{"id":158922,"date":"2026-02-09T17:19:39","date_gmt":"2026-02-09T17:19:39","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/158922\/"},"modified":"2026-02-09T17:19:39","modified_gmt":"2026-02-09T17:19:39","slug":"meiningar-helse-forde-tankar-etter-den-svarte-torsdagen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/158922\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse F\u00f8rde | Tankar etter den svarte torsdagen"},"content":{"rendered":"\n<p>Det har no g\u00e5tt ei tid sidan det flaue styrem\u00f8tet i Helse F\u00f8rde, og mykje har vore sagt og skrive. Eg har ogs\u00e5 gjort opp nokre tankar etter denne f\u00f8restillinga, og dei er ikkje akkurat egna for \u00e5 f\u00e5 fram gledest\u00e5rer.<\/p>\n<p><strong>Det gjekk som<\/strong> det m\u00e5tte g\u00e5. Med eit logrande styre, godt taumstyrt av direkt\u00f8ren, fekk leiinga i HF viljen sin.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om eg har tablettar mot kvalme liggande, valde eg \u00e5 ikkje f\u00f8lgje styrem\u00f8tet \u00ablive\u00bb. Men eg har f\u00e5tt meir enn nok gjennom ulike referat fr\u00e5 m\u00f8tet, eit m\u00f8te som vel m\u00e5 vere eit skrekkeksempel p\u00e5 direkt\u00f8rstyre og handlingslamming fr\u00e5 dei som er valde til \u00e5 <strong>ivareta <\/strong>helsetilbodet v\u00e5rt.<\/p>\n<p><strong>Men endeleg<\/strong> skal leiinga i HF bli kvitt den avdelinga, som i mange \u00e5r har f\u00e5tt s\u00e5 mykje positiv omtale, at det truleg har g\u00e5tt dei p\u00e5 nervane. Ortopediavdelinga ved L\u00e6rdal sjukehus skal no til F\u00f8rde! I tillegg skal skadepoliklinikken leggast ned.<\/p>\n<p><strong>HF-veteran <\/strong>Rune Arild Larsen sa det slik i SA: \u00abDet var F\u00f8rde som m\u00e5tte f\u00e5 ortopedien!\u00bb<\/p>\n<p><strong>Orda \u00abm\u00e5tte f\u00e5\u00bb<\/strong> greip meg slik at eg ein augneblink fekk medkjensle med stakkarane i F\u00f8rde. Det h\u00f8yrdest ut som at no skal ein svolten stakkar endeleg f\u00e5 mat!<\/p>\n<p><strong>Men s\u00e5<\/strong> kom eg p\u00e5 kva som sto i ein kommentar p\u00e5 FB-sida til SA: \u00abTek dei noko, s\u00e5 tek dei alltid det beste\u00bb, og d\u00e5 gjekk anfallet av medkjensle fort over. For sanninga er vel at F\u00f8rde Sentralsjukehus veks seg stort og feit gjennom \u00f8konomisk vanstyre, og ved \u00e5 ha suger\u00f8yr inn i lokalsjukehusa.<\/p>\n<p><strong>Direkt\u00f8rane i helsevesenet<\/strong> har f\u00e5tt s\u00e5 stor og eineveldig makt, at dei faktisk kan \u00f8ydelegge helsetilbodet for heile landsdelar utan at ansvarlege styresmakter grip inn. Dette er eit klart brot p\u00e5 dei demokratiske idear og prinsipp landet v\u00e5rt skal styrast etter, og minner ikkje lite om diktatur.<\/p>\n<p><strong>S\u00e5 skal dei tr\u00f8yste L\u00e6rdal<\/strong> med nokre deltidsoppg\u00e5ver, som erstatning for dei 40 &#8211; 50 arbeidsplassane som g\u00e5r tapt, og for tapet av dei viktige landsomfattande oppg\u00e5vene som har vore utf\u00f8rde p\u00e5 utmerka vis i L\u00e6rdal i mange \u00e5r. Men framlegget til nye oppg\u00e5ver er vagt og upresist, og neppe berekraftig, og blir nok fjerna i neste runde med innsparing.<\/p>\n<p>Denne nyetableringa m\u00e5 vel ogs\u00e5 koste pengar, kanskje like mykje som dei <strong>trur <\/strong>dei sparar p\u00e5 nedlegginga i L\u00e6rdal? Kanskje blir deler av det stansa alt f\u00f8r det er etablert, p\u00e5 grunn av \u00f8konomien?<\/p>\n<p><strong>Av erfaring veit vi korleis stegvis nedbygging av sjukehus brukar \u00e5 bli gjennomf\u00f8rt.<\/strong><\/p>\n<p><strong>Kva s\u00e5 med helseberedskapen<\/strong> etter dette vedtaket? Den ser det ut til \u00e5 vere heilt gl\u00f8ymd, b\u00e5de fredstidsberedskap, med tanke p\u00e5 lokalbefolkninga og den store vegtrafikken gjennom L\u00e6rdal, og planlegging av beredskap for krise- og krigstid.<\/p>\n<p>Gjennom milit\u00e6rt og sivilt beredskapsarbeid i omlag tjue \u00e5r, har eg l\u00e6rt at eit viktig punkt i taktisk planlegging er \u00e5 spreie ressursane, slik at dei ligg s\u00e5 n\u00e6r brukarane som mogleg, og p\u00e5 den m\u00e5ten vert mindre s\u00e5rbare ved skader og tap.