{"id":22044,"date":"2025-08-30T06:32:10","date_gmt":"2025-08-30T06:32:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/22044\/"},"modified":"2025-08-30T06:32:10","modified_gmt":"2025-08-30T06:32:10","slug":"det-nye-storspelet-tar-eit-idiotisk-val","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/22044\/","title":{"rendered":"Det nye storspelet tar eit idiotisk val"},"content":{"rendered":"<p>Metal Gear Solid: Snake Eater er ei oppussing av det 21 \u00e5r gamle spelet med same namn. <\/p>\n<p>Konami har gjenskapt Hideo Kojima&#8217;s moderne klassikar i Unreal Engine 5-drakt, o<a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/en-skikkelig-solid-snake\/519181\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">g Gamer.no har allereie gitt spelet skryt for kor trufast det er til originalen<\/a>. <\/p>\n<p>No har me ogs\u00e5 unders\u00f8kt korleis spelet faktisk k\u00f8yrer p\u00e5 PC. <\/p>\n<p>Trass i litt antikvarisk styring og noko slappe kontrollar, har den grafiske kvaliteten hoppa 20 \u00e5r fram i tid. <\/p>\n<p>Samtidig har spelet, fram til lanseringsdagen, blitt radbrekka p\u00e5 sosiale medium for elendig yting. <\/p>\n<p>Konami har kome med ei oppdatering som fiksar dei verste problema, men er det nok for \u00e5 forsvare ein prislapp p\u00e5 900 kroner? <\/p>\n<p>Enorm forskjell<\/p>\n<p>Me fekk berre eitt eksemplar av spelet i forkant av lansering, s\u00e5 eg har brukt det siste d\u00f8gnet til \u00e5 sprinte gjennom rundt halvparten av Metal Gear Solid: Snake Eater. <\/p>\n<p>Utstyrt med eit RTX 5090-skjermkort har det g\u00e5tt forholdsvis greitt. <\/p>\n<p>For n\u00e5r Snake snik gjennom buskane i den tette jungelen og sirissar, grashopper og kva det m\u00e5tte vere speler til konsert mens pistolsiktet finn hovudet til ein russisk agent, er alt som det skal vere. <\/p>\n<p>Visuelt sett er forskjellen fr\u00e5 originalen enorm. <\/p>\n<p>Eg f\u00e5r velje mellom \u00e5 spele med den heller utdaterte kameravinkelen fr\u00e5 originalen eller eit nytt tredjepersonsperspektiv, og spelet f\u00f8last relativt moderne i den sistnemnde drakta. <\/p>\n<p>Oppussinga i Unreal Engine 5 er ikkje heilt p\u00e5 niv\u00e5 med dei vakraste spela me f\u00e5r i 2025, men det hadde eg heller ikkje forventa. <\/p>\n<p>Eg blir spesielt imponert over utsj\u00e5naden til figurane. Teksturkvaliteten held eit sv\u00e6rt h\u00f8gt niv\u00e5:<\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/383963\/figur2.jpg?c=0&amp;h=1080&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/figur2.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/4QC8RXhpZgAASUkqAAgAAAAGABIBAwABAAAAAQAAABoBBQABAAAAVgAAABsBBQABAAAAXgAAACgBAwABAAAAAgAAABMCAwABAAAAAQAAAGmHBAABAAAAZgAAAAAAAAAAdwEA6AMAAAB3AQDoAwAABgAAkAcABAAAADAyMTABkQcABAAAAAECAwAAoAcABAAAADAxMDABoAMAAQAAAP\/\/AAACoAQAAQAAACQAAAADoAQAAQAAABQAAAAAAAAA\/9sAQwAIBgYHBgUIBwcHCQkICgwUDQwLCwwZEhMPFB0aHx4dGhwcICQuJyAiLCMcHCg3KSwwMTQ0NB8nOT04MjwuMzQy\/9sAQwEJCQkMCwwYDQ0YMiEcITIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIy\/8AAEQgAFAAkAwEiAAIRAQMRAf\/EAB8AAAEFAQEBAQEBAAAAAAAAAAABAgMEBQYHCAkKC\/\/EALUQAAIBAwMCBAMFBQQEAAABfQECAwAEEQUSITFBBhNRYQcicRQygZGhCCNCscEVUtHwJDNicoIJChYXGBkaJSYnKCkqNDU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6g4SFhoeIiYqSk5SVlpeYmZqio6Slpqeoqaqys7S1tre4ubrCw8TFxsfIycrS09TV1tfY2drh4uPk5ebn6Onq8fLz9PX29\/j5+v\/EAB8BAAMBAQEBAQEBAQEAAAAAAAABAgMEBQYHCAkKC\/\/EALURAAIBAgQEAwQHBQQEAAECdwABAgMRBAUhMQYSQVEHYXETIjKBCBRCkaGxwQkjM1LwFWJy0QoWJDThJfEXGBkaJicoKSo1Njc4OTpDREVGR0hJSlNUVVZXWFlaY2RlZmdoaWpzdHV2d3h5eoKDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uLj5OXm5+jp6vLz9PX29\/j5+v\/aAAwDAQACEQMRAD8AzFKRzKxIxWvFrKxhIFIwxwa4i6u5FAGeaZFeSTXCFgRtrAu56zcQEW4KsGVlzxXA63CE3+9bml68rqIZG6L1NZGszRs7N94UgZ55cxgTsNtFXrnDzsQnFFUSWbxiI92TmorCZ3kIJ4oooWxXU1lzFDJKhIYDinRzPPZb5DlqKKTKexkSMd56UUUUiT\/\/2Q==');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"999\" height=\"562\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Figurane og filmsekvensane er det som verkeleg skil seg ut.