{"id":180710,"date":"2026-03-07T06:51:11","date_gmt":"2026-03-07T06:51:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/180710\/"},"modified":"2026-03-07T06:51:11","modified_gmt":"2026-03-07T06:51:11","slug":"nyhende-kultur-vrang-er-arets-tema-for-litteratursymposiet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/180710\/","title":{"rendered":"Nyhende, Kultur | Vrang er \u00e5rets tema for Litteratursymposiet"},"content":{"rendered":"\n<p>Festivalen feira i fjor 20 \u00e5r og pregar over fleire dagar kvar haust industribyen som er kjend for \u00e5 ha fostra opp mange og ulike forfattarar.<\/p>\n<p><b>No har programkomiteen i Litteratursymposiet bestemt seg for \u00e5rets tema, nemleg \u00abvrang\u00bb. <\/b><\/p>\n<p>Festivalen g\u00e5r av stabelen 1.-4. oktober.<\/p>\n<p>\u2013<b>Vrang stad<\/b><\/p>\n<p>\u2013 Litteratursymposiet vert kvart \u00e5r planlagd rundt eit tema. Eit godt tema er kjenneteikna ved at det er samfunnsaktuelt, meiningsfullt i seg sj\u00f8lv og at det byr p\u00e5 fleire tolkingar av omgrepet, seier festivalleiar Ingvild Ystanes.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Kva type debattar trur du temaet \u00abvrang\u00bb vil kunne gi til hausten?<\/p>\n<p>\u2013 Tema kjenst absolutt \u00f2g relevant som samtidsspegl. Frontane er harde og meiningane steile, algoritmane forsterkar det vrange, og motsetnadene skjerpast. Vrangl\u00e6re er eit relevant ord her. Tema passar \u00f2g godt inn i Odda \u2013 det er jo grunnleggande ein vrang stad. Eg er ganske trygg p\u00e5 at tema vil st\u00e5 seg godt i b\u00e5de lokale og nasjonale debattar, seier Ystanes.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6000\" height=\"4000\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/0C5A2847.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6000 \/ 4000;\"\/><\/p>\n<p>      FESTIVALSJEF: Ingvild Ystanes er festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda.<br \/>\n      Foto: Eivind Dahle Sj\u00e5stad\n    <\/p>\n<p>\u2013 Har de tenkt p\u00e5 aktuelle forfattarar eller b\u00f8ker rundt temaet? <\/p>\n<p>\u2013 Vi driv no og inviterer forfattarar som kan passa under vrang-paraplyen. D\u00e5 s\u00f8ker vi ikkje prim\u00e6rt dei vanskelege typane, men forfattarar som gjennom litteraturen sin har ei vrang tiln\u00e6rming, og som bruker vrangskap som metode. Poet \u00d8yvind Rimbereid for eksempel \u2013 han representerer ein grunnleggjande, strukturell vrangskap: Han skriv p\u00e5 spr\u00e5k som ikkje finst, eller som ikkje er \u00abrette\u00bb. Han bryt med ideen om at spr\u00e5k skal vera reint, stabilt og normert. Framtidsdialekta i langdiktet Solaris korrigert er ikkje n\u00f8dvendigvis feil spr\u00e5k, men spr\u00e5k i bevegelse \u2013 vrangt sett fr\u00e5 samtida, kanskje logisk sett fr\u00e5 framtida.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Korleis jobbar de vidare med programmet og festivalen gjennom v\u00e5ren? <\/p>\n<p>\u2013 No jobbar vi p\u00e5 mange plan samtidig: Inviterer folk og grublar p\u00e5 gode kombinasjonar, leiker med ord som vrangl\u00e6re, vrangf\u00f8restillingar og tvisyn, samtidig som vi sender s\u00f8knader om st\u00f8tte og finansiering. Nokon av dei som har takka ja til \u00e5 kome er nemnde Rimbereid, Dag Johan Haugerud, Anna Kleiva og Halvor Folger\u00f8, som skal ha sleppfest p\u00e5 ei lokalt veldig relevant bok, seier Ystanes.\u00a0<\/p>\n<p>Grafikar Augun Johnsen st\u00e5r ogs\u00e5 i \u00e5r bak \u00e5rets plakat.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1954\" height=\"3117\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/2026Dame.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1954 \/ 3117;\"\/><\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2130\" height=\"2543\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/2026Mann.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2130 \/ 2543;\"\/><\/p>\n<p>            Litteratursymposiet i Odda<\/p>\n<p>\u00c5rleg litteraturfestival som var 20 \u00e5r i 2025. I l\u00f8pet av fire festivaldagar blir det gjennomf\u00f8rt rundt 50 arrangement, fr\u00e5 bokpratar og sceneshow til konsertar. Kvart \u00e5r har festivalen eit nytt tema. I \u00e5r er temaet vrang.