{"id":170208,"date":"2026-02-22T15:53:09","date_gmt":"2026-02-22T15:53:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/170208\/"},"modified":"2026-02-22T15:53:09","modified_gmt":"2026-02-22T15:53:09","slug":"vil-ha-munch-kunst-i-radhuset-trass-i-at-fagfolk-meiner-kunsten-blir-skadd-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/170208\/","title":{"rendered":"Vil ha Munch-kunst i r\u00e5dhuset, trass i at fagfolk meiner kunsten blir skadd \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Kunsten ville blitt evakuert om vi fekk vite om s\u00e5nne resultat p\u00e5 eit anna museum, seier forskingsleiar ved Munchmuseet, Gustav J\u00f8rgen Pedersen.<\/strong><\/p>\n<p>Munchmuseet stiller strenge krav n\u00e5r andre museum skal l\u00e5ne fr\u00e5 samlinga.<\/p>\n<p>Men no blir dei instruert av Oslo kommune til \u00e5 sende Munch-verk til r\u00e5dhuset, der forholda er langt unna det dei aksepterer.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Mange p\u00e5 museet opplever det som ganske sjokkerande og arrogant at vi ikkje blir lytta til n\u00e5r vi seier ifr\u00e5 s\u00e5pass tydeleg.<\/strong><\/p>\n<p>57 tilsette ved Munchmuseet har skrive fleire<a href=\"https:\/\/klassekampen.no\/artikkel\/2026-01-22\/debatt-ber-oss-skade-munchs-kunst\" ec-id=\"https:\/\/klassekampen.no\/artikkel\/2026-01-22\/debatt-ber-oss-skade-munchs-kunst\" ec-name=\"lesarinnlegg\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> lesarinnlegg<\/a>. Klassekampen publiserte det og <a href=\"https:\/\/klassekampen.no\/artikkel\/2026-01-22\/ansatte-foler-seg-presset-til-a-odelegge-kunstverk\" ec-id=\"https:\/\/klassekampen.no\/artikkel\/2026-01-22\/ansatte-foler-seg-presset-til-a-odelegge-kunstverk\" ec-name=\"omtalte saka\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">omtalte saka<\/a> f\u00f8rst.<\/p>\n<p>Konflikten om Munch-kunst i Oslo r\u00e5dhus<\/p>\n<p>Byr\u00e5dsleiar Eirik Lae Solberg (H) har i januar 2026 sett fram eit krav om at fleire verk skal flyttast fr\u00e5 museet til m\u00f8terom og representasjonslokale i Oslo r\u00e5dhus.<\/p>\n<p>57 tilsette ved Munch-museet publiserte 22. januar 2026 eit debattinnlegg i Klassekampen med tittelen \u00abBer oss skade Munchs kunst.\u00bb Dei valde \u00e5 skrive som privatpersonar fordi dei meiner den faglege fridommen deira er under sterkt press.<\/p>\n<p>Dei skriv at papirverk er ekstremt s\u00e5rbare for svingingar i temperatur og lys, og at grafikk som tidlegare har vore utstilt i R\u00e5dhuset, allereie har f\u00e5tt dokumenterte skader som falming og misfarging.<\/p>\n<p>I debatten har det ogs\u00e5 blitt trekt fram juridiske \u00e5tvaringar om at byr\u00e5det i ytste konsekvens kan risikere \u00e5 bryte straffelova sin paragraf om grovt skadeverk, dersom dei tvingar gjennom flytting av kunst som dei veit vil ta skade av tilh\u00f8va i R\u00e5dhuset.<\/p>\n<p>Eirik Lae Solberg har svara p\u00e5 kritikken i Klassekampen (27. januar 2026) med at kunst ikkje berre skal bevarast, men ogs\u00e5 formidlast. Han held fast p\u00e5 at kommunen har rett til \u00e5 vise fram si eiga samling i byen sitt viktigaste bygg, og meiner at nye sikringstiltak vil vere gode nok.<\/p>\n<p>Samstundes som striden g\u00e5r f\u00f8re seg, har byr\u00e5det foresl\u00e5tt millionkutt i budsjettet til Munch-museet for 2026. Dette blir av mange sett p\u00e5 som eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 bruke \u00f8konomisk makt for \u00e5 tvinge museet til stille.<\/p>\n<p>Samandraget er laga med KI.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Marianne Heske\" title=\"Foto: Frode Fjerdingstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kunstnar, Marianne Heske.<\/p>\n<p>Foto: Frode Fjerdingstad \/ NRK<\/p>\n<p>Kunsten m\u00e5 fram<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det kan bli litt hysterisk. Ja, det meiner eg verkeleg, seier Marianne Heske om reaksjonane.