{"id":148860,"date":"2026-01-27T18:11:18","date_gmt":"2026-01-27T18:11:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/148860\/"},"modified":"2026-01-27T18:11:18","modified_gmt":"2026-01-27T18:11:18","slug":"ytring-ullensvang-kommunestyre-ein-pust-i-bakken","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/148860\/","title":{"rendered":"Ytring, Ullensvang kommunestyre | Ein pust i bakken"},"content":{"rendered":"\n<p>Kommunestyrets juleg\u00e5ve til flyktningtenesta vart \u00abein pust i bakken\u00bb. Eit vedtak fr\u00e5 budsjettm\u00f8tet 17. desember om \u00e5 ikkje busetje nye flyktningar i 2026, kombinert med bestilling av ei ekstern tilstandsrapport utan definert m\u00e5l. Handsaminga av saka eksemplifiserer korleis politisk handlingsrom vert lukka gjennom prosess, protokoll og spr\u00e5k utan at strukturelle orsakar adresserast. M\u00f8ta er offentleg tilgjengelege som liveopptak p\u00e5 Kommune-TV.<\/p>\n<p>Sprengd kapasitet i tenestene vart nytta som hovudargument for pausen, framstilt som ansvarleg omsorg for b\u00e5de tilsette og \u00abdei vi allereie har\u00bb. Samstundes sette formuleringa debatten p\u00e5 eit spor der usemje om verkemiddel vart tolka som manglande omsyn til tenestene sitt ve og vel.<\/p>\n<p>Det vart ikkje konkretisert kva kapasitet som mangla, tiltak som skulle setjast inn, kriterium som m\u00e5tte vere oppfylte for \u00e5 ta opp att busetting eller kor lenge pausen skulle vare. Omsorga, eller pausen, fungerte dermed meir som eit retorisk skjold enn som utgangspunkt for politisk handling.<\/p>\n<p>D\u00e5 opposisjonen peika p\u00e5 manglande involvering av tilsette og tillitsvalde, vart dette ikkje handsama som prosesskritikk, men omtolka til sp\u00f8rsm\u00e5l om tillit til administrasjonen. R\u00e5dmannen synte til at saka hadde \u00abto solide vedlegg\u00bb, og avviste kritikken som noko han kunne \u00ableve med\u00bb.<\/p>\n<p>Vedlegga dokumenterer derimot konkrete manglar i ressursar, organisering og bustadtilgang, men ikkje dr\u00f8ftingsplikta. Ingen av forholda vart l\u00f8fta inn i fleirtalet si argumentasjon. Dokumenta nyttast likevel til \u00e5 legitimere stillstand, dette trass 16 millionar kroner i overskot i Flyktningfondet i 2025.<\/p>\n<p>Dette reiser grunnleggande prioriteringssp\u00f8rsm\u00e5l. Kvifor vert ikkje midlane omsette i ressursar for tenestene? Kvifor ville ikkje fleirtalet utsetje saka for betre saksgrunnlag og reell involvering? Resultatet er at pausen ikkje vert f\u00f8lgt av politiske avklaringar som gjer vedtaket mogleg \u00e5 etterpr\u00f8ve.<\/p>\n<p>Bustad g\u00e5r gjennomg\u00e5ande att som flaskehals, som dokumentert i vedlegga, men l\u00f8ftast likevel sjeldan som samla politisk hovudspor. I staden handterast symptom og konsekvensar gjennom enkeltsaker om kapasitet, rekruttering og skulenedlegging, medan \u00e5rsakene best\u00e5r.<\/p>\n<p>Her ligg ei tydeleg sj\u00f8lvmotseiing. Fleirtalet f\u00f8rebur seg p\u00e5 folketalsnedgang og opnar opp for skulenedlegging, samstundes som dei stemmer ned tiltak som kan p\u00e5verke flyttestraumar; busetting av flyktningar, tilflyttingstiltak og bustadpolitikk, for \u00e5 nemne noko. Ikkje kjem dei med eigne forslag til tiltak heller. Problemet anerkjennast medan potensielle verkemiddel avvisast. <\/p>\n<p>Aldring og l\u00e5gare f\u00f8dselstal kan ein ikkje vedta seg ut av, som p\u00e5peika i m\u00f8tet. Flyttestraumar kan derimot p\u00e5verkast politisk. Ein NRK-artikkel fr\u00e5 3. desember syner korleis Bremanger kommune, til ei viss grad ein samanliknbar kraftkommune, har teke grep for \u00e5 snu folketalsutviklinga. All utvikling er ikkje naturgitt.