<\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/383964\/figur.jpg?c=0&amp;h=1080&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/figur.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/4QC8RXhpZgAASUkqAAgAAAAGABIBAwABAAAAAQAAABoBBQABAAAAVgAAABsBBQABAAAAXgAAACgBAwABAAAAAgAAABMCAwABAAAAAQAAAGmHBAABAAAAZgAAAAAAAAAAdwEA6AMAAAB3AQDoAwAABgAAkAcABAAAADAyMTABkQcABAAAAAECAwAAoAcABAAAADAxMDABoAMAAQAAAP\/\/AAACoAQAAQAAACQAAAADoAQAAQAAABQAAAAAAAAA\/9sAQwAIBgYHBgUIBwcHCQkICgwUDQwLCwwZEhMPFB0aHx4dGhwcICQuJyAiLCMcHCg3KSwwMTQ0NB8nOT04MjwuMzQy\/9sAQwEJCQkMCwwYDQ0YMiEcITIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIy\/8AAEQgAFAAkAwEiAAIRAQMRAf\/EAB8AAAEFAQEBAQEBAAAAAAAAAAABAgMEBQYHCAkKC\/\/EALUQAAIBAwMCBAMFBQQEAAABfQECAwAEEQUSITFBBhNRYQcicRQygZGhCCNCscEVUtHwJDNicoIJChYXGBkaJSYnKCkqNDU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6g4SFhoeIiYqSk5SVlpeYmZqio6Slpqeoqaqys7S1tre4ubrCw8TFxsfIycrS09TV1tfY2drh4uPk5ebn6Onq8fLz9PX29\/j5+v\/EAB8BAAMBAQEBAQEBAQEAAAAAAAABAgMEBQYHCAkKC\/\/EALURAAIBAgQEAwQHBQQEAAECdwABAgMRBAUhMQYSQVEHYXETIjKBCBRCkaGxwQkjM1LwFWJy0QoWJDThJfEXGBkaJicoKSo1Njc4OTpDREVGR0hJSlNUVVZXWFlaY2RlZmdoaWpzdHV2d3h5eoKDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uLj5OXm5+jp6vLz9PX29\/j5+v\/aAAwDAQACEQMRAD8A8bs2Mc6tiuttgt9CAw2ha5azDGUHGea6i1kEMZkbhR2rGWrHFlyMqFMe3p0rD1Yuqknrnir8GpQySs5IVRVbUNQtJhtI\/Gp5bSHuc2zyu2SM0VpIiMuVxiir5kHKQ2x2hQOlX2kYwsmeKKKl7klcwIsG4Zz9azz8wIPaiirQMg+0SrwG4ooop2A\/\/9k=');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"999\" height=\"562\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Lyssettinga er den vesle prikken over i-en i det visuelle. Men skikkeleg maskinvaredriven str\u00e5lesporing ville gjort det end\u00e5 betre.<\/p>\n<p>Idiotisk val<\/p>\n<p>Irritasjonsmomenta oppst\u00e5r rundt det tekniske, som for eksempel at spelet er l\u00e5st til 60 bilde i sekundet. <\/p>\n<p>Skytespel krev presisjon, og presisjon krev h\u00f8g bildefrekvens. Det er rett og slett ikkje akseptabelt \u00e5 l\u00e5se bildefrekvensen til 60 p\u00e5 eit spel som dette. <\/p>\n<p>For meg legg det ein betydeleg dempar p\u00e5 kampane og spelinga. Eg venner meg til det etter kvart, men merkar ofte at spelet verkar treigt i dei travlaste sekvensane. <\/p>\n<p>Det f\u00f8last feil. <\/p>\n<p>Innstillingsmenyen er ogs\u00e5 ei heller tynn suppe. Menyane kan navigerast med mus, men ein feil med fullskjerm-innstillinga gjer at eg tidvis m\u00e5 bruke tastaturet i staden. <\/p>\n<p>\n                            Grafikkmenyen har i praksis berre tre alternativ som gjer noko: Global lyssetting, skuggar og teksturar.