{"id":204176,"date":"2026-04-03T06:44:08","date_gmt":"2026-04-03T06:44:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/204176\/"},"modified":"2026-04-03T06:44:08","modified_gmt":"2026-04-03T06:44:08","slug":"aune-sand-og-vebjorn-sand-satsar-stort-med-kunstutstilling-i-surnadal-og-todalen-more-og-romsdal","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/204176\/","title":{"rendered":"Aune Sand og Vebj\u00f8rn Sand satsar stort med kunstutstilling i Surnadal og Todalen \u2013 M\u00f8re og Romsdal"},"content":{"rendered":"<p>Aune og Vebj\u00f8rn Sand har dei siste 20\u201330 \u00e5ra budd og selt kunst i New York, ein by med rundt 8,5 millionar innbyggarar.<\/p>\n<p>No flyttar dei Galleri Sand fr\u00e5 New York til Todalen p\u00e5 Nordm\u00f8re, ei bygd med rundt 300 innbyggjarar.<\/p>\n<p>\u2013 Bygdene i Noreg er framtida. Me er forut v\u00e5r tid, seier Aune Sand.<\/p>\n<p>Han ville feire 60-\u00e5rsdag med tvillingbroren og deira st\u00f8rste utstilling p\u00e5 Todalen skule, kj\u00f8pt for deira siste krone etter gigaprosjektet Roseslottet ved Holmenkollen.<\/p>\n<p>\u2013 Eg blir glad om det kjem meir enn to personar p\u00e5 galleriopninga, seier Aune Sand.<\/p>\n<p>Men han hadde gl\u00f8ymt \u00e5 fortelje broren om skulekj\u00f8pet.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en person som st\u00e5r foran en bygning med armene oppe (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\u2013 Velkommen til nye Galleri Sand! (om alt g\u00e5r etter planen.)<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person st\u00e5r i et rom med en tavle og et kart p\u00e5 veggen. Personen b\u00e6rer en fargerik sjal og en genser. Rundt vedkommende er det skoleutstyr og en benk. Rommet har en uformell atmosf\u00e6re med tre- og kremfargede vegger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Galleriet skil seg ganske mykje fr\u00e5 Roseslottet i Oslo, men Aune Sand meiner dei har f\u00e5tt mykje bygg (1260 kvm) for ei krone.<\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"To personer st\u00e5r i et rom med en stor kartvegg i bakgrunnen. Den ene personen holder et glass, mens den andre st\u00e5r med en flaske vin p\u00e5 bordet foran seg. Rommet har klassiske skolem\u00f8bler og beige gulv. Omgivelsene gir en f\u00f8lelse av et utdanningsmilj\u00f8. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>F\u00f8rste sk\u00e5l: Fjerde generasjon urmakar Arve Evensen (t.h.) har vore med p\u00e5 \u00e5 spleise p\u00e5 bygget, alts\u00e5 spytta inn 50 \u00f8re. <\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person peker mot gardiner med fargerike flymotiver i et rom med vinduer som slipper inn naturlig lys. Personen er kledd i en strikkegenser og har en fargerik sjal. I bakgrunnen er det synlige vinduer og lysere vegger, som gir en lys og \u00e5pen atmosf\u00e6re. Det er sn\u00f8 utenfor vinduene, noe som indikerer vinterforhold.\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Skal dei klovnete gardinene f\u00e5 henge?<\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person st\u00e5r p\u00e5 en scene i et rom med skjermer og rekvisitter. Personen holder deler av en dekorasjon og ser ut til \u00e5 forberede seg til en forestilling. I bakgrunnen er det en reol med fargerike materialer og annet utstyr. Gulvet er dekket av plater og stoler som er stablet opp\u00e5 hverandre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Har dei bruk for scena?<\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><video poster=\"https:\/\/mediaorigin.nrk.no\/movingstill\/4576333b-f7f4-4a93-b633-3bf7f4ca9396\/20260303123206\/4576333b-f7f4-4a93-b633-3bf7f4ca9396_720.jpg\" disableremoteplayback=\"\" playsinline=\"\" muted=\"\" loop=\"\" preload=\"none\" autobuffer=\"autobuffer\" aria-hidden=\"true\" width=\"1920\" height=\"1080.00\" style=\"background-image: url(https:\/\/mediaorigin.nrk.no\/movingstill\/4576333b-f7f4-4a93-b633-3bf7f4ca9396\/20260303123206\/4576333b-f7f4-4a93-b633-3bf7f4ca9396_720.jpg); background-size: cover;\"><\/video>\n<p>D\u00e5rleg start: Store utfordringar d\u00e5 den f\u00f8rste sjampanjeflaska skulle poppast, trass mange \u00e5r med erfaring. