{"id":180261,"date":"2026-03-06T17:42:30","date_gmt":"2026-03-06T17:42:30","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/180261\/"},"modified":"2026-03-06T17:42:30","modified_gmt":"2026-03-06T17:42:30","slug":"ytring-hardangervidda-kven-kan-fa-ga-pa-eller-bruka-hardangervidda","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/180261\/","title":{"rendered":"Ytring, Hardangervidda | Kven kan f\u00e5 g\u00e5 p\u00e5 eller bruka Hardangervidda?"},"content":{"rendered":"\n<p>Leiar og nestleiar i Hardangervidda villreinutval, O.G. Vikan og A. Ulgenes, langar i HF-innlegg ut mot DNT i ein tone og med p\u00e5standar som provoserer. DNT sitt l\u00f8ypenett m\u00e5 bort. Fotturistane har all skuld for villreinen sine problem. Villreinen, dette uhyre folkesky dyret som heller legg seg ned for \u00e5 \u00abdaua\u00bb av underern\u00e6ring, enn \u00e5 kryssa ein sti med gr\u00f8nt gras p\u00e5 andre sida.<\/p>\n<p>\u00abDNT\u00bb, symbolet p\u00e5 ikkje-lokal, uv\u00e6pna ferdsle i fjellet, er lett \u00e5 skulda p\u00e5. Dette er byfolk, jamvel utlendingar, som ikkje har noko i \u00abokka\u00bb fjell \u00e5 gjera. At DNT gjev arbeid og inntekt til styrarar, tilsynsfolk, handverkarar og sesongarbeidarar \u2013 for det aller meste lokale folk, er utan interesse.<\/p>\n<p>\u00abGrunneierne st\u00e5r sammen og tar ansvar\u00bb p\u00e5st\u00e5r Vikan og Ulgenes til slutt. P\u00e5 kva m\u00e5te? Ved \u00e5 kasta ut DNT? Kva med eigen verksemd p\u00e5 vidda? Eg las h\u00f8yringane til KMD sitt \u00abForslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein\u00bb. Samtlege grunneigarar eller grunneigarlag argumenterte for at eigen bruk og motorisert ferdsle m\u00e5tte halde fram akkurat som f\u00f8r, medan \u00abDNT\u00bb m\u00e5tte begrensast. <\/p>\n<p>Eigarane av private turisthytter s\u00e5g sj\u00f8lvsagt litt annleis p\u00e5 det. At \u00abDNT\u00bb er st\u00f8rste enkeltbrukar av motorisert transport skjuler ikkje det faktum at summen av bruken for private, jegarar, fjellstyrer og ikkje minst oppsyn\/forvaltning er langt st\u00f8rre.<\/p>\n<p>Folkehelten Lars Monsen er vel v\u00e5r fremste ambassad\u00f8r for det frie friluftslivet, med telt, fiskestong og b\u00e5lbrenning. All denne tr\u00e5kkinga i naturen m\u00e5 d\u00e5 vera ei plage for alt dyre- og fugleliv, eller er det berre reinsdyra som reagerer? Vi f\u00e5r vona NRK i det minste slettar episoden om Hardangervidda \u2013 s\u00e5 ein unng\u00e5r markedsf\u00f8ring.<\/p>\n<p>Slik eg tolkar Vikan og Ulgenes m\u00e5 uv\u00e6pna folk, og personar med feil postadresse og dialekt, halda seg unna Vidda. Kan henda er det eit lite unntak om desse berre brukar private turisthytter, som t.d. Bess\u00e5 eller Tuvas\u00e6ter? Sj\u00f8lv har eg ein lang, kriminell l\u00f8pebane med telt og fiskestong p\u00e5 Vestvidda heilt fr\u00e5 1969. Eg har til og med vore DNT-styrar. Heldigvis for villreinen er eg vorten for gammal til slik aktivitet.<\/p>\n<p>Turisttrafikken p\u00e5 Vidda har heller minka enn auka dei siste 10-\u00e5ra. Jakttidene har vorte utvida. Reinstamma er nedskoten til eit sv\u00e6rt l\u00e5gt niv\u00e5, med ein sv\u00e6rt uheldig bestandsstruktur. Oppsyn og forvaltning rek mykje rundt. Men f\u00e5r vi berre vekk DNT, ordnar nok det meste seg av seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Skribentar med anti-turist-haldningar gjer ofte eit nummer av raudvinen som er \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt p\u00e5 betjente hytter og i dette innlegget blei ogs\u00e5 \u00abdagens avis\u00bb trekt fram. Avisbud har vi ikkje hatt sidan Tore Wolff i sin LN-MAQ droppa HF ned over fjellfolket \u2013 tilsynelatande utan at reinsdyra tok skade. Eg antek villreinutvalet vil arbeida for at l\u00f8yve til motorisert ferdsle presiserer at raudvin, \u00f8l eller anna rusdrykk ikkje kan takast med \u2013 heller ikkje un\u00f8dig lesestoff.<\/p>\n<p>Ein motdebattant skulda meg for \u00e5 vera \u00absj\u00f8loppnemnt ekspert\u00bb. Greit nok. Men eg har aldri hevda eg veit kor helst p\u00e5 Vidda reinsdyra vil g\u00e5 eller vera, eller kva omr\u00e5de som er \u00abs\u00e5rbare\u00bb. Villreinutvalet ser ut til \u00e5 sitta p\u00e5 denne kunnskapen. Imponerande! I det siste har gevirgnaging kome opp som eit aukande problem. Her kan vel ikkje DNT ha skulda?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Leiar og nestleiar i Hardangervidda villreinutval, O.G. Vikan og A. Ulgenes, langar i HF-innlegg ut mot DNT i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":180262,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,5362,24,25,10308,15,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,26,27,963],"class_list":["post-180261","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-dnt","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-hardangervidda","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ytring"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116183468910628125","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/180261","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=180261"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/180261\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/180262"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=180261"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=180261"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=180261"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}