\n                                <\/p>\n<p>Nokre plassar fell bildefrekvensen betydeleg. I ein scene der Snake skal vasse og sv\u00f8mme gjennom ei grunn elv, s\u00f8kk bildefrekvensen fr\u00e5 l\u00e5st 60 til 40-talet. <\/p>\n<p>Det er ingen openberr grunn til dette anna enn svakt optimaliseringsarbeid. <\/p>\n<p>Uforholdsmessig krevjande<\/p>\n<p>Eg har pr\u00f8vd ei handfull ulike skjermkort og testa bildefrekvensen rundt midten av spelet. <\/p>\n<p>Dette er utan oppskalering. Spelet har ikkje st\u00f8tte for siste generasjon av DLSS, og det lar heller ikkje spelaren bruke bildegenerering. <\/p>\n<p>Det er eit betydeleg minus. <\/p>\n<tr>\n<td><strong>Skjermkort (4K, Ultra, Native)<\/strong><\/td>\n<td><strong>Snitt FPS<\/strong><\/td>\n<td><strong>1 % minste-FPS<\/strong><\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>PNY RTX 5090 OC<\/td>\n<td>60<\/td>\n<td>59<\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>ASUS RTX 5080 Prime<\/td>\n<td>48<\/td>\n<td>40<\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>MSI RTX 4080 Suprim X<\/td>\n<td>42<\/td>\n<td>35<\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>PNY RTX 4070 OC<\/td>\n<td>27<\/td>\n<td>23<\/td>\n<\/tr>\n<p>RTX 5090 er det einaste som klarar \u00e5 utnytte spelet heilt i 4K. Med andre ord er det sv\u00e6rt krevjande \u00e5 k\u00f8yre.<\/p>\n<p>Det er nok av UE5-spel med h\u00f8gare visuell kvalitet utan s\u00e5 h\u00f8ge krav, som er nok ein peikepinn p\u00e5 at utviklarane b\u00f8r pusse vidare. <\/p>\n<p>\u00c5 bruke oppskalering i Quality-modus aukar bildefrekvensen med 30\u201340 prosent, men det er alts\u00e5 utan dei overlegne sistegenerasjonane av DLSS og FSR. <\/p>\n<p>Hjelp \u00e5 f\u00e5<\/p>\n<p><a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.nexusmods.com\/metalgearsoliddeltasnakeeater\/mods\/46?tab=description\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Det finst allereie modifikasjonar for \u00e5 l\u00e5se opp bildefrekvensen, og d\u00e5 oppn\u00e5r RTX 5090 i snitt 82 bilde i sekundet<\/a> i 4K med Ultra-innstillingar. <\/p>\n<p>Det gir ei langt betre oppleving, sj\u00f8lv om det framleis er omr\u00e5de som det nemnd over med halv bildefrekvens. <\/p>\n<p>Problemet er at spelet l\u00e5ser seg til 60 igjen kvar gong eg opnar innstillingsmenyen, men det burde uansett vore totalt un\u00f8dvendig \u00e5 ha modifikasjonar for dette. <\/p>\n<tr>\n<td><strong>Innstillingsniv\u00e5 (4K, PNY RTX 4070, Native)<\/strong><\/td>\n<td><strong>Snitt FPS<\/strong><\/td>\n<td><strong>1 % minste-FPS<\/strong><\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>Ultra <\/td>\n<td>27<\/td>\n<td>23<\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>High<\/td>\n<td>33<\/td>\n<td>28<\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>Medium<\/td>\n<td>36<\/td>\n<td>29<\/td>\n<\/tr>\n<tr>\n<td>Low<\/td>\n<td>43<\/td>\n<td>36<\/td>\n<\/tr>\n<p>Bildefrekvensen aukar betydeleg med \u00e5 justere innstillingane.<\/p>\n<p>Som vanleg gir Ultra-niv\u00e5et lite grafikkmessig valuta for pengane, men p\u00e5 Medium begynner det \u00e5 bli sv\u00e6rt merkbart at ting, spesielt skuggar, poppar ut av ingenting. Det er forstyrrande. <\/p>\n<p>High er den beste kombinasjonen av yting og visuell kvalitet, gjerne kombinert med teksturniv\u00e5 p\u00e5 Ultra og overstyring av DLSS gjennom Nvidia sitt kontrollpanel for \u00e5 f\u00e5 DLSS 4. <\/p>\n<p>Med Low er me heilt nede i den grafikkmessige potetkjellaren. Viss du vil ha h\u00f8gast mogleg bildefrekvens p\u00e5 svakare system, kan ein sette alt p\u00e5 Low og l\u00f8fte teksturar til High eller Ultra. D\u00e5 vil den visuelle kvaliteten auke betydeleg, og det utan at bildefrekvensen s\u00f8kk nemneverdig. <\/p>\n<p>Skuggane er det som et mest av bildefrekvensen opp fr\u00e5 Low til Medium. <\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/383955\/lows.jpg?c=0&amp;h=1080&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/lows.