{"id":161916,"date":"2026-02-12T21:24:19","date_gmt":"2026-02-12T21:24:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/161916\/"},"modified":"2026-02-12T21:24:19","modified_gmt":"2026-02-12T21:24:19","slug":"helse-helse-forde-fleirtal-i-stortinget-for-eit-nytt-forslag-om-sjukehusfinansiering","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/161916\/","title":{"rendered":"Helse, Helse F\u00f8rde | Fleirtal i Stortinget for eit nytt forslag om sjukehusfinansiering"},"content":{"rendered":"\n<p>SV og Raudt stadfestar at dei vil stemme for det nye forslaget fr\u00e5 Ap, om styring av sjukehusa. H\u00f8gre stadfestar ogs\u00e5 at dei st\u00f8ttar forslaget. Dermed blir det fleirtal for det nye Ap-forslaget, <a href=\"https:\/\/www.nationen.no\/fullt-drama-om-sykehusfinansiering-kan-ga-mot-nytt-flertall\/s\/5-148-863282\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skriv Nationen<\/a>.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ein stor siger, f\u00f8rst og fremst for pasientar og tilsette. Det er ingen l\u00f8yndom at Raudt har jobba for dette lenge. Eg er glad for at vi har klart \u00e5 presse regjeringa til \u00e5 g\u00e5 med p\u00e5 ein ny finansieringsmodell. Det meiner eg er historisk, seier Seher Aydar i Raudt til Nationen.<\/p>\n<p>\u2013 Dei forslaga eg p\u00e5 vegner av Arbeidarpartiet legg fram i dag, er forsvarlege og ansvarlege, seier helsepolitisk talsperson i Ap, Truls Vasvik, til <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/sikrer-flertall-for-utredning-av-ny-finansieringsmodell-for-sykehus-1.17766168\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">NRK.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Feller nok t\u00e5rer<\/p>\n<p>Kjersti Toppe i Sp som er helsepolitisk talsperson og leiar i helsekomiteen p\u00e5 Stortinget, er ikkje forn\u00f8gd. Ho meiner at det nye fleirtalet no g\u00e5 inn for eit svakare forslag. Det var Sp, Frp, MDG og KrF som stod bak det opphavlege forslaget om finansiering som hadde st\u00f8tte heilt opp til onsdag kveld.<\/p>\n<p>\u2013 Mange av Raudt og SVs veljarar feller nok t\u00e5rer i dag. Vi var klare til \u00e5 skape fleirtal i Stortinget for eit heilt klart forslag om ein ny finansieringsmodell, der drift og investering skilst. No skal dette berre greiast ut. Det er utruleg at Raudt og SV g\u00e5r saman med Ap og H\u00f8gre som forsvarer dagens helsef\u00f8retaksmodell, og at forretningsrekneskapen han byggjer p\u00e5, kan f\u00f8rast vidare, seier ho.<\/p>\n<p>Blir behandla i dag<\/p>\n<p>I dag er det sjukehusa sj\u00f8lv som m\u00e5 ta opp l\u00e5n og ta kronene fr\u00e5 eigne budsjett n\u00e5r nye investeringar skal gjerast. Forslaget blir behandla i Stortinget torsdag klokka 16.<\/p>\n<p>Forslaget dei fire partia stemmer for, er at Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag til ein ny heilskapleg finansieringsmodell for sjukehus som sikrar at sjukehusinvesteringar ikkje skal g\u00e5 ut over drifta av sjukehusa.<\/p>\n<p>Stortinget ber om at minst eitt av alternativa som blir lagde fram, inneber \u00e5 skilje drift og investeringar, at nye sjukehusbygg skal vedtakast av Stortinget og heilt eller delvis blir finansierte over statsbudsjettet.<\/p>\n<p>(\u00a9NPK)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"SV og Raudt stadfestar at dei vil stemme for det nye forslaget fr\u00e5 Ap, om styring av sjukehusa.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":161917,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[5],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,5311,19,22,23,5341,17,18,13,30,28,29,14,16,1510,1466,26,27],"class_list":["post-161916","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-overskrifter","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse","tag-helse-forde","tag-hovedoppslag","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-laerdal","tag-main-news","tag-mainnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-sunnfjord","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116059770908882600","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/161916","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=161916"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/161916\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/161917"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=161916"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=161916"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=161916"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}