{"id":172257,"date":"2026-02-24T22:29:21","date_gmt":"2026-02-24T22:29:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/172257\/"},"modified":"2026-02-24T22:29:21","modified_gmt":"2026-02-24T22:29:21","slug":"meiningar-laerdal-hogre-framstegspartiet-og-arbeidarpartiet-har-sendt-ein-trojansk-hest-til-smakommunane-rundt-om-i-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/172257\/","title":{"rendered":"Meiningar, L\u00e6rdal | H\u00f8gre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet har sendt ein trojansk hest til sm\u00e5kommunane rundt om i landet"},"content":{"rendered":"\n<p>Helse F\u00f8rde har lagt ned ortopedisk avdeling ved L\u00e6rdal sjukehus. No forsvinn 40 arbeidsplassar fr\u00e5 ei lita bygd og ein liten region. Kutta skjer av \u00f8konomiske \u00e5rsaker. Helse F\u00f8rde har bygd for dyrt og klarer ikkje \u00e5 betale rentene p\u00e5 l\u00e5net fr\u00e5 staten. Difor m\u00e5 dei spare 24 millionar kroner.<\/p>\n<p>Sjukehus vert drivne etter ein f\u00f8retaksmodell. Dette er noko Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og H\u00f8gre innf\u00f8rte i 2002 for \u00e5 f\u00e5 meir effektive sjukehus. Effektivitet betyr ofte sentralisering. For eit selskap er det billegare \u00e5 drive eitt stort enn fleire sm\u00e5. <\/p>\n<p>Slik har det ogs\u00e5 vorte for helsef\u00f8retaka. Dei vert styrte av eit styre som har \u00f8konomisk ansvar og som m\u00e5 halde seg innanfor eit stramt budsjett \u2013 p\u00e5 same m\u00e5te som ei bedrift. G\u00e5r bedrifta d\u00e5rleg, m\u00e5 ein kutte kostnader og tene meir pengar. Alle forst\u00e5r dette om ein sel p\u00f8lser eller brus, men sjukehus har ei langt st\u00f8rre rolle i liva til folk enn hurtigmat.<\/p>\n<p>Ved L\u00e6rdal sjukehus mistar opp mot 40 menneske jobben, men dette f\u00e5r konsekvensar for mange fleire. I region\u00f8konomisk forsking snakkar ein om multiplikatoreffektar. Dette er dei indirekte og meir langsiktige konsekvensane ein ikkje ser umiddelbart. <\/p>\n<p>Dei 40 som mistar jobben m\u00e5 finne anna arbeid eller flytte. Dei tek med seg familien og ungane, og dette f\u00f8rer til mindre handel i butikkane og igjen f\u00e6rre arbeidsplassar. F\u00e6rre barn i barnehage og skule gir behov for f\u00e6rre l\u00e6rarar. Over tid kan dette f\u00f8re til nedlegging av skular i bygda. Igjen f\u00e6rre ungar \u2013 og til slutt ikkje lenger nok til \u00e5 stille eit fotballag. <\/p>\n<p>Sm\u00e5 samfunn er s\u00e5rbare for store endringar, og alle lokalsamfunna i indre Sogn er av denne storleiken. Forskinga opererer med ein faktor p\u00e5 opp mot 2,5. Det vil seie at ein kan gonge 40 tapte arbeidsplassar med 2,5 for \u00e5 ansl\u00e5 den samla effekten p\u00e5 sysselsetjing og fr\u00e5flytting. <\/p>\n<p>Dessutan flyttar dei unge og arbeidsf\u00f8re, medan dei eldre vert verande att i ein kommune som mistar skatteinntekter, noko som igjen f\u00f8rer til d\u00e5rlegare tenester. Dei som bygde landet, vert sitjande att med eit d\u00e5rlegare tilbod p\u00e5 grunn av ein politikk som behandlar sjukehus som om dei var p\u00f8lsefabrikkar.<\/p>\n<p>Dette er dei faktiske konsekvensane. Dei ideologiske realitetane er likevel verre. H\u00f8gre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet har sendt ein trojansk hest til sm\u00e5kommunane rundt om i landet. Ortopedisk avdeling i L\u00e6rdal g\u00e5r godt, men Helse F\u00f8rde klarer ikkje finansiere nybygga sine p\u00e5 grunn av staten sine krav til rentekostnader, og legg difor ned eit fullt fungerande tilbod. <\/p>\n<p>I praksis vert eit mindre helsef\u00f8retak den styrande akt\u00f8ren i ein heil region. Indre Sogn vert eit slags gissel som kan ofrast for marknads\u00f8konomiske prinsipp, og alt dette vert akseptert fordi budsjettet til Helse F\u00f8rde m\u00e5 g\u00e5 opp. Politikarane verkar \u00f2g fanga i denne tankegangen. Dei som i teorien skal forvalte idear om korleis samfunnet skal formast, klarer ikkje \u00e5 heve debatten over tala i budsjettet. <\/p>\n<p>Som i ein Kafka-roman rosar dei styret i Helse F\u00f8rde for \u00e5 ta \u00abvanskelege, men n\u00f8dvendige\u00bb avgjerder, medan styret i Helse F\u00f8rde peikar attende p\u00e5 politiske rammer og seier dei ikkje har handlingsrom til \u00e5 g\u00e5 utanfor desse.<\/p>\n<p>Kva med den lokale folkeviljen, demokratiet og rein fornuft? Det var tusenvis som stilte i demonstrasjonstog mot nedlegginga. Det er demokrati i praksis \u2013 og det er vakkert. Slikt engasjement b\u00f8r premierast og respekterast i st\u00f8rre grad enn ein feilsl\u00e5tt f\u00f8retaksmodell som raserer lokalsamfunna v\u00e5re. <\/p>\n<p>Det er heilt absurd at viljen til oss som bur her skal overk\u00f8yrast s\u00e5 fullstendig, og at politikarane vi har gitt makt til \u00e5 representere oss, verkar meir som marionettar enn reelle maktpersonar. <\/p>\n<p>Det mest alvorlege er erkjenninga av at demokratiet og folkeviljen opplevast sett til side av \u00f8konomiske styringssystem i helsef\u00f8retaka, og at sentraliseringspolitikken vart innf\u00f8rt gjennom ein f\u00f8retaksmodell vanlege folk knapt har hatt f\u00f8resetnader for \u00e5 forst\u00e5 eller p\u00e5verke. For vi har ikkje valt dette \u2013 og samfunna v\u00e5re b\u00f8r byggjast p\u00e5 det vi faktisk vil.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Helse F\u00f8rde har lagt ned ortopedisk avdeling ved L\u00e6rdal sjukehus. No forsvinn 40 arbeidsplassar fr\u00e5 ei lita bygd&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":172258,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,5311,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":["post-172257","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse-forde","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-laerdal","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116127974394966321","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/172257","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=172257"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/172257\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/172258"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=172257"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=172257"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=172257"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}