{"id":170279,"date":"2026-02-22T17:49:13","date_gmt":"2026-02-22T17:49:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/170279\/"},"modified":"2026-02-22T17:49:13","modified_gmt":"2026-02-22T17:49:13","slug":"meiningar-helse-visne-visjonar-fra-stortingsrepresentant-dalin-mdg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/170279\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | Visne visjonar fr\u00e5 stortingsrepresentant Dalin (MDG)"},"content":{"rendered":"\n<p>MDG sin representant for Sogn og Fjordane, Marius Dalin, varslar at han vil godta kutt i sjukehustilbodet i fylket han representerer.<\/p>\n<p>Framfor \u00e5 nytte makta han har som stortingsrepresentant til beste for fylket, s\u00e5 lagar Dalin un\u00f8dvendige motsetningar. Han hevdar at berre ved \u00e5 kutte ved lokalsjukehusa kan helsetilbodet ved F\u00f8rde Sentralsjukehus sikrast. Dette stemmer ikkje og Dalin st\u00e5r i posisjon til \u00e5 sikre b\u00e5de F\u00f8rde og lokalsjukehusa. <\/p>\n<p>Visjonane til MDG og AP er fine, men det er kutt i tilbod og mangel p\u00e5 finansiering som er den aktuelle problemstillinga.<\/p>\n<p>Dessutan har folk i Nordfjord og Sogn h\u00f8yrt slike visjonar f\u00f8r. <\/p>\n<p>Etter nedlegginga av kirurgisk avdeling ved Nordfjord sjukehus vart rapporten \u00abFramtidas Lokalsjukehus\u00bb lagt fram i 2017. Nordfjord skulle vere f\u00f8rgangsmodell for sm\u00e5 lokalsjukehus. Det skulle leggjast til rette for eit bredt poliklinisk tilbod, men etter kvart er tilbodet innanfor gynekologi, revmatologi og barn avvikla. <\/p>\n<p>I sist nedleggingsrunde for berre 2 \u00e5r sidan vart skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus redda ved at saka fekk stor politisk merksemd. <\/p>\n<p>Dalin hevdar at kuttforslaga er \u00abfagleg f\u00f8resl\u00e5tte innsparingar\u00bb, men i realiteten er dette reine \u00f8konomiske innsparingar for knappe 30 millionar. Dalin hevdar at dersom ein ikkje kutter i L\u00e6rdal, vil det bli verre kutt p\u00e5 andre omr\u00e5de i Helse F\u00f8rde. <\/p>\n<p>Kva er det d\u00e5 han siktar til? Han framstiller det som om det st\u00e5r mellom \u00e5 redde eit utslite kne og eit prematurt barn. Men det er ikkje dette det handlar om. Oposiasjonen sitt forslag dreier seg om at endringar i sjukehusdrift som har samfunnsmessige konsekvensar ikkje skal vere opp til helsef\u00f8retaket \u00e5leine \u00e5 avgjere. <\/p>\n<p>Ei slik avgjere skal etter Helseforetakslova avgjerast politisk. Ingen er heller usamd i at ein fr\u00e5 tid til anna m\u00e5 justere p\u00e5 tilbodet ved lokalsjukehusa ut fr\u00e5 omsyn til beredskap, demografiske endringar og kvalitet.<\/p>\n<p>Lokalsjukehusa sin viktigaste funksjon er \u00e5 skape trygge, gode helsetenester for vanlege problemstillingar der folk bur. Det finst ei grense for kor langt folk kan akseptere \u00e5 reise for \u00e5 f\u00e5 naudsynt helsehjelp. N\u00e5r sjukehusa skal bli betre rusta til \u00e5 handtere samfunnsberedskap og kriser hjelper det ikkje \u00e5 byggje ned velfungerande fagmilj\u00f8.<\/p>\n<p>Per no st\u00e5r opposisjonen sitt forslag fram som det beste for \u00e5 sikre helsetilbodet i distrikta. Forslaget har brei politisk st\u00f8tte og MDG er i posisjon til \u00e5 avgjere forslaget.<\/p>\n<p>Stortingspolitikarane har ei viktig rolle ved \u00e5 leggje til rette for og ettersj\u00e5 at grunnleggjande tenester fungerer. N\u00e5r fleire helsef\u00f8retak hamnar i \u00f8konomisk uf\u00f8re som f\u00f8lgje av nye investeringar, er det med rette at Stortinget blir involvert. <\/p>\n<p>Klarar du \u00e5 byggje alliansar og sikre midlar til beste for fylket, Dalin?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"MDG sin representant for Sogn og Fjordane, Marius Dalin, varslar at han vil godta kutt i sjukehustilbodet i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":170280,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,5311,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":["post-170279","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse","tag-helse-forde","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116115548769265856","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/170279","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=170279"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/170279\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/170280"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=170279"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=170279"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=170279"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}