{"id":154869,"date":"2026-02-04T10:25:13","date_gmt":"2026-02-04T10:25:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/154869\/"},"modified":"2026-02-04T10:25:13","modified_gmt":"2026-02-04T10:25:13","slug":"nyhende-arbeidsliv-maria-er-nominert-til-prisen-som-arets-leiarstjerne-det-trefte-meg-midt-i-hjartet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/154869\/","title":{"rendered":"Nyhende, Arbeidsliv | Maria er nominert til prisen som \u00e5rets leiarstjerne: \u2013 Det trefte meg midt i hjartet"},"content":{"rendered":"\n<p>Leiar i Nav Kvinnherad, Maria Danuta Sadowska, fekk seg ei stor overrasking d\u00e5 ho opna e-posten m\u00e5ndag. Der l\u00e5g det nemleg ei melding fr\u00e5 HER-programmet med informasjon om at ho var nominert i kategorien \u00e5rets leiarstjerne i HER Awards.<\/p>\n<p>\u2013 Det var utruleg kjekt. Eg blei veldig r\u00f8rt av det, og kjende at det trefte meg midt i hjartet, seier Sadowska.<\/p>\n<p>Ho peikar p\u00e5 at det er ei anerkjenning av arbeidet dei gjer i Nav Kvinnherad, og trekkjer fram sine gode kollegaer.<\/p>\n<p>\u2013 For meg handlar det ikkje om meg eller berre \u00e9in person, dette handlar om heile laget. Eg st\u00e5r i dette saman med mine dyktige kollegaer. Vi har heile tida i bakhovudet at vi skal jobba for \u00e5 l\u00f8fta menneske, tenestene og ikkje minst kvarandre. S\u00e5 dette er heilt klart eit lagarbeid. Difor meiner eg at denne nominasjonen er ei anerkjenning av det arbeidet vi gjer p\u00e5 kontoret og dei resultata vi f\u00e5r til saman, ikkje p\u00e5 min leiarstil, seier ho.<\/p>\n<p>\u2013 Inspirerande<\/p>\n<p>HER Awards er ei nasjonal prisutdeling som l\u00f8ftar fram kvinner og ulike verksemder som bidrar til verdiskaping og samfunnsendring p\u00e5 tvers av bransjar og geografi.<\/p>\n<p>Det er plukka ut ei rekkje nominerte i 14 ulike kategoriar. 10. februar skal det vidare plukkast ut 20 semifinalistar i kvar kategori, som folket skal stemma p\u00e5. Dei ti med flest stemmer i kvar kategori g\u00e5r til finalen, kor ein jury skal plukka ut ein vinnar. Vinnarane blir offentleggjorde under HER Awards, som g\u00e5r av stabelen 27. april p\u00e5 Ullevaal stadion.<\/p>\n<p>\u2013 Eg reknar ikkje med at eg blir ein av desse. For meg er nominasjonen allereie ei stor anerkjenning og ein siger i seg sj\u00f8lv. Det er utruleg kjekt at samfunnsoppdraget v\u00e5rt blir synleg i form av dette. Det er veldig mange uredde, flinke kvinner som st\u00e5r i viktige roller og som er nominerte til pris, og for min del er det inspirerande \u00e5 vera ein del av dei, seier Sadowska og held fram:<\/p>\n<p>\u2013 Om eg skulle bli ein av semifinalistane s\u00e5 blir eg veldig overraska, men det er utruleg kult \u00e5 berre vera ein av dei nominerte.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Leiar i Nav Kvinnherad, Maria Danuta Sadowska, fekk seg ei stor overrasking d\u00e5 ho opna e-posten m\u00e5ndag. Der&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":154870,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[465,36,16922,30,28,29,4966,904,83,82,1510],"class_list":{"0":"post-154869","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-arbeidsliv","9":"tag-art","10":"tag-her-awards","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-nyhende","15":"tag-pris","16":"tag-sport","17":"tag-sports","18":"tag-story"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116011881110420332","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/154869","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=154869"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/154869\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/154870"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=154869"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=154869"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=154869"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}