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Urkrafta i bygdene<\/p>\n<p>\u2013 I bygda her er det alltid mat, her renn elva med villaks i, og her ventar hjort og elg p\u00e5 \u00e5 rulle fr\u00e5 liene ned i steikepanna.<\/p>\n<p>Aune Sand snakkar som ein nyfrelst.<\/p>\n<p>\u2013 Lufta her er rein, vatnet her er &#8230; ja, nesten betre enn sjampanje!<\/p>\n<p>Han snakkar som om han skulle ha vore innel\u00e5st med Trygve Slagsvold Vedum eitt \u00e5r p\u00e5 Farmen kjendis. <\/p>\n<p>    <img alt=\"Kunstnarfamilien Sand opnar eit kunstsenter i Todalen.\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Aune Sand klemmer tre.\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Aune Sand vaks opp landleg i B\u00e6rum og Hvaler. Etter fleire ti\u00e5r p\u00e5 Manhattan verkar han nyforelska i norsk natur.<\/p>\n<p>Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK<\/p>\n<p>Men fakta er at han har turnert Bygde-Noreg i fleire \u00e5r etter at han flytta heim fr\u00e5 Manhattan. <\/p>\n<p>\u2013 Eg har no reist 200 stader i Noreg med pop-up-utstillingar. Og sett at det er for mykje fokus p\u00e5 dei store byane i dette landet. No vil eg vise urkrafta som bur i bygda, seier Aune. <\/p>\n<p>\u2013 Kva tenker verdskunstnaren Vebj\u00f8rn Sand om \u00e5 halde sitt livs st\u00f8rste utstilling p\u00e5 ein stad det knapt bur folk?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg er spent. Men eg trur Vebj\u00f8rn vil elske denne gl\u00f8ymde dalen.<\/strong><\/p>\n<p>Broren er venta til den nedlagde skulen dagen f\u00f8r opninga.<\/p>\n<p>Ingen av br\u00f8rne hadde h\u00f8yrt om Todalen og kommunen Surnadal f\u00f8r inntil nyleg.<\/p>\n<p>Kappa hovud<\/p>\n<p>Mange andre i Noreg har i det siste h\u00f8yrt om Surnadal, som har hatt eit s\u00e6rs r\u00f8ft \u00e5r.<\/p>\n<p>Den avd\u00f8de diktaren Hans Hyldbakk blei hausten 2025 skulda for grove overgrep (tilbake i tid).<\/p>\n<p>Det heile toppa seg da ein ung mann <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/byste-av-hans-hyldbakk-forsvant-natt-til-sondag-1.17760581\" ec-id=\"pp:article:1.17760581\" ec-name=\"kappa hovudet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kappa hovudet<\/a> av Hyldbakk-monumentet ved kommunehuset.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Bildet viser en statue av Hans Hyldbakk plassert p\u00e5 en granittbase med inskripsjon i sn\u00f8dekket gate. I bakgrunnen er det moderne bygninger med vinduer. Det er klart v\u00e6r, og sn\u00f8en dekker bakken. Statuer st\u00e5r som en del av byens offentlig rom og kan representere kultur eller historie. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Sokkelen til bysten av Hans Hyldbakk foran kommunehuset Skei i Surnadal. Bysten som pleide st\u00e5 der er borte. \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Statuen var allereie vedtatt fjerna av kommunestyret, da ein ung kar p\u00e5 nattetid tok vinkelsliparen i eigne hender. <\/p>\n<p>Foto: Eirik Haukenes \/ NRK og Mari Vatt\u00f8y \/ Driva<\/p>\n<p>I bygda stod enda ein statue av Hyldbakk, kommunehuset og kulturhuset var smykka med m\u00e5leri av han, medan festival og hotell var kalla opp etter hans mest kjente dikt, V\u00e5rs\u00f8g.<\/p>\n<p>Identiteten og stoltheita til bygda var pulverisert.<\/p>\n<p>S\u00e5, samstundes og heilt tilfeldig, kj\u00f8pte Aune Sand nedlagde Todalen skule.<\/p>\n<p><strong>Var det mannen bak den erotiske romanen Jordb\u00e6rmus, han som var kjent for \u00e5 sprette sjampanje p\u00e5 TV, som skulle gje sindige Surnadal ny stoltheit?<\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en r\u00f8d bygning med gjerde rundt (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Skulen har store og vakre vindauge fr\u00e5 1921.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en r\u00f8d bygning med svart tak og Anfield i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Heile skulen skal pussast opp innvendig, og s\u00e5 bli fylt med m\u00e5leri.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en mann som st\u00e5r utenfor en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Aune Sand &amp; co. m\u00e5 stresse p\u00e5 for \u00e5 fylle alle rom og tilbygg p\u00e5 den 1260 kvm store skulen.