{"id":18571,"date":"2025-08-26T13:20:09","date_gmt":"2025-08-26T13:20:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/18571\/"},"modified":"2025-08-26T13:20:09","modified_gmt":"2025-08-26T13:20:09","slug":"anmeldelse-gears-of-war-reloaded","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/18571\/","title":{"rendered":"Anmeldelse: Gears of War: Reloaded"},"content":{"rendered":"<p>Eg skal vere \u00e6rleg og innr\u00f8mme det er litt rart \u00e5 spele Gears of War p\u00e5 PlayStation 5. Det er nesten som eg gjer noko eg ikkje har lov til. Som om eg bryt ei utskriven lov. Det var Epic Games som skapte og eigde Gears of War. Microsoft kj\u00f8pte eigedomen av dei, openbert for \u00e5 halde den langt unna PlayStation, men her er vi. Eit stort stykke spelhistorie kan no spelast hos det som ein gong var den argaste konkurrenten.<\/p>\n<p>Det er lov \u00e5 kalle dette spelet legendarisk, for det er legendarisk. Ein kan ikkje underdrive kor vanvittig viktig dette spelet har vore for utviklinga av spelindustrien.<\/p>\n<p>Om du lurer p\u00e5 kvar uttrykket \u00abbald space marine\u00bb kom fr\u00e5. Sj\u00e5 i denne retninga. Gears of War inspirerte ein generasjon av spel s\u00e5 hardt at det nesten blei litt for mykje av det gode. Det var s\u00e5 mykje testosteron, s\u00e5 mykje macho, s\u00e5 mange skalla hovud p\u00e5 digre, muskul\u00f8se kroppar at det nesten blei ein vits. Gears of War var ein trendsetjar. B\u00e5de visuelt og spelteknisk.<\/p>\n<p>Gears of War endra spelverda p\u00e5 same m\u00e5te som From Software i nyare tid har gjort med Dark Souls. No velta det inn ei b\u00f8lgje av spel som alle ville gjere det same. Fortelje historier p\u00e5 meir dynamisk vis, gi oss barske menn med enorme musklar, og fokuset p\u00e5 digre former, og skytning fr\u00e5 bak ein stein blei spreidde om seg.<\/p>\n<p>Berre reklamen aleine sette enorme spor. Det var som om bransjen vaks over natta. Fr\u00e5 litt banale videoar som hausa opp stemninga, blei bransjen no inspirert av eit spel som blei marknadsf\u00f8rt med dramatiske scener sett til ein cover av Tears for Fears-l\u00e5ta Mad World.<\/p>\n<p>Det er ikkje eit lite, trivielt spel som no kjem til PlayStation 5, det er ein bauta.<\/p>\n<p>                            Folk med hjelm d\u00f8yr, uskriven lov.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Men no d\u00e5?<\/p>\n<p>Gears of War: Reloaded er lett \u00e5 feiltolke. Det er lett \u00e5 g\u00e5 i fella og tru vi f\u00e5r noko nytt her, men det gjer vi ikkje. Dette er ein pimpa versjon av ei ti \u00e5r gammal grafisk overhalding av eit 19 \u00e5r gammalt spel. Det er alt. Det er ingenting verkeleg nytt her, og det finn eg litt skuffande. Hadde Microsoft venta berre eitt \u00e5r, kunne dei feira 20 \u00e5r med Gears of War, og gjerne bygd opp heile spelet fr\u00e5 grunnen av, med dagens teknologi, og laga ein visuell maktdemonstrasjon.<\/p>\n<p>Det f\u00e5r vi ikkje. I staden f\u00e5r vi det som for ti \u00e5r sidan var sv\u00e6rt pent, men sj\u00f8lv Gears of War 4 og 5 har kvassare grafikk enn dette. Det blir difor litt vanskeleg \u00e5 ikkje sitje igjen med ei kjensle av at dette produktet er tufta p\u00e5 ideen om minste motstands veg. Lat oss lage eit billeg produkt, f\u00e5 det ut, samle inn pengar, og kalle det ein dag.<\/p>\n<p>Ein kan sj\u00f8lvsagt forst\u00e5 det, men n\u00e5r eit av dei viktigaste spela i heile Xbox-historia skal gjere noko s\u00e5 drastisk som \u00e5 slutte \u00e5 vere Xbox-eksklusivt, kunne det gjerne ha vore gjort med meir st\u00e5hei enn berre ein ganske ordin\u00e6r port.<\/p>\n<p>Det vi f\u00e5r er likevel eit solid produkt. Det er i praksis Gears of War: Ultimate Edition, men i 4 k, med 60 bilete i sekundet gjennom heile kampanjen, og 120 bilete i sekundet for fleirspelarmodusen. Vi ser forbetringar over heile fj\u00f8la, med betre lys og skugge, og all lasteskjermar i kampanjen er borte.<\/p>\n<p>Det i seg sj\u00f8lv er naturlegvis ei stor oppgradering for mange, og det er ein sann fryd \u00e5 spele dette s\u00e5 silkemjukt som det no er. Vidare er det kjekt at spelet byr p\u00e5 full st\u00f8tte for speling p\u00e5 tvers av plattformer. Skulle du sitje med fleire kopiar kan du ta framgangen din og bruke den p\u00e5 b\u00e5de Xbox, PC og PlayStation 5. At dette attp\u00e5til er ei gratis oppdatering for dei som allereie eig Gears of War: Ultimate Edition er sj\u00f8lvsagt eit pluss.<\/p>\n<p>Jamt over f\u00e5r vi ei solid pakke, og det er mykje \u00e5 smile for. Det er den mest komplette versjonen av spelet, med ein ekstra kampanjedel som ikkje var med i den originale Xbox 360-versjonen, ein haug fleirspelarkart, og diverse ting ein kan l\u00e5se opp, er det mykje \u00e5 kose seg med.