{"id":211612,"date":"2026-04-13T16:28:23","date_gmt":"2026-04-13T16:28:23","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/211612\/"},"modified":"2026-04-13T16:28:23","modified_gmt":"2026-04-13T16:28:23","slug":"dreng-av-gangar-anmeldelser-og-anbefalinger","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/211612\/","title":{"rendered":"\u00abDreng\u00bb av Gangar \u2013 Anmeldelser og anbefalinger"},"content":{"rendered":"<p>Kven har ikkje dr\u00f8ymt om \u00e5 head\u00adbanga til ei harding\u00adfele eller \u00e5 denga inn i folk i ein spring\u00adleik-mosh\u00adpit?<\/p>\n<p>Oslo-baserte Gangar er bandet som skal lokka nye generasjonar til \u00e5 visa djevel\u00adhorna sine. Med harding\u00adfela i sentrum arrangerer dei tradisjons\u00admusikk med rock, metall og jazz\u00adelement, men prim\u00e6rt dei to f\u00f8rst\u00adnemnde.<\/p>\n<p>Sjanger\u00adkryssinga er ikkje bane\u00adbrytande \u2013 og Gangar f\u00f8yer seg inn i ei etablert folk\u00adrock-linje.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let er om dei lykkast med det.<\/p>\n<p>Skilde sjangrar<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha lytta til \u00abDreng\u00bb, deira andre album, er inntrykket mitt at folke\u00admusikken og metallen stort sett kling \u00e5t\u00adskild.<\/p>\n<p><strong>Dei er som stri einingar i ein interesse<\/strong>\u00ad<strong>konflikt.<\/strong><\/p>\n<p>Dette kjem til d\u00f8mes fram i \u00abEg er liten eg\u00bb. Her ligg metall\u00adelementa over, under eller ved sida av hallingen etter Olav Berge, framf\u00f8rt p\u00e5 harding\u00adfele og sakso\u00adfon, men sjeldan integrert med han.<\/p>\n<p><strong>Sl\u00e5tte<\/strong>\u00ad<strong>melodien og riffinga verkar i stor grad uav<\/strong>\u00ad<strong>hengige av kvarandre.<\/strong><\/p>\n<p>Likevel insisterer Gangar p\u00e5 \u00e5 spela hallingen til bastant tromming og riff som tilsyne\u00adlatande skal kle melodien. Det skapar eit uttrykk der sl\u00e5tten n\u00e6rast blir pressa gjennom og gir musikken eit preg av tvang.<\/p>\n<p><strong>Ogs\u00e5 utvalet av tradisjons<\/strong>\u00ad<strong>stoff er noko klossete.<\/strong><\/p>\n<p>Medan sl\u00e5tte\u00admelodiane og songane er lystige, peiker dei dystre riffa eller den r\u00e5 hamringa fr\u00e5 slag\u00adverket i motsett retning. Denne mot\u00adsetnaden blir ikkje utvikla til ein produktiv kontrast, men opplevd som \u00e5 vera i konflikt med ein\u00adannan.<\/p>\n<p>Kvifor har Gangar valt heller uskuldige og venlege melodiar som \u00abVossa\u00advalsen\u00bb og \u00abStabb\u00admarsj\u00bb i staden for nifsare eller meir krenkande sl\u00e5tte\u00admelodiar?<\/p>\n<p>Det kunne passa betre til det barske og kompro\u00admiss\u00adlause ut\u00adtrykket deira.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Plateomslaget til \u00abDreng\u00bb av Gangar. M\u00e5leri av mange menneske som dansar rundt eit b\u00e5l om kvelden medan ein mann med hatt spelar fele.\" title=\"Foto: Mikkel Br\u00e6ndsr\u00f8d Bj\u00f8rneboe \/ Grappa\"\/><\/p>\n<p class=\"\">B\u00c5LFEST: Omslaget p\u00e5 albumet \u00abDreng\u00bb.<\/p>\n<p>Foto: Mikkel Br\u00e6ndsr\u00f8d Bj\u00f8rneboe \/ Grappa<\/p>\n<p><strong>Det skal seiast at det musikalske grunn<\/strong>\u00ad<strong>laget til Gangar er solid.<\/strong><\/p>\n<p>Sl\u00e5tte\u00adspelet til Mathias Thedens er st\u00f8dig og berande, ofte godt under\u00adbygd av Oskar Linder\u00adberget p\u00e5 saksofon. Gitar, bass og trommer speler n\u00e5de\u00adlaus metall med over\u00adtyding.<\/p>\n<p>Bandet er open\u00adbert sam\u00adk\u00f8yrt, med stramme arrangement og kontroll p\u00e5 det dei gjer.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg dei prog\u00admetal-inspirerte partia vekker eit engasjement i meg. Til d\u00f8mes dei rytmisk intrikate riffa i \u00abSko\u00admaker\u00adhallingen\u00bb. Der ligg det eit over\u00adskot av spele\u00adglede og teknisk briljant faen\u00adskap.<\/p>\n<p><strong>Eg skulle berre \u00f8nskt at metallen og folke<\/strong>\u00ad<strong>musikken trengde djupare under huda p\u00e5 kvarandre \u2013 og braut fram som eit felles uttrykk.<\/strong><\/p>\n<p>Makta i eit riff<\/p>\n<p>Eit godt riff kan opna himmel\u00adportar og bera ein heil l\u00e5t. P\u00e5 fleire av l\u00e5tane til Gangar er riffa s\u00e5 omstendelege at denne krafta g\u00e5r tapt.