<\/p>\n<p><strong>Her er<\/strong> slike tankar og tiltak <strong>totalt fr\u00e5verande<\/strong>, sj\u00f8lv om Regjeringa fortel oss om den utrygge og farlege situasjonen vi no lever i, og at vi m\u00e5 vere budde p\u00e5 at ufred ogs\u00e5 kan ramme oss.<\/p>\n<p>Her er det <strong>samling i F\u00f8rde <\/strong>som gjeld, slik at alt kan bli \u00f8ydelagt p\u00e5 ein gong, om vi p\u00e5 nytt skulle f\u00e5 uvelkomne gjester. Helsevesenet her i landet var nok langt betre budd p\u00e5 slikt bes\u00f8k i 1940 enn vi er i dag.<\/p>\n<p><strong>Erfaring fr\u00e5 krigen i Ukraina<\/strong> viser nemleg at respekten for helseinstitusjonar er omtrent heilt borte fr\u00e5 angriparen si side. Det gjeld snarare \u00e5 ramme slike institusjonar med terrorbombing, for \u00e5 bryte ned motstandskrafta hos befolkninga. Samstundes vil ein bryte ned moralen hos dei stridande styrkane, ved \u00e5 vise at om dei vert s\u00e5ra i kamp, kan dei ikkje rekne med \u00e5 f\u00e5 behandling ved sjukehus.<\/p>\n<p><strong>N\u00e5r Regjeringa<\/strong> godtek at helseberedskapen i landet vert bygd ned p\u00e5 denne m\u00e5ten i dei tider vi no lever i, opptrer dei etter mitt syn uansvarleg. Dei som kan historia si, hugsar at ei regjering fr\u00e5 det same partiet ikkje akkurat viste handlekraft i tida f\u00f8r vi sist fekk ubedne gjester her i landet. S\u00e5 dette er ikkje noko nytt fr\u00e5 den kanten, og viser at dei sj\u00f8lve ikkje hugsar, og slett ikkje har l\u00e6rt noko av si eiga historie.<\/p>\n<p><strong>Vestre<\/strong>stadfester at dagens AP-regjering ikkje vil foreta seg noko i saka. Dei reknar med at forretningsf\u00f8retaket finn gode og solide l\u00f8ysingar, seier dei. Det betyr, p\u00e5 tross av fagre ord og l\u00f8fte, at dei fr\u00e5skriv seg alt ansvar for nedlegging av helsevesenet og helseberedskapen i landet.<\/p>\n<p><strong>Ved bes\u00f8k <\/strong>i m.a. L\u00e6rdal 2. februar, seier nestleiar Brenna i AP at ho forst\u00e5r raseriet over nedlegginga. Elles er det berre vanleg politikarprat, og nye lovnader om at <strong>vi kan stole p\u00e5 A<\/strong>P!!<\/p>\n<p>Av det ho og Vestre ikkje seier, forst\u00e5r eg at AP ser ut til \u00e5 vere glad for alt som f\u00f8retaka greier \u00e5 sentralisere f\u00f8r tilr\u00e5dinga om ny leiingsstruktur i helsevesenet blir lagt fram mot slutten av \u00e5ret.<\/p>\n<p><strong>Den \u00f8konomiske situasjonen<\/strong> i HF er elles i f\u00f8lgje styremedlem Arne Johannesen (SA 31. januar) s\u00e5 alvorleg, at det vil komma nye rundar som er vel s\u00e5 t\u00f8ffe som den me er i no. Og mellom linjene er det difor ikkje vanskeleg \u00e5 forst\u00e5 at dei to lokalsjukehusa vil vere historie om ikkje s\u00e5 lang tid.<\/p>\n<p><strong>Sjeldan ser ein vel<\/strong> som her eksempel p\u00e5 eit styre som berre er til for pynt, og for \u00e5 heve honorar.<\/p>\n<p>I staden for \u00e5 nikke burde dei vist handlekraft, og gjort som klinikksjef Elisabeth Siebke ved \u00c5lesund sjukehus: Ho gjekk av som klinikksjef p\u00e5 grunn av dei \u00f8konomiske rammene ho har f\u00e5tt.<\/p>\n<p>I f\u00f8lgje oppslag p\u00e5 NRK-nett seier ho: \u00abJeg klarte ikke som leder \u00e5 drifte klinikken innenfor de rammene som er tildelt. Da m\u00e5 jeg bare ta hatten og g\u00e5. S\u00e5nn er det i arbeidslivet.\u00bb<\/p>\n<p><strong>Det er ikkje <\/strong>dei som sit stille i b\u00e5ten og nikkar som s\u00f8rger for positiv utvikling av samfunnet. Det gjer derimot dei iderike og utolmodige, som har visjonar, som \u00f8nskjer \u00e5 f\u00e5 noko til \u00e5 skje, og som ikkje er redde for \u00e5 utfordringar. Alts\u00e5 det motsette av det vi har sett fr\u00e5 styret i HF i denne saka.<\/p>\n<p><strong>Ein kan faktisk <\/strong>lure p\u00e5 om dei som sit i styret ikkje har samvit og medkjensle, og at dei difor ikkje bryr seg om f\u00f8lgjene av det dei bestemmer. Eller kanskje gjer h\u00f8ge honorar at dei ogs\u00e5 har mista bakkekontakten?