<\/p>\n<p>                            Motorsaga er herleg, men kunne godt ha vore litt meir presis.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Ein godbit med skavankar<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Gears of War: Reloaded utan tvil er den beste versjonen av spelet, s\u00e5 framt du ikkje er ein purist som meiner sjela er borte, er det nokre un\u00f8dige irritasjonar her.<\/p>\n<p>Mest framtredande er manglande lyd. For eit spel med eit elles flott lydbilete, er det litt snodig at alle Marcus og Dom snakkar med over mikrofonane sine er stumme. Dei er nesten konsekvent heilt borte, og for \u00e5 f\u00e5 med seg noko av det som blir sagt m\u00e5 ein lese underteksten.<\/p>\n<p>Det burde ha vore fiksa, for det er eit s\u00e5 framtredande problem at nokon burde ha f\u00e5tt det med seg. Andre ting som kunne ha vore gjort noko med sit djupare. Det hadde ikkje skada om den kunstige intelligensen blei fiksa litt p\u00e5. Din ven Dom kan vere veldig i vegen, og aldri gjere som han skal, noko som kan vere eit direkte hinder for din framgang. D\u00f8yr han er det game over, sj\u00f8lv om det var han som stod i vegen for ein berserker utan \u00e5 vise teikn til \u00e5 forst\u00e5 alvoret i situasjonen. Spelar du saman med nokon er dette sj\u00f8lvsagt ikkje eit problem.<\/p>\n<p>Utover det er Gears of War framleis eit vanvittig moro spel. Det byrjar \u00e5 bli nokre \u00e5r sidan eg spelte det sist, men hjelpe meg s\u00e5 lett det er \u00e5 bli hekta. Kampanjen er stor underhaldning som dyttar deg vidare fr\u00e5 det eine intense scenarioet til det andre i eit nesten utmattande tempo. \u00c5 m\u00f8te desse latterleg barske karane med biceps p\u00e5 storleik med basketballar igjen er eit herleg avbrekk. Det er eit gledeleg gjensyn, spesielt med tanke p\u00e5 dei uinteressante hovudpersonane The Coalition har bydd p\u00e5 i Gears of War 4 og 5. <\/p>\n<p>Det er slik det skal gjerast, det er slik Gears of War skal vere, og om denne versjonen av spelet beviser noko som helst, er det at dette er ein formel som ikkje treng fornying. <\/p>\n<p>                            Spelet trykker mange slik syn p\u00e5 deg.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Konklusjon<\/p>\n<p>Eit av dei viktigaste skytespela i spelhistoria tek no turen over til plattforma Microsoft lenge jobba hardt for \u00e5 halde den unna. PlayStation 5-publikummet f\u00e5r eit fantastisk spel, som st\u00e5r seg godt, og er meir underhaldande enn det meste som har kome av konkurrentar i \u00e5ra som har g\u00e5tt. Det byr p\u00e5 suveren skyting, ei god utfordring, og moro i endelause timar, om du s\u00e5 spelar aleine, saman med ein ven, eller vil delta i hissige fleirspelarkampar i eit mylder av sjangrar.<\/p>\n<p>Eg skulle likevel ynskje Microsoft og utviklarane hos The Coalition hadde sl\u00e5tt litt meir p\u00e5 stortromma. Spelet er 20 \u00e5r neste \u00e5r, eg eg vil tru mange hadde hatt stor glede av \u00e5 sj\u00e5 ei ny tolking i nyaste versjon av Unreal-motoren, i staden for \u00e5 dra ei tidlegare restaurering ut av skapet.<\/p>\n<p>Det, eller kanskje ei skikkeleg samlepakke der alle dei tre f\u00f8rste spela var med. Microsoft kunne ha gjort mykje, men har valt \u00e5 gjere lite. Det er synd, men det endrar likevel p\u00e5 at dette er eit fantastisk spel. Om du enno ikkje har spelt Gears of War, er det alvorleg talt p\u00e5 tide.<\/p>\n<p><strong>Gears of War: Reloaded er ute no for PlayStation 5 (testa), Xbox Series S\/X og Windows.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg skal vere \u00e6rleg og innr\u00f8mme det er litt rart \u00e5 spele Gears of War p\u00e5 PlayStation 5.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":18572,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[57],"tags":[30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":{"0":"post-18571","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-vitenskap-og-teknologi","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-science","12":"tag-science-and-technology","13":"tag-scienceandtechnology","14":"tag-technology","15":"tag-teknologi","16":"tag-vitenskap","17":"tag-vitenskap-og-teknologi","18":"tag-vitenskapteknologi"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18571","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=18571"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/18571\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/18572"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=18571"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=18571"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=18571"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}