{"id":214160,"date":"2026-04-16T16:13:32","date_gmt":"2026-04-16T16:13:32","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/214160\/"},"modified":"2026-04-16T16:13:32","modified_gmt":"2026-04-16T16:13:32","slug":"no-kjem-den-europeiske-batterirevolusjonen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/214160\/","title":{"rendered":"No kjem den europeiske batterirevolusjonen"},"content":{"rendered":"<p class=\"text-md pt-2 pb-8 mb-3 text-base border-b border-brandNeutral-900 dark:border-brandNeutral-100\">Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@tu.no.<\/p>\n<p>Kritikken mot fornybar energi har lenge vore bygd p\u00e5 ei hovudinnvending: \u00abDette er ustabil kraft\u00bb.\u00a0Argumentet har vore at solkraft berre lagar straum n\u00e5r sola skin, ikkje n\u00e5r vi treng det. Vindkraft lagar berre straum n\u00e5r det bles.<\/p>\n<p>Desse innvendingane er i ferd med \u00e5 g\u00e5 i oppl\u00f8ysing, mykje takka vere ei over 200 \u00e5r gammal oppfinning fr\u00e5 d\u00e5 Alessandro Volta sat i Milano og bygde verdas f\u00f8rste heimesnekra batterit\u00e5rn av skiver med papp, sink og kopar.<\/p>\n<p>No er batterirevolusjonen i Europa for alvor i gang. Batteri er kanskje den mest undervurderte delen av det gr\u00f8ne skiftet. Prisane har falle jamt dei siste \u00e5ra. No er dei over 90 prosent l\u00e5gare enn for 15 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>I utgangspunktet er det ikkje noko mystisk med batteri: Dei kan ladast med straum, som du s\u00e5 kan lagre og bruke n\u00e5r du treng det. Men tempoet Europa no byggjer ut batteri i, er nesten ufatteleg imponerande \u2013 b\u00e5de i volum og i m\u00e5ten dei blir brukte p\u00e5.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 mega til giga<\/p>\n<p>Volum handlar om kor mange og kor store batteri som blir sette i drift. Det er lett \u00e5 sj\u00e5 for seg litiumbatteri som noko sm\u00e5plukk, p\u00e5 storleik med eit frimerke som held liv i mobilen ein dag. Men slik er det ikkje lenger.<br \/>Statkraft har nyleg inng\u00e5tt avtale om \u00e5 drifte to batterianlegg i Finland p\u00e5 til saman 235 megawatt (MW). Det er nok effekt til 235.000 kokeplater p\u00e5 ein gong. Berre 24 av dei 1820 vasskraftverka i Noreg er st\u00f8rre enn dette.<\/p>\n<p>Gongar du mega med 1000, f\u00e5r du giga. Europeisk storskala batterikapasitet er no oppe i 18 gigawatt (GW). Nesten like mykje er under bygging. I tillegg har 44 GW f\u00e5tt konsesjon, og ytterlegare 55 GW er varsla. Til saman kan dette bli 132 GW batteri innan f\u00e5 \u00e5r \u2013 fire gonger s\u00e5 mykje som om all norsk vasskraft produserer for fullt samtidig.<\/p>\n<p>Vil endre kraftsystemet<\/p>\n<p>I Europa kjem no 30 prosent av straumforsyninga fr\u00e5 sol og vind. Mange som er skeptiske til fornybart, meiner dette gjer oss meir avhengige av ustabile energikjelder. Batteria er svaret p\u00e5 dette. Dei l\u00f8yser den kortsiktige balanseringa av produksjonen. Det gjer ikkje s\u00e5 mykje at produksjonen varierer n\u00e5r ein kan lade batteria midt p\u00e5 dagen n\u00e5r sola skin, og bruke straumen n\u00e5r folk kjem heim og skrur p\u00e5 komfyren.<\/p>\n<p>Men batteri har fleire bruksomr\u00e5de. Mange veit ikkje at batteri kan erstatte behovet for \u00e5 byggje ut straumnettet. Sj\u00e5 for deg ein fabrikk, eit industriomr\u00e5de eller ei bygd som treng 4 MW nokre timar midt p\u00e5 dagen, men berre f\u00e5r 2 MW fordi nettet er for svakt. D\u00e5 kan ein setje opp eit batteri p\u00e5 2 MW, lade det opp om natta og bruke det p\u00e5 dagtid, i staden for \u00e5 byggje meir nett.