{"id":173944,"date":"2026-02-27T01:44:11","date_gmt":"2026-02-27T01:44:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/173944\/"},"modified":"2026-02-27T01:44:11","modified_gmt":"2026-02-27T01:44:11","slug":"meiningar-helse-me-kan-ikkje-byggja-ned-tryggleiken-i-sogn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/173944\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | Me kan ikkje byggja ned tryggleiken i Sogn"},"content":{"rendered":"\n<p>Eg er 18 \u00e5r og bur i Sogn. Eg har vakse opp med L\u00e6rdal sjukehus som ein naturleg del av kvardagen v\u00e5r. Det har alltid vore der som ein tryggleik. No kjenner eg ei uro over at sjukehuset vert svekka bit for bit, og eg f\u00f8ler at me m\u00e5 seia klart ifr\u00e5.<\/p>\n<p>Sogn og Fjordane Unge H\u00f8gre er tydelege: Me er imot kutta som no vert gjort ved L\u00e6rdal sjukehus, og me vil at sjukehuset skal styrkjast, ikkje byggjast ned. Dette handlar ikkje om tal i eit budsjett, men om tryggleiken til folk som bur her.<\/p>\n<p>Kutta er store og merkbare. Den ortopediske avdelinga skal leggjast ned. Operasjonar innan ortopedi forsvinn fr\u00e5 L\u00e6rdal, og attende sit me berre med eit poliklinisk ortopeditilbod inntil to dagar i veka. To dagar kan ikkje erstatta eit fullt fagmilj\u00f8 med operasjonar og beredskap kvar dag.<\/p>\n<p>I tillegg er det vedteke kutt p\u00e5 3,5 millionar kroner ved skadepoliklinikken, og det har vore vurdert \u00e5 kutta opptil 50 stillingar. Femti stillingar. Det er ikkje berre tal \u2013 det er menneske som jobbar her, familiar som er avhengige av jobbane, og fagfolk som gjer L\u00e6rdal sjukehus trygt for alle som bur her.<\/p>\n<p>Ja, indremedisinen skal framleis vera ryggrada ved sjukehuset. Men eit sjukehus er meir enn ei ryggrad. N\u00e5r ein fjernar ortopedien, reduserer skadepoliklinikken og vurderer store kutt i bemanning, vert heilskapen svekt. Litt etter litt vert tryggleiken til folk i Sogn redusert.<\/p>\n<p>Kutta f\u00e5r \u00f2g konsekvensar for framtida til lokalsamfunnet. Mange unge som vil bli helsefagarbeidarar, sjukepleiarar eller anna helsepersonell, m\u00e5 flytta vekk for \u00e5 f\u00e5 erfaring og jobb. N\u00e5r tilbodet vert svekka, mister me fagfolk i regionen, og det vert vanskelegare \u00e5 rekruttera nye. Dette skapar ein ond sirkel: f\u00e6rre fagfolk, svakare sjukehus, mindre tryggleik, f\u00e6rre som vil busetja seg her.<\/p>\n<p>Eg kjenner sj\u00f8lv p\u00e5 kor vanskeleg det kan vera n\u00e5r nokon vert skadd i omr\u00e5det v\u00e5rt. Me bur i ein region med lange avstandar, tunnelar og fjellovergangar. Om vinteren kan v\u00earet stenga vegar, og ein liten ulykke kan fort bli alvorleg dersom hjelpa ikkje er n\u00e6rt. N\u00e5r minutt tel, betyr det noko kor langt det er til behandling. \u00c5 byggja ned L\u00e6rdal sjukehus svekkjer den tryggleiken som folk i Sogn treng.<\/p>\n<p>Politisk handlar dette om kva slags distriktspolitikk me vil ha. Me i Unge H\u00f8gre meiner at folk skal ha like trygge helsetilbod uansett kvar dei bur. Effektiv drift er viktig, men effektivisering kan ikkje alltid bety sentralisering. Me kan ikkje akseptere at lokalsjukehus vert svekka for \u00e5 spara pengar her og der. Me treng sterke lokale sjukehus som fungerer for pasientar og personalet som jobbar der kvar dag.<\/p>\n<p>Kutta p\u00e5verkar ogs\u00e5 framtida til regionen. Kven vil flytta hit for \u00e5 jobba dersom fagmilj\u00f8et vert svekt? Kven vil satsa p\u00e5 \u00e5 busetja seg her n\u00e5r grunnleggande tenester vert kutt? L\u00e6rdal sjukehus er ein del av det som gjer Sogn attraktivt \u00e5 bu og leva i. Uten eit sterkt sjukehus vert det vanskeleg \u00e5 behalda folk og rekruttera nye fagfolk.<\/p>\n<p>Som 18-\u00e5ring ser eg p\u00e5 framtida mi i Sogn. Eg vil bu her, eg vil at venene mine skal kunna flytta heim att etter studiar, og eg vil at unge familiar skal velja Sogn. Men det kan me ikkje gjera om grunnleggande tenester vert svekka \u00e5r for \u00e5r. Eit sterkt sjukehus er ein del av den tryggleiken som trengs for \u00e5 halda liv i lokalsamfunna v\u00e5re.<\/p>\n<p>Sogn og Fjordane Unge H\u00f8gre vil at L\u00e6rdal sjukehus skal styrkjast og utviklast, ikkje byggjast ned bit for bit. Me vil at politikarar tar ansvar og forst\u00e5r at dette ikkje berre handlar om pengar, men om menneske, heimane v\u00e5re og framtida til regionen. Me kan ikkje sitja stille og sj\u00e5 p\u00e5 at tryggleiken v\u00e5r vert redusert.<\/p>\n<p>Me kjem til \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 for L\u00e6rdal sjukehus \u2013 no og i framtida. Me kjem til \u00e5 kjempa for at alle som bur i Sogn f\u00e5r den hjelpa dei treng, n\u00e5r dei treng det. Det beste for Sogn er ikkje \u00e5 bli mindre, men \u00e5 gro saman og sterkare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg er 18 \u00e5r og bur i Sogn. Eg har vakse opp med L\u00e6rdal sjukehus som ein naturleg&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":173945,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,22,23,5340,1939,13,30,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":["post-173944","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-laerdal-sjukehus","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116140065734970267","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/173944","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=173944"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/173944\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/173945"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=173944"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=173944"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=173944"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}