{"id":217238,"date":"2026-04-20T10:56:09","date_gmt":"2026-04-20T10:56:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/217238\/"},"modified":"2026-04-20T10:56:09","modified_gmt":"2026-04-20T10:56:09","slug":"bieber-feberen-fortset-etter-helg-to-av-coachella-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/217238\/","title":{"rendered":"Bieber-feberen fortset etter helg to av Coachella \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>Justin Bieber framf\u00f8rte gamle hits og inviterte Billie Eilish opp p\u00e5 scena under andre helg av Coachella.<\/li>\n<li>Framf\u00f8ringa til Bieber bruk av gamle l\u00e5tar har skapt spekulasjonar om lisensrettar etter salet av musikkatalogen hans.<\/li>\n<li>Sabrina Carpenter hadde med seg Madonna som gjest, og dei framf\u00f8rte fleire ikoniske l\u00e5tar saman.<\/li>\n<li>Coachella er kjend som eit utstillingsvindauge for stjerner og influensarar, men blir kritisert for \u00e5 vere meir marknadsf\u00f8ring enn musikkfokusert.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga ved hjelp av KI, men er kontrollert av journalist f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p><strong>Festivalen Coachella i California-\u00f8rkenen er kanskje det st\u00f8rste utstillingsvindauget i verda for stjerner og influensarar.<\/strong><\/p>\n<p>Under den andre helga av festivalen tok Justin Bieber fram l\u00e5tar fr\u00e5 den gamle katalogen sin. Men det var augeblinken med Billie Eilish som verkeleg eksploderte.<\/p>\n<p>Billie Eilish blir \u00abOne less lonely girl\u00bb.<\/p>\n<p>Bieber henta artistkollegaen opp p\u00e5 scena som sin \u00abOne Less Lonely Girl\u00bb, eit konsept fr\u00e5 den tidlege karrieren hans der han song direkte til ei utvald jente i publikum.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Billie var, som veldig mange andre i publikum, ein klassisk \u00abBelieber\u00bb d\u00e5 ho var yngre, seier P3-programleiar Ingrid Moholt Waaler. <\/strong><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde Eilish veggane fulle av Bieber-plakatar p\u00e5 barndomsrommet, og ho blei tydeleg r\u00f8rt p\u00e5 scena.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Amerikanske Billie Eilish deltar p\u00e5 en begivenhet. Hun har m\u00f8rkt h\u00e5r, med en h\u00e5rspenne i venstre side. Sangeren har p\u00e5 seg hvit skjorte med m\u00f8rkebl\u00e5 slips. Hun har en svart vest over skjorta. Bak henne er en gr\u00e5 bakgrunn med et m\u00f8nster av runde hull. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Jordan Strauss \/ Invision,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Billie Eilish er sj\u00f8lv stor Bieber-fan. <\/p>\n<p>Foto: Jordan Strauss \/ Invision,NTB<\/p>\n<p>\u2013 Det har ho ikkje lagt skjul p\u00e5, noko som ein \u00f2g s\u00e5g p\u00e5 scena, at ho blei tydeleg r\u00f8rt.<\/p>\n<p>For programleiaren var dei ei glede \u00e5 sj\u00e5 Justin Bieber p\u00e5 dei to Coachella-konsertane sine.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"En ung kvinne med brunt h\u00e5r og bl\u00e5 \u00f8yne ser mot kameraet. Hun har p\u00e5 seg en dongeriskjorte. Bakgrunnen er m\u00f8rk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Ingrid Moholt Waaler\n<ul>\n<li>Ingrid Moholt Waaler er programleiar og fan av Bieber<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>\u2013 For meg er det Justin Bieber sine konsertar som st\u00e5r att etter Coachella i \u00e5r. <\/strong><\/p>\n<p>Ho meiner han ser lykkelegare ut n\u00e5 enn p\u00e5 ei god stund.<\/p>\n<p>\u2013 Han har vakse opp p\u00e5 internett og i rampelyset, at han tar eigarskap til den reisa, det elskar eg, seier Waaler.<\/p>\n<p>YouTube-stuntet<\/p>\n<p>Det begynte allereie f\u00f8rre veke d\u00e5 Justin Bieber gjekk viralt for \u00e5 synge sine eigne l\u00e5t som karaoke rett fr\u00e5 YouTube, blant anna \u00abBaby\u00bb fr\u00e5 2010.<\/p>\n<p>Mange lurar p\u00e5 om han tok ein \u00abTaylor Swift\u00bb.<\/p>\n<p>Bieber selde nemleg heile musikkatalogen sin i 2023 for over to milliardar kroner, og mange lurar p\u00e5 om han ikkje har lov til \u00e5 framf\u00f8re sine eigne songar utan \u00e5 betale dyre lisensavgifter.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En ung mann med briller og lilla skinnjakke st\u00e5r foran en svart bakgrunn. Mannen har hendene i lommene og er kledd i en hvit t-skjorte og gr\u00e5 jeans. Bakgrunnen har tekst som \u00abPENCILS OF PROMISE\u00bb og \u00abDOLCE &amp; GABBANA\u00bb. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Donald Traill \/ FR170142 AP,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Justin Bieber i 2011. <\/p>\n<p>Foto: Donald Traill \/ FR170142 AP,NTB<\/p>\n<p>Nostalgib\u00f8lga sende dei gamle klassikarane rett tilbake p\u00e5 dei globale hitlistene.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Heile denne reisa han har vore igjennom no, der han tek den tidlegare karrieren tilbake p\u00e5 ein av dei st\u00f8rste musikkhappeningane i \u00e5ret, er ein maktdemonstrasjon, seier Silje Borgan, manager og forfattar av bok om Justin Bieber.<\/strong><\/p>\n<p>        H\u00f8yrer du p\u00e5 gammal Justin Bieber?<\/p>\n<p>        Ja, elskar \u00abBaby\u00bb og \u00abBeauty and a Beat\u00bb<\/p>\n<p>        Nei, l\u00e9t han liggje att i 2016.<\/p>\n<p>        Ja, men ikkje det gamle, berre det nye!<\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>Madonna sjokkerte med Sabrina Carpenter<\/p>\n<p>Men det er ikkje berre Justin Bieber folk snakkar om etter Coachella.<\/p>\n<p><strong>Sabrina Carpenter, kvinna bak dei store l\u00e5tane \u00abEspresso\u00bb og \u00abJuno\u00bb, hadde nemleg med seg sj\u00f8lvaste popdronninga Madonna som gjest.<\/strong><\/p>\n<p>I matchande blonder og korsett leverte duoen ein hitparade med \u00abVogue\u00bb og \u00abLike A Prayer\u00bb, i tillegg til ein smakebit fr\u00e5 Madonnas album \u00abConfessions II\u00bb, som kjem 3. juli.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>20.04.2026, kl. 12.13<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert Justin Bieber framf\u00f8rte gamle hits og inviterte Billie Eilish opp p\u00e5 scena under andre helg av&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":217239,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-217238","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116436676546824112","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/217238","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=217238"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/217238\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/217239"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=217238"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=217238"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=217238"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}