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Todalen-skule-annonse\"  width=\"3840\" height=\"2156\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Skulen l\u00e5g ute for sal for berre 1,- krone.<\/p>\n<p> Faksimile: Surndadal kommune <\/li>\n<li><img alt=\"en eng med tr\u00e6r og fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Skulen er omgitt av jorde p\u00e5 alle kantar, og har ei tomt p\u00e5 over seks m\u00e5l. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En vei med sn\u00f8dekte fjell (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2158\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Det er ogs\u00e5 relativt landleg i Todalen sentrum.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Danse med svaner<\/p>\n<p>Aune snakkar mykje om det ekte og reine ved bygda. Om samhald og n\u00f8ysam bondekultur. Ein viss kontrast til hans vidgjetne merksemd p\u00e5 sjampanje.<\/p>\n<p>Han snakkar om maten fr\u00e5 jorda, buskar og tre, fr\u00e5 elg, hjort og fisk.<\/p>\n<p>Til opninga har han f\u00e5tt tak i ekte elggryte \u2013 heilt fr\u00e5 Steinkjer.<\/p>\n<p>Aune Sand er i gang med nok ein passasje om elgane i liene, n\u00e5r han br\u00e5tt forsvinn ut p\u00e5 jordet ved skulen.<\/p>\n<p>Han har oppdaga svaner.<\/p>\n<p>Dei store fuglane kikkar vaktsamt p\u00e5 den bandanakledde mannen som n\u00e6rmar seg. Aune strekk armane mot himmelen. Den st\u00f8rste svana baksar eller dansar p\u00e5 liknande m\u00e5te.<\/p>\n<p>Tilbake igjen sp\u00f8r Aune Sand:<\/p>\n<p>\u2013 G\u00e5r det an \u00e5 ete dei, eller er svaner freda?<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en person som g\u00e5r p\u00e5 en \u00e5ker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>P\u00e5 svanetur.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en person som st\u00e5r p\u00e5 en \u00e5ker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2158\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Aune m\u00f8ter svaner: Majestetiske og monogame, men litt kunstnarsky.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"To menn lukter p\u00e5 ei gryte bak i ein bil. Han eine er kjendis. \"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Eit par fr\u00e5 Steinkjer har k\u00f8yrt med 50 liter elggryte i baksetet. Dei har k\u00f8yrt sakte, i n\u00e6r fem timar, for \u00e5 ikkje skvulpe ut gryta. Dei unngjekk \u00e5 krasje med elg.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person p\u00e5 en tilhenger (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Det er mykje som m\u00e5 bort n\u00e5r ein skule skal blir verdsgalleri.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Aune p\u00e5 butikken.\"  width=\"3840\" height=\"2162\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Sondre p\u00e5 n\u00e6rbutikken (navet i bygda) seier han har forventningar til at det no skal bli liv p\u00e5 skulen igjen, og auka trafikk med turistar. Aune m\u00e5 ogs\u00e5 snakke om hjort og elg med kj\u00f8pmannen. <\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Kunstnarfamilien Sand opnar eit kunstsenter i Todalen.\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>I kaffikroken p\u00e5 n\u00e6rbutikken blir det ogs\u00e5 prat om&#8230; hjort og elg som kan i steikepanna. <\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Kunstnarfamilien Sand opnar eit kunstsenter i Todalen.\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>59-\u00e5ringen tar seg ogs\u00e5 tid til \u00e5 klatre litt, f\u00f8r det ber tilbake til skulen.<\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person med en gul genser og hodeplagg henger opp et maleri av et hus i et rom med bl\u00e5 vegger. Maleriet viser en landskapsvisning med en bygning og tr\u00e6r. I bakgrunnen er det stoler stablet opp langs veggen. Lyset i rommet er klart, og det er \u00e5pen d\u00f8r til et annet rom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>For klokka tikkar mot utstillingsopning, og bileta m\u00e5 p\u00e5 plass. <\/p>\n<p> Foto: Marius Andr\u00e9 Jenssen Stenberg \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>\u2013 Las det i avisa<\/p>\n<p>Det er 18 timar til galleriet skal opne. Overalt p\u00e5 den 105 \u00e5r gamle skulen hastar handverkarar. Vebj\u00f8rn Sand har komme til Todalen for f\u00f8rste gong.