\u00a0<\/p>\n<p>  Motstraums<\/p>\n<p>Om \u00e5rets tema peikar festivalen p\u00e5 fleire definisjonar:\u00a0<\/p>\n<p>\u00abDet vrange er det som ikkje let seg rette ut. Det som g\u00e5r p\u00e5 tvers, strittar imot, nektar \u00e5 f\u00f8lge den rette lina. Vrang kan vere ei haldning, ein eigenskap, ein feil eller ei kraft. Det kan vere barnleg staheit, prinsipiell motstand, kreativ trass eller destruktiv vilje\u00bb, skriv festivalen i ei pressemelding.\u00a0<\/p>\n<p>\u00c5 vere vrang kan til d\u00f8mes vera \u00e5 seia nei n\u00e5r alle andre seier ja.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Det er \u00e5 stilla sp\u00f8rsm\u00e5l ved det sj\u00f8lvsagde, \u00e5 g\u00e5 motstraums sj\u00f8lv om straumen verkar for sterk. Vrangskap kan vera ein m\u00e5te \u00e5 verna om seg sj\u00f8lv p\u00e5, ein m\u00e5te \u00e5 halda fast ved identitet, spr\u00e5k, kropp eller tanke. Det kan \u00f2g vera noko som stenger, skaper konflikt og gjer det vanskeleg \u00e5 leva saman, skriv festivalen vidare.\u00a0<\/p>\n<p>Litteratursymposiet peikar p\u00e5 at litteraturen er full av vrange menneske: dei som ikkje passar inn, som nektar \u00e5 b\u00f8ya seg, som lagar uorden i systema. Vrange forteljarar, vrange livsl\u00f8p, vrange spr\u00e5k. I motstanden og skeivskapen kan nye perspektiv oppst\u00e5, og det tilsynelatande feilaktige kan avsl\u00f8ra sanningar vi elles ikkje ville sett.<\/p>\n<p>\u2013 Vrang kan vera smertefullt og slitsamt, men \u00f2g frigjerande. Det kan vere starten p\u00e5 oppr\u00f8r, kunst og endring, heiter det i omtalen av temavalet.\u00a0<\/p>\n<p>            Vrang<\/p>\n<p>Festivalen er vigd til det vrange: tankane som g\u00e5r skeivt, stemmene som ikkje vil teiast, tekstane som skurrar og strittar imot. Til det som gjer motstand \u2013 og dermed opnar for noko nytt. Odda er ein vrang stad. Byen ligg pressa mellom fjell og fjord, forma av natur som strittar imot og ei historie som ikkje let seg glatte over. Industrien braut med idyllen, arbeidarkampen gjorde motstand til ein livsstrategi, og d\u00e5 fabrikkane forsvann, nekta Odda \u00e5 late som alt var i orden. Her har utvikling aldri g\u00e5tt rett fram. Naturen minner oss stadig p\u00e5 grensene for kontroll, medan historia ligg ope i landskapet. Odda passar ikkje heilt inn i det norske sj\u00f8lvbiletet \u2013 og nettopp difor trengst denne staden.<\/p>\n<p>\u00c5 samle eit litteraturfestivaltema om Vrang i Odda er \u00e5 gi spr\u00e5k til noko som alt finst her: motstanden, skeivskapen og viljen til \u00e5 st\u00e5 imot det enkle. Odda er ikkje vrang trass i historia si \u2013 men p\u00e5 grunn av henne .<\/p>\n<p>Litteratursymposiet om \u00e5rets temaval<\/p>\n<p><b>Dette har vore tema p\u00e5 dei ulike festivalane oppgjennom:<\/b><\/p>\n<p>Fr\u00e5 industrikultur til kulturindustri (2005)<\/p>\n<p>Politisk litteratur (2006)<\/p>\n<p>Kj\u00e6rleik (2007)<\/p>\n<p>Litteraturen i musikken i litteraturen (2008)<\/p>\n<p>Litter\u00e6re bilde (2009)<\/p>\n<p>Smuss (2010)<\/p>\n<p>Br\u00e5k (2011)<\/p>\n<p>Fengsla (2012)<\/p>\n<p>Unorsk (2013)<\/p>\n<p>Kompis (2014)<\/p>\n<p>Heim (2015)<\/p>\n<p>Hjelp (2016)<\/p>\n<p>Kapital (2017)<\/p>\n<p>L\u00f8gn (2018)<\/p>\n<p>D\u00f8den (2019)<\/p>\n<p>No. 15 (2020)<\/p>\n<p>Attr\u00e5 (2021)<\/p>\n<p>A4 (2022)<\/p>\n<p>Magisk (2023)<\/p>\n<p>Drama (2024)<\/p>\n<p>Eksplosjon (2025)<\/p>\n<p>Vrang (2026)\u00a0<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Festivalen feira i fjor 20 \u00e5r og pregar over fleire dagar kvar haust industribyen som er kjend for&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":180711,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[36,71,410,30,28,29,4966,5415,1510,72],"class_list":["post-180710","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-art","tag-entertainment","tag-kultur","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyhende","tag-odda","tag-story","tag-underholdning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116186571300150160","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/180710","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=180710"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/180710\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/180711"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=180710"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=180710"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=180710"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}