{"id":192264,"date":"2026-03-20T04:10:25","date_gmt":"2026-03-20T04:10:25","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/192264\/"},"modified":"2026-03-20T04:10:25","modified_gmt":"2026-03-20T04:10:25","slug":"sunniva-fra-alta-vann-oscar-med-affeksjonsverdi-nrk-troms-og-finnmark","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/192264\/","title":{"rendered":"Sunniva fr\u00e5 Alta vann Oscar med \u00abAffeksjonsverdi\u00bb \u2013 NRK Troms og Finnmark"},"content":{"rendered":"<p><strong>Som innspelingsleiar p\u00e5 \u00abAffeksjonsverdi\u00bb, har Sunniva Sollied M\u00f8ller fr\u00e5 Alta vore med p\u00e5 litt av eit eventyr<\/strong><\/p>\n<p>Filmen vann beste internasjonale film under Oscar-utdelinga. Det er f\u00f8rste gong ein norsk spelefilm har vunne Oscar.<\/p>\n<p>\u2013 Det kjennest heilt absurd ut, seier Sollied M\u00f8ller.<\/p>\n<p>Eit h\u00f8gdepunkt i karrieren<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg trur ikkje eg skj\u00f8nte kva eg gjekk til d\u00e5 eg begynte \u00e5 jobbe p\u00e5 \u00abAffeksjonsverdi\u00bb.<\/strong><\/p>\n<p>Alta-jenta har vore med p\u00e5 fleire filmar og TV-seriar. Ho har mellom anna <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/norske-sunniva-jobbet-pa-_game-of-thrones__-_-utrolig-utmattende_-men-veldig-laererikt-1.14531422\" ec-id=\"pp:article:1.14531422\" ec-name=\"jobba for\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">jobba for<\/a> den <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/norske-sunniva-jobbet-pa-_game-of-thrones__-_-utrolig-utmattende_-men-veldig-laererikt-1.14531422\" ec-id=\"pp:article:1.14531422\" ec-name=\"st\u00f8rste TV-serien\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">st\u00f8rste TV-serien<\/a><a href=\"http:\/\/www.nrk.no\/tromsogfinnmark\/norske-sunniva-jobbet-pa-_game-of-thrones__-_-utrolig-utmattende_-men-veldig-laererikt-1.14531422\" ec-id=\"pp:article:1.14531422\" ec-name=\"i verda, \u00abGame of Thrones\u00bb\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> i verda, \u00abGame of Thrones\u00bb<\/a>.<\/p>\n<p>Likevel: \u00c5 vere med \u00e5 vinne ein Oscar, det er noko eige.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var ei heilt merkeleg oppleving \u00e5 vere der p\u00e5 filmutdelinga si h\u00f8gborg. Det er definitivt noko av det villaste eg har vore med p\u00e5, seier Sollied M\u00f8ller. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sunniva og andre som har v\u00e6rt med p\u00e5 filmen Affeksjonsverdi. \" title=\"Foto: PRIVAT\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sunniva Sollied M\u00f8ller i kvit kjole, nummer to fr\u00e5 h\u00f8gre. <\/p>\n<p>Foto: PRIVAT<\/p>\n<p>Ho er veldig glad for at ho fekk vere med til Los Angeles og utdelinga.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg har f\u00e5tt barn, vore i mammapermisjon og gifta meg. Livet har f\u00f8lgt l\u00f8pet til filmen. Heldigvis har eg ein raus og fleksibel mann som kunne vere med, s\u00e5 vi reiste alle tre. Eg kjenner meg ekstremt privilegert. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Og korleis feirar ein eigentleg ein Oscar? Det m\u00e5 jo ha vore litt av ein fest?<\/p>\n<p>\u2013 Eg har jo levd livet mitt ute p\u00e5 sett i regn og v\u00ear og behagelege sko. Etter \u00e5tte timar p\u00e5 seremonien drog eg tilbake til hotellet for \u00e5 ta ein ammepause med veslemann og byte til joggesko.<\/p>\n<p>Deretter drog Sollied M\u00f8ller p\u00e5 etterfesten til distribusjonsselskapet Neon.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Joachim (red.anm. .: Trier) kom stormande inn med statuetten. Alle fekk halde han og ta bilde. Eg var ogs\u00e5 s\u00e5 heldig \u00e5 f\u00e5 vere med p\u00e5 Vanity Fair-fest p\u00e5 slutten av kvelden.<\/strong><\/p>\n<p>Ho innr\u00f8mmer at det var eit litt heftig program for ei sliten, nybakt mamma.<\/p>\n<p><strong>\u2013 \u00c5 vere ute til klokka to p\u00e5 natta i LA, det var tungt. Men eg kom heim og tenkte at det uansett kom til \u00e5 vere verdt det.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"ENDELIG OSCAR: Joachim Trier med statuetten for &quot;Affeksjonsverdi&quot;.\" title=\"Foto: Reuters\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Joachim Trier med statuetten for \u00abAffeksjonsverdi\u00bb. <\/p>\n<p>Foto: Reuters<\/p>\n<p>Sjefen p\u00e5 sett<\/p>\n<p><strong>\u2013 Sj\u00f8lve opplevinga rundt innspelinga har vore heilt unik. Joachim har nok lenge hatt ein ambisjon om kor langt vi skulle n\u00e5 med denne filmen, utan at eg har forst\u00e5tt det.<\/strong><\/p>\n<p>Sunniva Sollied M\u00f8ller fortel vidare at det heile blei ei \u00f8ving i \u00e5 ta seg sj\u00f8lv og yrkesvalet p\u00e5 alvor. P\u00e5 ein m\u00e5te ho ikkje har gjort f\u00f8r.<\/p>\n<p>Ho var ein av tre innspelingsleiarar p\u00e5 \u00abAffeksjonsverdi\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Det er f\u00f8rste gong i karrieren min at eg har vore p\u00e5 sett samtidig med ein annan innspelingsleiar. Og det var heilt fantastisk. Som regel f\u00e5r ein ikkje den kunnskapsutvekslinga p\u00e5 sett.<\/p>\n<p>Jobben best\u00e5r mellom anna av \u00e5 planlegge heile innspelinga, forklarer Sollied M\u00f8ller.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg var den ansvarlege p\u00e5 sett som styrte, organiserte og delegerte. Kort sagt: sjefen p\u00e5 sett som fortel folk kva vi gjer og korleis vi g\u00e5r fram vidare. <\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>19.03.2026, kl. 12.28<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Som innspelingsleiar p\u00e5 \u00abAffeksjonsverdi\u00bb, har Sunniva Sollied M\u00f8ller fr\u00e5 Alta vore med p\u00e5 litt av eit eventyr Filmen&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":192265,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-192264","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116259548315827223","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/192264","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=192264"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/192264\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/192265"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=192264"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=192264"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=192264"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}