<\/p>\n<p>\u2013 F\u00f8rste reaksjonen her var at denne vakre dalen var veldig m\u00e5lande, med m\u00f8te mellom fjord og fjell og gardane, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Todalen i Surnadal, M&amp;R. K\u00e5rvatn turisthytte.Foto: Bj\u00f8rn Sigurds\u00f8n \/ SCANPIX Todalen i Surnadal, M&amp;R. K\u00e5rvatn turisthytte.&#10;Foto: Bj\u00f8rn Sigurds\u00f8n \/ SCANPIX\" title=\"Foto: Bj\u00f8rn Sigurs\u00f8n \/ Scanpix\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ei viss sjarme kan Todalen framby. <\/p>\n<p>Foto: Bj\u00f8rn Sigurs\u00f8n \/ Scanpix<\/p>\n<p>Medan Aune heile tida har snakka om me og \u00abv\u00e5rt prosjekt\u00bb, har Vebj\u00f8rn ein litt anna versjon.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Alts\u00e5, eg las i avisa at bror min hadde kj\u00f8pt ein skule p\u00e5 ein stad eg ikkje hadde h\u00f8yrt om, ler han.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Men slik er Aune. Eg har aldri klart \u00e5 halde styr p\u00e5 han, og han er ikkje alltid like god p\u00e5 \u00e5 dele relevant informasjon med oss andre. Men det har eg blitt vant til etter 60 \u00e5r saman.<\/p>\n<p>Vebj\u00f8rn Sand ristar blidt p\u00e5 hovudet.<\/p>\n<p>    <img alt=\"en person med skjegg og en person med gult bandana p\u00e5 hodet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"en mann som holder en flaske (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Kunstnaren har kome til Todalen, og Aune har fylt kj\u00f8leskapet med anna enn mj\u00f8lk og frukt \u2013 nemleg det viktigaste p\u00e5 ei utstillingsopning, if\u00f8lge han. <\/p>\n<p>Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Korleis blir det \u00e5 halde ditt livs st\u00f8rste utstilling p\u00e5 ein stad med f\u00e6rre folk enn det blir bilete p\u00e5 veggane?<\/p>\n<p>\u2013 Du veit at i dei mest fjerntliggande norske dalar finn ein dei st\u00f8rste skattane i Noreg, stavkyrkjene. S\u00e5 eg h\u00e5par ogs\u00e5 dette blir ein stad ein m\u00e5 reise til. For \u00e5 m\u00f8te natur og kunst, seier Vebj\u00f8rn Sand.<\/p>\n<p>Da Klanen kom til Surnadal<\/p>\n<p>Surnadal har nokre andre kulturelle h\u00f8gdepunkt enn den no avskilta V\u00e5rs\u00f8g-diktaren Hyldbakk.<\/p>\n<p>Bestefar-favoritten \u00abVangsgutane\u00bb kjem fr\u00e5 nettopp Todalen.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Julehefte fra gammelt av.\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"en gul bygning med et flagg p\u00e5 toppen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Her var det ogs\u00e5 ein Stage Dolls-konsert p\u00e5 slutten av 80-talet, som drog mange hundre tilskodarar.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 kommunen kjem musikaren Henning Sommerro, og i 1991 m\u00f8tte fotballaget til Surnadal sj\u00f8lvaste V\u00e5lerenga \u2013 etter overraskande \u00e5 ha rykka opp til 1. divisjon.<\/p>\n<p><strong>Mange var bekymra for supporterane i Klanen (da kalt \u00abApeberget\u00bb), som alltid har ropt ut mot b\u00f8nder.<\/strong><\/p>\n<p>Men i staden for br\u00e5k, blei det bygdefest og forbr\u00f8dring.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tidens Krav 1991: P\u00e5 fest med &quot;Apeberget&quot;. Skremte VIFs &quot;aper&quot;.\" title=\"Faksimile: Tidens Krav 22.7.1991 \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Over 1800 tilskodarar m\u00f8tte opp p\u00e5 Sylt\u00f8ran stadion, der V\u00e5lerenga med Henning Berg i forsvaret vann 3 \u2013 2.<\/p>\n<p>Faksimile: Tidens Krav 22.7.1991 \/ NRK<\/p>\n<p>Fr\u00e5 kr\u00f8nika til Klanen:<br \/>\u00abHeldigvis var b\u00f8nda der oppe s\u00e5pass oppeg\u00e5ende at de hadde leid folkets hus. Banner med \u00abVelkommen, br\u00f8dre\u00bb og b\u00f8nder som tok oss i mot som om de hadde v\u00e6rt kompiser hele livet.<\/p>\n<p>Det blei tidenes bygdefest, og p\u00e5 g\u00f8y p\u00e5 landet er det slettes ingen ting som heter stengetid og skjenkekontroll. <\/p>\n<p>Siden har Surnadal v\u00e6rt eneste norske fotballklubben \u2013 med unntak av V\u00e5lerenga \u2013 med skjerfet sitt hengende p\u00e5 supporterpuben Bohemen.