{"id":141134,"date":"2026-01-18T22:00:16","date_gmt":"2026-01-18T22:00:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/141134\/"},"modified":"2026-01-18T22:00:16","modified_gmt":"2026-01-18T22:00:16","slug":"meiningar-helse-distrikta-skal-ikkje-betala-for-foretaket-sine-feil","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/141134\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | Distrikta skal ikkje betala for f\u00f8retaket sine feil"},"content":{"rendered":"\n<p>I dag tenkjer eg p\u00e5 Helse F\u00f8rde og lokalsamfunna i Sogn. Og kjem fram til at distrikta ikkje skal betale for f\u00f8retaket sine feil. <\/p>\n<p>Det er noko grunnleggjande urimeleg ved at distrikta no blir bedne om \u00e5 akseptere svekkja helsetilbod fordi Helse F\u00f8rde har sett seg i ein \u00f8konomisk situasjon dei ikkje har kontroll p\u00e5.<\/p>\n<p>N\u00e5r lokalsjukehus blir truga av kutt, blir det forklart med \u00abstramme rammer\u00bb og \u00abn\u00f8dvendige prioriteringar\u00bb. Det som sjeldan blir sagt rett ut, er at den akutte \u00f8konomiske krisa heng saman med store investeringar og l\u00e5neopptak knytt til sjukehusbygginga i F\u00f8rde \u2013 investeringar der rekneskapen ikkje har g\u00e5tt opp. <\/p>\n<p>Ved sidan av dette har personalkostnader, sjukefr\u00e5v\u00e6r og teknologiske kostnader bidrege til underskot dei siste \u00e5ra. <\/p>\n<p>Dette er ikkje eit problem skapt av pasientar i L\u00e6rdal, Nordfjord eller Indre Sogn. Det er eit problem skapt av leiing og systemval p\u00e5 f\u00f8retaksniv\u00e5. Likevel er det distrikta som blir bedne om \u00e5 betale prisen.<\/p>\n<p>N\u00e5r sentrale avgjerder gir \u00f8konomisk smell, og svaret er \u00e5 kutte i pasientn\u00e6re tilbod lokalt, er det ikkje vanskeleg \u00e5 forst\u00e5 kvifor tilliten sviktar. For kva slags signal sender det? At feil blir gjorde i sentrum, men konsekvensane blir flytta ut. <\/p>\n<p>I eit offentleg helsevesen skal likeverd ikkje vere eit honn\u00f8rord, men ein realitet. Dialyse, akutt indremedisin og polikliniske tenester er ikkje ekstraordningar ein kan ta bort n\u00e5r tala ikkje stemmer. Dei er grunnmuren som gjer det mogleg \u00e5 bu, arbeide og bli gamle i distrikta. <\/p>\n<p>Den instrumentelle logikken til f\u00f8retaket er at desse st\u00e5r for tur. Dette betyr at det er ein grunnleggjande mistillit til f\u00f8retaket no. Folk f\u00f8ler seg utrygge for helse og arbeidsplassar i lokalsamfunnet.<\/p>\n<p>Skal ein krevje at lokalsamfunn stiller seg bak smertefulle kutt, m\u00e5 ein f\u00f8rst vere \u00e6rleg om kvifor dei kjem. \u00c5 skjule konkrete feil bak diffuse formuleringar om \u00abrammevilk\u00e5r\u00bb, og samstundes be folk vise forst\u00e5ing, er ikkje leiarskap. Det er ansvarsfr\u00e5skriving. Det g\u00e5r etter kvart kanskje ogs\u00e5 opp for folk kvifor AP regjeringa sit stille i b\u00e5ten.<\/p>\n<p>Distrikta skal ikkje vere buffer for \u00f8konomiske feilgrep i helsef\u00f8retaket som systematisk har \u00f8konomisk vore vaklevoren dei siste \u00e5ra.<\/p>\n<p>Er der verkeleg ikkje andre avdelingar eller klinikkar det lar seg gjere \u00e5 spare nokre kroner?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I dag tenkjer eg p\u00e5 Helse F\u00f8rde og lokalsamfunna i Sogn. Og kjem fram til at distrikta ikkje&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":141135,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,5311,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":{"0":"post-141134","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse","15":"tag-helse-forde","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-laerdal","19":"tag-meiningar","20":"tag-news","21":"tag-no","22":"tag-norge","23":"tag-norway","24":"tag-nyheter","25":"tag-opinion","26":"tag-overskrifter","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115918354802027848","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/141134","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=141134"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/141134\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/141135"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=141134"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=141134"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=141134"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}