<\/strong><\/p>\n<p>Ho er aktuell med utstillinga \u00abFr\u00e5 Arkivet\u00bb p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/anmeldelser\/anmeldelse_-_marianne-heske_-fra-arkivet_-ved-fineart-i-oslo-1.17764669\" ec-id=\"pp:article:1.17764669\" ec-name=\"galleri Fineart\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">galleri Fineart<\/a>, der ho hentar fram kunst fr\u00e5 sin eigen kjellar for \u00e5 f\u00e5 han fram i lyset.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Sj\u00f8lvsagt skal kunsten bli hengt opp og brukt. Og glede menneske, det er ei sj\u00f8lvf\u00f8lge.<\/strong><\/p>\n<p>Det Munch \u00f8nska seg var \u00e5 vise kunsten for folk, meiner ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne st\u00e5r midt i rommet med hendene i lomma, if\u00f8rt svart genser og fargerik bukse. I bakgrunnen er det bilder av ulike bygninger p\u00e5 veggen, som skaper en kunstnerisk atmosf\u00e6re. Rommet er lyst og har et intimt preg med trebord og stoler synlig. Det er ogs\u00e5 synlige mennesker som engasjerer seg i aktiviteter i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Daniil Thorkild Ryv\u00e6nge \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Marianne Heske er aktuell med utstillinga Fr\u00e5 arkivet p\u00e5 galleri fineart.<\/p>\n<p>Foto: Daniil Thorkild Ryv\u00e6nge \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han sto ikkje der og m\u00e5la berre for at det skulle hamne p\u00e5 eit lager i museet. Ein m\u00e5lar fordi ein er f\u00f8dt med ei drivkraft. Ein har noko inni seg, som ein har lyst til \u00e5 dele.<\/strong><\/p>\n<p>Saka handlar korkje om byr\u00e5den eller fagfolk ved museet, men om kunsten sitt behov for \u00e5 bli vist, meiner ho.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kva er det vi bruker livet til, b\u00e5de Munch og meg? Det er \u00e5 formidle bilete og kunst ut til folket, for \u00e5 skape kommunikasjon.<\/strong><\/p>\n<p>    <img alt=\"6 Madonna skader\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"7 Madonna skader \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Bileta viser skadar p\u00e5 grafikk som har hengt i r\u00e5dhuset tidlegare.<\/p>\n<p>Munchmuseet<\/p>\n<p>Allereie skadd<\/p>\n<p>Det har hengt Munch-kunst i r\u00e5dhuset i fleire ti\u00e5r, men i 2013 blei det oppdaga at bileta hadde f\u00e5tt skadar.<\/p>\n<p>Kunsten blei tatt med til Munchmuseet, men i januar i \u00e5r skreiv byr\u00e5dsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, eit offentleg brev til museet. Der bad han om at originale, grafiske verk skal hengast opp p\u00e5 ordf\u00f8raren sitt kontor og byr\u00e5dsleiaren sitt m\u00f8terom.<\/p>\n<p>Da slo fagpersonar ved Munch-museet alarm.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Gustav J\u00f8rgen Pedersen\" title=\"Foto: J\u00f8rn Veberg\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Forskingsleiar ved Munchmuseet, Gustav J\u00f8rgen Pedersen.<\/p>\n<p>Foto: J\u00f8rn Veberg<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ein treng ikkje vere forskar for \u00e5 forst\u00e5 det. Dei fleste har hatt med seg ei bok p\u00e5 stranda og sett at papiret kr\u00f8llar seg, seier Pedersen.<\/strong><\/p>\n<p>D\u00e5rlege lysforhold kan bleike bileta, og svingingar i temperatur gjer at materiala utvidar seg eller trekker seg saman.<\/p>\n<p>Grafikken som skal hengast opp er mellom anna to versjonar av Madonna og eit av Kyss.<\/p>\n<p>Som tilsette ved museum har dei plikt til \u00e5 melde ifr\u00e5 om dei trur kunsten st\u00e5r i fare for \u00e5 bli skadd, fortel Pedersen.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har museum for \u00e5 ta vare p\u00e5 kunstverk for ettertida. Og da er kjerneoppdraget v\u00e5rt \u00e5 s\u00f8rge for at bileta er oppbevart trygt.