<\/p>\n<p>Vidare, i saker om eigedom og private investeringar vart investortillit tillagt styringsrelevans og omtala som \u00abseri\u00f8se akt\u00f8rar\u00bb kommunen \u00abgjerne vil ha\u00bb, der det \u00e5tvarast mot \u00e5 \u00absende feil signal\u00bb. Politisk fleksibilitet i form av utsetjingar og justeringar undervegs framstillast her som naudsynt for \u00e5 gje inntrykk som f\u00f8reseielege for investorane.<\/p>\n<p>Dette syner ein gjennomg\u00e5ande skilnad i kva uro som reknast relevant. Uro knytt til kapital utl\u00f8yser handling. Uro knytt til tenester, tilsette og innbyggarar vert oftare tolerert, omtolka eller handtert retorisk. I same m\u00f8te vart budsjettet elles presentert som ei \u00abpakkel\u00f8ysing\u00bb, noko som ytterlegare snevra inn rommet for reell debatt og alternative framlegg.<\/p>\n<p>Der marknad og investeringar forst\u00e5s som f\u00f8resetnader for utvikling, medan sosiale og demokratiske omsyn vurderast sekund\u00e6rt, avgrensast handlingsrommet f\u00f8r debatten tek til. Det som omtalast som \u00abrealistisk\u00bb og \u00abansvarleg\u00bb er ikkje verdin\u00f8ytralt, men resultat av politiske val som har gjort marknaden til normaltilstand og sosiale omsyn n\u00e6rast til avvik.<\/p>\n<p>Alternative utviklingsbanar vert ikkje avviste pga. manglande kunnskap, men fordi dei utfordrar ei styringsforst\u00e5ing som har blitt s\u00e5 innarbeidd at ho ikkje lenger oppfattast som ideologisk. N\u00e5r politikken tilpassar seg systemet framf\u00f8re \u00e5 gripe inn i strukturane som skaper signala, reduserast styringa til handtering av verknadar framf\u00f8re \u00e5rsaker.<\/p>\n<p>I ein slik kultur vert avgrensande spr\u00e5k eit effektivt verkemiddel. Forslag som bryt med den dominerande logikken vert ikkje m\u00f8tt med motargument, men irrelevant gjort gjennom fl\u00e5sete karakteristikkar som \u00abuansvarleg\u00bb, \u00abavskremmande\u00bb eller \u00abfantasi\u00bb. <\/p>\n<p>Slik fungerer spr\u00e5ket som ei strukturell sperre for ei reell dr\u00f8fting av korleis ressursar kan styrkjast slik at tenestene b\u00e5de f\u00e5r \u00abhovudet over vatn\u00bb samt halde fram det gode arbeidet, og korleis innbyggartillit kan byggjast gjennom reelle demokratiske prosessar.<\/p>\n<p>Skal kommunen kome vidare krev det i det minste at debatt og strukturelle sp\u00f8rsm\u00e5l l\u00f8ftast fr\u00e5 snever henvising til vedlegg og retorikk, som avgrensar politisk handlingsrom og kreativitet, til faktiske prioriteringar og konkrete tiltak. Det fortener b\u00e5de innbyggarar og tenester. Kanskje er det dagens praksis som burde ta ein \u00abpust i bakken\u00bb\u2026?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kommunestyrets juleg\u00e5ve til flyktningtenesta vart \u00abein pust i bakken\u00bb. Eit vedtak fr\u00e5 budsjettm\u00f8tet 17. desember om \u00e5 ikkje&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":148861,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,3211,15,22,23,13,30,28,29,14,5415,1533,16,41,26,27,16550,963],"class_list":["post-148860","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-flyktningar","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-odda","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ullensvang-kommunestyre","tag-ytring"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115968415106410629","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/148860","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=148860"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/148860\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/148861"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=148860"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=148860"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=148860"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}