{"id":173246,"date":"2026-02-26T07:05:53","date_gmt":"2026-02-26T07:05:53","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/173246\/"},"modified":"2026-02-26T07:05:53","modified_gmt":"2026-02-26T07:05:53","slug":"synspunkt-debatt-kvifor-ma-banken-tene-pengar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/173246\/","title":{"rendered":"Synspunkt, Debatt | Kvifor m\u00e5 banken tene pengar?"},"content":{"rendered":"\n<p>N\u00e5r avisoppslag handlar om \u00abmilliardresultat\u00bb, er det forst\u00e5eleg at mange reagerer. Banktenester kostar pengar, og renter er ei stor utgift for mange hushaldningar og bedrifter. Kritiske sp\u00f8rsm\u00e5l er b\u00e5de naturlege og legitime.<\/p>\n<p>Samtidig er det viktig \u00e5 forklare kvifor eit godt resultat ikkje berre er noko ein bank sit att med, men noko som faktisk skapar verdiar og utvikling \u2013 for kundar, n\u00e6ringsliv og lokalsamfunn i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p><strong>Meir enn renter<\/strong><\/p>\n<p>Eit bankresultat handlar ikkje berre om renter. Det kjem fr\u00e5 ei samla verksemd: betalingstenester, sparing, forsikring, r\u00e5dgjeving, mekling, investeringar banken gjer \u2013 og tenester som valutasikring for eksportbedrifter \u2013 i tillegg til finansiering av b\u00e5de privatpersonar og bedrifter.<\/p>\n<p>Vi konkurrerer med over 100 akt\u00f8rar som tilbyr l\u00e5n til privatkundar, p\u00e5 pris, kvalitet og tenester.<\/p>\n<p><strong>Ein stor lokal arbeidsplass<\/strong><\/p>\n<p>SpareBank 1 Sogn og Fjordane er i dag ein av dei st\u00f8rste sparebankane i landet, med om lag 84 milliardar kroner i forvalta kapital og rundt 300 tilsette. Vi er ogs\u00e5 ein av dei st\u00f8rste private arbeidsplassane i Sogn og Fjordane, og ei verksemd med stort ansvar \u2013 b\u00e5de overfor kundane v\u00e5re og samfunnet rundt oss.<\/p>\n<p>Ein viktig grunn til at vi er blant dei st\u00f8rste sparebankane, er at vi ogs\u00e5 driv nasjonalt i personmarknaden. At vi har lukkast med \u00e5 vekse over tid i ein t\u00f8ff nasjonal konkurranse, er eit uttrykk for konkurransekraft. Ei langsiktig og m\u00e5lretta nasjonal satsing utgjer ein betydeleg del av resultata v\u00e5re og skaper \u00f8konomisk kraft som blir brukt til \u00e5 finansiere n\u00e6ringsliv, arbeidsplassar og samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p><strong>Kvifor overskot betyr utl\u00e5n<\/strong><\/p>\n<p>Det viktigaste \u00e5 forst\u00e5, er samanhengen mellom overskot og utl\u00e5n. N\u00e5r vi l\u00e5ner ut pengar til n\u00e6ringslivet, tek vi ogs\u00e5 risiko. Vi m\u00e5 ha evne til \u00e5 bere denne risikoen \u2013 og st\u00e5 st\u00f8tt ogs\u00e5 n\u00e5r tider blir meir krevjande. Dette viste vi til d\u00f8mes under pandemien. I 2020 l\u00e5nte vi ut n\u00e6rare 1,2 milliardar kroner meir til n\u00e6ringslivet i Sogn og Fjordane \u2013 i ei s\u00e6rs krevjande tid.<\/p>\n<p>For kvar ny milliard vi l\u00e5ner ut til bedrifter og arbeidsplassar i regionen, m\u00e5 banken stille med om lag 200 millionar kroner i ny eigenkapital. Denne eigenkapitalen kan ikkje l\u00e5nast \u2013 han m\u00e5 skapast gjennom resultata v\u00e5re.<\/p>\n<p>I 2025 voks utl\u00e5na v\u00e5re til n\u00e6ringslivet aleine med 1,1 milliardar kroner. Det krev eit resultat f\u00f8r skatt p\u00e5 n\u00e6rare 300 millionar kroner for \u00e5 sikre at eigenkapitalen kan vekse i takt med utl\u00e5na.<\/p>\n<p>Utan solide resultat blir det ingen vekst i utl\u00e5n. Utan utl\u00e5n blir det f\u00e6rre investeringar. Utan investeringar blir det f\u00e6rre arbeidsplassar.<\/p>\n<p><strong>Verdiskaping lokalt<\/strong><\/p>\n<p>Samstundes er vi den st\u00f8rste enkeltbidragsytaren til frivillig sektor i regionen. I 2025 gav SpareBank 1 Sogn og Fjordane og eigarstiftingane v\u00e5re 201 millionar kroner tilbake til lag, organisasjonar, n\u00e6ringsutvikling, kultur og idrett i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p>Unders\u00f8kingar utf\u00f8rte for Sparebankforeninga viser at g\u00e5vemidlar ofte fungerer som ein startkapital: For kvar krone banken gir, kjem det i snitt minst tre kroner til fr\u00e5 andre hald. Det betyr at verdien for lokalsamfunna er langt st\u00f8rre enn sj\u00f8lve g\u00e5vene. Midlane treff breitt og kjem fellesskapet til gode \u2013 uavhengig av storleiken p\u00e5 lommeboka til den enkelte.<\/p>\n<p>Ein viktig grunn til at dette er mogleg, er kombinasjonen av lokal forankring og nasjonal konkurransekraft. Det gir oss storleik og inntektsgrunnlag som gjer oss i stand til \u00e5 finansiere b\u00e5de sm\u00e5 og store bedrifter i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p><strong>Kva st\u00e5r p\u00e5 spel?<\/strong><\/p>\n<p>Korleis ville Sogn og Fjordane sett ut utan ein stor, lokalt forankra sparebank? Utan 300 arbeidsplassar. Utan korte beslutningsvegar. Utan lokal kunnskap om n\u00e6ringslivet. Utan eit sterkt engasjement for frivillig sektor.<\/p>\n<p>Eit godt bankresultat handlar ikkje om profitt i seg sj\u00f8lv, men om \u00e5 sikre styrke og handlekraft til \u00e5 ta ansvar \u2013 over tid, gjennom ulike konjunkturar, og ogs\u00e5 n\u00e5r tider blir meir krevjande.<\/p>\n<p>For utan resultat, ingen eigenkapital.<br \/>Utan eigenkapital, ingen utl\u00e5n.<br \/>Og utan utl\u00e5n \u2013 stoppar utviklinga.<\/p>\n<p><strong>Trond Teigene<\/strong><br \/>Administrerande direkt\u00f8r<br \/>SpareBank 1 Sogn og Fjordane<\/p>\n<p>F\u00f8rde, 25. februar 2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"N\u00e5r avisoppslag handlar om \u00abmilliardresultat\u00bb, er det forst\u00e5eleg at mange reagerer. Banktenester kostar pengar, og renter er ei&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":173247,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[36,60,37,61,18019,62,30,28,29,1533,572,6150],"class_list":["post-173246","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-art","tag-business","tag-debatt","tag-economy","tag-lesarinnlegg","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-opinion","tag-okonomi","tag-synspunkt"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116135669561053420","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/173246","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=173246"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/173246\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/173247"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=173246"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=173246"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=173246"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}