{"id":145424,"date":"2026-01-23T17:20:14","date_gmt":"2026-01-23T17:20:14","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/145424\/"},"modified":"2026-01-23T17:20:14","modified_gmt":"2026-01-23T17:20:14","slug":"laerdal-helse-forde-me-er-forferdeleg-skuffa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/145424\/","title":{"rendered":"L\u00e6rdal, Helse F\u00f8rde | \u2013 Me er forferdeleg skuffa"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Helsef\u00f8retaket vil alts\u00e5 la befolkninga i Sogn betala prisen for opprusting av bygg og stor administrasjon i F\u00f8rde.<\/p>\n<p>Det skriv Aksjonsgruppa for L\u00e6rdal sjukehus i ei pressemelding fredag.<\/p>\n<p>Torsdag la Helse F\u00f8rde fram dei <a rel=\"Follow nofollow noopener\" href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/foreslar-a-flytta-ortopedien\/s\/5-115-1398185\" target=\"_blank\">reviderte kuttforslaga<\/a>, som mellom anna held fast p\u00e5 flytting av ortepedien fr\u00e5 L\u00e6rdal til F\u00f8rde.<\/p>\n<p>\u2013 Me er forferdeleg skuffa! At befolkninga i ein s\u00e5 stor region som v\u00e5r skal fr\u00e5r\u00f8vast den beredskapen og tryggleiken som me per i dag har, kan me ikkje akseptera. Dei nye polikliniske tilboda vil sj\u00f8lvsagt vera gode for nokre pasientgrupper, men fjerninga av ortopedisk avdeling vil svekkja heile sjukehuset dramatisk. P\u00e5 sikt ser me konturane av eit lokalmedisinsk senter i L\u00e6rdal, om dette framlegget vert vedteke, skriv aksjonsgruppa i pressemeldinga.<\/p>\n<p>            Hovudpunkta i tilr\u00e5dingane<\/p>\n<ul>\n<li>Den ortopediske aktiviteten i Helse F\u00f8rde blir samla i sentralsjukehuset. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>L\u00e6rdal sjukehus skal likevel tilby ortopedisk poliklinikk inntil tre dagar i veka eller rundt 2500 konsultasjonar i \u00e5ret. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>Nordfjord sjukehus skal tilby dagkirurgi med opptil 60 operasjonsdagar \u00e5rleg. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li> Den indremedisinske beredskapen ved lokalsjukehusa blir vidaref\u00f8rt som i dag. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>Styret vedtek \u00e5 vidaref\u00f8re God start med jordmorsenter ved Nordfjord sjukehus i samarbeid med kommunane Stad, Kinn, Gloppen, Bremanger og Stryn. God start-eininga i L\u00e6rdal skal inntil vidare drivast som i dag, i samarbeid med kommunane L\u00e6rdal og \u00c5rdal. Alternative driftsmodellar skal utgreiast og styrebehandlast seinare i \u00e5r. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>For ambulansane blir d\u00f8gnbilen i Lavik blir flytta til Fjaler, og dagbilen i Fjaler blir lagt ned. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>Hudpoliklinikken i Flor\u00f8 blir lagt ned, medan hudpoliklinikken i Sogndal opprettheld eit poliklinisk tilbod om lysbehandling i Sogndal inntil vidare. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>Det blir ikkje gjort endringar i struktur eller d\u00f8gnkapasitet ved dei distriktspsykiatriske sentra i Sogndal og Nordfjord. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>Helse F\u00f8rde skal i 2026 starte arbeidet med \u00e5 etablere hjartesviktpoliklinikk og desentralisert lungepoliklinikk med tilbod om lungerehabilitering ved L\u00e6rdal sjukehus. <\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li>I samarbeid med Helse Vest har vi sikra avtalespesialist for augnesjukdommar ved L\u00e6rdal sjukehus. Her f\u00e5r ein kapasitet p\u00e5 minst 500 gr\u00e5 st\u00e6r-operasjonar \u00e5rleg og 3000\u20135000 polikliniske konsultasjonar \u00e5rleg. <\/li>\n<\/ul>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1398279\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/07_nyh_s_1_s_4.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Vil gjennomf\u00f8ra kontroversielt ambulansekutt\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Bagatellisering<\/p>\n<p>Dei peikar p\u00e5 at L\u00e6rdal sjukehus er eit f\u00f8red\u00f8me p\u00e5 korleis ein kan kombinera planlagde ortopediske tenester med h\u00f8g kvalitet med god utnytting av fellesressursane.<\/p>\n<p>\u2013 Fagmilj\u00f8et rundt operasjonsavdelinga er viktig for heile sjukehuset, ikkje minst for akuttberedskapen.<\/p>\n<p>Aksjonsgruppa meiner Helse F\u00f8de bagatelliserer n\u00e5r dei seier at, samla sett veg ressursinnsparinga opp for dei negative konsekvensane i form av auka reisebelastning og svekkja totalberedskap.<\/p>\n<p>\u2013 Utan skadepoliklinikken vil innbyggjarar og gjennomreisande i denne store regionen f\u00e5 sv\u00e6rt lang veg til hjelp n\u00e5r dei treng det. Kommunane og sjukehuset vil st\u00e5 d\u00e5rlegare rusta til \u00e5 takla st\u00f8rre ulukker og katastrofar. Korleis kan dette rime med at myndigheitene manar oss alle til \u00e5 ta ansvar for beredskap, p\u00e5 alle niv\u00e5?<\/p>\n<p>Tviler p\u00e5 innsparingar<\/p>\n<p>Dei fryktar at pasientar i Sogn ikkje vil f\u00e5 hjelp, n\u00e5r det hastar.<\/p>\n<p>\u2013 Stengde vegar er ikkje uvanleg i Sogn. \u00c5 satsa p\u00e5 helikopter er eit sjansespel. Er styret kjent med at kansellerte oppdrag for luftambulansen p\u00e5 grunn av v\u00ear i vinterhalv\u00e5ret ligg p\u00e5 opp mot 40 prosent for kommunane L\u00e6rdal, \u00c5rdal og Luster?<\/p>\n<p>Aksjonsgruppa tviler p\u00e5 at dei f\u00f8reslegne tiltaka i realiteten vil gje Helse F\u00f8rde den forventa innsparinga.<\/p>\n<p>\u2013 Dei kompenserande tiltaka som er skissert, verkar ikkje truverdige. Me h\u00e5par styret vil avvisa framlegget. Ikkje ta tryggleiken og beredskapen fr\u00e5 ein region med 7 000 kvadratkilometer med fjord, fjell og utfordrande topografi.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1398360\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/DSCF2032.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Styreleiaren: \u2013 Me m\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 kva som er mogleg \u00e5 flytta ut\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1398354\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/DSCF4072.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Hovudtillitsvalt: \u2013 Eg h\u00e5par det genererer arbeidsplassar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1398269\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/01\/IMG_0955.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Reaksjonar p\u00e5 kuttforslaget: \u2013 Det lappeteppet me frykta\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Helsef\u00f8retaket vil alts\u00e5 la befolkninga i Sogn betala prisen for opprusting av bygg og stor administrasjon i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":145425,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,5311,22,23,5341,5340,13,30,28,29,14,16,1510,26,27],"class_list":["post-145424","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse-forde","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-laerdal","tag-laerdal-sjukehus","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115945565279902301","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/145424","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=145424"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/145424\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/145425"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=145424"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=145424"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=145424"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}