\u00bb<\/p>\n<p><strong>No i 2026 skulle byfolk igjen lage folkefest i bygda.<\/strong><\/p>\n<p>        Ville du kj\u00f8pt ein gamal skule for ei krone?<\/p>\n<p>        Ja, tenk for nokre moglegheiter!<\/p>\n<p>        Nei, eg har hatt nok av skule. <\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>Null kamera<\/p>\n<p>Det byrjar \u00e5 m\u00f8rkne rundt den store, raude skulen. I gymsalen har lecablokker og furu blitt glatte, m\u00f8rkebl\u00e5 veggar, og ribbeveggane er bytte ut med Vebj\u00f8rn Sand-m\u00e5leri. Det ser ut som eit ekte galleri.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er faktisk det finaste galleriet eg nokon gong har vore i, seier Vebj\u00f8rn Sand.<\/p>\n<p>Han sit i lotus p\u00e5 golvet og svarar p\u00e5 e-postar p\u00e5 mobilen. Snikkar Frikk Talg\u00f8 (26) er litt oppgitt.<\/p>\n<p>\u2013 No m\u00e5 me henge i, Vebj\u00f8rn! Det er hundre bilete att som skal hengast opp.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en person som sitter ved et skrivebord i et rom med innrammede bilder p\u00e5 veggen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Det n\u00e6rmar seg, og Vebj\u00f8rn Sand m\u00e5 svare ut e-postar. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En gruppe mennesker i et museum (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Men ogs\u00e5 henge opp nokre hundre bilete.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person som st\u00e5r i et rom med kunst p\u00e5 veggen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Frikk Talg\u00f8 m\u00e5 bore og feste, bore og feste, bore og feste.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en person som sitter i en stol med h\u00e5nden p\u00e5 hodet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Medan kunstnaren ogs\u00e5 m\u00e5 kurere, peike og sikte. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Kunstnaren sprett opp og kjem snart joggande med nye bilete.<\/p>\n<p>\u2013 Du veit, mesteparten av kunstnarjobben er bering, oppheng og sveitting.<\/p>\n<p>Europa-kart og mj\u00f8lkereklame er bytta med bilete til mange, mange millionar, men ingen overvakingskamera er \u00e5 sj\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Her er det V\u00e5rherre som passar p\u00e5. Det har aldri vore eit problem, seier Aune Sand.<\/p>\n<p>\u2013 Me tenker at folk har respekt for kunst. Stavkyrkjene og Vigelandsparken f\u00e5r st\u00e5 i fred.<\/p>\n<p>\u2013 Sinnataggen har vel blitt saga ned eit par gonger?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, men han kom tilbake.<\/p>\n<p>Aune Sand fortel at ein tjuv i 2009 tok eit Antarktis-m\u00e5leri med motiv av isbj\u00f8rnar. Br\u00f8rne lova sjampanje, \u00f8sters og kaviar om tjuven leverte biletet tilbake.<\/p>\n<p>\u2013 Det gjorde han, og slafsa i seg. Det gav jo berre m\u00e5leriet ei ekstra historie. Me donerte det til barneavdelinga p\u00e5 Rikshospitalet.<\/p>\n<p>Dessutan er Todalen ein vid og open dal, med innbyggjarar med god oversikt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en vei med et skilt p\u00e5 og fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er dagen for opning og bursdag. <\/p>\n<p>Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK<\/p>\n<p>Festdag<\/p>\n<p>Det er festdag i Surnadal. Sanitetskvinner fr\u00e5 grenda str\u00f8ymer til med kaker. Ei fortel at ho ein gong var i bryllaup i Oslo, der det berre var ei einaste kake. Slik blir det ikkje her.<\/p>\n<p>I dag er 50-\u00e5ra over for tvillingane Sand.<\/p>\n<p>\u2013 Det er brutalt \u00e5 bli 60 \u00e5r. Det er s\u00e5 mykje ein vil oppleve, seier Aune.<\/p>\n<p>\u2013 Me blir femti-ti \u00e5r, det h\u00f8yrest betre ut, seier Vebj\u00f8rn, og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 Me g\u00e5r inn i ei ny og spennande verd. Eg er takksam for \u00e5 f\u00e5 leve vidare.<\/p>\n<p>Det er berre ein time til opning da Vebj\u00f8rn Sand oppdagar at m\u00e5larpaletten og penselen hans er borte. Dei er visst livsviktige i innspurten, og over alt flyg folk rundt og leitar. Snart dukkar dei opp, ein handverkar hadde rydda dei bort.