<\/p>\n<p>Klima- og lysforhold i Oslo r\u00e5dhus<\/p>\n<p>Fram til 2013 hang Munch-kunst p\u00e5 r\u00e5dhuset. Da oppdaga fagfolk at kunsten hadde blitt skadd.<\/p>\n<p>Det blei sett opp m\u00e5leapparat, og over fleire \u00e5r har luftfukt, temperatur og lys blitt dokumentert.<\/p>\n<p>Klima p\u00e5 R\u00e5dhuset svingar mellom 14,7-31,1 \u00b0C og 7,5-65,9% fukt.<\/p>\n<p>For \u00e5 bli godkjent skal temperaturen ligge p\u00e5r: 14\u201222 \u00b0C, og relativ luftfukt: 40\u201260 %.<\/p>\n<p>Forholda p\u00e5 r\u00e5dhuset er ikkje innanfor det Munch-museet aksepterer.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Eirik Lae Solberg i dress\" title=\"Foto: B\u00e5rd Nafstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Byr\u00e5dsleiar i Oslo kommune, Eirik Lae Solberg.<\/p>\n<p>Foto: B\u00e5rd Nafstad \/ NRK<\/p>\n<p>Vil vise fram kunsten<\/p>\n<p>Edvard Munch testamenterte alle eigne kunstverk til Oslo kommune i 1940. Kommunen eig heile samlinga p\u00e5 20 000 verk.<\/p>\n<p>Byr\u00e5dsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, vil ikkje stille til intervju, men skriv i brevet til Munchmuseet at Oslo r\u00e5dhus og kunsten til Munch er tett knytt saman.<\/p>\n<p><strong>Internasjonale gjester, ambassad\u00f8rar, nasjonale og lokale folkevalde, n\u00e6ringslivsleiarar, organisasjonar og skuleelevar bes\u00f8ker m\u00f8teromma der kunsten skal henge.<\/strong><\/p>\n<p>Solberg skriv at \u00abkunsten som oppheld seg p\u00e5 deira representasjonslokale er kj\u00e6rkomne samtaleemne for b\u00e5de vertskap og gjester\u00bb.<\/p>\n<p>At det finst fleire versjonar av grafikkane han har bedt om, er eit argument i seg sj\u00f8lv, sa han i <a href=\"https:\/\/tv.nrk.no\/serie\/dagsnytt-atten-tv\/sesong\/202601\/episode\/NNFA56012326\" ec-id=\"tv:episode:NNFA56012326\" ec-name=\"Dagsnytt 18\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Dagsnytt 18<\/a> i januar.<\/p>\n<p>Dei 57 tilsette ved Munchmuseet meiner p\u00e5 den andre sida at eksemplarane ikkje er identiske kopiar, men ei rekke unike grafiske trykk som har stor kulturhistorisk verdi.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tone Hansen, direkt\u00f8r p\u00e5 Munch-museet\" title=\"Foto: Tom Balgaard \/ Tom Balgaard\/NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Tom Balgaard \/ Tom Balgaard\/NRK<\/p>\n<p>Tone Hansen er direkt\u00f8r ved Munchmuseet, og seier at det er naturleg at det finst sterke faglege syn i slike sp\u00f8rsm\u00e5l.<\/p>\n<p>\u2013 V\u00e5r oppg\u00e5ve er \u00e5 ivareta det faglege ansvaret v\u00e5rt, og samstundes forhalde oss til dei avgjerdene som blir tatt. Dette er ei sak med lang historikk. Det er no vedteke at verka skal f\u00f8rast tilbake til r\u00e5dhuset, og MUNCH gjennomf\u00f8rer dette p\u00e5 ein p\u00e5 best mogleg m\u00e5te, skriv ho i ein e-post til NRK.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>22.02.2026, kl. 13.20<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Kunsten ville blitt evakuert om vi fekk vite om s\u00e5nne resultat p\u00e5 eit anna museum, seier forskingsleiar&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":170209,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-170208","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116115092486201231","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/170208","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=170208"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/170208\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/170209"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=170208"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=170208"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=170208"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}