{"id":184421,"date":"2026-03-11T08:49:47","date_gmt":"2026-03-11T08:49:47","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/184421\/"},"modified":"2026-03-11T08:49:47","modified_gmt":"2026-03-11T08:49:47","slug":"synspunkt-sparebanken-norge-ja-takk-til-open-debatt-men-ogsa-aerlegdom-om-vala","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/184421\/","title":{"rendered":"Synspunkt, Sparebanken Norge | Ja takk til open debatt \u2013 men ogs\u00e5 \u00e6rlegdom om vala"},"content":{"rendered":"\n<p>Det m\u00e5 vere rom for ulike syn i sparebanksektoren. Det skriv Trond Teigene i Firda. Det er vi heilt einige i. Men open debatt krev ogs\u00e5 \u00e6rlegdom om vala som blir gjorde.<\/p>\n<p>Sparebankmodellen rommar ulike l\u00f8ysingar. Nokre bankar \u00f8nskjer \u00e5 dele ein del av overskotet med kundane gjennom kundeutbytte. Andre vel \u00e5 ikkje gjere det. Begge delar er legitime val. Problemet oppst\u00e5r n\u00e5r det blir skapt feilaktige og konstruerte motsetningar mellom kundeutbytte og st\u00f8tte til frivillig sektor. N\u00e5r enkeltbankar jobbar for \u00e5 innskrenke andre bankars mogelegheiter.<\/p>\n<p>I dialog med politikarar i fylket registrerer vi at fleire etter informasjonsm\u00f8te med banken sit igjen med eit inntrykk av at kundeutbytte m\u00e5 avviklast \u2013 elles blir det mindre pengar til lag og organisasjonar. Det kunne knapt vore meir feil. Erfaringane fr\u00e5 bankar som har innf\u00f8rt kundeutbytte viser at begge delar kan styrkast samtidig.<\/p>\n<p>Vi innf\u00f8rte kundeutbytte i 2019. I \u00e5ra f\u00f8r l\u00e5g gjennomsnittleg \u00e5rleg g\u00e5vebel\u00f8p p\u00e5 rundt 220 millionar kroner. Etter innf\u00f8ringa har vi sjudobla g\u00e5veverksemda til 1,53 milliardar kroner. Ingen andre sparebankar deler ut meir til frivilligheita.<\/p>\n<p>Teigene etterlyser ogs\u00e5 kva vi bidreg med i Sogn og Fjordane. V\u00e5re berekningar viser at med 1,53 milliardar kroner avsett til g\u00e5ver i 2026 vil vi \u2013 justert for storleik \u2013 dele ut meir til lokalsamfunn enn SpareBank1 Sogn og Fjordane har gjort i gjennomsnitt dei siste fire \u00e5ra i Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p>I tillegg kjem 52 millionar kroner i kundeutbytte til v\u00e5re kundar i Sogn og Fjordane i 2026 \u2013 i ei tid med h\u00f8ge renter og pressa hushalds\u00f8konomi. Dette kjem p\u00e5 toppen av konkurransedyktige vilk\u00e5r for kundane. Begge bankane hadde i 2025 om lag same utl\u00e5nsmargin i personmarknaden.<\/p>\n<p>Med andre ord: Kundane kan f\u00e5 b\u00e5de gode bankvilk\u00e5r, ein del av verdiskapinga gjennom kundeutbytte \u2013 og sterke bidrag til frivilligheita.<\/p>\n<p>I lys av Sparebankutvalet er spelereglane for sparebankane igjen oppe til vurdering. Dersom SpareBank1 Sogn og Fjordane \u00f8nskte \u00e5 dele meir av overskotet med kundane, kunne dei til d\u00f8mes arbeide for l\u00f8ysingar der stiftinga deler ut kundeutbytte \u2013 slik Gjensidigestiftelsen gjer. At dei ikkje \u00f8nskjer det, er ein \u00e6rleg sak. Men d\u00e5 b\u00f8r ein ogs\u00e5 vere open om det valet.<\/p>\n<p>Vi respekterer fullt ut at SpareBank1 Sogn og Fjordane vel ein annan modell enn oss. Det vi har vanskelegare for \u00e5 forst\u00e5, er at banken samstundes arbeider for at v\u00e5re kundar ikkje skal f\u00e5 ta del i verdiskapinga.<\/p>\n<p>Akkurat no jobbar SpareBank1 Sogn og Fjordane, saman med DNB, for at 18 000 av v\u00e5re kundar i Sogn og Fjordane skal miste 52 millionar kroner i kundeutbytte som vi planlegg \u00e5 betale ut i april. I 2025 fekk v\u00e5re kundar i Sogn og Fjordane 58 millionar kroner i kundeutbytte.<\/p>\n<p>Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane hadde ved utgangen av 2024 (siste \u00e5rsrekneskap) verdiar p\u00e5 om lag 10,1 milliardar kroner, basert p\u00e5 ei verdsetjing av bankens eigenkapitalbevis p\u00e5 niv\u00e5 med Rogaland Sparebank. Eit forsiktig anslag viser at stiftinga auka sin verdi med over ein milliard berre i 2024.<\/p>\n<p>Samstundes vart det delt ut 75 millionar kroner i g\u00e5ver i 2024 \u2013 berre 11,9 prosent av overskotet stiftinga mottok fr\u00e5 banken og om lag 0,74 prosent av kapitalen i stiftinga. Statens Pensjonsfond Utland har til samanlikning ein handlingsregel p\u00e5 3 prosent. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er s\u00e5leis i realiteten eit oljefond p\u00e5 speed.<\/p>\n<p>Det reiser eit naturleg sp\u00f8rsm\u00e5l: Kor mykje kapital er nok f\u00f8r meir kjem kundane og lokalsamfunna til gode? Kva sparer ein til?<\/p>\n<p>Til samanlikning deler Sparebanken Norge direkte ut 100 prosent av det som ikkje trengst til vidare vekst av samfunnskapitalens del av overskotet.<\/p>\n<p>Med andre ord kunne SpareBank 1 Sogn og Fjordane i praksis ha mangedobla g\u00e5veutdelingane \u2013 og samtidig hatt kundeutbytte p\u00e5 niv\u00e5 med v\u00e5rt.<\/p>\n<p>D\u00e5 er sp\u00f8rsm\u00e5let om det er s\u00e5 klokt \u00e5 arbeide for \u00e5 svekkje delar av sparebankmodellen. Rammevilk\u00e5r blir gjerne st\u00e5ande lenge. Det kan jo hende at ei framtidig leiing i banken \u00f8nskjer \u00e5 dele ein del av overskotet med kundane som har vore med p\u00e5 \u00e5 skape det.<\/p>\n<p>Vi respekterer valet om \u00e5 byggje opp kapital i stiftingar framfor \u00e5 dele meir ut til kundar eller lokalsamfunn. Men respekt for ulike val m\u00e5 g\u00e5 begge vegar. Det betyr ogs\u00e5 at ein arbeider for eigne rammevilk\u00e5r \u2013 ikkje for \u00e5 svekkje andre sine.<\/p>\n<p>Denne v\u00e5ren skal Stortinget ta stilling til framtida til sparebankmodellen. Erfaringar fr\u00e5 fleire europeiske land viser at n\u00e5r sparebankanes s\u00e6rpreg og eigarstruktur gradvis blir svekka, endar det ofte med konsolidering og oppkj\u00f8p \u2013 og f\u00e6rre lokale bankar.<\/p>\n<p>Difor smerter det \u00e5 sj\u00e5 at nokre akt\u00f8rar no har sl\u00e5tt seg saman for \u00e5 svekkje delar av sparebankmodellen. Vi skulle heller ha st\u00e5tt saman om \u00e5 styrkje sparebankmodellen \u2013 og sikre konkurransekraft i m\u00f8te med dei store forretningsbankane.<\/p>\n<p>For sparebankmodellen handlar i bunn og grunn om det same som den alltid har gjort: \u00e5 skape verdiar lokalt \u2013 og la dei kome b\u00e5de lokalsamfunn og kundar til gode.<\/p>\n<p>Sparebankmodellen er sterk nok til \u00e5 romme begge delar:<\/p>\n<p>Sterke lokalsamfunn \u2013 og kundar som f\u00e5r ta del i verdiskapinga.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-2025928\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/BeFunky-collage+%281%29.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Bygg lokalsamfunn, ikkje pengebingar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-2026532\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/bank.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            G\u00e5r hardt ut mot F\u00f8rde-banken: \u2013 Det er mogleg \u00e5 gjere begge deler\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-2027101\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/e22d2ef8-08cd-4472-b74e-b4d989992b84.bin.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Det m\u00e5 vere rom for ulike syn i sparebanksektoren\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det m\u00e5 vere rom for ulike syn i sparebanksektoren. Det skriv Trond Teigene i Firda. Det er vi&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":184422,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[36,60,61,62,30,28,29,1533,18695,6390,6150],"class_list":["post-184421","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-art","tag-business","tag-economy","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-opinion","tag-sparebank1-sogn-og-fjordane","tag-sparebanken-norge","tag-synspunkt"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116209684687502022","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/184421","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=184421"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/184421\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/184422"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=184421"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=184421"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=184421"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}