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/4QC8RXhpZgAASUkqAAgAAAAGABIBAwABAAAAAQAAABoBBQABAAAAVgAAABsBBQABAAAAXgAAACgBAwABAAAAAgAAABMCAwABAAAAAQAAAGmHBAABAAAAZgAAAAAAAAAAdwEA6AMAAAB3AQDoAwAABgAAkAcABAAAADAyMTABkQcABAAAAAECAwAAoAcABAAAADAxMDABoAMAAQAAAP\/\/AAACoAQAAQAAACQAAAADoAQAAQAAABQAAAAAAAAA\/9sAQwAIBgYHBgUIBwcHCQkICgwUDQwLCwwZEhMPFB0aHx4dGhwcICQuJyAiLCMcHCg3KSwwMTQ0NB8nOT04MjwuMzQy\/9sAQwEJCQkMCwwYDQ0YMiEcITIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIy\/8AAEQgAFAAkAwEiAAIRAQMRAf\/EAB8AAAEFAQEBAQEBAAAAAAAAAAABAgMEBQYHCAkKC\/\/EALUQAAIBAwMCBAMFBQQEAAABfQECAwAEEQUSITFBBhNRYQcicRQygZGhCCNCscEVUtHwJDNicoIJChYXGBkaJSYnKCkqNDU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6g4SFhoeIiYqSk5SVlpeYmZqio6Slpqeoqaqys7S1tre4ubrCw8TFxsfIycrS09TV1tfY2drh4uPk5ebn6Onq8fLz9PX29\/j5+v\/EAB8BAAMBAQEBAQEBAQEAAAAAAAABAgMEBQYHCAkKC\/\/EALURAAIBAgQEAwQHBQQEAAECdwABAgMRBAUhMQYSQVEHYXETIjKBCBRCkaGxwQkjM1LwFWJy0QoWJDThJfEXGBkaJicoKSo1Njc4OTpDREVGR0hJSlNUVVZXWFlaY2RlZmdoaWpzdHV2d3h5eoKDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uLj5OXm5+jp6vLz9PX29\/j5+v\/aAAwDAQACEQMRAD8A4iG1ijZWStjyf3OFHNYVrMCqrnkGthbtkUE9Kys2BNEiiIrIOay5LSKdJG25I6Vol\/OBKnANQLsUkA1VtAOfFpdj7vA9KK3COaKV2BkW6AThu9bC\/doooKGOxVCQcVCGLdTRRVAS446miiikZn\/\/2Q==');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"999\" height=\"562\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Eg opplevde jamleg teksturfeil p\u00e5 Low-innstillinga.<\/p>\n<p>Vent med kj\u00f8p<\/p>\n<p>Dataspelutvikling er utruleg komplisert. <\/p>\n<p>Det er enormt mange faktorar \u00e5 tenkje p\u00e5, og sj\u00f8lv om forteljinga, lydbildet, spelinga, verda og kampane er av den aller, aller ypparste kvalitet, kan noko s\u00e5 enkelt som yting \u00f8ydelegge fullstendig. <\/p>\n<p>Utviklarane har heldigvis ruska vekk dei aller verste feila, og med kraftig nok maskinvare er Metal Gear Solid: Snake Eater eit nydeleg og underhaldande gjensyn 21 \u00e5r seinare. <\/p>\n<p>Men er det grunn til \u00e5 bla opp 900 kroner no i lanseringsveka? <\/p>\n<p>Absolutt ikkje. <\/p>\n<p>L\u00e5st bildefrekvens, tidvis hakking og svak optimalisering skapar ei heller kjip oppleving for dei som set pris p\u00e5 skikkelege PC-versjonar. <\/p>\n<p>Vent til det kjem betre modifikasjonar og fleire oppdateringar. D\u00e5 f\u00e5r du meir for pengane dine. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Metal Gear Solid: Snake Eater er ei oppussing av det 21 \u00e5r gamle spelet med same namn. Konami&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":22045,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[57],"tags":[30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":{"0":"post-22044","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-vitenskap-og-teknologi","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-science","12":"tag-science-and-technology","13":"tag-scienceandtechnology","14":"tag-technology","15":"tag-teknologi","16":"tag-vitenskap","17":"tag-vitenskap-og-teknologi","18":"tag-vitenskapteknologi"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/22044","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=22044"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/22044\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/22045"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=22044"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=22044"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=22044"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}