<\/p>\n<p>I \u00abBom bom\u00bb dukkar det til d\u00f8mes opp eit r\u00e5tt riff mellom sl\u00e5tte\u00adpartia. Dette fungerer s\u00e6rs godt for seg sj\u00f8lv. Vekslinga mellom riff og sl\u00e5tt er ogs\u00e5 vellykka.<\/p>\n<p>Problemet oppst\u00e5r n\u00e5r gitaren g\u00e5r inn som akkom\u00adpagne\u00adment til melodien: D\u00e5 blir lyd\u00adbildet uover\u00adsiktleg, og det som fungerte bra kvar for seg, byrjar \u00e5 skurra.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bandet Gangar med bunadar og feler p\u00e5 raud bakgrunn. \" title=\"Foto: Anine Desire \/ Grappa\"\/><\/p>\n<p class=\"\">NOKO SOM SKURRAR: Med pent knytte t\u00f8rkle st\u00e5r Gangar sine vrengde kroppar framfor ein blodraud bakgrunn, klare til \u00e5 driva djevelhorna or folket.<\/p>\n<p>Foto: Anine Desire \/ Grappa<\/p>\n<p><strong>Noko av det betre p\u00e5 plata finn ein ofte i avslutningane.<\/strong><\/p>\n<p>Det kan vera den de\u00adstabiliserande lange\u00adleiken mot slutten av \u00abFjukan Rjukan\u00bb, den Trondheim jazz\u00adorkester-aktige slutten p\u00e5 \u00abBom bom\u00bb eller det wonky gitar\u00adoppbrotet i \u00abVossa\u00advalsen\u00bb.<\/p>\n<p>Desse meir eksperimentelle slutningane vekker interesse og introduserer ein vilje til \u00e5 leika som eg elles saknar p\u00e5 plata.<\/p>\n<p>Store namn, lite involvert<\/p>\n<p>Gangar har med seg ei rekkje gjeste\u00admusikarar p\u00e5 plata, som Tuva Syvertsen, Bare Egil, Synn\u00f8ve Br\u00f8ndbo Plassen og Karl Seglem.<\/p>\n<p><strong>Likevel set dei i liten grad preg p\u00e5 musikken.<\/strong><\/p>\n<p>Utover dei att\u00adkjennande stemmene f\u00e5r desse artistane lite rom til \u00e5 bidra med sine styrkar og kvalitetar, og dei framst\u00e5r heller som pressa inn i Gangar sitt eige uttrykk.<\/p>\n<p>Dermed kjennest bidraga meir som eit p\u00e5skot for \u00e5 n\u00e5 eit breiare publikum enn som reelle kunstnar\u00adlege samarbeid.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bandet Gangar poserer utanfor d\u00f8ra til ei stavkyrkje under skyar p\u00e5 den bl\u00e5 himmelen. \" title=\"Foto: Anine Desire \/ Grappa\"\/><\/p>\n<p class=\"\">VISUELL PROFIL: \u00c5 posera i portalen til ei\u00a0stavkyrkje er truleg ein smart marknadsstrategi for deira internasjonale satsing, men kanskje mindre kreativt og salbart for eit norsk publikum.<\/p>\n<p>Foto: Anine Desire \/ Grappa<\/p>\n<p>Gangar framst\u00e5r f\u00f8rst og fremst som eit live\u00adband retta mot store rocke\u00adhallar og eit publikum som \u00f8nsker fysisk tr\u00f8kk.<\/p>\n<p>I slike scenario kan bandet sikkert smitta folke\u00admengder med sin h\u00f8g\u00adenergiske r\u00e5\u00adskap \u2013 og gjera folk galne etter hard\u00adbarka harding\u00adfele\u00adspel.<\/p>\n<p>Tr\u00f8kket skin uheldigvis ikkje gjennom p\u00e5 albumet, der noko av temperamentet, humoren og r\u00e5skapen forsvinn.<\/p>\n<p>Om albumet<\/p>\n<ul>\n<li>Tittel: \u00abDreng\u00bb<\/li>\n<li>Artist: Gangar<\/li>\n<li>Sjanger: Folkemusikk<\/li>\n<li>Utgitt: 10. april 2026<\/li>\n<li>Plateselskap: Heilo<\/li>\n<li>Bidragsytarar:<br \/>Mattias Truell Thedens \u2013 hardingfele<br \/>Oskar Goedvriend Lindberget \u2013 saksofon<br \/>Richard Max \u2013 gitar<br \/>Jonas Thrana Jensen \u2013 bass<br \/>Henrik Dullum \u2013 trommer<\/li>\n<\/ul>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde h\u00f8yrt, eller tilbakemelding p\u00e5 noko eg har skrive?\u00a0<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.04.2026, kl. 10.50<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kven har ikkje dr\u00f8ymt om \u00e5 head\u00adbanga til ei harding\u00adfele eller \u00e5 denga inn i folk i ein&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":211613,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-211612","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116398345643447919","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/211612","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=211612"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/211612\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/211613"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=211612"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=211612"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=211612"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}