<\/p>\n<p>Sand sett i gang med siste finpuss p\u00e5 rammer og m\u00e5leri.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"En gruppe mennesker samles rundt et bord fullt av kaker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Sanitetskvinner str\u00f8ymer til fr\u00e5 heile Todalen med kaker i rosem\u00e5la tiner. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en person som st\u00e5r ved en stige og l\u00f8per \"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\u2013 Dette er f\u00f8rste gong me har hatt raud l\u00f8par p\u00e5 ei opning, seier Aune. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En mann som maler p\u00e5 et bilde \"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Paletten har dukka opp og rammene f\u00e5r ein siste puss.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en person som st\u00e5r ved siden av en krukke (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Elggryta m\u00e5 f\u00e5 eit siste oppkok p\u00e5 skulekj\u00f8kkenet\/Marianne Aulie-galleriet.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person med filmrullar av Dis og ein ikkje publisert film fr\u00e5 blant anna Grip.\"  width=\"3840\" height=\"2378\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Under kaffikoppar fr\u00e5 handverkarane finn Aune Sand heile filmarkivet sitt, med rullar av Dis og aldri utgitte filmar, fr\u00e5 blant anna \u00f8ya Grip: \u2013 Det er draumen som ligg igjen, eit minne over alt eg ikkje fekk til. Men det symboliserer jo at ein tok ein annan veg. Hadde eg blitt superstjerne i Hollywood, ville eg jo aldri st\u00e5tt her og kunne fiske i elva der nede.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar Hugo Pedersen kjem med kjede og saks.<\/p>\n<p>Han har ikkje hatt ein enkel haust. Det var han som mottok skuldingar om overgrep fr\u00e5 den avd\u00f8de diktarh\u00f8vdingen Hyldbakk, og valde \u00e5 g\u00e5 offentleg med dette.<\/p>\n<p>Det splitta bygda, og Pedersen m\u00e5tte st\u00e5 i mediestorm og tole kritikk p\u00e5 heimebane.<\/p>\n<p>\u2013 Det har vore t\u00f8ft, og nesten bl\u00e5st av meg alt h\u00e5ret.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en gruppe mennesker som st\u00e5r i en d\u00f8r\u00e5pning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK<\/p>\n<p>I dag er det hans beste veke som ordf\u00f8rar, seier han.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kommunen selde dette praktbygget for berre ei krone?<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det har jo lege ute for sal i lengre tid. Da eg fekk vite at Aune Sand var interessert tenkte eg at dette kan bli noko bra. Og det har det blitt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Du fryktar ikkje at desse nye Vangsgutane reiser n\u00e5r blesten har lagt seg om 14 dagar?<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg h\u00e5par dei sl\u00e5r skikkelege r\u00f8ter her, det h\u00e5par eg verkeleg. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en gruppe mennesker i et rom (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ordf\u00f8raren har klipt snor og kjem med gode ord. <\/p>\n<p>Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK<\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren kjem s\u00e5 med eit godt poeng:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Br\u00f8rne Sand ser oss litt utafr\u00e5 og viser oss at Surnadal har s\u00e5 mykje \u00e5 by p\u00e5, ting som me kanskje tar for gitt sj\u00f8lve. Slikt som rein luft, vatn, natur, skog og dyr.<\/strong><\/p>\n<p>Han meiner at om Sand-br\u00f8rne no formidlar det poenget vidare, vil det vere bra for Surnadal.<\/p>\n<p>Ny giv for bygdeliv<\/p>\n<p>Og det kan nok trengast i den vesle kommunen.