<\/p>\n<p>Kanskje dei b\u00f8r lese boka \u00abVerdien av empati i ledelse\u00bb, KG Stave.<\/p>\n<p><strong>Det hadde vel vore betre<\/strong> at dei i leiinga hadde vorte hugsa som dei som gjorde oppr\u00f8r, og kanskje fekk sentrale styresmakter til \u00e5 vakne og forst\u00e5 alvoret i situasjonen, enn for \u00e5 bli tillagt \u00ab\u00e6ra\u00bb for lojalt og logrande \u00e5 ha rasert restane av helsetilbodet for utkantfolk i Sogn og Fjordane? For utkantfolk er vel dei fleste av oss? I alle fall blir vi det noks\u00e5 snart no n\u00e5r det gjeld helsetilbod.<\/p>\n<p><strong>Men det blir vel<\/strong> kanskje ikkje s\u00e5 lenge styret f\u00e5r halde fram \u00e5 heve honorar heller? For n\u00e5r lokalsjukehusa er borte, vil det vel vere slutt p\u00e5 HF? Sjukehuset i F\u00f8rde vert vel d\u00e5 eit lokalsjukehus under Bergen, som i sin tur kanskje vil starte flytting av oppg\u00e5ver til Haukeland?<\/p>\n<p><strong>Ser forresten<\/strong> at ordf\u00f8rarane i Sognar\u00e5det no ogs\u00e5 har byrja \u00e5 tenke slik eg skisserte i mitt innlegg \u00abMed Helse F\u00f8rde mot det endelege m\u00e5let\u00bb (publisert 17.12.25), n\u00e5r det gjeld framtida til Nordfjord og deler av Sogn i HF.<\/p>\n<p><strong>V\u00e5rt siste h\u00e5p<\/strong> i denne saka er at Kjersti Toppe og Senterpartiet f\u00e5r fleirtal for sitt framlegg i Stortinget den 24. februar, og at regjeringa p\u00e5 den m\u00e5ten vert instruert til \u00e5 gripe inn og stanse den galskapen, som i regi av Arbeidarpartiet og helsef\u00f8retaka er i ferd med \u00e5 \u00f8ydelegge helsetenesta her i landet.<\/p>\n<p><strong>Det vart gjort<\/strong> av d\u00e5verande ministar for helse- og omsorg, Anne-Grete Str\u00f8m-Eriksen, d\u00e5 Helse Nord var i ferd med \u00e5 legge ned viktige funksjonar ved to sjukehus i Nordland.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 hadde vi nok ein fagstatsr\u00e5d med stor ansvarskjensle og handlekraft, og ikkje minst forst\u00e5ing for kor viktig forsvarleg helsetilbodet er for alle, ogs\u00e5 dei som bur i utkantane.<\/p>\n<p>Det m\u00e5 vi nok erkjenne at vi diverre ikkje har i dag.<\/p>\n<p><strong>S\u00e5 er sp\u00f8rsm\u00e5let<\/strong> om dei to F\u00f8rde-representantane vil blokkere fleirtalet i Stortinget denne gongen ogs\u00e5. Dei er vel villige til \u00e5 strekke seg langt for at F\u00f8rde skal f\u00e5 enno meir fr\u00e5 utkantane?<\/p>\n<p>Dersom ikkje eit fleirtal i <strong>Stortinget <\/strong>grip inn denne saka, vil det vere end\u00e5 meir alvorleg, og vise til fulle kor d\u00e5rleg det no st\u00e5r til med leiarskapen for Kongeriket Noreg.<\/p>\n<p><strong>Som sagt<\/strong> f\u00f8r, h\u00e5par eg at dei som skal stemme ved neste stortingsval ikkje har gl\u00f8ymt den \u00abhjelpa\u00bb AP-regjeringa har i gitt oss Sogn og i Nordfjord i denne saka.<\/p>\n<p><strong>Det heiter at ein f\u00e5r den leiinga ein fortener, og ein kan ikkje skulde p\u00e5 andre, dersom ein sj\u00f8lv har vore med \u00e5 bestemme det gjennom val.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det har no g\u00e5tt ei tid sidan det flaue styrem\u00f8tet i Helse F\u00f8rde, og mykje har vore sagt&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":158923,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,5311,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":["post-158922","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse-forde","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116041820591572079","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/158922","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=158922"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/158922\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/158923"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=158922"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=158922"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=158922"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}