<\/p>\n<p>Det er ingen tvil om at batterirevolusjonen vil endre korleis det europeiske kraftsystemet fungerer. I Noreg g\u00e5r dette litt langsamare enn i andre land, men det er fordi vi allereie har batteri i form av enorme mengder lagra vatn som kan bli til vasskraft n\u00e5r vi treng det. Desse vasskraft-batteria gjer Noreg til eit s\u00e6rleg godt land for utbygging av meir vind- og solkraft.<\/p>\n<p>L\u00e5gare nettleige<\/p>\n<p>Europa har ikkje dei same ressursane av vasskraft. Difor vil batteri i stor grad gje dei fordelar som vasskrafta har gjeve oss i Noreg:<\/p>\n<ul class=\"mb-6\">&#13;<\/p>\n<li><strong>L\u00e5gare prisar<\/strong>. Europa f\u00e5r ofte h\u00f8ge kraftprisar i dag fordi dei treng gass for \u00e5 dekkje forbruket. Med batteri kan ein bruke sol og vind i fleire av timane. Det pressar prisane ned.<\/li>\n<p>&#13;<\/p>\n<li><strong>Jamnare prisar<\/strong>. Ved \u00e5 lade om dagen og bruke straumen om kvelden, dempar ein dei store svingingane i kraftprisane gjennom d\u00f8gnet.<\/li>\n<p>&#13;<\/p>\n<li><strong>L\u00e5gare nettleige<\/strong>. Batteriprisane har falle, medan kostnadene for \u00e5 byggje straumnett har stige. N\u00e5r batteri avlastar nettet, treng ein mindre nettutbygging. Det kan gje l\u00e5gare nettleige enn elles.<\/li>\n<p>&#13;\n<\/ul>\n<p>Batteri er den mest undervurderte ingrediensen i det gr\u00f8ne skiftet. Ved \u00e5 lagre sol- og vindkraft til vi treng han mest, dempar dei ikkje berre pristoppane \u2013 dei tek \u00f2g livet av ein av dei mest brukte innvendingane mot fornybar energi.<\/p>\n<p><a class=\"group clear-both w-full !no-underline my-8 sm:my-12 bg-stone-50 dark:bg-brandStone-700 dark:text-brandNeutral-100 flex items-stretch flex-nowrap\" href=\"https:\/\/www.tu.no\/artikler\/nordsjoen-skulle-bli-et-gront-kraftverk-na-advares-det-om-overdrevne-lofter\/566782\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><img decoding=\"async\" class=\" object-cover h-full w-full transition-transform duration-700 ease-in-out group-hover:scale-[1.05] will-change-transform\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/04\/NTB_soT_IqBYfZ0.jpg\"  alt=\"\u00abHistorisk ambisi\u00f8st\u00bb ble det sagt om havvinderkl\u00e6ringen som i 2022 ble undertegnet av Tyskland, Belgia, Nederland og Danmark. Men m\u00e5lene er ikke n\u00e5dd.\" loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Les ogs\u00e5:<\/p>\n<p class=\"group-hover:underline text-brandNeutral-900 dark:text-brandNeutral-100 mt-2 text-base sm:text-xl leading-5 sm:leading-6 font-bold\">Nordsj\u00f8en skulle bli et gr\u00f8nt kraftverk \u2013 advarer om overdrevne l\u00f8fter<\/p>\n<p><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@tu.no. Kritikken mot fornybar energi har lenge&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":214161,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[581,60,37,61,382,20532,3334,62,30,28,29],"class_list":["post-214160","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-batterier","tag-business","tag-debatt","tag-economy","tag-energi","tag-fornybar","tag-fornybar-norge","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116415273849646875","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/214160","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=214160"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/214160\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/214161"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=214160"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=214160"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=214160"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}