<\/p>\n<p>Telemarksforsking kom nyss med <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/demografisk-skvis_-rapport-varslar-krise-i-norske-distriktskommunar-1.17803809\" ec-id=\"pp:article:1.17803809\" ec-name=\"ein rapport\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">ein rapport<\/a> som viste dramatisk fall i arbeidsf\u00f8re p\u00e5 bygda dei neste 25 \u00e5ra \u2013 samtidig som talet p\u00e5 eldre skyt i v\u00earet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"SSB, Telemarksforskning\" title=\"Illustrasjon: Telemarksforskning\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Prognosar for utvikling i folketal i Noreg 2020\u20132040. M\u00f8rk raud er sterk nedgang i folketal, bl\u00e5 er vekst. Kjelde: Telemarksforsking. <\/p>\n<p>Illustrasjon: Telemarksforskning<\/p>\n<p>Aune Sand h\u00e5par at deira prosjekt vil hjelpe bygda dei har hamna i:<\/p>\n<p>\u2013 Mormor sa ofte til meg: \u00abOm du har ein sterk rygg, skal du hjelpe dei som ikkje har ein s\u00e5 sterk rygg.\u00bb<\/p>\n<p>Han har lenge hatt lyst til \u00e5 drive med eigedom, og ser no p\u00e5 seg sj\u00f8lv som ein kremmar, som ein B\u00f8r B\u00f8rson med kulturell twist.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg skal vise korleis ein gjer det i New York. N\u00e5r kunstnarane flyttar inn i eit nabolag, blomstrar det opp. Blomar i vindauga, kreativitet, liv \u2013 og s\u00e5 ein liten kaffibar. \u00c5 satse p\u00e5 kultur er mykje meir viktig enn mange trur.<\/strong><\/p>\n<p>Sand-tvillingane har f\u00e5tt med seg n\u00e6ringslivet i Todalen, som best\u00e5r av trehandlar Talg\u00f8 \u2013 bedrifta bak den popul\u00e6re planken M\u00f8re Royal.<\/p>\n<p>Opninga<\/p>\n<p>Aune Sand hadde h\u00e5pa p\u00e5 minst to gjestar p\u00e5 opninga. Det kjem langt fleire. <\/p>\n<p>\u2013 Det er kolonne gjennom tunnelen fr\u00e5 Surnadal sentrum, og p\u00e5 ferja fr\u00e5 andre kanten er der kaos! fortel ei sanitetskvinne entusiastisk.<\/p>\n<p>Mange m\u00e5tte st\u00e5 igjen p\u00e5 kaia og vente. Det er bilar parkert langs kvart einaste jorde.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en mann som holder en gitar og en mann som holder en mikrofon (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Aune Sand hadde lova den 20 minutt eldre broren \u00e5 ikkje bruke meir penger p\u00e5 sjampanje. Men ikkje overraskande sprakk han og l\u00f8ftet.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en gruppe mennesker i et rom (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Hundrevis fekk foreviga den st\u00f8rste hendinga i Todalen sidan Vangsgutane. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en gruppe mennesker som st\u00e5r utenfor en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Anslaget p\u00e5 2000 menneske i bygda med 300 fastbuande er ikkje verifisert fr\u00e5 offisielle folketeljarar. <\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en gruppe mennesker i et rom (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Jubilantane blei overrausa med lokale g\u00e5ver, som elgep\u00f8lser og heimestrikk.<\/p>\n<p> Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En gruppe menn som st\u00e5r foran et stort maleri (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Vebj\u00f8rn Sand opna galleriet med ein flammande tale om kunst mot fascisme. <\/p>\n<p> Foto: NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>If\u00f8lge lokalavisa var over 2000 menneske innom gamleskulen dei to f\u00f8rste timane. Ikkje verst i ei bygd med rundt 300 innbyggjarar, klokka 12 p\u00e5 ein onsdag.<\/p>\n<p>I opningstala hyllar Aune Sand naturen, medan bror Vebj\u00f8rn hyllar kulturen som reisverk mot fascismen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Folk som g\u00e5r p\u00e5 en vei (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK<\/p>\n<p>Seinare p\u00e5 dagen yrer det av surnad\u00f8ler med m\u00e5leri under armane. Aune Sand ansl\u00e5r at dei selde for rundt ein million kroner dei f\u00f8rste dagane.<\/p>\n<p>\u2013 Da har du tent inn krona du brukte p\u00e5 skulen?<\/p>\n<p>\u2013 Ho er tent inn og tomta her er jo mykje meir magisk enn eg trudde.