{"id":191442,"date":"2026-03-19T08:14:15","date_gmt":"2026-03-19T08:14:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/191442\/"},"modified":"2026-03-19T08:14:15","modified_gmt":"2026-03-19T08:14:15","slug":"kinn-floro-set-inn-ekstra-tiltak-for-a-fa-fleire-flyktningar-i-jobb","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/191442\/","title":{"rendered":"Kinn, Flor\u00f8 | Set inn ekstra tiltak for \u00e5 f\u00e5 fleire flyktningar i jobb"},"content":{"rendered":"\n<p>I 2024 deltok 237 personar i introduksjonsprogrammet, og 58,2 prosent gjekk direkte ut i arbeid eller utdanning etterp\u00e5. I fjor vart 57,8 prosent av dei 190 deltakarane sysselsette etter endt program. Gjennomsnittet p\u00e5 landsbasis er 41 prosent, s\u00e5 Kinn kommune er alts\u00e5 gode p\u00e5 dette.<\/p>\n<p>    For kort tid for ein del<\/p>\n<p>Likevel ser ein at det er krevjande \u00e5 f\u00e5 flyktningar med kort introduksjonsprogram ut i arbeid, og det betyr at Kinn kommunes utgifter til sosialhjelp aukar. Vanlegvis g\u00e5r programmet over to til tre \u00e5r. Men dei fleste av flyktningane som har blitt busette dei siste \u00e5ra \u2013 ukrainarar med minimum vidareg\u00e5ande utdanning \u2013 har hatt ei maksimallengd p\u00e5 eitt \u00e5r. Det betyr avgrensa med tid til b\u00e5de \u00e5 l\u00e6re seg norsk og til arbeidsretta tiltak.<\/p>\n<p>Dagleg leiar ved Kurs KF, Eva Melv\u00e6r Langaas, seier at dette i all hovudsak dreiar seg om ukrainarar som er her p\u00e5 midlertidig kollektivt vern. Ho forklarar at lengda p\u00e5 introduksjonsprogrammet blir avgjort av kor mykje utdanning dei har fr\u00e5 heimlandet.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 godt som alle ukrainarar har vidareg\u00e5ande skule, og d\u00e5 f\u00e5r dei berre rett til eitt \u00e5rs introduksjonsprogram. Og d\u00e5 regjeringa innf\u00f8rte midlertidige forskriftsendringar p\u00e5 midlertidig kollektivt vern, la dei til grunn av ukrainarar hadde ein god del betre engelskkunnskapar enn det det viste seg at dei hadde.<\/p>\n<p>Langaas seier at dette er noko alle kommunar rapporterer om: At hovudbarrieren for \u00e5 f\u00e5 folk ut i jobb er kort programtid.<\/p>\n<p>\u2013 Ein del klarar \u00e5 l\u00e6re godt nok norsk til \u00e5 f\u00e5 jobb p\u00e5 eitt \u00e5r, men nokre gjer det ikkje. Det er individuelt og avhengig av mange faktorar kor enkelt det er \u00e5 l\u00e6re eit heilt nytt spr\u00e5k i vaksen alder.<\/p>\n<p>20 millionar i sosialhjelp<\/p>\n<p>Det korte introduksjonsprogrammet handlar som nemnt om utdanningsniv\u00e5et fr\u00e5 heimlandet.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir stadig trongare rammer for introduksjonsprogram og integreringsarbeid etterkvart som lovverket blir meir detaljert og rettigheitsbasert, seier Langaas.<\/p>\n<p>I fjerde kvartal av 2025 hadde 61 flyktningar i Kinn sosialhjelp som viktigaste inntekt, og minst halvparten av dei var under 60 \u00e5r. For heile fjor\u00e5ret blei det utbetalt omkring 20 millionar kroner til sosialhjelp og kvalifiseringprogram for flyktningar busette etter 2021.<\/p>\n<p>Difor vil Kurs KF no bruke inntil fem millionar kroner av disposisjonsfondet til m\u00e5lretta tiltak for \u00e5 f\u00e5 fleire i jobb. Kurs KF sitt driftsresultat for 2025 landa p\u00e5 15,8 millionar, noko som var betre enn forventa. Det er nokre av desse pengane Kurs KF \u00f8nskjer \u00e5 bruke p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 fleire flyktningar i arbeid.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 to til 20<\/p>\n<p><b>Prosjektet Ressurspool er tenkt som eit tiltak der deltakarane blir midlertidig tilsette i Kurs KF i eit prosjektstilling i seks m\u00e5nader. <\/b><\/p>\n<p>Dei skal ut og jobbe i kommunale einingar eller private bedrifter som har behov for \u00e5 hjelp til \u00e5 l\u00f8yse oppg\u00e5ver. Det blir streka under at desse ikkje skal komme i staden for ordin\u00e6re tilsette, men vere eit tillegg som kan bidra til \u00e5 avlaste.<\/p>\n<p>Det blir ogs\u00e5 lagt opp til eit samarbeid med private bedrifter og utviklingsakt\u00f8rar med eit m\u00e5l om \u00e5 utvide prosjektet til fleire arbeidsgivarar. Det er tenkt ein forsiktig oppstart med to personar som kan utvidast til 20, dersom finansieringa kjem p\u00e5 plass. Kostnaden skal dekkjast av Kurs KF og integreringstilskot, pluss at ein reknar inn ein reduksjon i sosialhjelpsutgifter.<\/p>\n<p>Styret i Kurs KF hadde m\u00f8te tysdag. Dei er positive til prosjektet og vil ha det inn i revidert budsjett. Deretter m\u00e5 saka opp i kommunestyret fordi det er snakk om midlar som st\u00e5r p\u00e5 disposisjonsfond.<\/p>\n<p><b>\u2013 Vi h\u00e5par \u00e5 kunne starte med piloten s\u00e5 snart som mogleg. Men vi m\u00e5 vente p\u00e5 klarsignal fr\u00e5 kommunestyret, forh\u00e5pentlegvis etter at dei har hatt m\u00f8te i april, seier Langaas.<\/b><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I 2024 deltok 237 personar i introduksjonsprogrammet, og 58,2 prosent gjekk direkte ut i arbeid eller utdanning etterp\u00e5.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":191443,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[12],"tags":[36,20,21,24,25,2482,15,416,6234,12796,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27,16215,42,43,44,45],"class_list":["post-191442","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-verden","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-floro","tag-headlines","tag-jobb","tag-kinn","tag-kurs-kf","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ukrainske-flyktningar","tag-verden","tag-world","tag-world-news","tag-worldnews"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116254845578049744","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/191442","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=191442"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/191442\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/191443"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=191442"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=191442"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=191442"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}