st\u00f8rste internasjonale suksess.<\/p>\n<p>Foto: Halvor Farsund Storvik \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>16.01.2026, kl. 16.29<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>16.01.2026, kl. 16.50<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"B\u00e5rd og Vegard Ylvis\u00e5ker har hatt ei suksesskarriere sidan tidleg p\u00e5 2000-talet. Fleire i Melodi Grand Prix-milj\u00f8et har&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":139364,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-139363","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115905838766719796","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/139363","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=139363"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/139363\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/139364"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=139363"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=139363"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=139363"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}