{"id":194367,"date":"2026-03-22T16:51:13","date_gmt":"2026-03-22T16:51:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/194367\/"},"modified":"2026-03-22T16:51:13","modified_gmt":"2026-03-22T16:51:13","slug":"bil-alver-skiljast-fra-gledespreiaren","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/194367\/","title":{"rendered":"Bil, Alver | Skiljast fr\u00e5 gledespreiaren"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Det gjer faktisk vondt. Det gjer det.<\/p>\n<p>Marit Lillian Bru ser bort mot bilen som snart ikkje er hennar lenger.<\/p>\n<p>I fleire \u00e5r har ho k\u00f8yrt rundt med C\u00e9line Dion p\u00e5 anlegget, p\u00e5 panseret, p\u00e5 d\u00f8ra og i hekken.<\/p>\n<p>For bilen er ein rullande hyllest til det kanadiske songikonet.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2400\" height=\"1600\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/IMG_9851.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2400 \/ 1600;\"\/><\/p>\n<p>      Signaturen til Dion i kvitt p\u00e5 panseret.<br \/>\n      Foto: Vegard Flat\u00f8y\n    <\/p>\n<p>Det er nok mange som har sett k\u00f8yret\u00f8yet ute p\u00e5 vegane i distriktet v\u00e5rt.<\/p>\n<p>Bru er den andre eigaren av Citroenen. Laila Johnsen fr\u00e5 Mj\u00f8ndalen er den f\u00f8rste. I 2017 parkerte Johnsen bilen utanfor hotellet til Dion i h\u00e5p om at songaren ville m\u00f8te henne og signere bilen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"941\" height=\"592\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/celine%2Bog%2Blaila.png__.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 941 \/ 592;\"\/><\/p>\n<p>      Den f\u00f8rste eigaren og skaparen av bilen, Laila Johnsen, m\u00f8tte Celine Dion i Stockholm i 2017 og fekk henne til \u00e5 signere bilen.<br \/>\n      Foto: Kjersti Palm Reitan\n    <\/p>\n<p>Sj\u00f8lv for Dion, som har opplevd det meste i l\u00f8pet av karrieren, er det ikkje kvardags at nokon dediserer bilen sin til henne.<\/p>\n<p>Difor stilte ho villig opp til ein prat og <a href=\"https:\/\/www.dt.no\/nedre-eiker\/musikk\/konserter\/superstjernen-signerte-bilen-til-laila\/s\/5-57-663565\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">signerte b\u00e5de panseret og dashbordet<\/a>.<\/p>\n<p>Eitt ufr\u00e5vikeleg krav<\/p>\n<p>D\u00e5 Johnsen skulle selje bilen, hadde ho eitt krav: Den m\u00e5tte g\u00e5 til ein C\u00e9line Dion-fan.<\/p>\n<p>Og det er Bru i h\u00f8gste grad. N\u00e5r ho trykker p\u00e5 play, er det stemma til Dion som kjem ut, og eine dottera hennar, har f\u00e5tt namnet Celine.<\/p>\n<p>\u2013 Musikken hennar er heilt spesiell. Den g\u00e5r rett i hjarterota, seier Bru.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2400\" height=\"1600\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/IMG_9814.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2400 \/ 1600;\"\/><\/p>\n<p>      \u2013 Eg har f\u00e5tt mykje merksemd i denne bilen. Ikkje at eg treng det, men det er no kjekt n\u00e5r folk blir glade.<br \/>\n      Foto: Vegard Flat\u00f8y\n    <\/p>\n<p>Bilen har skapt mykje merksemd p\u00e5 vegen. Folk har smilt, gitt henne tommelen opp og byrja \u00e5 synge \u00abMy Heart Will Go On\u00bb. <\/p>\n<p>Men i det siste har bilen st\u00e5tt heilt stille. Som det ofte er med gamle bilar, hoper problema seg opp og EU-kontrollen blir vanskeleg \u00e5 forsere.<\/p>\n<p>\u2013 Den blir rett og slett for dyr \u00e5 fikse p\u00e5 ein verkstad.<\/p>\n<p>Skjebnen til slike bilar ventar gjerne i Kjevikdalen. Men det var aldri eit alternativ for Bru.<\/p>\n<p>\u2013 Det ville vore som \u00e5 dumpe C\u00e9line Dion og det g\u00e5r jo ikkje.<\/p>\n<p>Nytt liv<\/p>\n<p>H\u00e5pet var at ein bilkyndig Dion-fan kunne ta over og fikse doningen. Og slik blir det no.<\/p>\n<p>\u2013 Ein kollega av dottera mi er stor fan, i tillegg har ho ein mann som kan fikse bilar.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1821\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/03\/IMG_9847.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1821 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Bilen har st\u00e5tt i ro dei siste to \u00e5ra. No f\u00e5r den ny eigar.<br \/>\n      Foto: Vegard Flat\u00f8y\n    <\/p>\n<p>\u2013 Der blir vondt \u00e5 kvitte seg med bilen, men no kjem eg i alle fall til \u00e5 sj\u00e5 den p\u00e5 vegane i Nordhordland igjen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det gjer faktisk vondt. Det gjer det. Marit Lillian Bru ser bort mot bilen som snart ikkje&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":194368,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[1751,36,222,71,410,30,28,29,1510,72],"class_list":["post-194367","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-alver","tag-art","tag-bil","tag-entertainment","tag-kultur","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-story","tag-underholdning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116273865493228101","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/194367","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=194367"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/194367\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/194368"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=194367"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=194367"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=194367"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}