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"ein mann med briller (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Tre p\u00e5 opning:<\/p>\n<p><strong>G\u00e5rdkall Trygve Halle fr\u00e5 Todalen<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg har skote hjort her og gjekk p\u00e5 denne skulen fr\u00e5 1954. Eg har aldri sett s\u00e5 mykje folk i Todalen f\u00f8r, det er heilt fenomenalt! <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Jenny Klinge smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Jenny Klinge, eks-stortingskvinne (Sp) fr\u00e5 Surnadal<\/p>\n<p>\u2013 Eg tykte dette var ein aldeles vill id\u00e9 da eg h\u00f8yrte om det, og \u00e5 sj\u00e5 alle folka stadfestar at ville id\u00e9ar kan sl\u00e5 til. <\/p>\n<p>\u2013 Gymsalen har blitt betrakteleg finare enn han var! <\/p>\n<p>\u2013 Eg har sansen for \u00e5 trekke folk ut av byane, og Sand-karane gjer meg varm i sjela n\u00e5r dei snakkar om hjorten i liene og fisken i elvene. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"ein person som st\u00e5r foran et maleri (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Linda Halset, milj\u00f8terapeut fr\u00e5 Sunndalen<\/p>\n<p>\u2013 Noreg i seg sj\u00f8lv er fint, men dette er kanskje den finaste staden. Det er mange bygder som d\u00f8yr ut, og det er sentrumisering av ting. S\u00e5 eg h\u00e5par dei finn seg til rette her og at det blir ny giv. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Kva er st\u00f8rste forskjellen p\u00e5 New York og Todalen?<\/strong><br \/>\u2013 Armrommet du kan f\u00e5. Utsikta, den reine lufta og det \u00e5 finne ro til eigne tankar og inspirasjon. Du f\u00e5r fridom her, og det er gratis. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Naturm\u00e5lar<\/p>\n<p><strong>Tvillingane Sand h\u00e5par p\u00e5 ny giv for bygdeliv, men vil dei verkeleg bu her sj\u00f8lve?<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det m\u00e5 eg gjere no som Aune har kj\u00f8pt oss denne eigedomen. Eg har jo ikkje eigen familie, dette er hjarteborna mine, seier Vebj\u00f8rn Sand og peikar p\u00e5 kunsten sin.<\/p>\n<p>Han set sj\u00f8lv 1880-talsm\u00e5larane h\u00f8gst, som Erik Werenskiold, Eilif Petterssen og Harriet Backer, kjende for m\u00e5leri med folkesjel, lys \u2013 og natur.<\/p>\n<p>\u2013 Kva gjer det med kunsten din n\u00e5r du g\u00e5r rundt her, blir du meir nasjonalromantikar?<\/p>\n<p>\u2013 Det blir meir naturbilete framover, ja. I New York blei det lite av det. Mine naturbilete har s\u00e6rleg vore fr\u00e5 Antarktis, som ogs\u00e5 er eit slags indre landskap. Men eg er veldig glad i \u00e5 m\u00e5le natur, seier Vebj\u00f8rn Sand.<\/p>\n<p>Dikt ved ein frosen foss i Todalen.<\/p>\n<p>Aune er hakket mindre fri til \u00e5 bu kor han vil, blant anna med to d\u00f8trer som har vakse opp p\u00e5 Manhattan.<\/p>\n<p>Han ser for seg \u00e5 pendle. Veka etter opninga melde lokalavisene at br\u00f8rne leita etter ein stad \u00e5 byggje Vebj\u00f8rn Sand-teikna glashytter \u2013 og at dei s\u00e5g etter eit billeg sm\u00e5bruk. Helst i Surnadal, fortel kremmaren Aune.<\/p>\n<p>\u2013 Da eg s\u00e5g dette fantastiske landskapet, tenkte eg kvifor snakkar alle om Lofoten? Det er jo s\u00f8nderbygd og gamle sj\u00f8buer er sprengde i pinneved av vind og v\u00ear. Men i omr\u00e5det rundt her ser du eldgamle gardstun, som \u00e5 reise inn i ei tid for 150 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Da eg kom hit f\u00f8rste gong tenkte eg: Kvifor har ingen fortalt meg om dette f\u00f8r?<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en innsj\u00f8 med tr\u00e6r og fjell i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Webj\u00f8rn Svendsen Espeland \/ NRK<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Aune og Vebj\u00f8rn Sand har dei siste 20\u201330 \u00e5ra budd og selt kunst i New York, ein by&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":204177,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-204176","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116339426117513719","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/204176","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=204176"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/204176\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/204177"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=204176"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=204176"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=204176"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}